Jump to content
Arkivverket

Anna Johnsdotter - fødd i Gaupne kring 1692 - levde som enkje i Sunnfjord i 1753 - er det mogeleg å finna lagnaden hennar? - ei kjempeutfordring!


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utgongspunktet for denne kjempeutfordringi er skiftet som 23. og 24.1.1753 vart halde på garden Svangstu lille i Gaupne sokn i Luster etter kona Britha Johnsdotter (1685-1753): https://media.digitalarkivet.no/view/24138/69?indexing=

 

Britha døydde barnlaus, og ho let etter seg ein bror Baard og tre søstrer, Synneva, Eli (som var avlidi før), alle busette i Luster, og:

 

* Anna Johnsdotter, som me trur må ha vore fødd på plassen Tvingeborg under Sandvik i Gaupne kring 1692, står det følgjande om på linje 13 i ovannemnde skifte:

 

«Anna Joensdatter som er i Enkestand og boende i Sundfiord»

 

Kvar i Sunnfjord denne Anna kan ha butt, har eg ingen tankar om, men det mest sannsynlege vil vel vera Kinn prestegjeld?

 

Faren heitte John Olson, medan namnet til mori er ukjent.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden hennar!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Under gravlagde i SF 1669-1920, kan EG berre sjå ei «passande», når eg søkte på An*, j*, kvinner, f 1680-1710 i Sunnfjord:

Ho som døyr i Naustdal 20.5.1764 og f 1705.

Nr 92.431.  MEN data frå SF er utskjelte då mange kommuner er dårlige repr, UTRULIG mange er utelete.

 

Her er ho i Kyrkjebokji, høgre sida:

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227240762.jpghttp://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227240762.jpg 

Så vært det opp til deg å prøva om ho er «den rette» !???

Link to post
Share on other sites
Torodd Kinn

Ifølgje Naustdal Bygdebok, bind 2 side 194, var den Anne Jonsdotter Vassbotnen som Jon har funne, gift med Daniel Jakobsson. Ho skal vere fødd ca. 1705 på Ulltangen i Førde, og dei gifta seg i 1734. Daniel døydde i 1764. Så dette er nok dessverre ikkje rett Anne.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Torodd for nyttige inlegg som soleis kan avskriva Anna Johnsdotter Vassbotnen som «kandidat»!

 

Om me søker i basane for Kinn, finn me denne Anna Johnsdotter Huuse gift i Bremanger 1730 med Anders Hansson Kloue: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000492027

 

Og om Anna var enkje i 1753, kunne ho jo ha vorte attgift, til dømes i Bremanger i 1756, med Lars Hansson Wetvigen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000492905

 

Det var òg ei Anna Johnsdotter som gifte seg i Svanø sokn i 1706 med Ole Johanson Sunde, men det vert kanskje litt i tidlegaste laget...; https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000491337

 

Me for ei som kom flyttande frå indre Sogn, er kanskje Svanø sokn meir sannsynleg?  Og me veit jo ikkje nøyaktig alder på Anna.  Ho kan neppe ha vore fødd so mykje seinare enn 1692, men ho kan godt vera nokre år eldre...  Arvlataren i 1753, Britha Johnsdotter, var 70 år då ho døydde, medan broren Baard var fødd kring 1688.  Faren John Olson var 44 år i 1701...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp Anna Johnsdotter i Sunnfjord!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.