Jump to content
Arkivverket

Kirsti Østensdotter (1830-1864) - frå Luster til Bergen - kven var svigerforeldri hennar frå Askøy? - kvar vart det av einaste dotteri hennar?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg står ganske so «bom fast» på huslyden til Kirsti Østensdotter som i ung alder flytte frå Luster til Bergen, gifte seg der med ein sjømann med røter frå Askøy(?), men båe døydde tidleg og let etter seg ei einaste dotter, som sat att åleine i Bergen berre 16 år gamal.  Kvar kan ho ha vorti av?

 

Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Østensdotter {Sandvig}, f. {i Luster} 10.6.1830,

Christine Østensdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 18.3.1855 med Carl Johan Johannessen frå Bergen.  Carl var son av dagarbeidar Johannes Monsen på Møhlenpris i Bergen, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans? – vigde Askøy 7.5.1820 – kalla Uhren – 23 år - https://media.digitalarkivet.no/view/8603/129

 

 

og kona Karen Jensdotter frå

 

 

##### (opphavet hennr? – kalla Stranden – 32 år)

 

 

og f. i Bergen 28.11.1825.  Carl var ei tid matros, men vart sidan reipslagarsvein.  Han og Christine budde først i Dokkebakken, men flytte til Nøstegaten der Christine d. alt 23.3.1864.  Carl Johannessen flytte sidan til Sydnæskleven der han d. som almisselem (legdelem) 2.2.1872.  Dei fekk to born i lag:

a. Johan Christian Carlson Johannessen, f. i Bergen 9.5.1855, d. i Bergen 15.7.1855.

b. Karen Marie Carlsdotter Johannessen, f. i Bergen 4.9.1856,

 

 

     ##### (nemnd i live 1872 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavet til Carl Johan Johannessen's foreldre samt om lagnaden til Karen Marie!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Disse har gjemt seg godt 🙂

 

Finner ei datter av Karen og Johannes Monsen - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007569081

 

Tror Uhren må være en henvisning til Uren på Damsgaard, altså i dagens Bergen, tidligere Laksevåg.

 

Det er en Mons Johannesen f. 1772 som dør i Uren i 1823, kan være en mulig far til Johannes - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000453501

Samme mann komfimert ? - https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000692724

 

Mvh

Ivar

 

 

Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen
15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (opphavet hans? – vigde Askøy 7.5.1820 – kalla Uhren – 23 år - https://media.digitalarkivet.no/view/8603/129

 

 

 

Ikke Askøy, vel. Det står i kirkeboken det lenkes til, at de er viet i Hospitalskirken, som ligger i Bergen.

Og Uhren er nok i dette tilfellet ikke på Damsgård i Laksevåg, men lenger inne mot Solheim, i Årstad sogn.

https://www.digitalarkivet.no/census/district/tf01058389000001

http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1424384

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar, Torodd og Tore for interessante innlegg!

 

Då er Uren godt «plassert» geografisk, men kva med «Stranden».  Er det kan henda lenger ute på Laksevåg?

 

Elles veit me jo ikkje om Karen var fødd og oppvaksi der.  Kanskje kom ho dit for å tena...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!  Og kanskje greier nokon òg å finna ut kvar det vart av Karen Marie?

Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen

Kirkeboken nevner Meltzer. Da er det nok snakk om eiendommen Stranden like ved Uren. Vi er antagelig fremdeles i Årstad sogn, og ikke Laksevåg. Kanskje hørte både Johannes og Karen til tjenerskapet til kjøpmann Meltzer på Stranden. I denne lenken fins et kart der både Uren og Stranden er med.

http://www.bergenbyarkiv.no/aarstad/archives/lyststedet-stranden/1702

 

 

Link to post
Share on other sites
2 timer siden, Tore Nilssen skrev:

Kirkeboken nevner Meltzer. Da er det nok snakk om eiendommen Stranden like ved Uren. Vi er antagelig fremdeles i Årstad sogn, og ikke Laksevåg. Kanskje hørte både Johannes og Karen til tjenerskapet til kjøpmann Meltzer på Stranden. I denne lenken fins et kart der både Uren og Stranden er med.

http://www.bergenbyarkiv.no/aarstad/archives/lyststedet-stranden/1702

 

Det har du rett i Tore. 

Stranden ligger på østsiden av dagens Puddefjordsbru og dermed i gamle Årstad kommune.

Rett skal være rett 🙂

image.png.358c74d426a557ae8f9ff89665e9f91f.png

 

Mvh

Ivar

Edited by Ivar Moe
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore og Ivar for nye interessante innlegg!

 

Det var interessant å sjå at «Stranden» ligg so pass «høgt til fjells», men det er jo ikkje alle namn som er like «logiske»...

 

De har nok rett i dette med tenarskap til kjøpmann Meltzer på Stranden, og me var vel i grunnen «heldige» som fann opphavet til Johannes Monsson i Uren.  Samstundes forstår eg godt at Karen sitt opphav kan komma til å by på visse utfordringar...

 

Men då er det nok viktigare for bygdeboki for Luster å finna lagnaden til Karen Marie, sjølv om det kanskje kan verta ei vel so stor utfordring...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
  • 2 years later...
Lars E. Øyane

Innlegg #9:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2018, då eg framleis jaktar på lagnaden til denne jenta Karen Marie (Carlsdotter) Johannessen, fødd i Bergen 1856.  I 1872 var ho foreldrelaus, og då spørst det kvar det kan ha vorte av ho?

 

Eg attgjev eit oppdatert manuskript, der dette er einaste utfordringi...:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Østensdotter {Sandvig}, f. {i Luster} 10.6.1830,

Christine Østensdotter flytte i ung alder til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 18.3.1855 med Carl Johan Johannessen frå Bergen.  Carl var son av dagarbeidar Johannes Monsen på Møhlenpris i Bergen, opphavleg frå Uren i Årstad, og kona Karen Jensdotter frå Stranden og f. i Bergen 28.11.1825.  Carl var ei tid matros, men vart sidan reipslagarsvein.  Han og Christine budde først i Dokkebakken, men flytte til Nøstegaten der Christine d. alt 23.3.1864.  Carl Johannessen flytte sidan til Sydnæskleven der han d. som almisselem (legdelem) 2.2.1872.  Dei fekk to born i lag:

a. Johan Christian Carlson Johannessen, f. i Bergen 9.5.1855, d. i Bergen 15.7.1855.

b. Karen Marie Carlsdotter Johannessen, f. i Bergen 4.9.1856,

 

     ##### (nemnd i live 1872 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore kjekt å fått greie på lagnaden hennar, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.