Jump to content
Arkivverket

Ola Kristian Sandwick/Sandvick - fiskeoppkjøpar i Anacortes, Skagit Co., WA i 1918 - fødd 1885 - kan nokon hjelpa meg identifisera denne karen?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg syner til denne datafili frå WW1 draft records dagsett 12.9.1918:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G1W2-9WVM

 

Dette «soldatemnet» med namn Ola Kristian Sandwick (sjølv har han signert med Sandvick) med adresse Apex Fish company, Anacortes, Skagit Co., WA, vert oppgjeven fødd 9.9.1885.  Det er ikkje oppgjeve fødestad, men han er «citizen of Norway», so han må vera fødd i Noreg!  Yrket hans er «fish buyer», og som næraste pårørande les eg Reura Sandwick på same adresse!

 

Kven kan denne karen ha vore?

 

Eg saknar ein person med svært like personalia:

 

Ole Olson Sandvick, fødd i Luster 23.8.1885, utvandra same hausten med foreldri sine, Ole Aamundson Sandvick (1843-1926) og kona Ingeborg «Emma» Larsdotter (1840-188?), til DeForest, Dane Co., WI, men mori døydde kort etter dei kom fram, og Ole Aamundson sat att med seks morlause born under 20 år - Ole Olson var den yngste.  Det me veit om denne Ole Olson (kjelda mi frå 1980-talet var ei svigerdotter etter halvsøsteri Ingeborg Johannesdotter, som mori hadde frå før), var at Ole Olson «stakk av» heimefrå i svært ung alder (før 1900!), og dei høyrde aldri meir gjete han!  Kan han ha teke seg til Washingon eller eventuelt Canada/Alaska for so å vera attendekomen til Anacortes, WA??

 

Eg finn ikkje denne Ola Kristian Sandwick/Sandvick att i nokon andre kjelder i Amerika!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Lars skriver at det står 9.9.1885 på WW1 Draft-kortet.

 

Det står sept 6 1885 på kortet.

 

Ola Kristian Sandwick

United States World War I Draft Registration Cards, 1917-1918
Name: Ola Kristian Sandwick
Event Type: Draft Registration
Event Date: 1917-1918
Event Place: Skagit County, Washington, United States
Gender: Male
Birth Date: 06 Sep 1885
Birthplace: , ,

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QJDG-H7PS

 

View the original document. 

Edited by Ann-Mary Engum
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Torodd og Ann-Mary for interessante og avklarande innlegg!

 

Ingen tvil om at Ole Kristian Sandwick i Anacortes, WA kom frå Ørskog, so då lyt eg «berre» leita vidare etter «min» Ole Sandvik!  Og skulle nokon tilfeldigvis råka borti «min» Ole, ville eg sjølvsagt verta svært glad for det!

 

Ein ny kjempetrakk for framifrå bistand med denne avklaringi!

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.