Jump to content
Arkivverket

LØYST: Frå Hafslo via Høyanger til New Zealand - ein «kryptisk» huslyd - kan dei identifiserast?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har motteke ei heller «kryptisk» melding frå New Zealand om denne huslyden som skal ha opphav i Hafslo i Sogn, men som eg har vanskar med å identifisera.  Kanskje nokon kan hjelpa meg på veg?

 

Malvin, òg kjend som Malle Thorsen, fødd kring 1900, skal vera avliden kring 1956, truleg i Høyanger.  Han var gift to gongar, og frå første ekteskapet hadde han ein son:

 

Gunnar Thorsen, fødd (i Høyanger?) kring 1935, reiste til sjøs som elektrikar og hamna kring 1966 på New Zealand der han døydde kring 1988.  Han var gift med Margaret og fekk to søner, som no søker etter slekt i Hafslo!

 

Det vert fortalt at Malvin skal ha vore drosjeeigar i Høyanger, men at bilen (bilane?) hans vart konfiskerte av tyskarane i 1940!  Sidan jobba han som sjåfør ved Firda Billag!

 

Eg har freista ulike søk i Digitalarkivet, mellom anna FT1910, men so langt utan resultat...  Eg finn ingen med namnet Malvin eller Malle Thorsen...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Skal tru om dette er rett mann?

MAGNUS Thorsen, drosjebiltrafikk

Adressebok frå 1942, Høyanger i Kyrkjebø

 

image.thumb.png.957aaeafbba2d49749b6b92ee706c4c1.png

Edited by Torodd Kinn
Link to post
Share on other sites

Treff med søk på nb.no, kan berre opnast på Nasjonalbiblioteket.

Dette ser ut som lister over ekteskap eller trulovingar. 

Til venstre: Magnus Thorsen, Høyanger, og Gjertrud Aase, Vik. Avisa er frå 16. oktober 1936.

Til høgre: Chauffør Magnus Thorsen og Petrine (?) G. Nes, begge Høyanger. Avisa er frå 20. oktober 1939.

 

Dersom dette er rette folka, er vel Gunnar son av Magnus med Gjertrud.

 

image.thumb.png.3d7f7d8207f1d38ca0eca2ecb3cdbfdb.png

Edited by Torodd Kinn
Link to post
Share on other sites

Magnus Thorsen Huseklep konfirmert i Guddal 1919; det står vel å merke ingenting om Hafslo.

 

SAB, Fjaler Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. D 2, 1892-1921
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050818020348
 

Same Magnus på Huseklepp i 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036728004168

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Nummer 1

 

Sogn og Fjordane fylke, Guddal i Fjaler (Ytre Holmedal), Klokkerbok nr. D 2 (1892-1921), Fødte og døpte 1904-1905
Permanent bilde-ID: kb20050818020315
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050818020315
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818020315.jpg
 

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Han het fortsatt Magnus Eliasen da han ble konfirmert 

 

Sogn og Fjordane fylke, Joranger i Hafslo, Klokkerbok nr. D 2 (1910-1941), Konfirmerte 1919-1920, Side 69
Permanent bilde-ID: kb20050810030881
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810030881
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810030881.jpg
 

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites

Marte konfirmert 1875

SAB, Fjaler Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. D 1, 1854-1891, s. 147
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507650509
 

Og døypt 1859

SAB, Fjaler Sokneprestembete, H/Hab: Klokkerbok nr. D 1, 1854-1891, s. 10
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070507650438
 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torodd og Sven for ein kjempeinnsats for å kartleggja denne huslyden!  Eg er mektig imponert over kva de finn!

 

Og med dei opplysningane som no ligg på bordet, finn eg dei òg att i Gards- og Ættesoga for Luster, band VI på plassen Stampen under gnr. 100 Kjørlog (utan ein einaste dato greidde eg i utgongspunktet ikkje å gjennomføra eit konstruktivt søk i manuskripti mine!):

 

~~~~~~~~~~~~

 

Elias Thorson Kjørlaug, frå Hovlandsdal i Fjaler, var son av Thor Iverson på Hovlandsdal, opphavleg frå Boge, og kona Olina Johannesdotter frå Bjordal og f. i Fjaler 12.7.1861.  Han d. som smed i Marifjøra 3.3.1928.  Elias gifte seg i Fjaler 19.1.1887 med Martha Johannesdotter, òg frå Fjaler.  Ho var dotter av ugifte foreldre Johannes Markvardson og Gjertrud Hermundsdotter og f. i Fjaler 5.8.1859.  Ho d. som husmannskone på Kjørlog 30.7.1912.  Elias var smed og flytte med huslyden sin til Marifjøra i 1888.  Dei sette seg opp eit stovehus på Stampen under Kjørlog som i 1928, etter at Elias var avliden, vart flytt og oppattsett some stovehus på Smestad, Marifjøra Sagvelte (bnr. 4).  Elias og Martha fekk ti born i lag:

 1. Thor Johannes Eliasson, f. i Lavik 3.3.1887,

Thor Thorson utvandra til Amerika i 1912 og fór då til kjende i New Rockford, Eddy Co., N.D., men vart sidan farmar nær Harlowton, Wheatland Co., Mont.  Han budde òg nokre år i Helena, Lewis and Clark Co., Mont., men var jarnbanearbeidar (”railroad worker”) i Havre, Hill Co., Mont. då han 20.11.1954 miste livet i ei bilulukke nær Havre, Mont.  Han var ugift.

 2. Gjertrud Oline Eliasdotter Kjørlaug (1889-1962), vart gift med fabrikkarbeidar Sakarias Pederson Marheim i Høyanger (1895-1970), opphavleg frå Marifjøra under Marheim (s.d.).

 3. Olina Eliasdotter Kjørlaug (1891-1891).

 4. Johannes Eliasson Kjørlaug (1891-1891).

 5. Johannes Eliasson Kjørlaug, f. 17.8.1892,

John E. Thorson utvandra til Amerika i 1914 og fór då til kjende i Cathay, Wells Co., N.D., men slo seg i 1915 ned som farmar i Whitewater, Phillips Co., Mont. der han budde levetidi ut.  Han d. i Phillips Co., Mont. 12.9.1956, ugift.

 6. Ole Eliasson Kjørlaug, f. 27.8.1894,

Ole E. Thorson utvandra til Amerika i 1912 og fór då til kjende i Stoughton, Dane Co., Wis.  Han gifte seg i Rockford, Ill. 9.5.1925 med Mabel Natilda Leslie, f. i Dane Co., Wis. 2.10.1893.  Ole og Mabel Thorson farma frå 1930 i Dunkirk township, Dane Co., Wis. der Ole d. 19.3.1954.  Mabel Thorson d. i Edgerton, Wis. 7.4.1988.  Dei fekk to søner i lag:

a. Donald Leslie Thorson, f. i Dane Co., Wis. 24.5.1926, d. i Stoughton, Wis. 28.4.1934.

b. Edgar Thomas Thorson, f. i Dane Co., Wis. 27.10.1936, d. i Stoughton, Wis. 27.10.1936.

 7. Elen Maria Eliasdotter Kjørlaug, f. 20.1.1896,

Ellen Thorson utvandra til Amerika i lag med broren Thor i 1912 og fór med han til New Rockford, Eddy Co. N.D.  Ho gifte seg i Cathay, N.D. 11.10.1916 med Ingebrigt Olson Aune frå Aune i Støren, i Amerika kjend som Edward Aune.  Han var son av husmann Ole Olson på Aunemoen under Aune og kona Kirsti Ingebrigtsdotter frå Almlia under Røsbjørgen og f. i Støren 6.10.1882, men utvandra til Amerika i 1902.  Edward var ei tid farmarbeidar (“farm laborer”) i Whitewater, Phillips Co., Mont., men han og Ellen slo seg kring 1920 ned som farmarar i Forks nær Saco, Phillips Co., Mont.  I 1946 tok dei pensjon og busette seg i Malta, Phillips Co., Mont. der Edward d. 3.6.1971.  Ellen Aune d. same staden 3.1.1975.  Dei fekk to born:

a. Carl Edward Aune, f. i Phillips Co., Mont. 31.8.1917, d. i Mesa, Az. 5.12.1988.  Han gifte seg i Great Falls, Mont. 10.8.1946 med Rosie Catheryn Brown, f. i Phillips Co., Mont. 9.9.1920.  Ho d. i Deer Lodge, Mont. 12.3.1974.  Carl var bygningsarbeidar (”construction worker”), og han og Rosie budde for det meste i Malta, Phillips Co., Mont., men Carl flytte som enkjemann til Great Falls, Cascade Co., Mont.  Dei var barnlause.

b. Margaret Edna Aune, f. i Phillips Co., Mont. 25.10.1920, d. i Havre, Mont. 12.9.1971.  Margaret gifte seg i Chinook, Mont. 29.7.1939 med Alan Arthur Sawyer, f. i Rusk Co., Wis. 25.2.1911.  Han d. i Sidney, Mont. 1.6.1959.  Alan var bygningsarbeidar (”construction worker”), og han og Margaret budde i Malta, Phillips Co., Mont.  Dei fekk sju born i lag.

 8. Jens Eliasson Kjørlaug (1897-1959), var smed og busette seg på Smestad, Marifjøra Sagvelte (bnr. 4).

 9. Kristoffer Theodor Eliasson Kjørlaug, f. 23.1.1900,

Christ Thorson utvandra til Amerika i 1924 og fór då til Stoughton, Dane Co., Wis., men flytte snart vidare til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Han gifte seg første gongen med ei ”Miss” Madson, men ho d. etter eit kortvarig ekteskap utan at me veit noko meir om ho.  Christ gifte seg att i Minneapolis, Minn. 6.6.1947 med Magdaline Solvine, kjend som Madeline S. Lee.  Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 20.7.1908 og hadde før vore gift med Harry T. Rinde.  Han var f. i Goodhue Co., Minn. 25.1.1890 og d. i Faribault, Minn. 25.2.1976.  Harry var farmarbeidar (”farm laborer”), og han og Madeline budde i Dennison, Goodhue Co., Minn., men vart skilde.  Christ livnærte seg som heismontør (“elevator installer”) og budde levetidi ut i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Madeline d. i Minneapolis, Minn. 23.3.1985, medan Christ Thorson d. same staden 26.5.1987.  Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Nadeline hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt.

10. Magnus Eliasson Kjørlaug, f. 30.6.1905,

Magnus Thorsen flytte kring 1933 til Høyanger, men gifte seg visstnok første gongen i Vik kring 1934, dato ukjend, med Gjertrud Johnsdotter Aase frå Åse i Vik.  Ho var f. i Vik 31.3.1896, men d. i Høyanger alt 30.5.1938.  Magnus gifte seg so 15.11.1939 att i Viksdalen, Gaular med Petrine Gustine Mosesdotter Nes, f. i Gaular 17.9.1900.  Magnus var ei tid drosjesjåfør, men livnærte seg sidan som rutebilførar.  Han vart buande levetidi ut i Høyanger der han d. 19.11.1958.  Petrine Thorsen d. same staden 25.4.1985.  Magnus Thorsen fekk i alt tre born, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre:

a. Gunnar Magnusson Thorsen, f. i Høyanger 20.10.1935, var elektromontør i Årdal til han våren 1969 utvandra til New Zealand.  Han gifte seg i Wellington, New Zealand 6.8.1969 med Margaret Elizabeth Noedl.  Margaret er frå New Zealand, men dato og stad for fødsli hennar manglar.  Gunnar fekk arbeid som teknisk medisinsk kontrollør (“technical medical supervisor”), og han og Margaret busette seg i Lower Hutt, New Zealand der Gunnar d. 30.9.1994.  Dei fekk to søner i lag.

b. Einar Magnus Magnusson Thorsen, f. i Høyanger 31.12.1939, gifte seg i Bergen 6.5.1977 med Christina Janice Leifsdotter Furre, f. i Bergen 13.2.1946.  Einar var ei tid radiooffiser, men har sidan 1972 vore maskiningeniør.  Han og Christina bur på Alver i Alversund og har to born.

c. Martha Oline Magnusdotter Thorsen, f. i Høyanger 8.3.1942, er sjukepleiar og bur i Høyanger, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Soleis er problemet løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.