Gå til innhold
Arkivverket

Knut Torstenson Skjel frå Vestre Slidre (1842-1928) og kona Eli Andersdotter Heltne frå Luster (1843-1903) - huslyden deira i Amerika - ei utvandringsutfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba ganske mykje med på 1980-talet, men som eg grunna utilgjengelege kjelder aldri greidde å få skikkeleg «tak» på.  No har eg greidd å fylla ein del av hòli, ikkje minst med opplysningar om den eine svigersonen Olaus Hanson frå Troms, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/223876-olaus-trinberg-lorentsson-hansen-fødd-i-malangen-1870-til-amerika-på-1880-talet-utvandringsåret-hans-og-detaljar-om-foreldri-hans/

men eg slit framleis med nokre detaljar.  Det gjeld særleg tre av dei yngre borni, Peter, Caroline og Ingeborg!

 

No vonar eg på lite vetta «eksperthjelp» i Brukarforum.  Kanskje kan til dømes ein obituary for Peter Thompson frå Sioux Falls, SD 1939 lokaliserast?  Eller for andre søsken som kan fortelja oss om lagnaden til Caroline i Chicago, IL?

 

Slik ser manuskriptet mitt for denne huslyden ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eli Andersdotter {Heltne}, f. {i Luster} 7.5.1843, gifte seg i Luster 1.6.1865 med Knut Torstenson frå Skjel i Vestre Slidre, Valdres.  Han var son av gardbrukar Torsten Endreson på Skjel og andre kona Anna Olsdotter frå Vevlen i Vang og f. i Vestre Slidre 12.5.1842.  Eli og Knut budde visstnok her i Skaret fram til våren 1866.

Knudt og Ellen Thompson utvandra til Amerika i 1866 og farma først i Kenyon township, Goodhue Co., Minn. , men flytte i 1879 til ein farm i Lyons township, Minnehaha Co., S.D.  Ellen vart kring 1885 sjuk og levde dei siste åri sine på ein sjukeheim i Yankton, S.D. der ho d. 1.5.1903.  Knudt Thompson d. i Minnehaha Co., S.D. 12.6.1928.  Dei fekk tretten born i lag:

a. Christi, kjend som Christine K. Thompson, f. i Luster 18.8.1864, utvandra til Amerika med foreldri i 1866 og d. i Sioux Falls, S.D. 19.10.1948.  Christine var hushaldar («housekeeper») og budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D., ugift.

b. Torsten, kjend som Thomas K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 30.5.1867, d. i Sioux Falls, S.D. 1.6.1939.  Thomas var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., ugift.

c. Andreas, kjend som Andrew T. Skjel, f. i Goodhue Co., Minn. 11.11.1868, d. i Minnehaha Co., S.D. 23.8.1956.  Ogso Andrew var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., likeins ugift.

d. Anna K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 2.3.1870, d. i Sioux Falls, S.D. 7.5.1946.  Anna gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 20.1.1897 med Knut Olson frå Husabø på Leikanger, i Amerika kjend som Knute Huseboe.  Han var son av gardbrukar Ole Knutson på Husabø og kona Britha Endresdotter frå Romøyri i Balestrand og f. i Leikanger 23.3.1860.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866 og d. i Sioux Falls, S.D. 25.4.1935.  Knute Huseboe var snikkar («carpenter»), og han og Anna budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D.  Dei fekk to born i lag.

e. Karine Gurine, kjend som Carrie Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 1.10.1872, d. i Watertown, S.D. 29.10.1954.  Carrie gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 29.7.1893 med Olaus Trinberg Lorentson frå Kirkevik i Malangen, Balsfjord, i Amerika kjend som Olaus T. Hanson.  Han var son av skreddar og fiskar Lorents Mikael Hansson i Kirkevik, opphavleg frå Gamvii i Lavangen, Ibestad, og kona Hanna Bergitte Olsdotter frå Kirkevik og f. i Malangen 14.4.1870, men utvandra til Amerika med mor si i 1887.  Han d. i Sioux Falls, S.D. 11.9.1941.  Olaus Hanson var målar («painter and paper hanger»), og han og Carrie budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. og farma òg ei tid i Goodwin toiwnship, Deuel Co., S.D.  Men dei vart skilde i 1924, og Olaus flytte attende til Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der han gifte seg att, medan Carrie flytte til Watertown, Codington Co., S.D. der ho livnærte seg som syerske («dressmaker»)  Dei fekk sju born i lag.

f. John K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 3.1.1874, d. visstnok i Minneapolis, Minn. 10.6.1928.  John var gassverksarbeidar («gas worker») og budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., ugift.

g. Petter Olaus, kjend som Peter K. Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 13.5.1875, d.

 

     ##### (date and place of his death? – probably Minnehaha Co., SD Mar. 9, 1939!?)

 

     ##### (WW1 draft and soc.sec. 1937 says Peter K. Thompson of Minnehaha Co., SD – born May 15, 1875! – supposed to have been a farm laborer at Colton, Minnehaha Co., S.D. – single!?)

 

h. Elen Marie, kjend som Mary Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 15.3.1877, d. i Minneapolis, Minn. 6.3.1956.  Mary gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 20.1.1897 med William M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Sampson, f. i New York City, N.Y. 25.3.1868.  Han d. i Minneapolis, Minn. 23.3.1951.  William Sampson var kostemakar («broom maker»), og han og Mary budde i Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. til dei tidleg på 1920-talet flytte til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der dei sidan kjøpte og styrte ein husværebygning («appartment bulding owner and operator»).  Dei fekk to born i lag.

i. Caroline, kjend som Lena Thompson, f. i Goodhue Co., Minn. 22.7.1878, d.

 

     ##### (supposedly died in Chicago, Ill. about 1945 – single hospital worker? – one Caroline Thompson, single servant, born in SD 1880, lived 1940 in Chicago, IL! – could be her?)

 

j. Knud Edward, kjend som Edward K. Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 16.1.1880, d. i Minnehaha Co., S.D. 18.8.1928.  Edward tok i lag med broren William over som farmarar på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., men var ugift.

k. Ingeborg Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 20.10.1881, d.

 

     ##### (date and place of her death? – Omaha, NE about 1910?)

 

     ##### (was married to a Mr. Benson and had one child – further info?)

 

l. William K. Thompson, f. i Minnehaha Co., S.D. 2.9.1883, d. i Parkston, S.D. 28.2.1968.  William tok i lag med broren Edward over som farmar på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., men var likeins ugift.

m. Knud, kjend som Knudt Skjel, f. i Minnehaha Co., S.D. 20.11.1885, d. i Minnehaha Co., S.D. 23.8.1957.  Knudt Jr. var farmarbeidar («farm laborer») og budde på heimefarmen i Lyons township, Minnehaha Co., S.D., ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Finner denne i "The Evening Huronite", SD 9. mars 1939

 

Samme mann i avisen: Rapid City Journal (Rapid City, South Dakota) 09 Mar 1939, Thursday, Page 10

Rapid City Journal (Rapid City, South Dakota) 09 Mar 1939, Thursday, Page 10.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Thomas Thompson død Sioux Falls, SD 1.6.1939

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 02 Jun 1939, Friday, Page 3

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 02 Jun 1939, Friday, Page 3.jpg

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 03 Jun 1939, Saturday, Page 4

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 03 Jun 1939, Saturday, Page 4.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Anna Huseboe  død Sioux Falls, SD 7.5.1946

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 07 May 1946, Tuesday, Page 2

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 07 May 1946, Tuesday, Page 2.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Egil for kjempefine og spennande innlegg!

 

Desse obituariane er verkeleg ofte ei fantastisk kjelde...!

 

Eg er vel ganske so overtydd om at det var «vår» Peter Thompson som døydde i fengselet i Sioux Falls, SD i 1939.  Me veit han døydde FØR Thomas, og sjølv om dei ikkje visste so nøyaktig alderen hans, er det nok han.  Peter var forresten av slektningane sine (etterkomarar etter Huseboe-ætti som eg var i kontakt med på 1980-talet) omtalt som «Peter Bunde», kvar no enn det namnet kan komma ifrå...!

 

Dei store utfordringane i denne huslyden vert tydeleg dei to søstrene Caroline «Lena» i Chicago, IL og Ingeborg som var gift med ein Benson og skal ha butt i Omaha, NE!   Det forundra meg at ikkje Caroline var nemnd i obituarien etter Thomas i 1939, so kan henda vil ein obituary for far deira Knudt Thomaspon, Sr., som døydde nær Sioux Falls, SD 12.6.1928, kunna hjelpa oss på veg i leitingi etter i alle fall Caroline?

 

Etter mori Ellen Thompson, som døydde i Yankton, SD 1.5.1903 ville eg ikkje venta å finna nokon obituary..., men det ville sjølvsagt gle meg om eg tek feil...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Argus-Leader, 24 Aug 1957, Sat, Page 2

 

Søsteren Caroline Thompson er i live og bor i Chicago i 1957 ifølge denne obiten

knute skjel.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for dette siste innlegget med obituarien for Knudt Jr.!

 

Og det kjem som ei kjempeoverrasking at Caroline då framleis levde.  Kvifor ho ikkje er nemnd i andre obituaries, kan me berre spekulera på...

 

Då hadde det kanskje vore ein tanke å freista finna obituariane til fleire av søskeni:

 

* William Thompson som etter mine notat døydde i Parkston (ikkje so langt frå Yankton...), SD 28.2.1968

 

* Carrie Hanson som døydde i Watertown, SD 29.10.1954

 

* Christine Thompson som døydde i Sioux Falls, SD 19.10.1948

 

* Andrew Thompson Skjel som døydde nær Sioux Falls, SD 23.8.1956

 

Eg vonar me før eller sidan skal greia komma på sporet etter Caroline, i tillegg til Ingeborg Benson...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

* William Thompson som etter mine notat døydde i Parkston (ikkje so langt frå Yankton...), SD 28.2.1968

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota )29 Feb 1968, Thursday, Page 2

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota )29 Feb 1968, Thursday, Page 2.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Carrie Hanson som døydde i Watertown, SD 29.10.1954

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 02 Nov 1954, Tuesday, Page 5

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 02 Nov 1954, Tuesday, Page 5.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Christine Thompson som døydde i Sioux Falls, SD 19.10.1948

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 21 Oct 1948, Thursday, Page 18

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 21 Oct 1948, Thursday, Page 18.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Andrew Thompson Skjel som døydde nær Sioux Falls, SD 23.8.1956

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 24 Aug 1956, Friday, Page 8

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 24 Aug 1956, Friday, Page 8.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

^Kan det tenkjast at Knudt Thompson (Sr) kan finnast under SKJEL, død 12.6.1928?

 

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 22 Jun 1928, Friday, Page 12

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 22 Jun 1928, Friday, Page 12.jpg

 

Legger også ved denne - Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 23 Mar 1929, Saturday, Page 5

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 23 Mar 1929, Saturday, Page 5.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Og det same gjeld Knud Edward, kjend som Edward Thompson, død 18.8.1928?


Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 14 Sep 1928, Friday, Page 16

Argus-Leader (Sioux Falls, South Dakota) 14 Sep 1928, Friday, Page 16.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for mange spennande og nyttige obituaries!

 

Særleg sette eg pris på tillegget om Knut Thompson Skjel som galdt skiftet hans.  Eg har nettopp hatt ein lengre telefonsamtale med the Clerk of Courts i Minnehaha Co., SD, og dei lovde å leita etter dei originale skiftepapiri (som dei har på mikrofilm) for å sjå etter nærare adresser til ervingane.  Me er jo særleg interesserte i:

 

* Caroline «Lena» Thompson og

 

* Clarence Benson, som må vera son av Ingeborg - ho som etter som dei sa, skulle ha butt i Omaha, NE!

 

Ogso vil det vera av interesse å sjå kva som står om sonen John...  Eg TRUR det er han som døydde i Minneapolis, MN i 1928 (sjå attachment), men denne dødsattesten seier jo ikkje akkurat so altfor mykje...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

John Thompson death.JPG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg alt motteke eit svar frå Minnehaha Co., SD, og her følgjer arvelista etter Knut Thompson Skjel som døydde i 1928:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Greetings Lars!  I found Probates for Knut Skjel and Edward Skjel.  It appears that Edward had no heirs and a Special Administration was filed just to dispense of his property.    I am going to list the heirs in Knut’s probate because I’m afraid my scan might be a little difficult to read.
 
Christine Thompson Skjel – Sioux Falls, SD
Anna Huseboe – Sioux Falls, SD
Carrie Hanson – Watertown, SD
Mary Sampson – Minneapolis, MN
Lena Thompson Skjel – Omaha, ne
Clarence Benson – Omaha, NE
Tosten Thompson Skjel – Sioux Falls, SD
Andrew Thompson Skjel – Lyons, SD
John Thompson Skjel – Minneapolis, MN
Peter Thompson Skjel – Colton, SD
Edward Thompson Skjel – Lyons, SD
Wilhelm Thompson Skjel – Lyons, SD
Knut Thompson Skjel, Jr. – Lyons, SD (Was found to be Insane, then in October 1920 found to be “Restored to Capacity”.
 
No Addresses were listed, just city and state.  Good luck with your search.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det som er spesielt interessant her, er femte og sjette linje,

 

Lena Thompson Skjel of Omaha,. NE

 

Clarence Benson of Omaha, NE

 

Eg gjekk sjølvsagt straks inn for å sjekka FT1930, men finn ingen som eg tykkjer høver.  Det er ein Clarence H. Benson i Omaha, NE fødd 1905, men han har svenske foreldre...!  Og eg finn ingen Lena/Caroline heller som høver.

 

Eg lurer på om kanskje Caroline er flytt til Omaha, eller kvar dei no enn kan ha butt, etter at Ingeborg døydde for å ta seg av vesle Clarence, men kvifor finn me då ikkje spor etter dei i folketeljingane nokon stad?  Eller er eg heilt blind vorten på mine gamle dagar...?

 

Eg ville vorte svært so glad om nokon greier løysa denne kjempeutfordringi med Caroline og Clarence og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no sete og studert litt meir på denne huslyden, og eg slår fast at Knut Thompson i 1900 berre har tre søner  buande heime på farmen i Lyons township, Minnehaha Co., SD., Edward, William og Knut Jr: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-GG5

 

Det vil seia at både Caroline og Ingeborg var flytte ut, og eg lurer på om eg kan ha oppdaga dei i FT1900:

 

* Lena L. Thompson, fødd i SD Oct. 1878 av norske foreldre («vår» Caroline/Lena kom til SD før ho var eit år gamal!) - ugift chamber maid på eit hotel i Omaha, NE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6G1Z-C6V

 

Redigert: Eg ser at ei Lena Thompson òg er oppført i Omaha, NE city directory frå 1907 som maid at the Dellone Hotel: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13710176?pid=835709182&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12361&_phstart=successSource

 

Ingeborg Thompson vert ved konfirmasjonen i Nidaros Lutheran church i 1896 oppgjevi fødd 2.11.1882: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315017-00244?pid=3612738&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3612738%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx12364%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12364&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og eg finn denne:

 

* Bell Thompson, fødd i SD Nov. 1882 av norske foreldre - ugift servant i Sioux City, IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6WGJ-VH

 

Er eg «på sporet» etter noko?  Eg vonar det og takkar på ny for alle gode tips om lagnadane til desse søstrene!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har oppdaga ei heller «merkeleg» vigsle i Omaha. NE:

 

Chris Christensen, 25, born Denmark - parents Nels Christensen and Lizzie Hanson

Isabell Thompson, 22, born South Dakota - parents John Thompson and Annie Anderson

married June 4, 1903 by the County Judge

 

https://www.ancestry.com/interactive/61335/47291_552619-00658?pid=900005216&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=giv614&_phstart=successSource

 

Eg kan ikkje sjå at det finst nokon John Thompson med kone Annie som får born i South Dakota i 1880-åri, samstundes som Isabell òg er ei heilt vanleg amerikansk form av Ingeborg/Bell.  Mor til «vår» Ingeborg heitte Eli Anderson, og alderen høver jo òg «på ein prikk»!  Dessutan, eg kan ikkje finna noko parfolk korkje i Nebraska eller andre stadar med ein dansk Chris Christensen og kone Isabell/Bell...  Kan dei ha «juksa» litt med namni på foreldri hennar?

 

Uansett, so må Ingeborg òg ha vore gift med ein Benson for å verta mor til Clarence...

 

Kanskje er det nokon som «ser» eit mogeleg samband med «vår» Ingeborg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett litt nærare på skifteoppgjeret etter Knut Torstenson Skjel alias Knut Thompson som eg mottok frå Sioux Falls, SD (jmf. innlegg #16), og eg har oppdaga at det er dagsett 22.4.1930 eller nesten to år etter at Knut døydde!
 
Men dette tyder vel då at adressene som er oppgjevne, må ha vore «gyldige» på den tidi, ogso for Caroline «Lena» Thompson (Skjel) og ikkje minst for Clarence Benson, i Omaha, NE, men kvar er dei so i FT1930???
 
Løysingi på denne kjempeutfordringi synest liggja «snublende nær» og er likevel so fjern…
 
Kanskje vigsli som eg har referert til i innlegg #18 over kan vera ei «lykkjel til løysing»?
 
Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å skapa oversyn over denne huslyden!
Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med venleg hjelp av Egil har eg fått komprimert den orignale skiftefili etter Knute Thompson frå 1928, som syner at skiftet vart slutta i april 1930, men det er frykteleg vanskeleg å lesa det som står der...  Det viktigaste har me vore inne på før, det som har med dotteri Caroline «Lena» Thompson (Skjel) og dottersonen Clarence Benson å gjera.

 

À propos Caroline «Lena», eg kom i innlegg #17 over i skade for å seia at Lena Thompson i Omaha, NE i 1900 var oppgjevi fødd i oktober 1878.  Det rette er sjølvsagt juli 1878, som òg høver med den sanningi!

 

Eg vonar framleis det skal vera mogeleg å spora opp Caroline «Lena» og søster Ingeborg med son Clarence og takkar på ny for alle gode tips i denne saki!  Eg har tru på at vigsli frå Omaha, NE frå 1903 kan vera «lykkjelen» i saki...

 

KNUT THOMPSON SKJEL.compressed.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.