Gå til innhold
Arkivverket

Ingebrigt Andersson Rønnei - fødd i Luster 1834 - gift i Hadsel 1861 og busett i Ålesund 1865 - kvar i all verdi vart det av denne karen og huslyden hans? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er i kveld vorten merksam på ein ung mann frå Luster, Ingebrigt Andersson Rønnei, som i ung alder flytte til Hadsel og derifrå til Ålesund, men som eg ikkje har greidd å finna noko meir om etter 1865.  Eg fann desse opplysningane alt for 30 år sidan, men greier i dag ikkje å finna ut noko meir enn den gongen, kanskje bortsett ifrå opphavet til dotteri...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under!

 

Her er huslyden i Ålesund i 1865 der Ingebrigt har fått feil fødestad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038276002511

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Marit som enke i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052324002379

 

Ingebrigt døde engang mellom 1866 og 1875 i Ålesund ?

 

Ingebrigt er forlover i Ålesund i 1866:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000741246

 

 

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth oǵ Carsten for kjempeflotte og spennande innlegg!

 

Då er med andre ord Ingebrigt avliden ein gong mellom 1866 og 1875, men dødsfallet hans er ikkje registrert i Ålesund.  Kan han ha stikke av...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Andersson {Rønnei}, f. {i Luster} 3.5.1834,

Ingebrigt A. Rønne flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Hadsel 21.5.1861 med Marit Knutsdotter frå Breivik indre i Grytten.  Ho var dotter av husmann Knut Erikson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Breivik indre, opphavleg frå Tokle, og kona Eli Johnsdotter frå Kavli og f. i Grytten 20.9.1828.  Ingebrigt og Marit flytte snart etter til Ålesund der Ingebrigt livnærte seg som sjauar og dagarbeidar. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1866/før 1875)

 

medan Marit, som sidan skreiv seg for Marit Tokle, d. som enkje i Ålesund 6.10.1915.  Dei fekk ikkje born i lag, men Marit hadde ei dotter frå før:

 

##### (kan det ha vore fleire born i denne huslyden?)

 

a. Petra Jakobine Marie Nilsdotter Hansen, dotter av Marit og styrmann Nils Peter Hansen på Breistrand i Øksnes, var f. i Øksnes 28.11.1856, men flytte med mori og stefaren til Ålesund der ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Petra livnærte seg som hushaldar og var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.