Gå til innhold
Arkivverket

Dortha Marie Olsdotter - fødd på Slottet i Luster i 1808 av omreisande foreldre - flytte i 1835 til Sund på Sotra, men forsvinn som «dogg for soli» - kvar i all verdi kan ho ha vorti av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Omreisande hesteskjærar Ole Christopherson (1778-1824) og kona Dortha Marie Johannesdotter (1766-1823), som i mange år hadde vinteropphald på Slottet under Skildeim i Luster, fekk i alt åtte born.  Eg har etter mykje strev greidd å gjera greie for ALLE desse borni med eitt unntak:

 

** Dortha Marie Olsdotter, døypt i Luster 16.9.1808, fekk flyutteattest tilo Sund i 1835, men det er òg det siste me ser til ho!

 

Av søskeni hennar hadde ho ein tvillingbror Johannes, som vart gardbrukar på Vasvik i Hadsel.  Tre andre brør døydde som barn, medan dei andre søskeni, tre fullsøstrer og ei halvsøster, alle budde i eller nær Bergen.  Ei av dei var Monsina gift med handelsstyrar Jens Lars Arneson som på 1830-talet budde på Glesnesholmen i Sund, og som KAN vera grunnen til at Dortha flytte nettopp dit!

 

Det hadde vore heilt kjempe om nokon greidde å komma på sporet etter Dortha Marie, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er langt frå Mannsverk i Årstad til Namsos, men for å vera på den sikre sida: har du kontroll på tenestejenta Dorthea Olsdotter f. i Luster ca. 1808, her i 1865-tellinga?

 

https://www.digitalarkivet.no/pf01038348000724

 

Tellingskrets: 001 Vemundvik

Bosted land: 0092 Engen

 

 

Person: 004 Dorthea Olsdatter

Sivilstand: ug

Yrke: Tjenestepige

Kjønn: k

Alder: 58

Fødselsdato: 1808 (beregnet)

Fødested: Lysters Prgj.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dorthea Marie Olsdotter innflytta i Namsos (Overhalla) frå Hassel (tvillingbror til Dortha Marie, Johannes, budde der?) i 1863:

https://www.digitalarkivet.no/pi00000000031451

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nord-Trøndelag, 764/L0553: Ministerialbok nr. 764A08, 1858-1880, s. 19
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070423660350
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dorethea Marie Olsdotter innflytta i Hadsel frå Bodø i 1850. Attest frå sokneprest Steen 21. mai 1849:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 888/L1263: Klokkerbok nr. 888C02 /1, 1820-1850, s. 618-619
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071107610260
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for kjempespennande og interessante innlegg!

 

Det er ingen tvil om at dette er «vår» Dortha Marie Olsdotter, og du har verkeleg greidd å følgja i «spori» hennar, til Sund, til Årstad, til Bodø, til Hadsel, til Vemundvik og so endeleg til Bø i Vesterålen!  Eg er imponert!

 

Ein skulle tru at ei slik «omflyttande» dame kunne ha born eter seg ein eller fleire stadar, men eg ser ingen born nemnde i nokon av flyttemeldingane og heller ikkje finn eg born hjå FamilySearch som eg finn naturleg å knytta opp mot «vår» Dortha Marie...  Kanskje får me endeleg svar på dette om dødsfallet hennar kan finnast - med ei dødsmelding?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp lagnaden til denne jenta frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn ho ikkje død i Bø (sett til 1900), så ho har truleg flytta vidare etter folketellinga 1875, men inga registrering i flyttelistene. Kanskje til broren Johannes i Hadsel? Inga registrering i flyttelistene i Hadsel, heller. Ho bur ikkje med brorsonen Peter Johannessen på Vasvik i Hadsel, i 1891. Finn ho heller ikkje død i Hadsel (sett til 1900).

 

Kor kan ho ha tatt vegen etter 1875? Eg er opprådd.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for eit nytt utfordrande innlegg om Dortha Marie Olsdotter!

 

Det er heilt tydeleg at denne jenta gøymer seg svært so godt etter 1875...

 

Elles har eg spekulert på ei anna sak:  Søsteri Christine Olsdotter (Trellevig) (1812-1888) utvandra visstnok i 1863 til Chicago, IL.  Ho hadde fire born, men dei har truleg gått «eigne vegar», for i 1880 finn me Christine Trellevig busett i Chicago, IL i lag med ei niece Thea Anderson, fødd i Bergen kring 1836:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYY-9SK2

 

Dersom denne Thea var ei niece på hennar side, ser eg berre eitt mogerleg samband, nemlig at Thea var ei «uekte» dotter av Dortha Marie Olsdotter!?

 

Dortha Marie flytte i 1835 til Sund og i 1836 vidare til Mandsverk i Årstad.  So er ho på eitt eller anna tidspunkt flytt vidare til Bodø, men kan ho, medan ho var i Sund eller i Årstad, ha fått ei dotter som voks opp hjå Christine Trellevig i Bergen og utvandra med ho til Amerika?  Thea kan jo godt vera ei «stuttform» av Dorthea...

 

Kva meiner du, Richard, eller andre om dette?  Eg har òg nemnt denne mogelege løysingi under emnet om Christine: https://forum.arkivverket.no/topic/201174-christina-olsdotter-1812-omstreifardotter-frå-luster-gift-to-gonger-i-bergen-so-til-amerika-kjempeutfordring/

 

Men kanskje får me ikkje svar på dette før dødsfallet/dødsmeldingi etter Dortha Marie kan finnast...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å spora opp Dortha Mariem og lagnaden hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dortha Marie flytte i 1835 til Sund og i 1836 vidare til Mandsverk i Årstad.  So er ho på eitt eller anna tidspunkt flytt vidare til Bodø, men kan ho, medan ho var i Sund eller i Årstad, ha fått ei dotter som voks opp hjå Christine Trellevig i Bergen og utvandra med ho til Amerika?  Thea kan jo godt vera ei «stuttform» av Dorthea...

 

Godt forslag, men:

finn ingen kandidat for Thea (i ein eller annan variant) i Årstad (St.Jørgen) 1836-1840.

finn ingen kandidat i Bergen (Det gamle digitalrkivet, døypte i Bergen 1816-1894).

finn ingen kandidat i Sund 1835-1836 (sjekka for å vera på sikre sida).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for siste meldingi!

 

Tja, då vert det tydeleg eit godt spørsmål kven denne Thea kan ha vore...

 

Kanskje reiste Dortha nordover frå Årstad med ein gong og fekk barnet i Nordland, anten hjå tvillingbroren i Hadsel eller i Bodø?  Ho var jo svært «mobil» denne jenta...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ho var jo svært «mobil» denne jenta...

 

Ja. I 1857 skulle ho reisa frå Hadsel til Tromsø, nr. 10 her, 14. juli:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 888/L1241: Ministerialbok nr. 888A07, 1849-1869, s. 358
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050419030358

 

Ingen spor etter ho i inn/utflyttingslistene i Tromsø. Og når ho flytter til Vemundvik frå Hadsel i 1863, er det attesten ho fekk i Hadsel 14. juli 1857 ho har vist fram (jf. #5 over).

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.