Gå til innhold
Arkivverket

Ole Hansson Bøtun (1742-1815) - frå Lagmannsås i Fresvik til Luster - so til Lærdal og attende til Bøtun i Fresvik - Kven var foreldri hans? - Kven var svigerdotteri Kirsti Olsdotter? - Ei utfordrande huslyd!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som har lege hjå meg utan merksemd i mange år.  Ein del opplysningar har eg greidd å finna, men eg står fast på ein del detaljar, særleg når det gjeld identifikasjon av foreldri på Lagmannsås i Fresvik og svigerdotteri Kirsti Olsdotter.  Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare?

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og kona Eli Zachariasdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og f. i Leikanger kring 1742. 

 

     ##### (dåpsdato?)

 

     Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739.  Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen.  Her vart dei til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid.  Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1.

Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der

 

##### (bustaden deira i Lærdal?)

 

men kriong 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster.  Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815.  Dei fekk fem born i lag:

 

##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster.

b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789.

c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848.  Hans gifte seg i Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780.  Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846.  Hans og Lussi var husmannsfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Hove i Leiklanger og fekk tre born i lag.

d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814.  Christen gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1807!)

 

     med Kirsti Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1772?)

 

     og d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845.  Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen.  Kirsti fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre.

e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813.  Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789.  Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen.  Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834.  Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen.  Han vart døypt i Hamre 25.10.1793.  Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866.  Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866.  Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans Botolvsen Støel og Eli Zachariasdatter Røe giftet seg i Sogndal 1730 https://media.digitalarkivet.no/view/11652/63

 

Eli var fra Rud i Kaupanger. Hans var kanskje sønn av Botolv Olsen Stølås, som i følge Leikanger bygdebok ikke hadde noen sønn Hans (men Botolv bodde visstnok i Aurland på den tida Hans Botolvsen ble født så han kan være døpt der og ikke i Leikanger).

 

Christen Olsen Stegen og Christi Olsdatter Hatlelien (øvre Hatleli) giftet seg i Fresvik 10.11.1805 https://media.digitalarkivet.no/view/11568/197

 

Christi ble døpt 12.9.1773. Husmann Ole Lassesen Bøtun døde 9.9.1830, 51 år gammel.

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Då er mange detaljar komne på plass, og eg har sett opp ein ny versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye funn av Grethe er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Christen gifte seg i Fresvik, Leikanger 10.11.1805 med Christi Olsdotter frå Hatlelien, døypt i Leikanger 12.9.1773.

 

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782.

 

Folketellingen 1815 for Leikanger:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239002105

 

Ser at sønnen Christen fra andre ekteskap ble døpt i 1816:

Christen Olsen

Norway Baptisms
Name Christen Olsen
Gender Male
Christening Date 31 Mar 1816
Christening Place , LEIKANGER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name Ole Lassesen
Mother's Name Christi Olsdr

 

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782.  Han d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

En Ole Lassesen dør på Bøtun 9. september 1830: 

Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Fjærland (Mundal), Tjugum, Vangsnes, Fresvik, Feios (Rinde) i Leikanger, Ministerialbok nr. A 6 (1810-1838), Døde og begravede 1830, Side 355
https://media.digitalarkivet.no/view/11569/322

 

Alder ved dødsfallet er 51 år, født 1779. I 1815 er Ole Lassesen 34 år, født 1781. Han var født i 1782, så spørsmålet er om dette er dødsfallet rette Ole Lassesen. Dette er det nærmeste jeg har kommet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste avklarande innlegget!

 

Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at du har finne den «rette» Ole Lasseson avliden som husmann på Bøtun i 1830, og eg har no oppdatert manuskriptet som erstatning for manuskriptet i innlegg #3 over:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Nye opplysningar er komne til, og dette manuskriptet er no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773,

 

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

gifte seg i Fresvik, Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter

 

Jeg ser at Lucie bodde på Sagen da hun giftet seg i 1808 og brudgommen, soldat Hans Olsen, står med bosted Stegen:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001545710

 

Marta, 1809 - Stegen

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008709107

Konfirmert 1825: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/248 (bosted: Haav)

 

Ole, 1812, Hov

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008712692

 

Konfirmert 1828: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/253

 

Familien i f.t. 1815:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239002229

 

Ingeborg, 1819

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWRP-H26

 

Ingeborg Hansen

Norway Baptisms
Name Ingeborg Hansen
Gender Female
Birth Date 22 Mar 1819
Christening Date 27 Mar 1819
Christening Place , LEIKANGER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name Hans Olsen
Mother's Name Lucie Amundsdr

 

Konfirmert 1834: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/265

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her var det mykje nytt for meg så eg må lesa all infoen grundig. Men det som står i ættesoga for Fresvik er fylgjande:

Ola Hansson Lagmannsås 1742-1815

g 1767 med Ingeborg Torgjersdtr. Lagmannsås Henjesteg i Luster 1739-1811

Born

Hans  1768-1772

Torgjer 1770-1798  (Dette skal kanskje vera 1789?)

Kristen 1776-1814 gift med Kristi Olsdtr Øvre Hatlelid 1772-1859. 2 born. Budde på Stegen. Kristi gifte seg att med Ola Lasseson Skau 1782-1830, ein son Kristen 1816-1886, ugift båtbyggjar. 

Peder 1779-1834 nasjonal soldat. gift med Gjørid Rasmusdtr  Hafslo 1778-1813 , 2 born Ola f 1808 og Ingeborg f 1811, ingen opplysn om dei. Gift 2. gong med Ingeborg Rasmusdtr Hafslo 1866-, Tre born Kari 1814, Gjørid 1817, Rasmus 1819. Ingen opplysn om dei. Huslyden budde på Stegen.

Hans 1781-1848 gift 1808 med Lussi Oddmundsdtr Sagi under Bøtun 1780-1846. Tre born Marta 1809, Ola 1812-1888, Ingeborg 1819-1856, alle busette i Fresvik

 

Huslyden budde på Henjesteg i Luster 1768-1770 men sidan på Stegen under Bøtun. (Stegen var ein plass nede ved sjøen som høyrde under garden bøtun. Plassen heiter Stegen også i dag og interessant viss opphavet er frå Luster)

 

I Leikanger Bygdebok, ættesoga finn eg fylgjande:

Foreldra til Ola Hanson budde på Lagmannsås på Frønningen der dei var leiglendingar.

Hans Botolvson Lagmannsås 1701-1773

gift med Eli Sakariasdtr 1704-1768

Born:

Botolv 1732-1787 leiglending på Lagmannsås

Dordei gift på Nyborg på Frønningen

Sakarias 1730 (eller 1740) -1786, Kolåsen i Fresvik

Ola 1742 Stegen i Fresvik

Ingebrigt 1742-

Anna 1745-1805, Gift på Svea i Fresvik, husmannsfolk, ingen born

 

 

Foreldra til Hans og Eli veit ein ikkje noko om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Anne Marie for nye spennande innlegg!

 

Då er opphavet til Lussi òg komme på plass, og eg trur me har finne alle borni som høyrer til i denne huslyden.  Samstundes har eg sett litt meir p[ denne barneflokken p[ Lagmanns[s, og eg ser at:

 

* Dorthea Hansdotter vart døypt frå Tingastad i Sogndal 7.1.1731: https://media.digitalarkivet.no/view/11652/27

Dette var året etter at foreldri gifte seg på Kaupanger (jmf. innlegg #2)

 

Fleire born er ikkje døypte i Sogndal, so då vil eg tru at resten av søskenflokken vart døypt i Leikanger - truleg desse:

 

* Bottolf Hansson, døypt Buene 17.8.1732: https://media.digitalarkivet.no/view/11564/169

 

* Ole Hansson, døypt Buene 10.12.1734: https://media.digitalarkivet.no/view/11564/174

 

* Ole Hansson, døypt Aasen 1.1.1738: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/19

 

* Ingebrigt Hansson, døypt Lagmannsaas 13.10.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/45

 

* Anna Hansdotter, døypt Aasen 29.8.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/61

 

Nokon Zacharias finn eg ikkje, men kanskje er han identisk med (feilskriven som) Ole frå 1734?  Eller fødd kring 1740?  Uansett so trur eg at Ole frå 1738 må vera «vår» Ole Hansson!?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript frå mi side - til erstatning for manuskriptet i innlegg #5:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg visstnok frå Stølås, og kona Eli Zachariasdotter frå Rud på Kaupanger, Sogndal, og vart døypt i Leikanger 1.1.1738. Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739.  Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen.  Her vart dei buande til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid.  Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1.

Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der

 

##### (bustaden deira i Lærdal?)

 

men kring 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster.  Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815.  Dei fekk fem born i lag:

a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster.

b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789.

c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848.  Hans gifte seg i Fresvik, Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå Sagi under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780.  Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846.  Hans og Lussi var husmannsfolk på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Hove i Leikanger og fekk tre born i lag.

d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814.  Christen gifte seg i Fresvik, Leikanger 10.11.1805 med Christi Olsdotter frå Hatlelien, døypt i Leikanger 12.9.1773.  Ho d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845.  Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782.  Han d. som husmann på Bøtun 9.9.1830.  Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen.  Christi fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre.

e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813.  Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo.  Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789.  Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen.  Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834.  Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen.  Han vart døypt i Hamre 25.10.1793.  Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866.  Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866.  Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette sit me att med to utfordringar her:

 

** Kvar i Hauge sokn i Lærdal kan Ole og Ingeborg ha butt på 1770-tyalet før dei kom til Fresvik?

 

** Kva heitte plassen under Hove der Hans og Lussin var plassfolk?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har jobba ein del med husmannsplassar under Hov i Fresvik (Ikkje Hove) og når vi kjem etter 1800 klarer vi plassera husmennene på dei ulike plassane men fram mot 1800 gjer vi ikkje det. I tillegg hadde Hov mange strandsitjarar og det vart ikkje alltid skilt mellom desse og husmannsplassane lenger oppe. I kyrkjebøkene står det også berre Hov, ikkje namn på området dei kom frå. Kvar dei hadde plass under Hov blir difor berre gissing.

 

Det hadde elles vore interessant å vita litt meir om Stegen i Luster der dei budde ei tid. Særleg viss namnet Stegen i Fresvik har opphavet sitt frå Luster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans Olson tente på garden Tretteteig i 1801 og i 1815 var han husmann på Hov.  Yngste dottera Ingeborg gifte seg med Ivar Endreson Breilid og dei hadde husmannsplass på Øybøen under Hov, Endre-Ivar-plassen.

Sonen Ola var husmann med jord og budde på Hovsøyri, altså strandsitjarplass under Hov. Budde på Njøs  i874. Han døydde som husmann på Njøs på Leikanger i 1888, siste kona var Ingeborg Rognaldsdtr Njøs 1818-1896.

 

Eldste dottera Marta var gift med Knut Jonson Borlaug Osen i Feios, fekk ei dotter Brita 1845-1850. I 1865 budde ho på Øybøen under Hov og var inderstenke. Budde truleg hos systera Ingeborg og mannen. Veit ikkje dødsåret hennar.

 

Dette er så langt eg har komme med denne huslyden, kanskje budde dei på Øybøen under Hov, men det blir berre gissing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne Marie for nye interessante innlegg!

 

Då forstår eg det slik at bustaden under Hov til Hans Olson og Lussi Aamundsdotter ikkje er so lett å identifisera, og det finst vel heller ikkje festesetlar frå den tidi som kan hjelpa oss...?  Øybøen og Hovsøyri framstår vel som dei meste relevante plassane....

 

Når det gjeld husmannslassen i Bjørkestegen under Hengesteg i Luster, vart denne plassen rydda alt på midten av 1600-talet, men han låg øyde i lange periodar og vart endeleg nedlagd mot slutten av 1800-talet.  Me veit kvar plassen låg, men eg har ikkje nokon fysisk omtale av plassen og kan diverre ikkje fortelja deg noko meir om sjølve plassen enn dette.  Det var forrresten to plassar i Bjørkestegen frå 1820-åri og utover.

 

So har eg sjølv spekulert litt meir på kvar i Lærdal Ole og Ingeborg kan ha butt før dei flytte til Fresvik, og har henta fram dei to barnefødslene:

 

* Hans, f. 1.11.1773: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/187

 

* Christen, f. 18.2.1776: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/89

 

Ser me på fadrane til desse gutane, finn me at første faddaren til Hans var Espen Vindedal, og ogso neste faddaren Peder Paulson budde i Vindedalen.  Nils Paulson var bror av Peder og likeins fødd i Vindedalen, men flytte sidan til Lærdalsøyri.  Når det gjeld fadrane til Christen, vert det verre...  Ørjens Johnson var husmann på Sjøbakken i Erdal, mellom Vindedalen og Lærdalsøyri, medan Ragnhild Halvorsdotter, som var faddar på båe gutane, i 1801 budde på Lærdalsøyri...  Ikkje so godt å verta klok på...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I kyrkjeboka for Leikanger/Fresvik finn eg ein Ole Stegens Qinde som fadder i 1720, dermed trur eg at Stegen har vore brukt om denne plassen i Fresvik før Ole Hansson Stegen kom flyttande frå Luster. Viss det stemmer så kjem altså ikkje namnet frå Luster men er brukt før i Fresvik. Kva meiner du Lars?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne Marie for siste innlegget!

 

Etter kva du seier, høyrest det sanneleg ut som om namnet Stegen har vore nytta i Fresvik lenge før Ole Hansson og Ingeborg flytte dit, men då burde vel namnet førekomma ogso andre stadar i kyrkjebøklene der ute?

 

Korleis ser forresten denne bustaden ut?  Er det ein plass full av «stegar» eller «trinn» for å komma fram i terrenget?

 

Her er forresten dåpen til eldste sonen av Hans og Ingeborg, Ole, i Luster 1.6.1768, som klart seier dei budde i «Birchestegen»: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/75

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.