Jump to content
Nasjonalarkivet

Begravelse frå hotell i 1910 - var dette vanleg?


Recommended Posts

29. desember 1910 vart to personar gravlagde på Voss. Marta B. Afdal frå Gjøsteins hotell kl 1 (13) og Jon/John Flætre frå Voss kyrkje kl 1 1/2 (13.30).
Kva kan vera grunnen til at Marta sin begravelse skjedde frå eit hotell?
Kan det vera så "enkelt" som at det vart kollisjon/dobbelbooking?
Ein annan ting er at det i både ministerialboka og klokkarboka står oppført dødsdato 21. desember på Jon/Johan, men i dødsanonnsa står det 23. desember.
Også på Marta er det avvik. Død 22. desember, men i dødsanonnsa står det 23. desember.
Lenke frå klokkarboka. John er nr 45 og Marta nr 52.
URN:NBN:no-a1450-kb20060810020088.jpg

13 minutter siden, Marianne Bakketun skrev:

Har fått tips om at dette med begravelse frå hotell eller andre "ukyrkjelege" stader kan ha noko med religion/tru/sekt å gjera.
Kva trur de som har greie på dette?

Marianne

 

Vil jo tro at Marta sto i statskirken siden siden dødsfallet ikke står ført under dissentere.

Edited by Ann-Mary Engum

Valdres gravferdsbyrå har nokre interessante artiklar om lokale gravferdsskikkar i Valdres, skikkane har truleg vore mykje like  på bygdene på Vestlandet.

http://www.valdresgravferd.no/gravferdsskikkar-i-valdres/

http://www.hedalen.no/OPPSLAG/2013/november/18/index.htm

 

I Sogn var det i alle høve slik at gravferdsfylgjet møttest i heimen til den døde. Der var det  eit minnesamvær før gravfylgjet køyrde til kyrkja. Når det står at gravferda skjedda frå Gjøsteins hotell på Voss treng det ikkje bety anna enn at gravfylgjet møttest der for å syngja ut liket.

 

Med vennleg helsing

Eli Randmo

  • Like 1

Lenkjer til klokkarboka, Marta si side :   https://www.digitalarkivet.no/kb20060810020089

 

Men det står vel ikkje i nokon av desse bøkene at nokon av dei vart gravlagde frå hotellet?

Det utelukkar naturlegvis ikkje at det skjedde, men du må ha opplysningane frå andre kjelder.

 

Eli er inne på noko.

Gravferd frå kyrkja vart ikkje vanleg før noko seinare (varierer nok over landet). Gravferda skjedde vanlegvis frå heimen.

Dvs. at hotellet ikkje var i staden for kyrkja, men i staden for heimen.

 

Dødsdatoen....

- klokkarboka er avskrift av presteboka.

- presten fekk vite dødsdatoen frå dei pårørande; kanskje gjennom klokkaren eller medhjelparen.

- lokalavisa fekk vite dødsdatoen frå dei pårørande.

- presten eller redaktøren kan ha oppfatta feil; setjaren i avisa kan ha oppfatta feil (eller teke feil tal under setjinga).

- dei pårørande visste rimelegvis rett dato - men kanskje det ikkje var dei aller næraste som informerte prest og /eller redaktør

Avvik kan ha mange grunnar; men det er kanskje litt fleire mogelege feilkjelder fram til den trykte dødsannonsen.

Det finst nok ein dødsfallprotokoll i lensmanns- eller sorenskrivar-arkivet også (men kanskje ikkje skanna og lagt ut på nettet).

 

Edited by Ivar S. Ertesvåg

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.