Gå til innhold
Arkivverket

Peder Jensson Heltne (1831-1895) - gift i Amerika med Elen Marie Johansdotter frå Trondheim eller frå Orkdal? - kven var ho? - lagnaden til denne huslyden?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden arbeidde eg med på 1980-talet, men med manglande kjeldetilgong kom eg den gongen ikkje so langt.  I dag er det nok noko enklare, men eg står likevel fast på fleire punkt:

** Utvandringi til Peder Jensson - eg finn han ikkje i Québec-liste, der ein vel hadde kunna venta at han ville dukka opp?  Men her er han i alle fall i FT1865 - framleis busett heime på Heltne i Luster hjå mor si: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261003045

** Frå Amerika har eg fått opplyst at Ellen Marie skulle vera frå ein gard Kvåle i Orkdal, men FamilySearch syner til denne dåpen i Domkyrkja i Trondheim: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003108875

FamilySearch har òg ei referanse til ei vigsle, men seier ikkje KVAR:

Name Johan Peter Olsen
Birth Date 1815
Age 27
Spouse's Name Gjertrud Sivertsdatter
Spouse's Birth Date 1815
Spouse's Age 27
Event Date 01 Aug 1842
Event Place Sør-Trøndelag, Norway
Father's Name Ole Erichsen
Spouse's Father's Name Sivert Jacobsen

Eg prøvde Orkdal, men der fann eg dei ikkje...

Derimot fann eg huslyden i FT1865 på Kvålsås under garden Kvåle øvre i Orkdal, og dotteri Marie er fødd i Trondheim, so då er den saki under «kontroll»...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038321005859

Berre utvandringi til Marie og opphavi til foreldri hennar manglar, men kanskje finst det ei bygdebok for Orkdal som har svar på dette?

Elles er eg sjølvsagt svært «nysgjerrig» på lagnaden til denne huslyden i Amerika, men skal me tru dei ulike folketeljingane, ser det ikkje ut til at Peder og Mary fekk meir enn den eine sonen og at han døydde ung, sjølv om det i 1900 står at ho hadde SEKS born som alle var ilive!  Korkje i 1900 eller i 1910 er det oppgjeve noko utvandringsår!

FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB8-99DR

FT1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DT67-7K5

FT1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LSW-4L8

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLS-84M

FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY9-9J3

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJ8-YZX

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

~~~~~~~~~~~~~~

Peder Jensson {Heltne}, f. {i Luster} 13.12.1831,

Peter J. Heltne utvandra til Amerika i

##### (year of his emigration? – about 1870?)

og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 19.6.1878 med Elen Maria Johansdotter frå Kvåle øvre i Orkdal, i Amerika kjend som Mary Kvaale.  Ho var dotter av husmann Johan Peter Olson på Kvålsåsen under Kvåle øvre, opphavleg frå

##### (opphavet hans? – f. Orkdal 1815?)

og kona Gjertrud Sivertsdotter frå

##### (opphavet hennar? – f. Melhus 1815?)

og f. i Trondheim 12.10.1842, men utvandra til Amerika i

##### (year of her emigration? – after 1865!)

Peter Heltne var smed («blacksmith»), men han og Mary slo seg ned som farmarar i Merton township, Steele Co., Minn. der Peter d. 8.3.1896.  Mary Heltne flytte sidan til Kenyon, Goodhue Co., Minn. der ho d. 3.6.1913. 

##### (children? – only one son is known)

a. Hans P. Heltne, f. i Steele Co., Minn.

     ##### (exact date of his birth? – 1879!?)

     ##### (destiny? – may have died prior to 1885?)

~~~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Johan Peter Olsen

Norway Marriages, 1660-1926
Name: Johan Peter Olsen
Birth Date: 1815
Age: 27
Spouse's Name: Gjertrud Sivertsdatter
Spouse's Birth Date: 1815
Spouse's Age: 27
Event Date: 01 Aug 1842
Event Place: Sør-Trøndelag, Norway
Father's Name: Ole Erichsen
Spouse's Father's Name: Sivert Jacobsen

Document Information:
Indexing Project (Batch) Number M42635-3
System Origin Norway-EASy
GS Film number 307001

GS Film number 307001

=

Kirkebøker, 1732-1928

Author: Den Norske kirke. Melhus prestegjeld (Sør-Trøndelag)

Nr 32

Sør-Trøndelag fylke, Melhus, Flå, Hølonda, Leinstrand i Melhus, Ministerialbok nr. 691A06 (1842-1852), Viede 1842, Side 246
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050518040609
 
Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit interessant og nyttig innlegg!

Då kan me altso slå fast at den nemnde vigsli fann stad i Melhus, heimbygdi hennar, men me ser av vigsli at Johan Peter hadde heimstaden sin på Kvåle i Orkdal, og me ser òg at Gjertrud tydeleg hadde heimstaden sin på ein gard Leinan(?) i Melhus.

Dette må vera far hennar, Sivert Jacobson, som gardbrukarson på Leinan i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058447002123

Derimot ser me ikkje nokon Ole Erikson på Kvåle i Orkdal i 1801 som kan vera far hans...

Men eg vonar det finst lokale bygdebøker som kan gjera greie for bustadane til:

** Sivert Jacobson (Leinan) i Melhus, og

** Ole Erikson (Kvåle) i Orkdal...?

Kanskje det i Orkdalsboki òg står noko om kva tid Elen Maria utvandra til Amerika?

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elen Marie ble konfirmert i Orkdal i 1857 - bosted: Kvåle (Qvaale):

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000505869

I 1860 ble lillebror Sivert konfirmert:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000506650

Og i 1863 følger broren Ole:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000507712

------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Johan Peter ble konfirmert i Orkdal i 1831:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000706033

????

Nr. 21 - Johan Peter

Sør-Trøndelag fylke, Domkirken i Trondheim, Ministerialbok nr. 601A11 (1815-1821), Fødte og døpte 1817, Side 72-73
https://media.digitalarkivet.no/view/16329/37

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygebøkene i Orkdal er nok diverre ikkja av ein slik art at det er enkelt å følgje slekter der...

Orkdal historielag har gjeve ut boka "Utvandringa fra Orkdal til Amerika" (1999) som over 283 sider gir mykje informasjon om utvandra Ordalingar, m.a. med 60 siders register over utvandra. Diverrre kan eg ikkje finne "dine" der. Boka er tilgjengeleg på NB, I den grad det hjelper ( http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2015010848032  )

Eg ser at denne nettsida har ein del informasjon om familien i USA, m.a. med nekrolog for Marie, men det er kan hende kjent stoff?

Når det gjeld Leinan i Melhus låg denne garden i Leinstrand sokn i Melhus prestegjeld. Leinstrand var eigen kommune før samaslåinga med Trondheim i den førre store "kommunereformen". I Leinstrandboka I (Lauglo, Erling, 1957, http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648555) er Sivert Jacobsson nemnt på s. 199 under Leinan:

image.png.94101d7c9a385d4f33813de08de6c0e9.png

(merk. ang. dialektordet "ajnnstøpings-søster": Dette er stesyster)

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Håvard for nye spennande innlegg!

Denne amerikanske sida var særleg spennande sidan sonen til Peter Heltne og Ellen Marie er omskriven med fødselsdato 10.6.1879 og leveår heilt fram til 1969, til tross for at Peter og Marie ikkje hadde born spom levde opp (jmf. obituary)!

Men etter ein del «grubling» trur eg at eg har finne løysingi på dette:

I Merton township, Steele Co., MN, like i nærleiken av Peter og Mary Heltne, finn me ein farmar med namn:

Sever Johnson, 32 år gamal enkjemann med son Hans P. på 1 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB8-99Q9

Hjå ancestry finn eg so ein fødselsattest for denne Hans som syner han er fødd 11.6.1878 av foreldri Sever og Johanna Johnson:

Name: Hans Peter Johnson
Gender: Male
Race: White
Birth Date: 11 Jun 1878
Birth Place: Merton, Steele, Minnesota
Father: Severt
Mother: Johanna
FHL Film Number: 1769607

Dette må vera guten som då i 1880 òg er nemnd som ein «son» hjå Peter og Marie Heltne og som er borte før 1885!  Og nærare leiting syner at denne Sever Johnson var BROR av Mary og fødd i Orkdal 15.10.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/2393/47

Sever er endåtil nemnd i Marie's obituary som bror Severt Quale i Steele Co., MN!!  Kva var vel meir naturleg enn at ho tok til seg, i alle fall mellombels, sonen til bror sin etter at han hadde misst kona si og vart åleine med guten?

Eg er svært glad for at spørsmålet om denne ukjende sonen endeleg er avklart, men framleis står det att følgjande «hovudutfordringar»:

** Finna utvandringi til Peder Jensson Heltne?

** Finna utvandringi til Elen Marie Johansdotter Kvaale?  Ho bør vel dukka opp i passasjerlistene over Trondheim??

Eg trur elles me kan gå ut ifrå at Johan Peter må vera oppvaksen på Kvåle i Orkdal, om enn som fosterson(?), medan Gjertrud tydeleg var frå garden Leinan i Melhus...

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i føremiddag teke ei ny «økt» med denne huslyden, særleg for å freista finna utvandringi frå Orkdal for Elen Marie og søskeni hennar, men dei gøymer seg jaggu godt!  Ikkje ein gong mori Gjertrud er råd å finna...

Eg ser heller ikkje noko til huslyden i FT1875 for Orkdal, men yngste dotteri Eli vart konfirmert i oktober 1871: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000708666

Og denne dotteri Eli Johansdotter frå Kvaalsaasen er skrivi utflytt i 1876: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000071709

og det til Trondheim: https://media.digitalarkivet.no/view/5723/355

Men det kan sjå ut som om Eli alt i 1875 var ugift «sypige» i Trondheim: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1601&kenr=021&bnr=0080&lnr=00

Kan heile huslyden ha utvandra alt før 1875 og lete Eli att åleine?

Det ser jamen slik ut, for her er John og Gjertrud Olson i 1875 i Wheeling township, Rice Co., MN med alle dei eldre borni, berre Elen Marie har feil alder...: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62GS-NPJ

Her er so John og Gertrude Olson på ein farm i Merton township, Steele Co., MN i 1880, næraste nabo til sønene Sivert og Ole: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB8-99Q9

Og her er dei same stad i 1885, framleis nabo med nemnde søner: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DT67-QZ3

Men Eli må ha utvandra seinare, for i 1882 er ho nemnd fadder for eit barn av broren Ole i Steele Co., MN!

Ein «merkeleg» huslyd...  Kan dei ha reist våren 1875??  Det einaste utvandringsåret for denne huslyden eg har greidd å finna i amerikanske kjelder, er for Martin Quale i FT1910 (sjå ref. i innlegg #1).  Då er han oppgjeven å ha utvandra i 1871!

Her er forrersten dåpen til Hans Peter Quaale frå Gol Lutheran church - syner fødselsdato 11.6.1878, men han nytta jo alltid 10.6. som fødselsdato, berre so underleg at han sjølv «bomma» på alderen sin...: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314954-00020?pid=1292539&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx12203%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DAcOhpWxx6TuAwfhi/zewtQ%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DHans%20Peder%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1878%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3Dminnesota,%20usa%26msbpn%3D26%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DSever%26msmng%3DJoh*%26msmng_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D0%26h%3D1292539%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12203&_phstart=successSource&usePUBJs=true

Men her følgjer i alle fall eit oppdatert manuskript for Peder Jensson Heltne og huslyden hans:

~~~~~~~~~~~

Peder Jensson {Heltne}, f. {i Luster} 13.12.1831,

Peter J. Heltne utvandra til Amerika i

##### (year of his emigration? – about 1870?)

og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 19.6.1878 med Elen Maria Johansdotter frå Kvåle øvre i Orkdal, i Amerika kjend som Marie Kvaale.  Ho var dotter av husmann Johan Peter Olson på Kvålsåsen under Kvåle øvre, opphavleg visstnok frå Kvåle, og kona Gjertrud Sivertsdotter frå Leinan i Melhus og f. i Trondheim 12.10.1842, men utvandra til Amerika i

##### (year of her emigration? – after 1865/prior to 1875!)

Peter Heltne var smed («blacksmith»), men han og Marie slo seg ned som farmarar i Merton township, Steele Co., Minn. der Peter d. 8.3.1896.  Marie Heltne flytte i 1912 til Kenyon, Goodhue Co., Minn. der ho d. 3.6.1913.  Dei var barnlause, men fostra delvis opp ein brorson hennar:

a. Hans Peter Quaale, son av Sivert Johanson frå Kvålsåsen under Kvåle i Orkdal (1845-1928) og første kona Johanna, var f. i Steele Co., Minn. 10.6.1878 og d. i West Concord, Minn.

     ##### (place of his death to be verified!?)

     Minn. 4.4.1969.  Hans gifte seg i Faribault, Minn. 22.7.1905 med Annie Elizabeth Haugen, f. i Rice Co., Minn. 21.2.1884.  Ho d. i Fergus Falls, Minn. 21.12.1963.  Hans tok alt før hundreårsskiftet over farmen etter Peter og Marie Heltne i Merton township, Steele Co., Minn., men han og Annie flytte kring 1907 til ein farm nær Sentinel Butte, Billings Co., frå 1912 del av Golden Valley Co., N.D.  Kring 1925 tok dei so over farmen som far hans hadde hatt i Merton township, Steele Co., Minn.  Dei fekk ti born i lag.

~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

So har eg omsider fått tak i fleire obituaries for Gjertrud Syversdotter, svigermori til Peder Jensson Heltne, som vart over 100 år gamal, og ein av desse frå «The Zumbrlota News» frå 28.2.1916 seier følgjande:

«Mrs. Gertrude Quale, of Kenyon, who passed her centennial birthday on Aug. 15, 1915, died at her home last week.  She had been a resident of Goodhue county since 1873.  She is survived by a son and three daughters.  Funeral services took place on Monday.»

Frå før veit me at huslyden utvandra før 1875, men me har aldri greidd å finna den konkrete utvandringi.  1873 kan likevel ikkje vera langt frå sanningi...  Er det i det heile mogeleg å prova dette??

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.