Gå til innhold
Arkivverket

Hans Andersson, fødd 1801 Lunden i Luster - gift på Laksevåg i 1827 med enkja Ingeborg Cecilie Engelsdotter frå Alvøen - men kvar vart det av dette parfolket?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ivar Moe har i eit anna tema henta fram ei vigsle frå Laksevåg som har mint meg om denne huslyden som eg arbeidde med for om lag 30 år sidan, men som eg aldri greidde å finna ut av.

 

Kanskje er tidi no kommi til å løysa denne utfordringi?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande oppdagingar av Anne, er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Din Hans som dør i 1847?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000368177

 

Ingeborg i 1860?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000456801

 

Ingeborg Engelsdtr fra dødsfallprotokollen

SAB, Midhordland sorenskriveri, H/Hk/Hka/L0001: Dødsfallprotokollar, 1848-1862, s. 119
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081110680419

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for imponerande og kjempespennande innlegg!

 

Det syner seg altso at Hans tok over som paktar på Stykket, Myren ved Alvøen og budde der levetidi ut, men han og Ingeborg fekk ikkje born i lag!

 

Eg har no sete ei heile stund for å leita fram dei detaljane som framleis manglar om denne huslyden, og er vel i grunnen komen ganske so langt.  Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over::

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under!

 

Dei utfordringane som no står att, er følgjande:

 

** Opphavet til Johannes Monsson på Myren, fødd kring 1763?

 

** Dødsfalli til Johanna Helene og Elling Andersen på Alvøen?

 

** Oppvekststaden til Elling Andersen?

 

** Lagnaden til Sirine Karine Larsdotter? - Bustaden hennar kjem fram i dødsmeldingi etter mori frå 1860, men eg har vanskar med å tyda skrifti!  Står det Havsund?

 

https://media.digitalarkivet.no/view/23985/120

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Etter hva jeg har fått opplyst, var Johannes Monsson født omlag 1763 i Tysse, Samnanger. Jeg mener det i sin tid var Oddvar Søreide som kom med den opplysningen.

 

Kona Anne Marie Hansdtr. var døpt 11.09.1763 på Gjerringen, Askøy og hun døde 21.02.1836 på Myhren.

 

Dessverre har jeg ikke opplysninger om Johanna, Elling eller Sirine.

 

Dette er vel Elling i 1910. Jeg ser av avskriften jeg har av kirkebøkene for Askøy at Elling og Johanne bl. fikk datteren  Serenne Elisabeth 18.04.1856 og det er vel hun som bor med sin far.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036692004530

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være Serine som blir viet 31/10 1850 i Haugesund

SAST, Torvastad sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0009: Ministerialbok nr. A 9, 1847-1856, s. 154
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050922030072

 

Her i 1865

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038197000466

 

Emigrerer i 1868

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=STAV&gardpostnr=9360&merk=9360#ovre

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elling Andreas var født 04.12.1831 og døpt 11.12.1831 ikke 1832.

 

Kirkeåret 1832 begynte rett nok 01.12.1831 men likefullt er fødselsdatoen 04.12.1831. Foreldrene var Anders Ellingsen og Anne Zachariasdtr.

Og fødestedet i følge kirkeboka er Kongshavn og ikke Laksevåg.

 

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319650279.jpg

 

Konfirmasjonen til Elling Andreas var 24.10.1848. Der er bostedet fortsatt Kongshavn, så jeg vil anta at det var der han hadde sin oppvekst.

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070220650091.jpg

 

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Johanna gifte seg på Laksevåg 27.7.1851 med Elling Andreas Andersen frå Sørehamn,

 

     ##### (foreldri strandsitjarar på Kongshamn 1831 – er kanskje Sørehamn ein plass under Kongshamn?)

 

     f. på Laksevåg 4.12.1832.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900)

 

Elling Andreas Andersen døde 25.5.1918: 

SAB, Laksevåg Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. H 1, 1915-1934, s. 116
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10081108310103

 

Dødsfallsprotokollen:

SAB, Lensmannen i Askøy, 0006, 1907-1921, s. 133
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk10611310040194

 

Johanna døde før 1891. Da var Elling Andreas enkemann, bosatt sammen med datteren Serenne Elisabeth på Alvøen: 

RA, Folketelling 1891 for 1247 Askøy herred, 1891, s. 4254
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10061203346874

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune, Carsten, Anne og Lars W. for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Det var kjempebra å få plass Serine i Haugesund, og eg har finne eit family tree på ancestry.com som inneheld ein del opplysningar om denne huslyden etter dei utvandra!  Eg ser dei busette seg i Carroll Co., MS der Serina «Sarah» døydde i 1886, medan Conrad døydde i Shawnee, OK in 1894.  Me manglar der berre dei nøyaktige dødsdatoane...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #4 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Hans Andersson {Lunden}, døypt {i Luster} 17.5.1801,

Hans Andersson flytte i ung alder til Laksevåg ved Bergen og gifte seg der 26.8.1827 med enkja Ingeborg Cecilie Engelsdotter, opphavleg frå Skålevik på Laksevåg.  Ho var dotter av strandsitjar og matros Engel Andersson på Skålevikneset under Skålevik og kona Martha Nilsdotter frå Breivik og vart døypt på Laksevåg 13.5.1792.  Ingeborg gifte seg første gongen på Laksevåg 23.11.1817 med Lars Johannesson frå Myren, Alvøen på Laksevåg.  Han var son av gardbrukar og smed Johannes Monsson på Myren, Alvøen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kalla Myren ved vigsli 1788 – fødd kring 1763 – ikkje finne døypt på Askøy! – fødd på Tysse i Samnanger?)

 

og kona Anna Marie Hansdotter frå Myren og vart døypt på Laksevåg 1.1.1792.  Lars og Ingeborg var paktarar på Stykket, Myren, Alvøen på Laksevåg der Lars d. 8.7.1823.  Hans Andersson tok over som paktar på Stykket, Myren, Alvøen på Laksevåg der han d. 13.5.1847.  Ingeborg d. som enkje same staden 7.2.1860.  Dei fekk ikkje born i lag, men Ingeborg hadde tre døtrer frå første ekteskapet sitt:

a. Johanna Marie Larsdotter, f. på Laksevåg 5.8.1818, d. på Myren, Laksevåg 21.8.1818.

b. Johanna Helene Larsdotter, f. på Laksevåg 23.6.1819, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1875/før 1891)

 

     Johanna gifte seg på Laksevåg 27.7.1851 med Elling Andreas Andersen frå Sørehamn,

 

     ##### (foreldri strandsitjarar på Kongshamn 1831, Elling konf. Kongshamn 1848, men kalla Sørehamn ved vigsli 1851! – er kanskje Sørehamn ein plass under Kongshamn?)

 

     f. på Laksevåg 4.12.1831.  Han d. som fabrikkarbeidar på Alvøen 25.5.1918. 

 

     ##### (ifølgje kyrkjeboki var han gift då han døydde i 1918 – var han kan henda attgift etter 1900??)

 

     Elling var snikkar og tømmermann på papirfabrikken i Alvøen, og han og Johanna budde på Haugen, Alvøen på Laksevåg.  Dei fekk ni born i lag.

c. Serine Karine Larsdotter, f. på Laksevåg 15.5.1821, gifte seg i Torvastad 31.10.1850 med Christopher Conrad, kjend som Conrad Christopherson frå Leitet ved Lillesund, Haugesund, f. i Skåre 3.8.1824.  Conrad var innerst og målar, og parfolket budde på Leitet ved Lillesund i Haugesund, men utvandra i 1868 til Amerika med reisemål Chicago, Ill.  Kan henda budde dei òg ei tid der, men på 1870-talet busette dei seg nær Carrollton, Carroll Co., Miss. der Conrad livnærte seg som snikkar («carpenter»).  Sarah d. i Carroll Co., Miss.

 

     ##### (exact date of his death?)

 

     1886, medan Conrad Christopherson d. i Shawnee, Okla.

 

     ##### (exact date of his death?)

 

     1894.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Ingeborg Vilhelmine, f. i Haugesund 22.4.1851, dpt. Skaare 11.5. – n. 1865

            * Christopher Conrad, f. i Haugesund 21.8.1852, dpt. Skaare 5.9. – n. 1865/1868

            * Lauritz Martin, f. i Haugesund 17.6.1854, dpt. Skaare 18.6. – n. 1865/1868

            * Marthe Marie, f. i Haugesund 27.7.1857, dpt. Skaare 30.8. – n. 1865/1868

            * Constance Serine, f. i Haugesund 29.3.1860, dpt. Skaare 8.4.

            * Conrad Severin, f. i Haugesund 4.5.1863, dpt. Skaare 24.5. – n. 1865/1868)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Viser til Rune sitt innlegg 5.

Kan ikke huske at jeg har nevnt dette, men i bygdebok for Samnanger nevnes en Johannes Monsen Indre Tysse f. 1762. Ingen andre opplysninger i bygdeboka om han.

Foreldre: Mons Johannesen Indre Tysse g. 1761 m. Siri Olavsdatter Haug. De budde på Indre Tysse fra 1759-1771, mangler senere opplysninger.

Søsken: Olav f. 1764 Gurid f.1766 Magdela f.1769 Anders f.1771. Det står ingenting om disse barna. Anders kan være han som busetter seg på Stendatre i Fana.

 

Oddvar S.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #12:

 

Ein svært forseinka, men like hjarteleg takk til Oddvar for siste innlegget frå hausten 2018.  Dette jobba eg med kort før eg vart alvorleg sjuk og låg «utslegen» i mange månadar, og temaet vart liggjande utan meir merksemd frå mi side...

 

No ønskjer eg å henta fram att denne utfordrande huslyden med von om at det kanskje er komne til nye lesarar som kan bidra med hjelp til å løysa i alle fall nokre av dei flokane som står att?

 

Eg syner til manuskriptet i Innlegg #10 over.  Særleg forundrer det meg at eg ikkje greier finna:

 

** Dødsfallet til Johanna Helene Larsdotter som skal vera avlidi mellom 1875 og 1891?

 

** Og omstendi kring dødsfallet til mann hennar?

 

** Og sjølvsagt er det av stor interesse eventuelt å kartleggja opphavet til smeden Johannes Monsson på Myren, Alvøen - var han frå Tysse i Samnanger?

 

** Kva som kan finnast i Mississippi eller Oklahoma, veit eg ikkje...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 11.9.2018 den 22.57, Lars E. Øyane skrev:

Elling Andreas Andersen frå Sørehamn,

 

 

 

     ##### (foreldri strandsitjarar på Kongshamn 1831, Elling konf. Kongshamn 1848, men kalla Sørehamn ved vigsli 1851! – er kanskje Sørehamn ein plass under Kongshamn?)

 

 

 

     f. på Laksevåg 4.12.1831.  Han d. som fabrikkarbeidar på Alvøen 25.5.1918. 

 

 

 

     ##### (ifølgje kyrkjeboki var han gift då han døydde i 1918 – var han kan henda attgift etter 1900??)

 

 

 

Ingen ektefelle er nevnt i dødsmeldingen, han etterlott seg 5 myndige barn. https://media.digitalarkivet.no/view/54628/194

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #14:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande innlegg!

 

Då må det vera feilskriving i kyrkjeboki at Elling var gift då han døydde.  Dødsmeldingi tyder jo klart på det motsette...

 

Men merkeleg er det uansett at me ikkje kan finna noko dødsfall til kona Johanna Helene!?

 

Elles er det kanskje nokon med lokal kunnskap på Askøy som kan bidra med detaljar kring opphavet til Elling Andreas?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, Rune !

 

Og han er ekkjemann både i FT 1891, FT 1900 og FT 1910.

——

Lars: Så spyrsmål om du bør vurdera ekkja som døyr 24.5.1886 ? Tja ...  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

49 minutter siden, Jon Sværen skrev:

Ja, Rune !

 

Og han er ekkjemann både i FT 1891, FT 1900 og FT 1910.

——

Lars: Så spyrsmål om du bør vurdera ekkja som døyr 24.5.1886 ? Tja ...  

Hun er plassmannsenke og følgelig ikke den det letes etter.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036692004530

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Eg set kjempestor pris på freistnadane de gjer for å finna ut av dødsfallet til Johanna Helene Larsdotter og vonar at ogso nokon ser på opphavet til mann hennar.  Er Sørehamn ein plass under Kongshamn på Askøy?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #19:

 

Eg set kjempestor pris på freistnadane de gjer for å finna ut av dødsfallet til Johanna Helene Larsdotter og vonar at ogso nokon ser på opphavet til mann hennar.  Er Sørehamn ein plass under Kongshamn på Askøy?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Sørehavn:  https://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1423532

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldre til Elling Andreas var Anders Ellingsen og Ane Zachariasdtr. Kongshavn. Han var født04.12.1831 og døpt 11.12.1831. Faren er oppført som strandsitter ved dåpen. Han er ellers også beskrevet som fisker og husmann.

 

Anders skal være født 12.04.1807 og døde 30.08.1875 på Myren i Askøy. Ved hans død står det i avskriften jeg har Sørehavn, Myren i Askøen. Usikker på om det betyr at han var født i Sørehavn som noen steder står oppført under Kongshavn.

 

Mor til Elling Andreas, Anne Paulina Zachariasdtr. var født 17.02.1810 Strømsnes, død 01.05.1880. De giftet seg i Askøy Pr. gjeld 10.10.1830.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan jo rent umiddelbart se slik ut, men 1891 tellingen for Askøy, Alvøen beskriver Elling Andreas Andersen som enkemann. Jeg går ut fra at disse tellingen ble avholdt i samme tidsrom i 1891.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #24:

 

Hjarteleg takk til Rune og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Eg finst ikkje kjend i Alvøen, kan knapt hugsa nokon gong å ha vore der, men er det so å forstå at Sørehamn og Kongshamn båe ligg like ved Myren i Alvøen?  Det høyrast ut som dette er eit omåde med stor busetnad av husmenn og strandsitjarar på eit relativt avgrensa område...(?)

 

Elles KAN det vel tenkjast at det verkeleg var «vår» Johanna Larsdotter som i 1891 var busett på Smørdal på Lindås?  Me har sett mange døme på at folk som skil lag, opptrer som enkjefolk i ei påfølgjande folketeljing!  Er det mogeleg å følgja denne Johanna på Lindås - eventuelt finna eit dødsfall eller ei dødsmelding?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er usikker her, fordi i originalen til 1891-tellingen ser det ut til at Elling opprinnelig er ført som gift, og at statusen som enkemann er påført i ettertid.

I alle fall, den Johanne Larsdtr Alvøen som er funnet i Lindås i 1891, døde på Smørdal 4.7.1896. Det er ført i dødsmeldingen at arvinger er ukjente.

https://media.digitalarkivet.no/view/2144/121

https://media.digitalarkivet.no/view/54712/89

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.