Gå til innhold
Arkivverket

Christen Johannesson gift i Lom 1756 med Rønnaug Stenersdotter - flytte til Luster kring 1770 - fekk ei dotter her i 1772 - og forsvinn att like sporlaust - kan henda attende til Lom? - ei gudbrandsdalsnøtt?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg vart merksam på alt tidleg på 1980-talet, men med dårleg kjeldetilgong fekk eg aldri gjort noko meir med saki den gongen.

 

No er kanskje tidi kommi til å sjå litt meir på denne utfordringi?

 

Christen Johannesson og kona Rønnaug Stenersdotter gifte seg i Lom 10.11.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183882

 

Christen og Rønnaug får ei dotter Kirsti som vart døypt frå Eidsneset (plass under garden Eide) i Luster 16.2.1772: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/82

 

So forsvinn dei att frå Luster!  Kvar kan dei ha vorte av?  Og kven var dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vera den same Christen som får 2 søner i Lom i h.h.v. 1757 og 1759, Stener og Johannes (passar godt med farsnamna til Christen og Rønnaug).

Han er da nevmnt som Christen Nørjordet.

 

Stener: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006140557

Johannes: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006141627

 

Kanskje nokon med tilgang til bygdabøkene for Lom kan finne meire på dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for siste meldingi!

 

Eg tykkjer forslaget ditt høyrest svært godt ut, so eg er spent på kva bygdeboki har å seia...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei

 

Det må vere denne familien som er nemnt i bygdabok for Lom (band 4, side 407) under Brustugu og også kort under Nørjordet (band 3, side 353.

Bygdeboka plasserer Rønnaug som dotter til Steinar Johannesson f.ca 1706 i Nørjordet, d.1755 som kjøpte jorda i Nørjordet i 1741 frå ei tante. Bygdaboka har ikkje funne noko namn på mora. Bygdaboka går ut i frå at Rønnaug og mannen Kristen Johannesson tok over Nørjordet da far hennar døydde. Bygdaboka har ikkje funne opphavet til Kristen. Rønnaug og Kristen makeskifta Nørdjordet mot Brustugu og flytta dit.

Under Brustugu står det at Rønnaug og Kristen vart gift 1756. Kristen var fødd ca. 1728 og døydde 1803 hjå sonen i Leirdalen der han ogsp bur i 1801 hjå sonen i Leirdalen (https://www.digitalarkivet.no/pf01058251001807). Dei selde Brustugu i 1766, men skulle få halde fram som husmannsfolk på plassen står det i bygdaboka. Bygdaboka seier det er litt uklare eigedomstilhøve fordi dei igjen selde plassen i 1770.

Det er oppgjeve 5 born:

  1. Steinar f.1757

  2. Johannes f.1759

  3. Ola f.1761

  4. Kirsti f.1764 d.1768

  5. Kari f.1767

Under Leirdalen (band 4, side 491) er det vist til at Ola Kristensson d.1836 og vart gift 1795 m. Margrete Johannesdotter f.1765 i Prestsætri og d.1829. Dei hadde 4 born.

 

Med helsing

 

Per

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per for eit spennande innlegg om denne huslyden.

 

Eg vart nok litt skeptisk då eg såg at Christen i 1801 hadde farsnamnet Olson, men so fann eg gravferdi hans i 1803, og då stemmer farsnamnet...:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000498510

 

Eg ser òg at andre dotteri til Ole Christenson fødd i Lom i 1804 fekk namnet Rønnaug, som tydeleg er ei oppkalling etter mori....

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006524627

 

Elles ser eg at Ole Christenson budde i Slålia då han gifte seg med Margretha i 1795:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001187010

 

I tillegg til dei fem borni fødde i Lom fekk dei altso dotteri Kirsti i Luster i 1772, men noko meir ser eg ikkje til huslyden her.  Ingen av borni vart konfirmerte i Luster.

 

Det er jo òg eit stort spørsmål kvar det kan ha vorte av dei andre borni...

 

Eg ser at ein Stener Christenson døydde i Bergen i 1780, 20 år gamal:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000516244

Denne Stener var tydeleg ikkje fødd i Bergen, men han vart konfirmert der i 1777:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=kf12011736kk&gardpostnr=3564&personpostnr=3564&merk=3564#ovre

men kva skulle «vår» Stener ha å gjera i Bergen?

 

Ei skikkeleg utfordring denne huslyden, men eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.