Gå til innhold
Arkivverket

Knut Paulson (Ødegaard) (1811-1891) og Kirsti Olsdotter (1822-191?) - ein utfordrande huslyd frå Hafslo med forgreiningar til mellom anna Bergen, Sverige og New Orleans - kvar vart det av Kirsti (d. etter 1912), Peder (f. 1848) og Marie (f. 1862)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

For om lag 12 år sidan la eg la ned mykje krefter for å freista finna ut av denne huslyden frå Hafslo, som dels vart forsørga av fattigkassa og dels vart spreidd «for alle vinder».  Nylig dukka sonen Timian opp i Karlskrona i Sverige, og dette har gjeve meg nytt mot om at kanskje andre delar av huslyden ogso kan komma til rette?

 

Her følgjer eit ferskt manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Dei store utfordringane her er i første rekke:

 

** Kvar vart det av «mor Kirsti» som framleis levde i Bergen i 1912 - 90 år gamal?

 

** Lagnaden til eldste sonen Peder Knutson, som i 1865 var bakarlærling i Bergen?

 

** Manglande dødsfall til to av sønene etter Johan Knutsen Lunde i Bergen/Cardiff?

 

** Detaljar kring Christopher Lund i New Orleans, LA - kvar vart det av han?

 

** Lagnaden til dotteri Maria Lund som i 1894 utvandra til New Orleans, LA?

 

Med omsyn til Kirsti Olsdotter, her er ho i FT1910 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708011011

 

Og her er ei referanse til ein forespørsl som eg gjorde i Arkivforum i 2006 om lagnaden hennar, diverre utan resultat:

https://forum.arkivverket.no/topic/125839-40353-ft-bergen-1912-og-seinare-lagnad/?tab=comments#comment-1027928

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Effie Lund, tvilling, f. i New Orleans, La. 9.3.1888, d. i New Orleans, La. 24.1.1978.  Effie gifte seg i New Orleans, La. kring 1935,

 

 

 

     ##### (date of her marriage?)

 

Nærmeste jeg kom var dette:

 

Times-Picayune Sunday, Oct 20, 1935 New Orleans, LA Page, 37

Times-Picayune Sunday, Oct 20, 1935 New Orleans, LA Page, 37.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elisabeth Lunde d. derimot i New Orleans, La. 11.9.1938. 

 

Legger inn OBIT for henne:

 

New Orleans Item Monday, Sep 12, 1938 New Orleans, LA, Page 4

New Orleans Item Monday, Sep 12, 1938 New Orleans, LA, Page 4.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I denne er det oppgitt at kona var død!

 

The Louisiana, Naturalization Records, 1836-1998 -
Name:    Christopher Lund
Declaration Age:    57
Record Type:    Petition
Birth Date:    10 May 1853
Birth Place:    Bergen, Norway
Declaration Date:    21 Sep 1910
Declaration Place:    New Orleans, Louisiana, USA
Spouse:    Elizabeth Crasto
Petition Number:    290

 

Lenke Ancestry: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=LANaturalizationRecs&indiv=try&h=82396

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Eg har no oppdaga at Christopher og Eliza(beth) Lund må ha vorte skilde før 1910, for dei seier seg båe vera i «enkjestand» på same tid!  Obituarien etter Elizabeth frå 1938 seier ho då var enkje etter båe ektemakane sine, og det er vel rimeleg å tru at ogso Christopher då var avliden, men me finn ikkje livsteikn frå han etter han i 1912 var heime ein tur på vitjing!  Kvar i all verdi kan han ha gjort av seg?  Kanskje skifte han namn??  Knutson??

 

Elles har eg i kveld «bygt inn» i manuskriptet mitt dei tre Crasto-borni som Elizabeth fekk med første mannen sin, dels for å skapa eit samla bilete av huslyden og ogso for kanskje derigjennom å komma på spor etter Rochum Crasto, som eg ser ein stad er kalla Joachim Crasto!

 

Her følgjer so eit manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Kanskje opplysningane om dei tre steborni til Christopher kan føra til nye avisutklipp?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er så mektig imponert over Egil og hva den mannen klarer å spore opp.

Gull hele tiden, synd du er født etter Klondike Egil, ellers hadde du vært søkkrik 🙂

 

Mvh

Ivar

  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Albert Johan Johanson Lunde, f. i Bergen 27.9.1876, reiste til sjøs i 1890-åri og siglde mellom anna på Sydney i Australia, men let ikkje frå seg att etter kring 1910.  Kring 1945 skal slekti i Bergen ha motteke ei melding frå sjømannspresten i Cardiff, Wales om at Albert var avliden, men nærare opplysningar manglar.

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

På findmypast finner jeg en Albert J. Lunde død i 1950 i Cardiff. Kan det være riktig person? Jeg har ikke abonnement på tjenesten, men kanskje noen andre kan finne noe mer om dødsfallet?

 

https://search.findmypast.com.au/search-world-records/england-and-wales-deaths-1837-2007

 

1103689427_Skjermbilde2018-08-11kl_15_30_58.png.dac14c7e31a54b24acd5e1ad4d27f14b.png

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Lars Waaltorp skrev:

 

På findmypast finner jeg en Albert J. Lunde død i 1950 i Cardiff. Kan det være riktig person? Jeg har ikke abonnement på tjenesten, men kanskje noen andre kan finne noe mer om dødsfallet?

 

https://search.findmypast.com.au/search-world-records/england-and-wales-deaths-1837-2007

 

1103689427_Skjermbilde2018-08-11kl_15_30_58.png.dac14c7e31a54b24acd5e1ad4d27f14b.png

 

 

 

First name(s) Albert J
Last name Lunde
Gender Male
Birth day -
Birth month -
Birth year 1876
Age 74
Death quarter 4
Death year 1950
District Cardiff
County Glamorganshire
Volume 8B
Page 238
Country Wales
Record set England & Wales Deaths 1837-2007
Category Life Events (BDMs)
Subcategory Civil Deaths & Burials
Collections from Great Britain, Wales
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for nye imponerande innlegg!

 

Det har ofte ergra meg at desse britiske basane sjeldan opererer med anna enn kvartalsopplysningar anten det gjeld fødsler, vigsler eller dødsfall...  Då er ein jo neste tvungen til å tinga attestar for å få litt meir nøyaktige opplysningar...  So er det vel ogso her...?  Eller kanskje me kunne kontakta sjømannskyrkja i Cardiff, om den framleis finst?  Uansett, det viktigaste er jo å få ei stadfesting på dødsfallet, og at dei opplysningane som eg fekk hjå slekti for mange år sidan, verkeleg stemte so nokolunde...!

 

Elles kan ein tydelerg slå fast at unge Timian var meir «mobil» enn som så...

 

Eg har lagt inn eit par endringar i manuskriptet mitt, som her følgjer i ein oppdatert versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 under!

 

Det som undrar meg meir og meir, er at me ikkje kan finna dødsfalli til «ho mor», Kirsti Olsdotter, eller til Herman Leonard Lunde, som me veit levde i 1922, men som var avliden før 1925.  Kan dei ha vore «bortsette» på strilelandet og avlidne der?

 

Og eg greier heller ikkje finna dødsfallet til Ragnhild Bruland i Bergen i 1881...!?  Merkeleg...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Andrea Knutsdotter flytte i ung alder til Sunnfjord, men gifte seg i Bergen 18.4.1886 med enkjemannen Nils Madson frå Bruland i Førde, i Bergen kjend som Nils M. Bruland.  Han var son av gardbrukar Mads Andersson på Bruland og kona Anna Margrethe Jacobsdotter, òg frå Bruland, og f. i Førde 17.7.1846, men flytte til Bergen alt i 1865.  Nils gifte seg første gongen i Bergen 10.11.1872 med Ragnhild Larsdotter frå Støle i Etne.  Ho var dotter av husmann Lars Willumson på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Støle, opphavleg frå Malnes i Skånevik, og andre kona Ragnhild Nilsdotter frå Osvåg og f. i Etne 23.5.1841, men d. truleg i Bergen etter barselseng i 1881. 

 

##### (dødsdatoen hennar?)

 

Ragnhild Larsdatter døde 11.1.1884: 

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. E 4, 1882-1898, s. 26
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061123020048

 

Dødsfallsprotokollen: 

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0004: Dødsfallsjournaler, 1878-1886, s. 118b-119a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090615341101

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Lars W. og Egil for nye interessante og nyttige innlegg!  Eg er imponert over kva de finn!

 

Soleis er første kona til Nils Bruland «i boks»!  Og me har fått stadfest at Albert Lunde siglde i den britiske handelsflåten...

 

Men no er det dukka opp noko anna frå New Orleans, LA som verkeleg bidreg til å skapa forvirring:

 

Rochum Crasto skal ha vore gift TO GONGAR:

 

* New Orleans, LA 3.7.1868 med Catherine KUAN

 

* New Orleans, LA 3.7.1872 med Elizabeth HUGHES

 

http://nutrias.org/inv/jpmarrindex/cra_cro.htm

 

Her er det noko som ikkje stemmer.  Joseph Bennett Crasto var fødd berre ei veke etter den påståtte andre vigsli i 1872, og ser me på FT1870 for New Orleans, LA, ser me at R. Crasto alt då ser ut til å vera gift med Eliza Hughes, og ei yngre søster av Eliza bur der i lag med dei: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69DQ-48N

 

Men noko anna merkeleg her er følgjande:  Kvar er Eliza og dei tre Crasto-borni i FT1880?  Kanskje andre har betre auge enn eg??

 

Eg har oppattnya manuskriptet for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #11 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Paulson Ødegaard, frå Furehaugen under Sviggo, vart døypt 3.2.1811 og d. som husmann på Øygarden 8.6.1891.  Han gifte seg 3.3.1846 med Kirsti Olsdotter frå Svalskuggen, Dversdalen under Sandviki i Luster, døypt i Hafslo 10.3.1822.  Knut og Kirsti budde visstnok første heime i Furehaugen under Sviggo, men fekk kring 1852 rydda opp att denne andre plassen på Skavlen som den tidi vart kalla Øygarden.  Det var framleis lite jord til denne plassen, og Knut og Kirsti hadde store vanskar med å greia seg utan offentleg støtte, men Knut dreiv likevel plassen levetidi ut.  Einer Nilsson Sterri på Sterri (bnr. 2) fekk alt i 1849 skøyte på Øygarden, og i 1892 flytte han hit for styra bruket, sjå Melheim (bnr. 7).

Kirsti Ødegaard flytte i 1895 som enkje til Bergen og budde der hjå yngste dotteri Bertha Lund. 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Bergen etter 1912!)

 

 

Knut og Kirsti på Øygarden fekk åtte born i lag:

 1. Peder Knutson, f. 7.3.1848,

Peder Knutson flytte kring 1864 til Bergen der me finn han som bakarlærling i 1865. 

 

 

##### (seinare lagnad? – til Sverige eller Amerika?)

 

 

 2. Johan Knutson, f. 22.1.1850,

Johan Knutsen Lunde flytte i 1866 til Bergen der han 4.5.1873 gifte seg med Andrea Johanne Jansdotter Olsen frå Bergen.  Ho var dotter av gullsmed og enkjemann Jan Olsen i Bergen og jenta Helene Jensdotter og f. i Bergen 23.12.1853.  Johan var skreddarsvein, og han og Andrea var stadig på flyttefot, men vart buande i Bergen levetidi ut.  Johan d. i Bergen 6.10.1925, medan Andrea Lunde d. same staden 24.12.1930.  Dei fekk tolv born i lag:

a. Arndolf Johan Johanson Lunde, f. i Bergen 17.8.1874, d. i Bergen 23.12.1874.

b. Albert Johan Johanson Lunde, f. i Bergen 27.9.1876, reiste til sjøs i 1890-åri og siglde mellom anna på Sydney i Australia, men let ikkje høyra frå seg att etter kring 1910.  Han heldt fram som sjømann i den britiske handelsflåten levetidi ut og busette seg etter kvart i Cardiff, Glamorganshire i Wales der han d.

 

 

     ##### (exact date of his death? – 4. Kvartal 195o! – truleg ugift!?)

 

 

c. Helene Kristine Johansdotter Lunde, f. i Bergen 9.7.1878, d. i Bergen 4.5.1955.  Helene gifte seg i Bergen 22.3.1903 med Johannes Gabrielson Sætre frå Bergen.  Han var f. på Tysnes 23.8.1880, men flytte til Bergen med foreldri sine i 1891 og d. der 7.4.1954.  Johannes Sætre var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Helene budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

d. Petra Marie Johansdotter Lunde, f. i Bergen 19.1.1880, d. i Bergen 5.8.1942.  Petra gifte seg første gongen i Bergen 8.10.1905 med Daniel Nikolai Peterson Sundstrøm, f. i Bergen 14.6.1884.  Han d. i Bergen 16.1.1908, og Petra gifte seg att i Årstad, Bergen 31.7.1915 med Ingvald Johan Monsen, f. i Bergen 12.10.1884.  Han d. i Bergen 16.10.1973.  Ingvald var smed.  Petra budde i Bergen med båe ektemakane sine og fekk i alt fem born, to frå første ekteskapet og tre frå det andre.

e. Jenny Konstanse Johansdotter Lunde, f. i Bergen 19.3.1881, d. i Bergen 26.11.1881.

f. Conrad Joakim Johanson Lunde, f. 19.5.1882, d. i Bergen 1.12.1957.  Conrad Lunde var kusk og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

g. Herman Leonard Johanson Lunde, f. i Bergen 16.10.1884, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1922/før 1925! – n. Bergen 1912 og 1922!)

 

 

     Herman Lunde var køyrekar og lausarbeidar i Bergen, ugift.

h. Olaf Kristoffer Johanson Lunde, f. i Bergen 8.3.1886, d. i Bergen 7.2.1932.  Han gifte seg i Bergen 21.4.1909 med Petra Wilhelma Martinusdotter Dahl.  Ho var f. i Bergen 7.3.1887 og d. i Bergen 15.9.1968.  Olaf Lunde var gullsmedsvein, og han og Petra budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

i. Lyder Olai Johanson Lunde, f. i Bergen 3.6.1888, d. i Bergen 9.9.1956.  Lyder gifte seg i Bergen 14.2.1916 med Kristine Helene Rasmusdotter Knapstad frå Knapstad i Kinn, f. i Kinn 25.6.1884.  Ho d. i Bergen 16.6.1973.  Lyder var vognmann, og han og Kristine budde òg i Bergen, men flytte frå kvarandre tidleg på 1950-talet.  Dei fekk åtte born i lag.

j. Hilma Konstance Johansdotter Lunde, f. i Bergen 26.4.1890, d. i Bergen 29.1.1891.

k. Hilma Andrea Johansdotter Lunde, f. i Bergen 5.1.1892, d. i Bergen 20.1.1983.  Ho gifte seg i Bergen 26.7.1924 med Johannes Andreas Larsson Kjetland frå Kjetland i Masfjorden, f. i Masfjorden 20.10.1901.  Han d. i Bergen 16.7.1982.  Johannes var hamnearbeidar, og han og Hilma budde i Bergen til dei i 1941 kjøpte eit bruk på Tverbjør i Masfjorden og flytte dit som gardbrukarar.  Som pensjonistar flytte dei på ny til Bergen.  Dei fekk tre born i lag.

l. Alvilda Marie Johansdotter Lunde, f. i Bergen 20.11.1893, d. i Bergen 16.12.1981.  Ho gifte seg i Årstad, Bergen 24.7.1915 med Lorentz Mathias Eriksen, f. i Årstad, Bergen 6.10.1888.  Han d. i Bergen 4.4.1950.  Lorentz var gråsteinsmurar, og han og Alvilda budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk visstnok åtte born i lag.

 

 

     ##### (sjekka talet på born?)

 

 

 3. Christopher Knutson, f. 11.5.1853,

Christopher Lund flytte i ung alder til Bergen, men utvandra derifrå til Amerika i 1881.  Han fór direkte til New Orleans, La. der han 27.9.1881 gifte seg med enkja Elizabeth A.

 

 

##### (middle name?)

 

 

kjend som Eliza f. Hughes.  Ho var f. i New Orleans, La. ?.3.1852

 

 

##### (exact date of her birth?)

 

 

.3.1852 og gifte seg første gongen i New Orleans, La. 3.7.1872 med Rochum Crasto, visstnok frå Cecilia, Italia.  Han var f. i Italia kring 1825, men utvandra i ung alder til Amerika

 

 

##### (details on him? – in US sources also called Joachim Crasto! – he supposedly married a 1st time in New Orleans, LA July 3. 1868 to Catherine Kuan – STRANGE!)

 

 

og utdanna seg til lækjar («Medical Doctor»).  Etter å ha gjort teneste som løytnant i borgarkrigen var han personleg lækjar for general og seinare president Ulysses Grant, men busette seg med Eliza i New Orleans, Orleans Parish, La. der Rochum d. 16.7.1875.  Christopher var maskinist og kommunearbeidar («machinist and city laborer»), og han og Elizabeth vart buande i New Orleans, Orleans Parish, La.  Dei vart skilde kring 1808, i 1912 var Christopher ein tur heime på vitjing, men han utvandra att same året til New Orleans, La. 

 

 

##### (he is not found in New Orleans, LA 1910 census or later – what happened to him??)

 

 

Elisabeth Lunde vart derimot buande i New Orleans, La. der ho d. 11.9.1938.  Ho fekk i alt åtte born, tre frå første ekteskapet og fem frå det andre:

a. Amy Helen Crasto, f. i New Orleans, La.

 

 

     ##### (date of her birth? – fall of 1870!)

 

 

     d. i New Orleans, La. 21.3.1921.  Amy gifte seg i New Orleans, La. 5.12.1888 med Alexander Dorey Edgar, f. i St. Louis, Mo.

 

 

     ##### (exact date of his birth? – 1849 or early 1850?)

 

 

     Han d. i New Orleans, La. 4.3.1913.  Alexander Edgar var målarmeistar («painting contractor»), og han og Amy budde i New Orleans, La.  Dei fekk fire born i lag.

b. Joseph Bennett Crasto, f. i New Orleans, La. 10.7.1872, d. i New Orleans, La. 5.1.1944.  Han gifte seg i New Orleans, La. 22.10.1891 med Rose Eulalie Titus, f. i New Orleans, La.

 

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

 

     .11.1875, d. i New Orleans, La. 18.8.1953.  Joseph var glasmeistar («glass contractor»), og han og Rose budde i New Orleans, La.  Dei fekk sju born i lag.

c. Elizabeth

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Crasto, f. i New Orleans, La.

 

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

 

     .8.1874, d. i East Feliciana, La. 5.5.1945.  Ho gifte seg i New Orleans, La. 6.12.1894 med Joseph Henry, kjend som Henry Augustin, f. i New Orleans, La. 10.5.1870.  Han d. i New Orleans, La. 27.2.1933.  Henry Augustin var ogso glasmeistar («glass contractor»), og han og Elizabeth budde i New Orleans, La.  Dei fekk to born i lag.

d. Ella Christine Lund, f. i New Orleans, La. 11.1.1883, d. i New Orleans, La. 8.8.1962.  Ella var bokhaldar («department store bookkeeper») og budde i New Orleans, La., ugift.

e. Effie Lund, tvilling, f. i New Orleans, La. 9.3.1888, d. i New Orleans, La. 24.1.1978.  Effie gifte seg i New Orleans, La. hausten 1935,

 

 

     ##### (exact date of her marriage?)

 

 

     med Ignatius Conniff, kjend som Nay Kernaghan, f. i New Orleans, La. 25.6.1893.  Han d. i New Orleans, La. 13.3.1980.  Effie var kontordame («department store secretary»), medan Nay var avdelingsleiar («department store department leader»).  Dei budde levetidi ut i New Orleans, La., men var barnlause.

f. Nettie Lund, likeins tvilling og f. i New Orleans, La. 9.3.1888, d. i New Orleans, La. 19.10.1972.  Nettie var kontordame («department store secretary») og budde i New Orleans, La., ugift.

g. Eugenie, kjend som Jennie Lund, f. i New Orleans, La. 9.7.1890, d. i South Pasadena, Fla. 3.1.1982.  Jennie gifte seg i New Orleans, La. 3.10.1921 med Charles Preau Knost, f. i Harrison Co., Miss. 7.1.1889.  Han d. i New Orleans, La. 12.11.1973.  Charles var elektroingeniør («electrical engineer»), og han og Jennie budde i New Orleans, La.  Dei fekk ein son i lag.

h. Bessie Ruth Lund, f. i New Orleans, La. 5.10.1893, d. i New Orleans, La. 23.1.1981.  Bessie gifte seg i New Orleans, La. 12.10.1923 med Roger John Mailhes, f. i New Orleans, La. 5.9.1894.  Han d. i New Orleans, La. 11.2.1963.  Roger Mailhes var lækjar («Medical Doctor»), og han og Bessie budde i New Orleans, La.  Dei fekk ei dotter i lag.

 4. Abraham Knutson (1855-1855).

 5. Andrea Knutsdotter, f. 15.11.1856,

Andrea Knutsdotter flytte i ung alder til Sunnfjord, men gifte seg i Bergen 18.4.1886 med enkjemannen Nils Madson frå Bruland i Førde, i Bergen kjend som Nils M. Bruland.  Han var son av gardbrukar Mads Andersson på Bruland og kona Anna Margrethe Jacobsdotter, òg frå Bruland, og f. i Førde 17.7.1846, men flytte til Bergen alt i 1865.  Nils gifte seg første gongen i Bergen 10.11.1872 med Ragnhild Larsdotter frå Støle i Etne.  Ho var dotter av husmann Lars Willumson på Krono under Støle, opphavleg frå Malnes i Skånevik, og andre kona Ragnhild Nilsdotter frå Osvåg og f. i Etne 23.5.1841, men d. i Bergen 11.1.1884.  Nils var opphavleg bakarsvein, men vart sidan kòlarbeidar.  Huslyden budde ulike stader i Bergen der Andrea d. 21.6.1911.  Nils Bruland d. same staden 5.10.1927.  Nils Bruland hadde seks born med første kona si.  Elles fekk Andrea i alt følgjande seks born, tre av dei før ho vart gift:

a. Martinus Johanson Gill, tvilling, son av Andrea og slaktarsvein Johan Madson Giil i Bergen (1861-1883), opphavleg gardbrukarson frå Gil ytre i Hyllestad, var f. i Bergen 30.8.1882, men d. i Bergen 3.9.1882.

b. Petra Johansdotter Gill, likeins tvilling og dotter av Andrea og slaktarsvein Johan Madsen Giil i Bergen (1861-1883), opphavleg gardbrukarson frå Gil ytre i Hyllestad, var òg f. i Bergen 30.8.1882, men d. ogso i Bergen 3.9.1882.

c. Johan Konrad Johanson Gill, son av Andrea og slaktarsvein Johan Madson Giil i Bergen (1861-1883), opphavleg gardbrukarson frå Gil ytre i Hyllestad, var f. i Bergen 20.3.1884, men vart døypt i Hafslo.  Johan utvandra til Amerika i 1905 og var nokre år farmarbeidar nær Silverton, Marion Co., Ore., men kom kring 1912 attende til Bergen og gifte seg der 21.11.1914 med Thea Rebekka Hansdotter Torkildsen, f. i Bergen 30.5.1887.  Johan Gill var lagerarbeidar, medan Thea var butikkdame, og dei vart buande i Bergen levetidi ut.  Johan d. i Bergen 2.7.1950, medan Thea Gill d. same staden 19.4.1969.  Dei fekk tre søner i lag.

d. Julius Ragnvald Nilsson Madsen, f. i Bergen 28.8.1886, utvandra til Amerika i 1905 og fór då som sjømann til ein halvbror i New York City, N.Y.  Men han kom snart heimatt og utvandra på ny i 1908, denne gongen som gasskontrollør til Portland, Ore.  Han gifte seg i St. Joseph, Mich. 29.8.1914 med Laura Marie Knutsdotter Risvold frå Stavanger, i Amerika kjend som Laura Riswold.  Ho var f. i Stavanger 22.12.1888, men utvandra til Amerika kring 1910.  Julius fekk arbeid som gasskontrollør («gas controller»), og han og Laura budde ei tid i Seattle, King Co., Wash., men flytte i 1920-åri attende til Stavanger der Julius livnærte seg som kjøpmann.  Julius d. i Stavanger 15.1.1940, medan Laura Madsen d. same staden 30.11.1971.  Dei fekk tre døtrer i lag.

e. Nelly Alvilde Nilsdotter Madsen, f. i Bergen 15.3.1889, utvandra til Amerika i 1908 og fór då til bror sin i Portland, Ore.  Men hausten 1911 kom ho attende til Bergen, og ho gifte seg på Frøya i Sør-Trøndelag 22.1.1912 med Johan Larsson Nordgaard frå Nordgard på Frøya, f. på Frøya 4.6.1887.  Johan var ei tid handelsreisande, men vart sidan byggjeleiar.  Han og Nelly flytte til Bergen februar 1912 og vart buande der levetidi ut.  Nelly d. i Bergen 9.6.1960, medan Johan Nordgaard d. same staden 24.10.1965.  Dei fekk to born i lag.

f. Johanne Konstanse Nilsdotter Madsen, f. i Bergen 12.12.1891, d. i Bergen 9.5.1966.  Johanne gifte seg i Bergen 2.7.1920 med Lars Odin Møksvold Bergeson Larsen, f. i Bergen 3.7.1901.  Han d. i Bergen 19.5.1979.  Lars var modellsnikkar og dessutan musikar i Harmonien, medan Johanne arbeidde som hushaldar.  Dei budde i Bergen, men vart skilde kring 1940, og Lars gifte seg sidan att.  Han fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet med Johanne, men Johanne hadde òg ei dotter frå før.

 6. Timian Knutson, f. 17.8.1859,

Timian Knudsen (Ødegaard) flytte i 1874 til Bergen og i 1878 vidare til Sverige.  Han budde dels i Göteborg, dels i Danmark og dels i Karlskrona i Sverige der han livnærte seg som korgmakarsvein.  Han flytte hausten 1890 attende til Bergen der han d. ugift 5.1.1891.

 7. Maria Knutsdotter, f. 1.4.1862,

Marie Knudsen Lund flytte i ung alder til Bergen der ho arbeidde som barnejente til ho i 1894 utvandra ugift til Amerika.  Ho fór då til bror sin i New Orleans, La.

 

 

##### (seinare lagnad?)

 

 

 8. Bertha Knutsdotter, f. 26.8.1865,

Bertha Knudsen flytte i 1882 til Bergen der ho 16.4.1888 gifte seg med Søren Gregoriusson frå Lund i Gulen, i Bergen kjend som Søren Lund.  Han var son av husmann Gregorius Jacobson på Neset under Lund, opphavleg frå Storenes, og kona Britha Simonsdotter frå Fonneviki og f. i Gulen 14.9.1863.  Søren livnærte seg som gesell og kontorbod, og han og Bertha vart buande i Bergen der Søren d. 10.8.1895.  Som enkje dreiv Bertha Lund vaske- og strykeforretning (vaskeri).  Ho d. i Bergen 28.8.1963 og hadde då vore enkje i 68 år.  Bertha og Søren fekk tre born i lag:

a. Sofie Bergitte Sørensdotter Lund, f. i Bergen 10.2.1889, d. i Bergen 12.1.1979.  Sofie var butikkdame og sidan kontordame og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

b. Gudrun Constance Sørensdotter Lund, f. i Bergen 26.9.1890, d. i Bergen 8.4.1914.  Gudrun var butikkdame og budde i Bergen, ugift.

c. Olaf Christoffer Sørenson Lund, f. i Bergen 3.12.1893, d. i Bergen 25.9.1894.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i dag gjerne få dela med dykk litt fleire opplysningar som er komne frå Amerika om Dr. Crasto:

 

Military record:

Source Citation for U.S. Civil War Soldiers, 1861-1865
Ancestry RecordCitation DetailsAssociated FactsMedia
U.S. Civil War Soldiers, 1861-1865
View Record
Name    Roch. Crasto
Side    Union
Regiment State/Origin    New York
Regiment    101st Regiment, New York Infantry
Company    F
Rank In    Second Lieutenant
Rank Out    Second Lieutenant
Film Number    M551 roll 30
Other Records    101st Regiment, New York Infantry

 

Dødsattesten til Dr. Crasto fortel oss at han var f. i Milano, var 51 år gamal og døydde av solstikk(!)!

 

To små dødsannonser:

Died – Crasto – Thursday evening at half past eight o’clock, Dr. Rochum Crasto, fifty one years old, a native of Italy. Friends and acquaintances are requested to attend his funeral, which will take place at five o’clock this (Friday) evening, from his late residence on the Metairie ridge, half a mile from the black bridge.
New Orleans Republican -- New Orleans, Louisiana -- July 16, 1875

Last Thursday evening, Dr. Rochum Crasto died. He will be remembered as the Italian who painted the equestrian portrait of General Grant and presented it at the White House. I am told that picture occupies a prominent place in the mansion and was highly gratifying to the President and wife.
The Donaldsonville Chief -- Donaldsonville, Louisiana -- July 24, 1875

 

Men, det er framleis eit stort mysterium kvar Eliza Crasto og dei borni hennar oppheldt seg i FT1880!?

 

Og Christopher Lund og søsteri hans er framleis «borte vekk»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Painting of President Ulysses Grant.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.