Gå til innhold
Arkivverket

Skifteregister for indre Sogn - årstal manglar


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

For ein del skifte står det ikkje noko årstal, men derimot eit merkeleg protokollnummer. For eksempel skal følgjande skifte vere å finne i protokoll nummer 170:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=skisogn&gardpostnr=719&merk=719#ovre

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000126496

 

Det er her antagelegvis snakk om protokoll nr. A 3 (1708-1722):

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 3 (1708-1722), Skifteprotokollside, Side 124b-125a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081120690324
 

Tilsvarande problem har ein når ein leitar etter skifte frå rundt 1800.

 

Kva er årsaka til at det er blitt slik, og har protokollen nokon gong hatt dette nummeret? Finst det ein tabell/oversikt der ein kan finne dei verkelege protokollnummera med utgangspunkt i nummeret i databasen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 minutter siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Kva er årsaka til at det er blitt slik, og har protokollen nokon gong hatt dette nummeret? Finst det ein tabell/oversikt der ein kan finne dei verkelege protokollnummera med utgangspunkt i nummeret i databasen?

 

Dette er ikke mitt arbeidsfelt, men jeg gjetter på at årstallsintervallet 1708-1722 ved en feiltakelse har havnet i protokollnummerfeltet, hvor det har blitt trunkert til tre tegn. På samme måte ser det ut til at skifter mellom 1794 og 1805 har fått protokollnummer 179 og 180.

 

Se https://media.digitalarkivet.no/sk/browse?archives[]=no-a1450-07000000000542

 

Antar at A 3, 1708-1722, har blitt "170", at A 11a, 1795-1800, har blitt "179", og at A 11b, 1800-1805, har blitt "180".

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar. Dette er heilt sikkert rett, og er vel eigentleg også noko som eg burde ha lagt merke til før eg posta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utrolig bra at slike feil blir oppdaget!

 

Jeg vil tro Kristian har rett ja at det har skjedd en forkorting av verdiene. Jeg vil også tro dette har skjedd før vi mottok dataene for eneste begrensingen vi hadde på dataene i begynnelsen var 255 tegn. Jeg er derfor ikke optimist mtp å få dette fikset på en kjapp og grei måte, men vi skal ihvertfall undersøke om det fins en versjon av filen som ikke er avkortet og om ikke det fins, vil jeg tro det beste er å fjerne denne opplysningen som bare skaper forvirring.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Anette S. Clausen skrev:

og om ikke det fins, vil jeg tro det beste er å fjerne denne opplysningen som bare skaper forvirring.

 

Der er eg ueinig. Om ikkje det er mogeleg å fikse dette bør ein la databasen vere som den er. Det forkorta årstalet (når ein veit om det) er det einaste som seier kva protokoll ein skal slå opp i, og utan dette må ein opne opp til ørten ulike protokollar for å finne fram til kvart enkelt skifte.

 

6 timer siden, Anette S. Clausen skrev:

Jeg vil også tro dette har skjedd før vi mottok dataene

 

I dokumentasjonen står følgjande:

Skrivearbeidet er gjort av Inger Berit Einarsen for midlar frå Landslaget for lokalhistorie. Korrekturen er gjort av Yngve Nedrebø, Statsarkivet i Bergen.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Heisan, eg har ikkje sett dette emnet før no!

 

For det første er eg svært forundra over denne opplysningi som Torbjørn kjem med om at : «Skrivearbeidet er gjort av Inger Berit Einarsen for midlar frå Landslaget for lokalhistorie. Korrekturen er gjort av Yngve Nedrebø, Statsarkivet i Bergen.».

 

Kan henda var det Inger Berit Einarsen som opphavleg transkriberte registeret ovefr skiftene frå indre Sogn; det veit eg ikkje, men det var i alle fall seinare avlidne Jørgen Hauge i Luster som med hjelp av kommunale sysselsetjingmidlar tidleg på 1990-talet supplerte alle namni på ervingane basert på den opprinnelege databasen frå Statsarkivet i Bergen.  Denne basen har eg i excel-format med korrekte protokollnummer og sidetal, sjølv om basen òg inneheld noko «rusk» som bør reinskast opp i (gjeld dei første om lag 500 postane av i alt over 90000 postar).  Eg meiner å hugsa det var Yngve Nedrebø som i si tid la denne basen til rette for effektiv bruk i samband med bygdebokarbeidet i Luster.

 

Har ikkje Digitalarkivet ein kopi av denne basen?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.