Gå til innhold
Arkivverket

Dugnadsinnbjuing - sjøfolk i Dødsmeldingslistene for Bergen på 1800-talet


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er sikkert ikkje åleine om å ergra meg over at dødsfall til forulukka sjøfolk frå Bergen ikkje finst i kyrkjebøkene og databasane som ligg ute på Digitalarkivet, so no tenkte eg å innbju til ein dugnadsinnsats for å registrera i alle fall nokre av desse.

 

Eg gjer dette i vanleg tekstformat med tilvising til sida som dødsfallet står på.  Her følgjer sju år f.o.m. 1838 t.o.m. 1844:

 

1838:

Ellert Ellertsen, skibsfører, ingen alder, anmeldt 21.2.1838 som død på sjøen: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610660

1840:

Henrick Andreas Bjerck, skipper, 57 år, forulykkedes på sjøen 3.10.1840: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610714

1841:

Ole Gautesen Bøchmann, 30 år, omkom på sjøen i Lofoten medio desember 1840: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610722

Tron Tronsen Hoxnæs. ca. 30 år, omkom i Lofoten i mars 1841: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610725

Benjamin Sivertsen, skipper, 46 år, død i Lofoten 12.2.1841: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610725

Georg Olaus Thorp, skibsfører, 28 år, død i Svolvær i Lofoten 11.4.1841: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610726

1842:

Jens Berntsen Hægdahl, styrmand, 50 år, døydde 28.11.1841: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610739

Willum Pedersen, skipper, 29 år, døydde i Lofoten 6.2.1842: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610747

1843:

Andreas Hansen, skipper, 31, døydde på reise til Venedig (dato ikkje oppgjeven): https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610760

Tollef Thorsen, skibstømmermann, ingen alder, døydde i Vestindien juli 1843: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610773

Knud Aamundsen, matros, 34 år, døydde i Vestindien juli 1843: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610773

1844:

Petter Næsgaard, styrmand, 53 år, dødsdato og stad ikkje oppgjeve: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610779

Carl Johan Christiansen, skibstømmermand, omkom på sjøen (ingen dato): https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610785

 

So mange er det ikkje, men det kan jo tenkjast at ein eller annan leiter etter nettopp den eine...  Elles lyt eg seia som tyskarane gjer kvar gong dei har trekning i pengelotteriet:  Resultat utan gevær!

 

Ideelt sett burde ein samanlikna dødsbasen frå kyrkjebøkene med dødsmeldingslista, og kanskje kan me gjera det i neste omgongen...?

 

Eg vonar at andre har lyst til å vera med på dette!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Jens Brntsen Hægdahl, styrmand, 50 år, døydde 28.11.1841: https://media.digitalarkivet.no/view/23995/291

 

Jeg råder deg og eventuelle andre interesserte til å registrere brukslenke for sidevisning, i dette tilfellet https://www.digitalarkivet.no/sk20081111610739, i stedet for bla-lenka i nettleserens adressefelt. Sistnevnte kan bli endret dersom bildeantallet skulle endre seg, f.eks. i forbindelse med tilførsel av manglende sider/oppslag. Brukslenke for sidevisning er derimot permanent. i alle fall så lenge Internett er Internett.

 

Husk også at registrering som løpende tekst vil kunne medførende tidkrevende konvertering til et tabellformat, dersom det noen gang skulle være ønskelig å gjøre registreringene søkbare i f.eks. Digitalarkivet.

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for kommentar.

 

Eg lyt tilstå eg ikkje heilt forstår kva du meiner med brukslenke.  Eg nyttar då alltid den lenka som kjem fram i feltet øvst, nokon annan lenke ser eg ikkje av originalbiletet!  Men so er eg heller ikkje nokon dataekspert...

 

Eg takkar på ny for deltaking i å utvida denne basen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi!

 

Eg fann omsider den menyknappen som du, Grethe, må ha klikka på og har no endra alle referansane i innlegg #1 tilsvarande.  Eg forstår liksom ikkje heilt «vitsen», men det er vel slik det skal vera...

 

Då vonar eg på at fleire vil melda seg på og vera med...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at dette er dødsfallsprotokoll nr 1 for Bergen. Skal det foretas en registrering, må hele boken registreres. Man skal ikke hente ut enkeltpersoner fra en kilde. En registrering hvor kun noen er registrert, vil ikke bli publisert på Digitalarkivet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Renathe-Johanne for siste kommentar!

 

Det er vel ikkje lovpålagt at ei heil bok må registrerast, sjølv om eg heilt klart innser at det hadde vore ein kjempefordel!  Og sjølv Sollied tok ikkje med alle då han i si tid registrerte skifte i Bergen...  Og folketeljingslistene frå Amerika har joi ogso «berre» plukka ut dei som er fødde i Noreg eller har norskfødde foreldre...  Men no er det vel so, at det ikkje er noki prioritert oppgåve hjå Arkivverket å registrera desse dødsmeldingsprotokollane for Bergen, so då tenkte eg, ein stad kan ein jo børja.  Registreringi kan alltid supplerast på eit seinare tidspunkt, og poenget mitt i første omgongen var å henta ut ein del av dei dødsfalli som elles IKKJE er innførte i nokon av kyrkjebøkene for Bergen by!  Og eg har teke nokre stikkprøver på namni som eg har registrert i innlegg #1, og eg har ikkje finna att nokon av dei i digitalarkivet ved «avansert søk», so heilt utan nytte er ikkje denne registreringi...!

 

Då får basen førebels liggja som ei base i Brukarforum eller eventuelt på min konto i digitalpensjonatet...

 

Elles meiner eg å ha observert at praksisen med å ta med bortkomne sjøfolk i dødsmeldingslistene i Bergen ikkje var særleg utbreitt før ein kjem ut i 1840-åri eller kanskje endå seinare.  Det er nemlig, etter mi meining, påfallande at eg finn so pass få sjøfolk som er borte, og eg har gjennom søket mitt vore særskilt på jakt etter eit par personar som BURDE ha vore der, men som eg ikkje finn...

 

Eg tykkjer elles at arkivverket burde setja pris på at einskildbrukarar, ogso dei som ikkje er særleg datakunnige som meg sjølv, tek initiativ til registrering av kjelder som arkivverket ikkje prioriterer.  Eg kan ikkje garantera for at basane vert feilfrie, men opplysningane kan jo etterprøvast i originalen og kan til sjuande og sist spara andre forskarar for timevis med leiting..., jmf. basen over dei avlidne i Lærdal frå 1741 til 1752 som eg sat med i mange timer og som eg tydeleg har mista opphavsretten til..., berre fordi eg ikkje gjorde det på «rett» måte...!?

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Alle data som kommer inn legges inn på Digitalarkivet. Ingenting legges ut på noe som heter Digitalpensjonatet. Dvs. at det du refererer til "min konto i digitalpensjonatet", er kun en oversikt over dine bidrag. Dette er ingen fysisk plassering. 

Digitalarkivet ønsker ikke å publisere filer hvor man har plukket enkeltpersoner fra en kilde. 

Noe har sluppet igjennom dette for mange år siden, men vi har blitt mye strengere, da en delvis registrering skaper misforståelser osv. 

 

Det vi har publisert, er f.eks døde i Lærdal som du refererer til, dette fordi den er registrert fra et bestemt årstall i boken og til bokens slutt. Alle som er døde i de årene er med, her er ikke bare enkeltpersoner registrert. Dermed vil det bli enklere å supplere, når man vet at man skal transkribere fra en perioden til en annen. 

 

Du må gjerne oppfordre til dugnad, men transkriberingen bør gjøres på en slik måte, at det endelige resultatet faktisk vil bli publisert på Digitalarkivet. 

Ellers er det korrekt som du skriver. Arkivverket prioriterer ikke transkribering av disse kildene. Arkivverket har kun 2 stillinger til transkribering, slik at det er svært begrenset hva som vil bli transkribert av oss. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det beste ville ha vore om dødsfallprotokollen vart registrert i rett format og på rett måte i utgangspunktet, slik at ikkje arbeidet må gjerast på nytt seinare. Men det nest beste blir at ein legg ut dei delene av dødsfallprotokollen som interesserer slik som her, og er betre enn at ingenting blir gjort. Tilsvarande har f. eks. blitt gjort med skifte frå Bergen med tilknyting til Sunnfjord.

 

Når det gjeld kopiering av sidelenker kan ein gjere det ved å klikke på kopieringsikonet til høgre for lenka, eller ved rett og slett å trykkje k på tastaturet. Som ein del av dei permanente lenkene finn ein bilde-ID, som er permanent og som er grunnlaget for alle permanente lenker. (Sjå skjermbiletet ovanfor).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Renathe-Johanne og Torbjørn for dei siste innleggi!

 

Eg er heilt samd med Torbjørn i kva han seier om denne basen.  Det er betre å ha noko å halda seg til enn ikkje noko i det heile...  I neste veke planlegg eg å reisa på ein liten ferietur, og då vert det kan henda høve til å jobba litt meir med desse dødsmeldingsprotokollane frå Bergen...  Me får sjå; det kjem mykje an på korleis feriehusværet er innretta og kor mange timer eg dagleg kjem til å opphalda meg i saltvatn...  Helsa vil ha den høgste prioriteten...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Flott at du Lars tar initiativ til dugnad, men jeg må få understreke det Renathe påpeker: Ønsker du dette lagt ut for søking på digitalarkivet.no så har vi visse krav til materialet som må følges. https://www.digitalarkivet.no/content/about-dp Se spesielt "Krav til materialet" Og ellers er det som Kristian skriver om oppsettet på informasjonen også svært vesentlig.

 

Slik jeg leser Torbjørn sitt forslag innebærer det å ha en tråd i debattforumet hvor man bidrar med navn og lenker. Det blir da ikke en base for søk i Digitalarkivet, men forumet er jo høyst søkbart og også svært synlig for Google og andre søkemotorer, så sånn sett er det noe som kan fungere når man ønsker å plukke enkeltpersoner fra kildene.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vil bare supplere i forhold til dette med lenke til bildet. Det vi trenger i transkriberingen i forhold til publisering i Digitalarkivet er kun den permanente id'en. Her har vi en spesial-funksjon for bruk ved transkribering: 

image.png.7e974f0937030d44f8b71e5eac921b1f.png

 

Ved å  klikke på det lille ikonet i brødsmulestien kopieres id'en til utklippstavlen, og du kan lime den inn igjen i dokumentet du transkriberer til. (ctrl+v, cmd+v osv.)

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Espen Tønnessen skrev:

Vil bare supplere i forhold til dette med lenke til bildet. Det vi trenger i transkriberingen i forhold til publisering i Digitalarkivet er kun den permanente id'en. Her har vi en spesial-funksjon for bruk ved transkribering: 

image.png.7e974f0937030d44f8b71e5eac921b1f.png

 

Ved å  klikke på det lille ikonet i brødsmulestien kopieres id'en til utklippstavlen, og du kan lime den inn igjen i dokumentet du transkriberer til. (ctrl+v, cmd+v osv.)

flott du la ut et bilde av hvor man finner bildeiden som jeg mener

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.