Jump to content
Arkivverket

LØYST: Malena Olsdotter Lie - kone som forsvann i Hafslo 1802? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgongspunkt i eit innlegg som Ivar Moe skreiv i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=8

 

image.png.f0cbb3e7d65c28cbff7ecb353bc728f0.png

Liker
  •  

Her er svaret som eg la inn i nemnde tema for to veker sidan:

 

«Men den store utfordringi er gardkona Malena Olsdotter på Li i Hafslo.  Det finst nemlig ikkje nokon slik person i Hafslo etter det eg kan sjå!  So anten må namnet vera feilskrive, eller bustaden hennar er feil!?  Eg lyt spekulera vidare på, kven ho kan ha vore...  Eller kanskje nokon har forslag å komma med?»

 

Eg har halde fram med leitingi etter Malena «høgt og lågt», men eg står heilt «bom fast»!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Langskudd

 

Denne Malene Olsd. Hestethun som gifter seg i 1778 med  Jørgen Arnfinnson f. 1747 - Vetti, finnes det noen eksakt dødsår på henne ? Nå er nok disse bosatt på helt feil plass vil jeg tro, men gårdsnavn kan være feil i artikkelen..

Edited by Ivar Moe
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for langskôt!

 

Men denne Malena er diverre ikkje ho me leiter etter.  Svigermori var frå Urnes i Hafslo, og her er avsnittet som eg har skrive om dette parfolket:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

b. Jørgen Anfindson, f. i Årdal hausten 1747, miste livet ved drukning i elvi 7.12.1808.  Han gifte seg første gongen i Årdal 14.6.1778 med Malena Olsdotter frå Hestetun, f. i Aspeviki i Lærdal 29.11.1755.  Ho d. i Årdal 2.2.1798, og Jørgen gifte seg att i Årdal 21.10.1804 med Anna Torstensdotter frå ein plass under Dalaker i Årdal, f. i Årdal 10.10.1769.  Ho d. som legdelem på Øyri 6.3.1848.  Jørgen tok over som gardbrukar på Vetti etter foreldri sine og fekk i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Men det er viktig å freista, og det hender jo rett som det er at sjølv dei lengste langskòti kan slå til!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta!

Link to post
Share on other sites

Under skifter kom det opp i det søkbare skifteregisteret ei Malena Johannesdatter Lie, med side 710 i protokoll, men ikke noe årstall.

 

Jeg begynte å bla opp side 710 i protokoller og fant skiftet der hun er nevnt, og at hun har forlatt sitt huus,-  det er 17. november 1803, begynner nede på venstre side. Jeg har ikke øyne til å takle mye av den lille skriften.

https://www.digitalarkivet.no/sk20081121630659 

 

Mvh

Linda

  • Like 3
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
12 minutter siden, Linda Wathne skrev:

Under skifter kom det opp i det søkbare skifteregisteret ei Malena Johannesdatter Lie, med side 710 i protokoll, men ikke noe årstall.

 

Jeg begynte å bla opp side 710 i protokoller og fant skiftet der hun er nevnt, og at hun har forlatt sitt huus,-  det er 17. november 1803, begynner nede på venstre side. Jeg har ikke øyne til å takle mye av den lille skriften.

https://www.digitalarkivet.no/sk20081121630659 

 

Mvh

Linda

Står det Sie på gårdsnavnet? 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058397001446

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000386398

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Urnes, Joranger, Fet i Hafslo, Ministerialbok nr. A 2 (1755-1806), Kronologisk liste 1805, Side 271-272
Permanent bilde-ID: kb20050818010639
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050818010639
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818010639.jpg
 

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Åsbjørg Susort

Ser ut som det står Sie mtp S i Solvorn to linjer lengre ned...

Og navna på barna stemmer med 1801-tellinga.

Edited by Åsbjørg Susort
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Dette er jo berre heilt fantastisk!  Hjarteleg takk til Linda, Sven og Åsbjørg for interessante og avklarande innlegg!

 

Då synte det seg altso at både farsnamnet og gardsnamnet var feil, og eg fatta heller ikkje nokon mistanke til Malena på Sie, for gravferdi hennar vart ikkje halde før 8.9.1805!

 

Og etter denne oppdagingi vil eg gjerne få attgje følgjande avsnitt frå gardssoga om garden Sie:

 

«I den bratte lii nedanfor Øygarden på Mollandsmarki ligg ei skår i berget som dei kallar Malenaskåri. Ho er kalla opp etter Malena Johannesdotter frå ytre Eikjo (1753-1805) som vart gift på Sie og som skal ha vore vekt av den haugianske læra og vorte djupt religiøs. Mellom anna skal ho ofte ha vore vitja av framståande haugianarar som Torgeir Nes, Lars Morken og fleire av Hauge sine vener som ville omvenda henne, skriv Laberg i ”Hafslo Bygd og Ætter”. Mannen hennar ville ikkje gje dei løyve til å tala inne i stova, og difor gjekk dei med henne i fjøsen og andre stader. Soga seier at ho ein kveldsstund skal ha vore ute og mjølka geiter, og ho aldri kom heim att; det var jamvel sagt at ho hadde sett frå seg mjølki på flaten før ho vart borte. To-tre år seinare fann ein gjetar ei spenne av skoa og salmeboki hennar på staden som seinare er kalla Malenaskåri.»

 

Denne hendingi må altso ha finne stad våren 1802!

 

Då er dette problemet med ei slik tragisk utgong endeleg løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Jau, her har me fått eit nytt døme på kor nyttig og viktig ein debatt kring slike utfordrande problemstillingar i Brukarforum kan vera!

 

«Fellesskap gjev styrke»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.