Jump to content
Arkivverket

Ole Andersson («Frans-Olen») (1808-1859) - husmann i Fransa-uri under Feigum i Luster - fleire born som berre «forsvinn» - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Ivar Moe er i eit anna tema komen inn på ei grein av denne svært «utfordrande» ætti frå Feigum i Luster, som eg «sleit» mykje med tidleg på 1980-talet, men som eg laut gje meg på den gongen grunna manglande eller utilgjengelege kjelder...  Kanskje der er lettare i dag?

 

Det var eldste sonen Anders Olson, som i 1873 vert referert til Anders Olson Bustein, truleg etter fødestaden til mori Cecilia og bustaden til bestemori Kari Jetmundsdotter under garden Høyeim i Luster, som visstnok døydde der so seint som i 1875.  Han fekk 19.11.1863 ein son Mons med nabojenta Ingeborg  Monsdotter i Luster (1840-1875) og som døydde på sjukehuset i Bergen 24.5.1873.

 

Fire søner i denne huslyden flytte frå Luster, men berre ein har eg finne att i Bergen.  To søstrer flytte òg frå Luster, men berre ei av dei Kirsti har eg finne att i Bergen, men hi søsteri Anna skal òg ha vore gift og busett i Bergern!

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Andersson Feigum, frå Galden under Eide, vart døypt 16.10.1808 og d. som legdelem på Feigum 22.1.1859.  Han gifte seg 24.6.1842 med Cecilia Olsdotter frå Bustein under Høyeim.  Ho vart døypt i Jostedalen 3.11.1816 og d. som legdelem og enkje på Feigum 28.5.1871.  Ole og Cecilia fekk visstnok alt kring 1842 rydda seg ein ny plass ved uri her heilt ytst på Feigum, og etterdi Ole Andersson hadde utnamnet «Frans-Olen», vart plassen kalla Fransauri.  Ole har nok drive eitt eller anna handverk; dei hadde nemleg lite eller inga jord til plassen, men vart likevel buande her levetidi ut.  Då Cecilia var avlidi i 1871, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden.  Ole og Cecilia fekk åtte born i lag:

 1. Kirsti Olsdotter (1837-1837).

 2. Anders Olson, f. 12.5.1839,

Anders Olson reiste i ung alder ut som sjømann

 

##### (nemnd sjømann i 1865 – seinare lagnad? – ikkje nemnd 1886/1894)

 

 3. Ole Olson, d.e., f. 26.5.1842,

Ole Feigum, d.e. flytte i ung alder til Bergen der han var steinarbeidar.  Han budde visstnok på Torvalmendingen i Bergen der han d. 11.10.1883, ugift.

 4. Christen Olson, f. 14.6.1845,

Christen Olson flytte i ung alder til

 

##### (lagnaden hans? – ikkje nemnd 1886/1894)

 

 5. Kirsti Olsdotter, f. 8.10.1847,

Kristine Feigum flytte til Bergen der ho 20.12.1891 gifte seg med Peder Johan Andersen frå Bergen.  Han var son av dagarbeidar Anders Pederson Noreim i Bergen, opphavleg frå Noreim i Etne,

 

##### (sjekka dette opphavet? – vigsli Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001293233

 

og kona Maren Johanne Larsdotter frå Arendal

 

##### (sjekka dette opphavet?)

 

og f. i Bergen 28.7.1850.  Peder Johan Andersen var verkstadarbeidar, og han og Kristine vart buande i Bergen der Peder d. 3.3.1900.  Kristine livnærte seg sidan i mange år som reingjeringsassistent og d. som enkje i Bergen 17.9.1923.  Dei fekk ein son i lag:

a. Sigfred Johan Pederson Andersen, f. i Bergen 19.8.1893, d. i Bergen 29.6.1967.  Han gifte seg i Bergen 2.2.1924 med Sigrid Magnesdotter Monsen, f. i Bergen 22.8.1894.  Ho d. i Bergen 6.12.1984.  Sigfred Andersen var sildefabrikkarbeidar, og han og Sigrid budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ein son i lag.

 6. Anna Olsdotter, f. 8.3.1850,

Anna Feigum flytte òg til Bergen i ung alder

 

##### (levde i 1894 og var då gift – lagnaden hennar? – truleg barnlause, for då det i 1948 vart halde skifte  etter yngste broren Ole d,y,, var ovannemnde Sigfred Andersen einaste kjende erving på mannen si side!)

 

 7. Lars Olson, f. 26.7.1854,

Lars Olson reiste til sjøs kring 1876,

 

##### (skal ha «hoppa av» i Amerika og busett seg i New York City, N.Y. – i 1886 var det ingen som hadde høyrt noko frå han på fleire år – ikkje nemnd 1894)

 

  8. Ole Olson, d.y. (1858-1925), hamna som husmann på Grøneng under Fuhr (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Eg har søkt litt meir etter denne husyden i «primærkjelder», og her fann eg:

 

* Anna Olsdotter Feigum som ugift «kjøkkenpige» i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295017999

 

Men eg har ikkje greidd å finna ho som gift i Bergen og heller ikkje i teljingane frå 1885, 1891 og 1900...

 

Kvar kan ho ha «gøymt» seg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om fleire detaljar om denne utfordrande huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Her fann eg òg konfirmasjonen til Christen Olson Feigum i Luster i 1860:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8402/103

 

Men han er ikkje å sjå nokon stad i FT1865 og seinare...

 

Kvar i all verdi kan han «gøyma» seg?  Er han dregen til sjøs alt før 1865?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar of Frank Marton for nye innlegg om denne huslyden!

 

Når det gjeld Christian Feigum i Blue Earth Co., MN i 1910, so trur eg namnet hans er feilskrive for TEIGUM, då han ved fleire andre høve er nemnd som Christian Teigum.  Eg slit med eit svært treigt internett der eg no er, so eg får ikkje lagt inn ei lenke, men FT1900 oppgjev at Christian Teigum var fødd i Noreg i september 1846, ogso der med utvandringsår 1868.  Kona levde framleis og heitte Indiana!

 

Heimstavnsforhøyret av Lars Olson Feigum har eg ikkje sett før.  Delar av dette er vanskeleg å lesa, men so vidt eg kan sjå, inneheld det ein ganske so detaljert omtale av livslaupet til Lars frå han flytte til Bergen året etter han var konfirmert og fram til han i 1875 vart innlagd på sjukehuset i Bergen.  Han hadde delvis vore sjømann og reist til København, til Sverige og til Stavanger.  Men diverre ser eg ikkje noko om søskeni hans eller huslyden elles bortsett ifrå at han reiste heimatt til Luster i samband med dødsfallet til mori i 1871...

 

Finst det kan henda heimstavnsforhøyr av nokon av dei eldre søskeni?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne utfordrande biografien!

Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» siste året, samstundes som eg har oppdatert det gamle manuskriptet mitt med fleire nye detaljar, mellom anna om dotteri Anna, som visstnok var epileptikar og fekk støtte hjå fattigvesenet i Bergen utan at eg kan finna dødsfallet hennar...

 

Eg har samstundes lagt ut eit eige tema om dei fire sønene som eg trur alle kan ha vore til sjøs og som eg vonar det let seg gjera finna i sjømannslistene frå Bergen: https://forum.arkivverket.no/topic/237421-anders-1839-ole-1842-christen-1845-og-lars-1854-olssøner-feigum-truleg-alle-reiste-som-sjømenn-frå-bergen-finst-dei-i-sjømannslistene-frå-bergen/

 

Her følgjer det oppdaterte manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Andersson Feigum, frå Galden under Eide, vart døypt 16.10.1808 og d. som legdelem på Feigum 22.1.1859.  Han gifte seg 24.6.1842 med Cecilia Olsdotter frå Bustein under Høyeim.  Ho vart døypt i Jostedalen 3.11.1816 og d. som legdelem og enkje på Feigum 28.5.1871.  Ole og Cecilia fekk visstnok alt kring 1842 rydda seg ein ny plass ved uri her heilt ytst på Feigum, og etterdi Ole Andersson hadde utnamnet «Frans-Olen», vart plassen kalla Fransauri.  Ole har nok drive eitt eller anna handverk; dei hadde nemleg lite eller inga jord til plassen, men vart likevel buande her levetidi ut.  Då Cecilia var avlidi i 1871, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden.  Ole og Cecilia fekk åtte born i lag:

 1. Kirsti Olsdotter (1837-1837).

 2. Anders Olson, f. 12.5.1839,

Anders Olson reiste i ung alder ut som sjømann

 

##### (nemnd sjømann i 1865 – seinare lagnad? – ikkje nemnd 1886/1894)

 

 3. Ole Olson, d.e., f. 26.5.1842,

Ole Feigum, d.e. fekk i 1857 flytteattest til Skotland, men kom sidan til Bergen der han var steinarbeidar.  Han budde visstnok på Torvalmendingen i Bergen der han d. 11.10.1883, ugift.

 4. Christen Olson, f. 14.6.1845,

Christen Olson flytte i ung alder til

 

##### (lagnaden hans? – konfirmert i Luster 1860 - ikkje nemnd 1886/1894)

 

 5. Kirsti Olsdotter, f. 8.10.1847,

Kristine Feigum flytte til Bergen der ho 20.12.1891 gifte seg med Peder Johan Andersen frå Bergen.  Han var son av dagarbeidar Anders Pederson Noreim i Bergen, opphavleg frå Noreim i Etne,

 

##### (sjekka dette opphavet? – vigsli Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001293233

 

og kona Maren Johanne Larsdotter frå Arendal

 

##### (sjekka dette opphavet?)

 

og f. i Bergen 28.7.1850.  Peder Johan Andersen var verkstadarbeidar, og han og Kristine vart buande i Bergen der Peder d. 3.3.1900.  Kristine livnærte seg sidan i mange år som reingjeringsassistent og d. som enkje i Bergen 17.9.1923.  Dei fekk ein son i lag:

a. Sigfred Johan Pederson Andersen, f. i Bergen 19.8.1893, d. i Bergen 29.6.1967.  Han gifte seg i Bergen 2.2.1924 med Sigrid Magnesdotter Monsen, f. i Bergen 22.8.1894.  Ho d. i Bergen 6.12.1984.  Sigfred Andersen var sildefabrikkarbeidar, og han og Sigrid budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ein son i lag.

 6. Anna Olsdotter, f. 8.3.1850,

Anna Feigum flytte òg til Bergen i ung alder

 

##### (1875 ugift kløkkenpike i Bergen - levde i 1894 og var då gift – lagnaden hennar? – truleg barnlause, for då det i 1948 vart halde skifte etter yngste broren Ole d,y,, var ovannemnde Sigfred Andersen einaste kjende erving på mannen si side! -

truleg «vår» Anna Feigum fattigunderstøtta i Bergen 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708043522

  

truleg ho som her er nemnd hjå fattigvesenet i Bergen som epilektikar: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000047612

 

 7. Lars Olson, f. 26.7.1854,

Lars Olson flytte i 1870 til Bergen og reiste til sjøs, men var òg ei tid køyredreng i Bergen til han kring 1876 på ny fór til sjøs.

 

##### (skal ha «hoppa av» i Amerika og busett seg i New York City, N.Y. – i 1886 var det ingen som hadde høyrt noko frå han på fleire år – ikkje nemnd 1894 - står det noko i sjømannsrullane?)

 

  8. Ole Olson, d.y. (1858-1925), hamna som husmann på Grøneng under Fuhr (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

På 18.8.2018 den 2.29, Lars E. Øyane skrev:

5. Kirsti Olsdotter, f. 8.10.1847,

 

Kristine Feigum flytte til Bergen der ho 20.12.1891 gifte seg med Peder Johan Andersen frå Bergen.  Han var son av dagarbeidar Anders Pederson Noreim i Bergen, opphavleg frå Noreim i Etne,

 

##### (sjekka dette opphavet? – vigsli Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001293233

 

og kona Maren Johanne Larsdotter frå Arendal

 

##### (sjekka dette opphavet?)

 

og f. i Bergen 28.7.1850. 

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. D 1 (1841-1853), Viede 1845, Side 28
Permanent bilde-ID: kb20070228650458
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070228650458
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228650458.jpg
 

Nr. 30 - Maren Johanne, datter av Lars Mortensen og Inger Marie Fredriksdatter: 

Aust-Agder fylke, Arendal i Arendal, Ministerialbok nr. A 2 (1771-1815), Fødte og døpte 1811, Side 130
Permanent bilde-ID: kb20070329640525
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070329640525
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070329640525.jpg 

 

Foreldrene til Maren Johanne ble gift i 1809:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002569356

 

Brudgommens far het Peder Nilsen. Finner denne dåpen i Etne i 1817 - se nr. 37:

Hordaland fylke, Stødle, Gjerde, Grindheim i Etne, Ministerialbok nr. A 6 (1815-1831), Fødte og døpte 1816-1817, Side 9
Permanent bilde-ID: kb20070503640724
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070503640724
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070503640724.jpg 
 

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om Kirsti Olsdotter Feigum og opphavet til mann hennar.

 

Eg ser at svigerfaren var fødd «uekte», men sidan dette skjedde i Etne, vil eg tru at den gode bygdeboki derifrå kanskje kan gje oss eit svar på kvar denne svigerfaren voks opp?

 

Elles er det òg ei utfordring kvar det vart av Anna Olsdotter Feigum med «nedfallssjuke».  Kan ho ha hamna på ein eller annan heim utanfor Bergen og soleis ikkje medteki i dødsregisteri i Bergen?  Kanskje arkivet til fattigvesenet har svar på dette?

 

Elles vonar eg sjølvsagt at fleire detaljar vil dukka opp om brørne Anders, Christen og Lars, jmf. òg det nye emnet...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.