Gå til innhold
Arkivverket

Christine Erickson, fødd i Luster 1863 - utvandra 1870 - siste kjende opphaldsstad Fargo, ND i 1885 - kvar vart det av ho etter den tid? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan å komma noko vidare med.  Kanskje tidi no er mogi for ein ny freistnad:

 

Jan Henrik (kjend som Henrik) Erikson Søvde (1821-1870) og kona Bertha Christophersdotter f. Oyene (1828-1870) utvandra til Amerika i 1870 med seks born og var knapt framkomne til Crwford Co., WI då dei båe vart sjuke av tyfus og døydde med to vekers mellomrom!  Yngste sonen døydde på vegen over havet, men att sat fem born i alderen 7-17 år.  Eldstre dotteri v art gift og busett i Crawford Co., WI, medan dei hine borni alle flytte med ei tante til Becker Co., MN sist på 1870-talet.  Eit par av dei nytta Sovde-namnet, medan dei yngste skreiv Erickson, og ei av dei er kjempeutfordringi som eg i kveld gjerne vil henta fram:

 

* Christine Erickson, fødd i Luster 3.2.1863,

 

Her er ho som ugift tenar i Lake Park, Becker Co., MN i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-KSM

 

Og her ber ho som tenar hjå søsteri Lena gift med hotelleigar Tollef Flammer i Fargo, ND i 1885: (fekk ikkje denne fram på FamilySearch, so her er frå ancestry) https://www.ancestry.com/interactive/1078/44315_346011-00261?pid=3357037&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx12851%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DOCDlIS23q4ttzhzNW2kc0w%3D%3D%26db%3DNDstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3Deric*%26gsln_x%3DNP_NN%26msrpn__ftp%3DCass%20County,%20North%20Dakota,%20USA%26msrpn%3D525%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrdy%3D1885%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D26%26h%3D3357037%26recoff%3D%26ml_rpos%3D27&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12851&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Dette er siste livsteikn eg har finne av Christine Erickson, so då er spørsmålet:

 

** Kvar i all verdi er ho vorti av etter 1885??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når ble søsteren Olina født?

 

På Find a grave står Lena(Olina) som f 18 des 1859.

Ektemannen Tollef Flamer står som f 16 april 1854.

 

Census 1900

Ser at Lena Flower(feilskrift for Flamer.Det står Flamer på originalskjemaet)står som født dec 1864 i Census 1900.Age 35.

Hun står med vielsesår 1885,og immigrasjonsår 1867.(som er feil!)

Tollef Flower står som f april 1854.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9VX-T88

 

Kan det være at Christine Ericksen også står med feil fødselsopplysninger i 1900,og at det derfor er vanskelig å finne henne?

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for mange interessante innlegg!

 

Du har heilt rett i at obituaries etter søsken ofte kan vera svært nyttige når det gjeld å finna att bortkomne emigrantar, so lat meg lista opp dødsdatoane til dei fire søskeni etter Christine.  Eg kan ikkje hugsa at desse obituarane nokon gong har vorte sjekka.  Då eg jobba ned denne huslyden tidleg på 1980-talet, var det vanskeleg å få tak i obituaries utan å gå direkte til ulike aviser eller lokale arkiv/bibliotek...

 

* Ingeborg «Emma» Erickson KNOBLE, fødd i Luster 11.3.1853, døydde i Utica township, Crawford Co., WI 22.7.1917 - barnlaus

 

* Ingeborg Marie «Mary» Erickson FREDRICKSON, fødd i Luster 1.9.1855, døydde i Fargo, ND 23.3.1939 - hadde butt i Norman Co., MN og hadde to søner samt ei fosterdotter.  Denne fosterdotteri kan kanskje vera litt spennande: Josephine Helene «Helen», fødd i Norman Co., MN(?) 29.10.1898 - KAN jo teoretisk ha vore dotter av Christine dersom Christine døydde tidleg...!!?  Helen vart gift med Ordin Mjolsness og døydde i Fargo, ND 10.8.1989.

 

* Erik «Erick» SOVDE, fødd i Luster 30.1.1858, døydde i Los Angeles, CA 24.10.1942 - hadde fem born

 

* Olina «Lena» Erickson FLAMER, fødd i Luster 16.12.1860, døydde i Fargo, ND 6.5.1947 - hadde fem born

 

Lat meg òg nemna mosteri som utvandra i lag med denne huslyden i 1870 og som vel vart hovudansvarleg for å ta seg av dei foreldrelause borni etter at foreldri døydde so brått:

 

* Martha Christophersdotter OIENE, fødd i Luster 16.7.1822.  Ho døydde i Fargo, ND 25.8.1917 - ugift

 

Denne Martha var i 1880 busett i Atlanta township, Becker Co., MN i lag med mellom andre søstersonen Erick Sovde (då òg kalla Erickson): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-KMY

 

Men sist på 1880-talet flytte Martha inn hjå Lena og Tollef Flamer på hotellet deira i Fargo, ND der ho mellom anna er oppført i FT1900 (sjå innlegg #4 over).  Ho dukkar opp som nadverdsgjest i lag med Lena Flamer og ogso ofte åleine frå sist på 1880-talet i Pontoppidan Lutheran church i Fargo, ND.  Ho ser ut til å ha vore ei svært «ihuga» kyrkjegjengar...  Ho ligg forresten gravlagd i lag med Flamer-ætti på Riverside cemetery i Fargo, ND.

 

Eg har no sete ei heile stund for å «analysera» kyrkjeboki frå Pontoppidan-kyrkja og finn Christine Erickson nemnd som fadder til eldste dotteri etter Tollef og Lena Flamer, Augusta Bertine, fødd 11.3.1884: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315054-00015?pid=3914624&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3914624%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx12907%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12907&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_315054-00011

 

Eg finn Christine òg som nadverdsgjest i denne kyrkja, men ikkje etter april 1886 då ho er nemnd som «Kristine H. Eriksen» (lengst nede i første spalte): https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315054-00015?pid=3914624&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3914624%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx12907%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx12907&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_315054-00068

 

Det ser nesten ut som om Christine er flytt på den tidi, eller kanskje ho har gift seg og skift kyrkje?

 

Eg finn nemlig på Riverside cemetery denne gravstøtta for ei Christine Christianson, fødd 12.1.1859, døydde 17.8.1898: https://www.findagrave.com/memorial/93940012/christine-christianson

 

Ho var gift med «druggist» Lars Christianson, som ho ligg gravlagd saman med, men dei ser ikkje ut til å ha hatt born, og støtta, som inneheld litt «feil» fødselsdato for Christine i høve «vår» Christine, må ha vore oppsett mange år seinare!  Kanskje dei ikkje hadde nøyaktige opplysningar då støtta vart oppsett?  Det har eg sett fleire døme på før...!

 

Nei, so enkelt skal det ikkje vera, men eg vonar at kanskje nokre av desse obituariane kan finnast og at dei gjev oss ein peikepinn om lagnaden til Christine!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora Christine Erickson i Amerika!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg har no motteke ein obituary for Christine Christianson som døydde i Fargo, ND 18.8.1898.  Det var ho som var gift med «druggist» Lars Christianson nemnd i innlegg #10.  Eg hadde jo ein mistanke om at ho kunne vera den Chjriostine Erickson som eg leiter etter.

 

Men diverre, det syner seg at Christine Christianson vart gravlagd frå 1st Lutheran i Fargo, ND, og ifølgje kyrkjeboki var ho fødd i Fillmore Co., MN i 1859: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314435-00585?pid=1666791&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx13353%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26dbid%3D60722%26gsln%3DOlson%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26cp%3D12%26msbdy%3D1900%26msbpn__ftp%3DNorth%20Dakota,%20USA%26msbpn__ftp_x%3D1%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26qh%3D9J1MFvFF7Mvxxe78epZKgQ%3D%3D%26new%3D1%26rank%3D1%26redir%3Dfalse%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D34%26fh%3D379%26h%3D1666791%26recoff%3D%26fsk%3DBED2j8EIgADtMgAlXVg-61-%26bsk%3D%26pgoff%3D%26ml_rpos%3D380&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx13353&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314435-00617

 

So dette var eit feilskòt, og dessutan høyrde ho til «feil» kyrkje i Fargo, ND!

 

Nei, det spørst nok om ikkje «vår» Christine er flytt frå Fargo, ND kring 1887, kan henda for å gifta seg, hadde me berre visst kvar??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnmadane på å oppspora denne jenta frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.