Gå til innhold
Arkivverket

Carl Peter Carlsen (1820-1884) - frå Bergen til Nordland og attende - dotter til Haugesund - fleire detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter at opphavet til artillerisersjant Peder Carlsen i Bergen no er kartlagd: https://forum.arkivverket.no/topic/225572-carl-peter-carlson-kaprud-artillerisersjant-på-1820-talet-var-han-gift-i-christiania-i-1815-var-han-frå-våler-i-hedmark-kven-var-kona-hans/

vil eg leggja ut som eige tema huslyden til einaste sonen hans som budde i Bergen då faren døydde i 1869.  Denne sonen, Carl Peter Carlsen, var gift med ei jente frå Rønnei i Luster, og eg manglar fleire detaljar kring denne huslyden, som eg står fast på...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Her er dåpen til sonen Martinus i Bodø 29.5.1853: https://media.digitalarkivet.no/view/2528/40

 

Her er dåpen til dotteri Anna Augusta Emilie i Lurøy 22.10.1854: https://media.digitalarkivet.no/view/2593/103

 

Her er dødsmeldingi etter Carl Peter Carlsen i Bergen 1884 som syner at berre enkja og eitt barn levde att etter han: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/128

 

Her er Abraham Ekenæs med huslyd i Haugesund i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036618010843

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Abraham Ekenæs reiste til sjøs som dampskipsmaskinist, og han og Emilie budde mellom anna i Førde og i Kristiansund til dei i 1901 flytte til Haugesund.  Dei fekk

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst seks!)

     born i lag.

 

F.t. 1885 for Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053295000103

 

F.t. 1900 for Skåre

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037293000907

 

 

Amanda Katinka, f. 01.03.1878, døpt SK Bergen (foreldrene var ugift):

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007645109

 

 

Sigurd Martin Alfigus, 01.08.1881

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013701551

Troms fylke, Berg, Torsken i Berg og Torsken, Ministerialbok nr. 4 (1880-1894), Fødte og døpte 1882, Side 18
https://media.digitalarkivet.no/view/6719/19

 

Alfrida Harette Emilie, 18.02.1884

Ifølge gamle DA ble hun døpt i Metodistkirken i Bergen 09.05.1884. 

Utvandret i 1907: 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000365750

 

Sverre, f. 14.03.1889, Bergen

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. G 2 (1887-1899), Fødte barn av dissentere 1889, Side 34
https://media.digitalarkivet.no/view/7135/37192/3

 

Ruth Therese Adina, f. 21.03.1891

Hordaland fylke, Vikebygd i Sveio, Ministerialbok nr. D 1 (1878-1894), Fødte og døpte 1891, Side 55
https://media.digitalarkivet.no/view/7068/54

 

Almutte, 1895, Kristiansund

Almuth - folketellingen 1910 for Haugesund:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036618010913

 

4676428 Almutha  Bjørkman  1509  1895  2203  1968  2803  1968  003  00K  025       Vår Frelser Haugesund

 

Dala, 1897, Kristiansund

Dula Mimmi, f. 05.04.1897

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036618010845

 

Bjarne Sigfred, f. 13.03.1901, Haugesund

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036618010846

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Grethe for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg ser no at det som eg oppfatta som dåpsdato for Martinus i Bodø ikkje var rett, so han var nok fødd same dag som han døydde, men rekte likevel å verta ein dag gamal...

 

Dødsfallet til Emilie er det vel ingen tvil om...

 

Men når det gjeld barnetalet til Abraham og Emilie, lurer eg på om det kanskje manglar eitt eller to...?  Avstanden mellom Alfrida (1884) og Sverre (1889) og likeins mellom Ruth (1891) og Almutte (1895) KAN tyda på det...  Men denne huslyden var ganske so «mobil», so det vert truleg vanskeleg å finna eit sikkert svar på dette...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Andersdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 7.10.1827,

Martha Andersdotter fekk i 1849 attest hjå presten for å flytta til Nordland, og ho gifte seg i Dverberg 30.11.1851 med Carl Peter Pederson Carlsen frå Bergen.  Han var son av artillerisersjant, furer og seinare lærar Carl Peder, kjend som Peder Carlsen (Kaprud) i Bergen, opphavleg frå Kabberudmoen under Kabberud i Vinger, og kona Ane Marie Pedersdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

og f. i Bergen 18.2.1820.  Carl var i mange år sjømann, og han og Martha budde mellom anna ei tid i Lurøy i Nordland, men flytte kring 1860 til Bergen der me i 1865 finn Carl att som steinarbeidar i Væversmuget.  Sidan var han visstnok både skomakarsvein og bøkkarsvein, og han og Martha busette seg i Lille Øvregate i Bergen der Carl d. som almisselem 17.5.1884.  Martha Carlsen d. same staden 22.2.1902.  Me kjenner til to born etter dei:

 

 

##### (hadde dei kanskje fleire born?)

 

 

a. Martinus Carlson Carlsen, f. i Bodø 25.6.1853, d. i Bodø 25.6.1853, knapt eit døgn gamal.

b. Anna Augusta Emilie, kjend som Emilie Carlsdotter Carlsen, f. på Kongsvik i Lurøy 24.9.1854, d. som maskinistkone på Vigsnes i Avaldsnes 23.4.1902.  Emilie tente i 1875 hjå ein farbror som var restauratør og budde ved Nykirkegaarden i Bergen og gifte seg i Bergen 8.9.1878 med Abraham Annaniasson frå Langenes under Eikenes i Gloppen, kjend som Abraham Ekenæs, f. i Gloppen 9.8.1855.  Han d.i Haugesund 8.2.1921.  Abraham Ekenæs reiste til sjøs som dampskipsmaskinist, og han og Emilie budde mellom anna i Førde og i Kristiansund til dei kring 1900 flytte til Haugesund.  Dei fekk

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst åtte!)

 

 

     born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Emilie Carlsdotter Carlsen, f. på Kongsvik i Lurøy 24.9.1854, d. som maskinistkone på Vigsnes i Avaldsnes 23.4.1902.

 

Rogaland fylke, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1897-1916), Dødsfallsprotokollside, Side 22
https://media.digitalarkivet.no/view/51918/47

 

Amanda i Haugesund

Sigurd i Japan?

Alfrida, Vigsnes

Sverre, Vigsnes

Rut, Vigsnes

Almute, Vigsnes

Dula, Vigsnes

Bjarne, Vigsnes

 

Yngstmann var bare 1 år da moren døde. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Dula M., gift Karlsen, som emigrerer i 1928 fra Stavanger?

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000389433

 

Ektefellen var snekker. 

 

Sønnen Sverre Karlsen, født 1920 emigrerte sammen med moren:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000389434

 

John Karlsen, f. 1926

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000388831

 

Sverre, 1920

Rogaland fylke, Skåre i Haugesund, Ministerialbok nr. A 10 (1909-1935), Fødte og døpte 1921, Side 87
https://media.digitalarkivet.no/view/1771/87

 

John Berner, 1926

Rogaland fylke, Haugesund i Haugesund, Klokkerbok nr. B 11 (1921-1934), Fødte og døpte 1926, Side 112
https://media.digitalarkivet.no/view/1724/113

 

Nr. 96

Rogaland fylke, Haugesund i Haugesund, Klokkerbok nr. B 8 (1909-1921), Viede 1918, Side 105
https://media.digitalarkivet.no/view/5175/106

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan se ut som Ruth var gift med en Frans Klockmann:

 

Norges Bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Rogaland Nordre del: 

 

 

 

Ruth Klockmann.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire nye interessante innlegg om borni etter Emilie Ekenæs.

 

Det er altso nemnd dei åtte borni etter Emilie då ho døydde i 1902, medan dødsmeldingi etter Abraham seier det var sju born.  Som eg alt var inne på i innlegg #5, trur eg dei godt kan ha hatt eitt eller to born til, men som døydde før 1900, men det vert nok vanskeleg å skaffa sikre prov på dette.  Kanskje FT1891 kan vera til hjelp, om me finn dei der?

 

Elles ser det ut til at Abraham må ha vore attgift etter 1910, for etter han levde òg ei sjuk kone, som me ikkje får vita namnet på...

 

Eg gler meg til den dagen kyrkjebøkene for 1800-talet er fullt digitaliserte...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i samband med freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Det er altso nemnd dei åtte borni etter Emilie då ho døydde i 1902, medan dødsmeldingi etter Abraham seier det var sju born.  Som eg alt var inne på i innlegg #5, trur eg dei godt kan ha hatt eitt eller to born til, men som døydde før 1900, men det vert nok vanskeleg å skaffa sikre prov på dette.  Kanskje FT1891 kan vera til hjelp, om me finn dei der?

 

Her er de på Førdesøren i Sveio i 1891. Men jeg kan ikke se at det er noen flere barn der: 

 

RA, Folketelling 1891 for 1216 Sveio herred, 1891, s. 1371
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10061202295438

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget med opplysningar frå FT1891.

 

Eg sit stor pris på den målretta leitingi etter fleire opplysningar - og fleire born - i denne huslyden, men når heller ikkje FT1891 har noko å by på, då veit eg ikkje kvar me eventuelt skal leita vidare...

 

Me får vona og tru at eventuelle born fødde i de nemnde lakunane vil dukka opp, før eller sidan...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er litt fartstidsopplysninger fra sjømannsrullene for Abraham Ananiassen. Kanskje fartstiden mellom 1884 og 1889 kan forklare en del av at det er et opphold på en del år i barneflokken?  

 

Bergen fylke, Annotasjonsrulle nr. 3 (1874-1882), Protokollside - patentnr. 2926
https://media.digitalarkivet.no/view/78938/124?indexing=

 

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 6 (1877-1882), Protokollside, Side 653 - patentnr. 3708

https://media.digitalarkivet.no/view/78955/65

 

Bergen fylke, Maskinist- og fyrbøterrulle nr. 1 (1883-1890), Protokollside, Side 26
https://media.digitalarkivet.no/view/78972/28

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste spennande innlegget!

 

Om me studerer desse listene nøye, ser me at Abraham knapt var heime mellom april 1884 og januar 1888, so kanskje er det ei òrsak til «pausen» i barneflokken...  Ikkje godt å seia, men ei rimeleg forklaring er det i alle fall...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.