Gå til innhold
Arkivverket

Lars (1860) og Johannes (1863) Thoressøner - utvandra frå Leirmo i Luster til Amerika i 1880-åri og forsvinn - minst ein av dei skal ha vore matros på ei skute på Lake Superior - er det mogeleg å finna dei att?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Fire brør frå husmannsplassen Torehaugen under Leirmo i Luster utvandra til Amerika:

 

* Thore Thoreson (1850-1903) - i Amerika dels kjend som Thore Leirmo og dels som Thore Thoreson, var gift og utvandra i 1880.  Dei vart farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI

 

* Ole Thoreson (1852-1903) - i Amerika dels kjend som Ole Leirmo og dels som Ole Thompson, var gift og utvandra likeins i 1880.  Dei vart òg farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI.

 

* Lars Thoreson, fødd i Luster 21.6.1860, utvandra med dei to brørne sine i 1880 - lagnad ukjend...!?

 

* Johannes Thoreson, fødd i Luster 12.1.1863, utvandra til Amerika i 1887 - lagnad ukjend...!?

 

Dei hadde to søstrer som var att i Noreg, og eit barn eller barnebarn av ei av dei var det som for over 40 år sidan fortalte meg at ein av dei to yngste brørne, Lars eller Johannes, skal ha vore matros på ei skute som siglde på Lake Superior!  Meir veit me diverre ikkje, men no vonar eg sjølvsagt at noion i Brukarforum kan hjelpa meg finna lagnadane til desse sakna brørne?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne fikk meg til å tenke på boken "Norwegian Sailors on the Great Lakes" (Knut Gjerset) som jeg fikk hjelp av en hyggelig ansatt i Jim Dan Hill Library, WI, til å gjøre et oppslag i. Jeg ser boken finnes på www.nb.no, men er kun tilgjengelig hos Nasjonalbiblioteket. Jeg er imidlertid usikker på hvor mange enkeltpersoner som er omtalt her. Men dersom en av brødrene kun var "innom" Lake Superior er det heller tvilsomt at han er navngitt. Spørs også om matroser ble særlig omtalt

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 21.8.2018 den 19.16, Frank Marton Pedersen skrev:

Denne fikk meg til å tenke på boken "Norwegian Sailors on the Great Lakes" (Knut Gjerset) som jeg fikk hjelp av en hyggelig ansatt i Jim Dan Hill Library, WI, til å gjøre et oppslag i. Jeg ser boken finnes på www.nb.no, men er kun tilgjengelig hos Nasjonalbiblioteket. Jeg er imidlertid usikker på hvor mange enkeltpersoner som er omtalt her. Men dersom en av brødrene kun var "innom" Lake Superior er det heller tvilsomt at han er navngitt. Spørs også om matroser ble særlig omtalt

 

No har eg fått sett i denne boka. Mange får omtale, men det er helst kapteinar og skipsbyggarar, og eg finn ingen i registeret som liknar i namn på den eine eller den andre av dei to brørne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton og Richard for nye innlegg om denne kjempeutfordringi!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna att desse brørne i Amerika.

 

Eg ser at eg i farten har gløymt å leggja inn namni på foreldri til desse brørne.  Dei kunne jo teoretisk dukka opp som foreldre i vigselsregistre eller dødsregistre...

 

Foreldri var Thore Thoreson Leirmo (1820-1897) og Maria Olsdotter Leirdal (1826-1884)...

 

Kanskje nokon ser ei òpning for å finna att desse brørne med hjelp av desse opplysningane?

 

Ein ny kjemoetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Lars !

 

Mogelig litt ljos i tunnelen ?

På s 79 i «The Ulvestad Family» by Barbara Barsness Swedenburg er Ole f 11.1.1880 i Naples, gift m/ Anna O. Thompson 16.3.1904 i Norden Church. Anna er f 16.3.1879 i Luster av Ole Thoreson Leirmo (Thompson) og Gjertrud Christensdtr Feigum.

 

Hennar fam emigrert til Trempeleau, Co, Wis i 1880 og til Naples twp, Wis i 1882.

 

Ole og Anna fekk 8 ongar. Ole døydde i Naples 8 nov 1946. Anna d 8 sept 1957 i Eau Claire. «Funeral service» kva no det er: 11 sept 1957 i Norden Church.

3 år før (1954) hadde Anna reist frå farmen for å bu hos bror sin: Oliver Thompson.

 

Jon S.

Innesperra i Norges nest største by !!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjerteleg takk til Jon for siste innlegget frå «Den innesperra byen på Vestlandet»!

 

Eg drøfta denne huslyden med Barbara Swedenburg for mange år attende og har diverre måtta slå fast at etterslekti til Ole ikkje kan hjelpa noko meir enn det dei har frå før...

 

So me står framleis på LUDO-brettets startfelt...

 

Men eg lever framleis i voni om at dei to brørne kan dukka opp einkvan stad og takkar på ny for alle gode tips!

 

Helsing frå eit snøfritt Ober-Bayern med knallblå himmel og fem gradar pluss, so lenge det varar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg # 7:

 

Lars !

 

Og då du "drøfta" m/ Barbara, så fekk du eit inntrykk at ho var sannferdig ? 

 

Det EINASTE som manglar er kven Ole Thoresen (1852-1903) i innlegg nr 7, var gift med.

På s 79 i Ulvestad-bokji, som kom ut i 1986, står det at Anna sine foreldre døydde i 1904, så Ole og Anna tok over 80 acre Leirmo farm i Section 23, Naples.

 

Utv i 1880 er omtala som nr 11:

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115350443

eller:  

______________https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115350443.jpg___________

Det er DU, Lars, som skriv Bygdabokji, så det er du som avgjer kva som skjer !   Ikkje meg !

 

--------------------

På s 93 i Ulvestadbokji vart ei syster av Ole: Julia Bertine f 29.4.1892 og gift 1.1.1910 m/ Peder Andreassen Vollaker (Peder Walker) f 19.8.1886.

Far: Andrus Vollaaker og Mor: Kjiotine Fossen. 

Peder emigret 21.3.1906 m/ Allan Line til Brookings, S-Dakota. 

Peder og Julia hadde 6 ongar. Julia d 3.12.1958. Peder d 1.2.1968

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Eg er ikkje heilt sikker på om eg følgjer det, men blandar du kanskje dei to Ola'ene, Ole Thoreson Leirmo («Ole Thompson») og svigersonen Ole S. Olson?

 

For ordens skyld, her er manuskriptet mitt for huslyden til Ole og Gjertrud, som båe døydde før 1904:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 3. Ole Thoreson, f. 3.3.1852, gifte seg 25.10.1878 med Gjertrud Christensdotter frå Sagaviki under Feigum, f. 15.2.1852.

Ole og Gertrude Leirmo utvandra til Amerika i 1880, og etter eit kort opphald i Trempealeau Co., Wis. slo dei seg i 1882 ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., Wis. der Gertrude d. 26.2.1896.  Ole Leirmo d. same staden 29.5.1903.  Dei fekk åtte born som dels nytta ættenamnet Thompson:

a. Anna O. Leirmo, f. i Luster 16.3.1879, utvandra til Amerika med foreldri i 1880 og d. i Eau Claire, Wis. 8.9.1957.  Ho gifte seg i Buffalo Co., Wis. 16.3.1904 med Ole S. Olson som var f. i Buffalo Co., Wis. 11.1.1880.  Han d. i Buffalo Co., Wis. 8.11.1946.  Ole og Anna tok over heimefarmen hennar i Naples township, Buffalo Co., Wis. og fekk åtte born.

b. Thore, kjend som Thomas O. Leirmo, f. i Trempealeau Co., Wis. ?.1.1881, d. i Trempealeau Co., Wis. 27.8.1881.

c. Mary O. Leirmo, f. i Buffalo Co., Wis. 8.7.1882, d. i Mondovi, Wis. 22.3.1974.  Ho gifte seg i Buffalo Co., Wis. 29.3.1915 med Michael Bjorgos som var f. i Buffalo Co., Wis. 16.2.1888.  Han d. i Mondovi, Wis. 16.3.1968.  Mary og Michael farma i Naples township, Buffalo Co., Wis. og fekk fem born.

d. Thore, kjend som Thomas O. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 28.5.1884, d. i Goodhue Co., Minn. 3.3.1948.  Thomas var farmarbeidar («farm laborer») og budde for det meste i Warsaw township, Goodhhue Co., Minn., ugift.

e. Christian O. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 5.6.1886, d. i Minneapolis, Minn. 20.9.1962.  Christian gifte seg kring 1925 (dato og stad ukjende) med Borghild Esther Paulson.   Ho var f. i eller nær Christiania (Oslo) 16.8.1899, men utvandra i ung alder til Amerika.  Ho d. i Minneapolis, Minn. 19.1.1960.  Christian Thompson var arbeidar («laborer»), og han og Borghild budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk tre døtrer.

f. Oliver O. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 24.1.1889, d. i Eau Claire, Wis. 12.9.1966.  Oliver var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Naples township, Buffalo Co., Wis., ugift.

g. Johannes, kjend som John O. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 29.6.1890, d. i Watertown, S.D. 10.5.1973.  John var farmarbeidar («farm laborer») og budde for det meste i Watertown, Codington Co., S.D.  Også han var ugift.

h. Gertrude Randina Leirmo, f. i Buffalo Co., Wis. 17.1.1893, d. i Buffalo Co., Wis. 23.11.1909.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Peder Andreasson Walaker, so har eg «kontroll» på huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Peder Andreas Andreasson Walaker, f. 19.8.1885,

Peder Walker utvandra til Amerika i 1906 og fór då til Brookings, Brookings Co., S.D., men året etter var han komen til Minneapolis, Minn. der han 1.1.1910 gifte seg med Julia Berthine Olson, f. i Buffalo Co., Wis. 29.4.1882.  Peder var først skomakar («shoemaker»), men han og Julia busette seg i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der Peder var snikkar og byggmeister («carpenter and building contractor»).  Peder var ein tur heime på vitjing i 1921, men for attende same året.  Julia d. i Eau Claire, Wis. 3.12.1958, medan Peder Walker d. same staden 1.2.1968.  Dei fekk fem born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Med omsyn til Barbara Swedenburg har eg inntrykk av at ho har gjort godt forskingsarbeid.  Eg har i alle fall aldri hatt noko å klaga på...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
På 8.2.2021 den 16.39, Lars E. Øyane skrev:

Eg drøfta denne huslyden med Barbara Swedenburg for mange år attende og har diverre måtta slå fast at etterslekti til Ole ikkje kan hjelpa noko meir enn det dei har frå før...

 

Innlegg # 9:

 

Lars !

 

Slik eg tolkar bokji som Barbara har skreve i 1986 om Ulvestadslekta, så er svigersonen Ole S. Olsen f 11.1.1880 og d 8.11.1946 syskjenbadnet til

Mormor til Barbara:   Jusie (m/ døypenavnet Oline) 1881-1978.

 

Utifrå dette var det at eg spurde om ho var sannferdig. Eit ord eg MOGELIG ikkje ha brukt då "kreti og pleti" har så lett for å bli krenkte no i desse i Korona-tider?!?

 

I # 7 spyr eg kven som var gift m/ Ole Thoresen (1852-1903) var gift med.  I fyrste innlegg stod det han var gift, ikkje m/ kven.  

I # 8, kjem det fram at det var Gjertrud.  Noko eg har i # 5 (eller det som skulle væra nr 5).

 

Men det er du, Lars, som skriv Bygdebokji, og vil du absolutt attende på startfeltet i LUDO, så kvifor ikkje ....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #10:

 

Hjerteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Eg har ikkje sett boki om Ulvestad-ætti, og har heller ingi tilknytting til den ætti, so dersom Barbara Swedenburg skriv at mormori hennar var søskenbarn til Ole S. Olson, kan eg ikkje seia noko meir om det.  Eller oppgjev Barbara ei kopling mellom mormori si og utvandrarar frå Luster?

 

Eg ser elles ikkje nokon grunn til å gå attende til startfeltet i LUDO når det gjeld denne huslyden...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
På 14.3.2021 den 0.33, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #10:

 

Hjerteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Eg har ikkje sett boki om Ulvestad-ætti, og har heller ingi tilknytting til den ætti, so dersom Barbara Swedenburg skriv at mormori hennar var søskenbarn til Ole S. Olson, kan eg ikkje seia noko meir om det.  Eller oppgjev Barbara ei kopling mellom mormori si og utvandrarar frå Luster?

 

Eg ser elles ikkje nokon grunn til å gå attende til startfeltet i LUDO når det gjeld denne huslyden...

Innlegg # 13:

 

Barbara skriv ikkje at hennar mor-mor er slekt i vedkommande. Det er noko som EG har rekna ut.

Så difor ikkje noko kopling til Luster, bortsett frå det som står på s 79, Lars.  Sjå # 5.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.