Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i bygdebok Herdla/Øygarden - garden Herdlevær 1770-talet?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Som det går fram av innlegg #7 og #8 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/196297-arne-østenson-feigesagen-lom-1693-luster-1763-borni-thora-østen-og-anna-til-ytre-sogn-gulen-solund-eller-kinn-lagnadane-deira/

var det ein Johannes Larsson Herdlevær og ei Thuri Arnesdotter Herdlevær som gifte seg på Manger 1.7.1770: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001257727

 

Thuri Arnesdotter vart gravlagd frå Herdlevær 19.3.1775, 41 1/2 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000580809

 

Følgjande born er registrerte:

 

* Siri, døypt Manger 24.3.1772: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001707046

* Magdeli, døypt Manger 30.5.1773

* Thuri, døypt Manger 21.1.1775: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001707762

 

Skiftet etter Johannes Larsson Herdlevær vart halde 9.9.1791 og nemner dei tre døtrene: https://media.digitalarkivet.no/view/24080/111?indexing=

 

Eg mistenker Thuri Arnesdotter for å vera døypt i Lom 17.6.1738, men oppvaksi i Luster før ho kring 1760 flytte til Gulen og er spent på kva bygdeboki for Herdla/Øygarden har å fortelja om dette parfolket, særleg om opphavet til Thuri?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

MyHeritage:

Magdeli Herdlevær, født 1773

Magdeli Herdlevær ble født i 1773, i fødested, til Johannes Larsson Herdlevær og Anna Ellingsd Herdlevær.
Magdeli hadde 2 søsken: Siri Johannesd Herdlevær og ett søsken i tillegg.
 
Da var vel Johannes gift på nytt med Anna Ellingsdatter?

Skifte Johannes .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Har kopiert sidene som omhandler Johannes Larssson Herdlevær

Fra side 18

38. Johannes Larssson Herdlevær

Gm. Anna Ellingsd.

Barn

a.        Siri                      1772

b.      Magdeli               1773

c.       Turi                       1775 – 1823                                                       Herdlevær 48

 

Fra side 23

48.          Johannes Larsson Landsvik  1756 – 1816

g. 1793 Turi Johannesd. Herdlevær 38c.  1775 – 1823

Barn

a.       Johannes            1794 –

b.      Lars                       1797 -                                                                  Herdlevær 58

 

Fra side 26

58.          Lars Johannesson Herdlevær 48b.  1797 – 1855

g. 1822 Brite Christensd. Kvam 1802 –

Barn

a.       Johannes            1823 -                                                                  Herdlevær 76

b.      Turi                      

CCF_000007.pdf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Harald for nye spennande innlegg!

 

Skiftet frå 1791 kunne få oss til å tru at Anna Ellingsdotter var mor til dei tre døtrene. men kyrkjeboki er heilt klar på det området.  Difor er eg òg svært forundra over at bygdeboki som du Harald referer ifrå, ikkje har oppdaga dette? 

 

Men kva slag bygdebok er dette?  Ho ser i mine auge noko «provisorisk» ut...  Og står det ikkje noko om opphavet til Johannes Larsson?

 

Eg ser at garden Herdlevær i 1801 har heile ti bruk, og Thuri Johannesdotter er kone på eitt av desse bruki.

 

Her treng me nok meir lokal «eksperthjelp» for å komma vidare...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand so langt, men vonar som sagt på fleire detaljar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, har kopiert fra bok 

Ættebok for Herdlevær - Breivik - Oen - -Rosnæs - Dalsnæs - Blom - Sæle av Jan Sjursen 1981.

Det er vel ikke helt det man forbinder med Ættebok.

Det finnes ikke noen bygdebok for Øygarden, men kommunen skal lage 5 bind bygdebøker som er planlagt ferdig i 2024.

Prosjektleder er Yngve Nedrebø. De søker og forfatter.

http://www.servicetorget.no/fylker/hordaland/oygarden-kommune.htm 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald for siste innlegget!

 

Då kan me altso slå fast at det pr. i dag ikkje finst noki eigentleg bygdebok for Herdla med Herdlevær, men skal dei rekka å verta ferdige til 2024, har dei jaggu ikkje mykje tid til rådvelde!

 

Me får vona dei finn nokon ganske so snøgt...  Dette er so absolutt eit svært interessant område.  Det ligg jo midt i innseglingi til Bergen frå Sogn, og eg ville ikkje forundra meg over om fleire sogningar kunna ha slege seg ned på eller kring Herdlevær...

 

Ikkje desto mindre vonar eg at kanskje einkvan alt i dag kan sitja med ekspertise når det gjeld ættene på Herdlevær, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Her er utsnitt fra tingbok som forteller at Turi Arnesdatter hadde en søster som het Martha:

 

"Et Deelebrev af 21de October 1797 efter Konen Martha Arnes Dotter Tosche, hvorved 12 3/16 M/ark Fisk og 6 3/32 Kande Malt i Indre Helle No: 53 blev udlagt til Søsterdotteren Sirie Johannes Dotter gift med Thomas Rasmussen Herløevæhr, til Søsterdotteren Magdelie Johannes Dotter, gift med Tørchel Nielsen Kielstad og til Søsterdotteren Thurie Johannes Dotter gift med Johannes Larsen Herløevæhr hver med 4 1/16 M/ark Fisk og 2 1/32 Kande Malt, indført fol: 254."

 

Mvh Martin

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Martin for eit svært interessant, og for meg avklarande, innlegg!

 

Frå skiftet etter far hennar frå 1763 veit me at «vår» Thuri Arnesdotter ikkje hadde noki søster med namn Martha, so då er denne saki etter mitt syn heilt klar:  Thuri Arnesdotter på Herdlevær kan IKKJE ha vore dotter av Arne Østenson på Feigum i Luster og budde då heller ikkje i Gulen i 1763.

 

Då lyt me berre leita vidare etter «vår» Thuri, men eg takkar på ny for framifrå bistand når det gjeld denne avklaringi på Herdlevær!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.