Gå til innhold
Arkivverket

Erik Thomasson Melheim (1858-1932) - utvandra 1883 til Grant Co., WI - gift med Anna Halvorsdotter frå Jevnaker, fødd 1866 - men kven var ho, og kvar vart det av ho? - ei utvandringsutfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Erik Thomasson Melheim, fødd i Årdal 21.8.1858, men same året flytt med foreldri sine til Steig i Luster og oppvaksen der, utvandra til Amerika i 1883 og skal straks ha busett seg i Wingville township, Grant Co., WI.

 

Her finn me han i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XCZ3-3C8

 

Han er då ganske so nygift med ei Anna, 33 år gamal og fødd i Noreg i mars 18??

 

Vigsli deira fann stad i Grant Co., WI 10.8.1899:

 

Name Erick M. Thompson
Event Type Marriage
Event Date 10 Aug 1899
Event Place , Grant, Wisconsin, United States                        
Gender Male
Father's Name Thomas Hulsether
Mother's Name Kristine Erickson
Spouse's Name Ann Halvorsen
Spouse's Gender Female
Spouse's Father's Name Halvor Erickson
Spouse's Mother's Name Marie Anderson

 

Her kjem det fram at foreldri hennar heitte Halvor Erikson og Marie Andersdotter, og FT seier ho utvandra i 1891!

 

Men so må «noko» ha skjedd...

 

FT1910 syner Erik gift, men åleine på farmen; https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY2-SVVJ

 

FT1920 syner Erik som enkjemann på farmen: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJG-815

 

Han flytte i 1926 inn hjå søsteri Bertha Simpson i Stoughton, Dane Co., WI der han døydde 23.4.1932.  Obituarien hans nemner ikkje noko om kone eller born!

 

Men den omtalen me har på kona hans, må ho vera identisk med denne Anna Halvorsdotter, fødd 3.3. og døypt 22.7.1866 på Jevnaker av husmann Halvor Erikson Vesterneiget og kona Marie Andersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8967/50

 

Her er foreldri i 1865 på Vesternøygarden på Jevnaker, plassfolk utan jord: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0532&kenr=004&bnr=0035&lnr=00

 

Og her er dei i 1875 som plassfolk utan jord på Sagstua under Vestern: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0532&kenr=001&bnr=0059&lnr=00

 

Her er so vigsli til foreldri frå 11.9.1858 - han frå Gulden og ho frå Skogstad: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000137557

 

Her følgjer so utfordringane:

 

** På kva plass/gard på Jevnaker kan me seia at Halvor Erikson og Marie Andersdotter «budde»?

 

** Utvandringsåret til Anna Halvorsdotter?

 

** Frå kva plass/gard hadde Halvor Erikson opphavet sitt?

 

** Frå kva plass/gard hadde Marie Andersdotter opphavet sitt?

 

** Kvar vart det av Anna Melheim f. Halvorson i Amerika etter 1900?

 

** Dato og stad for dødsfallet hennar?

 

** Hadde ho born med Erik T. Melheim?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Halvor Eriksen, som utvandrer i 1882?

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000084151

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000960927

 

Anders Gustav Halvorsen, f. 1860, utvandrer også i 1882:

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000084152

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000960928

 

Her er dåpen til Anders Gustav: 

Oppland fylke, Jevnaker, Lunner i Jevnaker, Ministerialbok nr. 7 (1858-1876), Fødte og døpte 1860, Side 15
https://media.digitalarkivet.no/view/8967/17

 

Martin Halvorsen, f. 1862, utvandrer i 1883:

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000084435

 

Martin, 1862

Oppland fylke, Jevnaker, Lunner i Jevnaker, Ministerialbok nr. 7 (1858-1876), Fødte og døpte 1862, Side 27
https://media.digitalarkivet.no/view/8967/29

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W., Grethe og Sven for interessante innlegg!

 

Det kan nok sjå ut som om det var kona til Erick som døydde alt 20.8.1900, for i FT1905 finn me Erick som «bachelor» og «retired» busett same stad (eg fekk meldiong omn at biletet var «unavailable» hjå FamilySearch, so her er det frå ancestry:

 

https://www.ancestry.com/interactive/1055/csusawi1905_12-0137?pid=1780231&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx12721%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DYvBnmAkJ/KX88K2WvGjhuQ%3D%3D%26db%3DWIstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3Derick%26gsfn_x%3DNP_NN%26msrpn__ftp%3DGrant%20County,%20Wisconsin,%20USA%26msrpn%3D1193%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrdy%3D1905%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D8%26h%3D1780231%26recoff%3D%26ml_rpos%3D9&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12721&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Då er det likevel underleg at han i 1910 er sagt å vera gift!  Kan han ha gift seg på ny?

 

Når det gjeld opphavet, kan det sjå ut som om faren Halvor Erikson har «stikke av» til Amerika alt i 1882 i lag med sonen Anders Gustav, medan sonen Martin følgde året etter.  Men mori og dei yngre borni må ha vorte att, og då yngste dotteri Helene Marie vart konfirmert i 1886, står det at foreldri var husmannsfolk i Vesterneiget: https://media.digitalarkivet.no/view/6120/173

 

So eg trur me kan seia at Anna kom frå Sagstua under Vestern på Jevnaker, med mindre FT1891 skulle seia noko anna...

 

Kva so med opphavi til Halvor og Marie?  Den originale vigsli syner at han var son av Erik Halvorson, medan ho var dotter av Anders Paulson: https://media.digitalarkivet.no/view/8967/159

 

Her er nok far til Halvor i 1865, enkjemann og tenar på Gulden: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0532&kenr=001&bnr=0001

 

Halvor var fødd på Gulden 21.1.1830, men det står ikkje noko om foreldri var plassfolk eller kva...: https://media.digitalarkivet.no/view/9338/90

 

Når det gjeld Marie Andersdotter, kjem det i 1875 fram at ho var fødd i Norderhov, so då er det nok ho som var fødd i Skogstadeiget i Haug sokn 21.3.1831: https://media.digitalarkivet.no/view/8530/111

 

Og her har me ei søster av Marie, Pauline Andersdotter, som husmannskone på Tajet under Skogstad i 1865, so kan henda var Marie derifrå?

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=011&bnr=0077&lnr=000

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg motteke eksperthjelp frå Jevnaker, og samstundes har eg oppdaga at det på kyrkjegarden i Castle Rock, Grant Co., WI finst to spennande gravsteiner:

 

* Anne Malheim, wife of Erik T. Malheim - Mar. 23, 1866 - Aug. 20, 1900

* Anne Malheim, daughter of Erik T. Malheim - Aug. 12, 1900 - May 10, 1901

 

Kona til Erik døydde med andre ord i barselseng, men dotteri dei fekk døydde året etter...

 

Erick kan sjølvsagt ha gift seg att, men i so fall skjedde det mellom 1905 og 1910...!

 

Etter dette ser manuskriptet mitt slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Thomasson {Melheim}, f. i Årdal 21.8.1858,

Erik Thomasson, sidan kjend som Erick T. Malheim, flytte kring 1874 med foreldri sine attende til Årdal, men utvandra til Amerika i 1883.  Han slo seg ned som farmar i Wingville township, Grant Co., Wis. og gifte seg i Grant Co., Wis. 10.8.1899 med Anna Halvorsdotter frå Vestern på Jevnaker, i Amerika kjend som Anne Halvorson.  Ho var dotter av husmann Halvor Erikson på Sagstua under Vestern, opphavleg frå

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Gulden, og kona Marie Andersdotter frå Tajet under Skogstad i Norderhov og f. på Jevnaker 3.3.1866, men utvandra til Amerika i 1893.  Men Anne d. etter barselseng i Grant Co., Wis alt 20.8.1900. 

 

##### (Erick said to be single 1905, married 1910 and widowed 1920 – was he remarried between 1905 and 1910?)

 

Erick vart likevel buande på farmen i Wingville township, Grant Co., Wis. til han i 1926 flytte inn hjå søsteri Bertha i Stoughton, Wis. der han d. 23.4.1932.  Han og Anne fekk ei dotter i lag:

a. Anne Malheim, f. i Grant Co., Wis. 12.8.1900, d. i Grant Co., Wis. 10.5.1901.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.