Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Ingebrigtson Stende(?) - spelemann og skreddar - fødd i Valdres kring 1797 - døydde i Luster i 1881 - kven var han? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år freista finna opphavet til spelemann og skreddar Anders Ingebrigtson som på 1820-talet dukka opp i Luster og gifte seg her 2.7.1827 med Anna Hansdotter Rønnei, fødd i Aurland 1804.

 

Vigsli deira i Luster 1827 oppgjev alderen hans til 28 år med fødestad Stende i Valdres og far Ingebrigt Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/112

 

Anders Ingebrigtson «fra Ourdals Præstegield» var alt i 1821 komen til Luster då han 17.10.1821 vart far til ein Erik Andersson, fødd på Rønnei av mori Gjertrud Endresdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/132

Denne sonen Erik vart forresten ikkje konfirmert i Luster og er truleg flytt frå bygdi i svært ung alder!!

 

Faren Ingebrigt Olson flytte òg til Luster på sine eldre dagar og døydde her 21.9.1833, 80 år gamal under namnet Stende av Nordre Aurdal: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/144

 

FT1865 for Rønnei i Luster syner Anders som Anders Embrigtsen og fødd i Lærdal 1795: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005132

 

Anders døydde i Luster 8.2.1881, og då er fødselsåret oppgjeve til 1797: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/393

 

MEN, FT1801 for Stende i Nord-Aurdal syner ingen personar som høver med Anders eller far hans: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058264005664

 

Og eg er ikkje  stand til å finna nokon Anders Ingebrigtson/Embrigtson med far Ingebrigt/Embrigt Olson fødd i Valdres på den tidi, so den store utfordringi er:

 

* Kven var Anders Ingebrigtson, og kven var foreldri hans?

 

Eg kan forresten leggja til at Anders og kona Anna fekk to døtrer i lag, Martha og Elisabeth.  Mor hennar heitte Martha, so kanskje Elisabeth er oppkalling etter mor hans??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Anders og opphavet hans, og skulle nokon greia å finna att sonen Erik, fødd 1821, ville det vore ein ekstra «juvél»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Anders og Anna fikk en sønn i 1837, døpt Hans:

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1831-1841, s. 42
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610442

 

Sønnen Ingebrigt i 1834:

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1831-1841, s. 19
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610419

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Anders Ingebriktson  het  i Valdres Andris Embrikson.

Stende er gården  Steinde/Skjøre i Vang i Valdres.

 Skiftekortet gjelder vel denne mannen

Steine.jpg.9c3b382538c7fbeda0444c6521a335c5.jpg

 

Søstren  var gift med Embrik  Andrisson.

De hadde sønnen Tron (som det står på skiftekortet)

Men ingen Andris (Anders)

Bakke.jpg.636753be8490f560c5982df9a1d71f75.jpg

 

 

 

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

slettet

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth, Morten og Leif for nye utfordrande innlegg!

 

Hjartet hoppa i halsen på meg då eg las skiftekstraktet etter Anders Trondson på Stende i Vang (jmf. innlegg #3), men bygdeboki skuffa med opplysningane om denne søsteri og huslyden hennar...

 

To kjelder fortel oss at far hans Anders heitte Ingebrigt (Embrigt) Olson, og me har òg to kjelder som syner til opphavsstad Aurdal i Valdres, so eg har heller liti tru på at Anders Evenson frå innlegg #5 kan ha noko med «vår» Anders å gjera...

 

MEN, so kjem Randi Elisabeth med ein spennande konfirmant frå Svennes sokn i Nord-Aurdal:

 

* Anders Engebretson Stendeeiget, 14 år, konfirmert i 1811

 

og blar ein litt vidare i denne konfirmantlista, finn me òg denne:

 

* Thore Engebretson Stendeeiget, 16 år, konfimert i lag med Anders i 1811

 

Heller ikkje Thore Ingebrigtson/Embrigtson er å sjå i FT1801, men eg ser at ein Thore Ingebrigtson på 70 år med oppgjeven fødestad Nord-Aurdal var kårmann på ein plass i Sundemeiget i Nord-Aurdal i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038074004514

 

Kan det vera ein samanhang??

 

Eg har ei viss kjensle på at me no er på «sporet» av noko «stort», og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på endeleg å finna svar på denne gamle kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Ser at en Engebret Engebretsen Stendeeie 24 år gammel med far Engebret Olsen Stende gifter seg i Nord-Aurdal 26.7.1829 med Guri Tollefsdatter Rognås https://media.digitalarkivet.no/view/9371/45328/5 Kan det være enda en bror?

 

I følge folketellinga for Luster 1875 er Anders Engebretsen født i Aurdal i Valdres https://media.digitalarkivet.no/view/52308/1396?indexing

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ser at Randi Elisabeth i mellomtidi har føyd til Thore i konfirmantlista, medan eg jobba med føregåande innlegg.

 

Og no har eg gjort endå ei spennande oppdaging - sjå på denne vigsli frå Nord-Aurdal 26.7.1829 https://media.digitalarkivet.no/view/9371/149

Engebret Engebretson Stendeeiget, 24 år, son av Engebret Olson Stende, og

Guri Tollefsdotter Rognaas, 24 år, dotter av Tollef Erikson Rognaas

 

Og her er vigsli i Nord-Aurdal 16.3.1822 https://media.digitalarkivet.no/view/9370/149

Thore Engebretson Stendeeiget, 28 år

Guro Pedersdotter Granumseiget, 23 år

 

Og same dag denne vigsli: https://media.digitalarkivet.no/view/9370/149

Ole Engebretson Stendeeiget, enkjemann, 34 år

Guri Ingvardsdotter Gildemseiget, 25 år

 

Og so finn eg denne konfirmasjonen i Nord-Aurdal i 1820: https://media.digitalarkivet.no/view/9370/178

Engebret Engebretson Stendeeiget, son av Engebret Olson og Liv Thoresdotter, fødd eller døypt i Nes i Hallingdal 31.3.1805

 

BINGO:

 

Anders Engebretson er døypt i Nes i Hallingdal 17.5.1795 av foreldri Engebret Olson og Live Tronsdotter (feil for Thorsdotter): https://media.digitalarkivet.no/view/3050/71

 

og leiter me vidare på Nes, finn me òg Thore døypt 20.5.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/3050/48

 

Anders er funnen!!!  Men kvar er denne huslydcn i FT1801?  Dåpen til Anders tyder på Ulsaker i Hemsedal...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna opphavet til denne huslyden, og hjarteleg takk til Terje for siste innlegget som kom nett før eg la ut mitt!!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No slit eg med å finna fleire opplysningar om Engebret Olson og Live Thorsdotter i Hallingdal, men dette er vel Live Thorsdotter, døypt i Hemsedal 9.8.1761 av foreldri Thore Olson og Kari Syversdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8542/11

 

Men eg finn ikkje vigsli hennar med Engebret Olson, og heller ikkje finn eg dåpen til eldste sonen Ole kring 1787...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med oppklaringi av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Ja, folketellingen 1801 fra Aurland er lagt inn allerede i innlegg 10.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Terje for nye kjempeflotte og imponerande innlegg!

 

So var dei altso òg innom Styvi i Aurland, men dei er ikkje nemnde i bygdeboki for Aurland, so kan henda har dei ikkje vorte lagde «merke til» den korte tidi dei budde der...

 

Eg sit no att med tre hovudutfordringar om denne huslyden:

 

** Kva heitte plassen under Stende i Nord-Aurdal der denne huslyden tydeleg budde frå kring 1808 og framover til i alle fall kring 1830?

 

** Frå kva gard/plass hadde Engebret Olson opphavet sitt?

 

** Og frå kva gard/plass hadde Live Thoresdotter opphavet sitt?

 

Kanskje bygdeboki for Hemsedal kan svara på noko av dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaringi av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for siste innlegget om denne huslyden!

 

Det kan sjå ut som om Engebret og Live hadde to søner Ole, men den eldste, som er nemnd i 1801, levde opp, for han gifte seg jo som enkjemann i Nord-Aurdal i 1822 (jmf. innlegg #9).

 

Elles er det interessant å sjå at denne siste barnedåpen frå 1808 synest stadfesta at huslyden hadde tilknytting til Ulsaker i Hemsedal, og det ville vore spennande å sjå kva bygdeboki for Hemsedal har å seia om denne huslyden!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tjernshaugen
2 hours ago, Lars E. Øyane said:

Elles er det interessant å sjå at denne siste barnedåpen frå 1808 synest stadfesta at huslyden hadde tilknytting til Ulsaker i Hemsedal, og det ville vore spennande å sjå kva bygdeboki for Hemsedal har å seia om denne huslyden!

 

Tittel

Hemsedals slektshistorie 1693-1923. B. 2

Forfatter

Flaten, Hans

Publisert

Valle:Setesdalsforl., 1999

Språk

Norsk (Bokmål)

ISBN

8291820562

Kilde for metadata

nb.bibsys.no (990117312654702202)

Omfang

S. 105-207

Medietype

bøker

Tilgang

Tilgang for norske IP-adresser

Varig lenke

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010081608121

 

 

Screenshot_2018-09-13 Nasjonalbiblioteket.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Dåpen til Ole, nr. 138:

SAKO, Nes kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1764-1786, s. 363-364
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060127050149

 

 

Dåpen til Marthe i 1789, nr. 108:

SAKO, Nes kirkebøker, F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. 5, 1787-1807, s. 38-39
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060127050217

 

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Espen og Randi Elisabeth for nye spennande og interessante innlegg!

 

Bygdeboki for Hemsedal syner tydeleg at Live Thoresdotter var frå Ullsåker i Hemsedal, truleg frå ein plass under garden, og rimelegvis budde vel Live og Engebret på same plassen etter dei gifte seg i 1784, men kva plassen heitte, er det nok i dag ikkje mogeleg å finna ut av...

 

Men kanskje meir spennande er det at Engebret ved vigsli i 1784 er kalla Indset, som vel er ein annan gard i Hemsedal!?  Kan det tenkjast at opphavet hans kjem fram under den garden?

 

Elles er den siste utfordringi framleis å finna ut kva plassen heitte som denne huslyden budde på etter dei kom til Stende i Nord-Aurdal, men dette er sikkert nok òg svært vanskeleg å finna ut av i  dag...  Eller kanskje ikkje...?

 

FT1865 syner berre TO plassar i Stendeeiget, og på ein av dei budde gamle Ole Engebretson f. 1786 som kårmann:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0542&kenr=007&bnr=0028

 

Er det kanskje mogeleg å finna ut kva for ein Stendeplass han budde på?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja opphavet til denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tjernshaugen
2 hours ago, Lars E. Øyane said:

Men kanskje meir spennande er det at Engebret ved vigsli i 1784 er kalla Indset, som vel er ein annan gard i Hemsedal!?  Kan det tenkjast at opphavet hans kjem fram under den garden?

 

Indset er nok en feillesning, det gårdsnavnet som står i kirkeboka ved vielsen er Intelh: - som er en forkortelse for Intelhus, som igjen er en gård i Hemsedal. Dessverre fant jeg ikke Engebret nevnt der i bygdeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Espen for siste innlegget!

 

Eg ser no òg at eg har tolka gardsnamnet feil, men uansett so kjem me tydeleg ikkje lenger med denne huslyden.  Eg kjenner ikkje bygdeboki for Hemsedal, men eg er vorten fortald at boki er unøyaktig og mangelfull, og at dei sårt treng ein oppdatert versjon..., noko resultatet av denne ætteundersøkjingi synest å stadfesta...

 

Men eg takkar på ny for oppslaget og vonar at kanskje fleire opplysningar kan dukka opp, i alle fall frå Nord-Aurdal...!?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Jeg har sjekket bygdeboka for Nord-Aurdal under Stende og husmannsplasser. Der står det blant annet følgende:

 

"I ein synsforretning hausten 1811 vart det fortalt at Embrik Olsson nett då heldt på å rydja opp ein plass under Steinde. Han hadde våren 1811 bygt opp hus som han sjølv åtte. Det er ikkje godt å seia kva for ein husmannsplass dette er".

 

Og videre:

 

"I tillegg har me på denne tida ein familie som me berre veit budde på ei Stendeeige, og her kom Ola Embriksson Øygarden 1789-1870 og hans familie".

 

"I 1865 folketeljinga vart husmannsplassane som oftast skrivne med eigne namn. Det var ikkje tilfelle på Steinde".

 

En får derfor ikke vite navnet på plassen under Stende der disse bodde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for siste og avklarande innlegg.

 

Då lyt me berre konkludera med at denne plassen under Stende ikkje kan kartfestast, men eg er likevel kjempenøgd med at me endeleg har finne opphavet til denne ætti som det har vore søkt etter i so mange år.

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i samband med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.