Gå til innhold
Arkivverket

Erik Lageson Bringe - fødd i Luster 1755 - rømte til København sommaren 1775 - lagnaden hans? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Erik Lageson er ei kjempegåte som eg har hatt liggjande sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å gjera noko med.  Kanskje tidi no er kommi:

 

Erik Lageson var fødd i Vigdalen i Luster og vart døypt der 25.1.1755.

 

Foreldri Lage Andersson (1719-1784) og Martha Pedersdotter (1719-1765) var gardbrukarar i Vigdalen til dei i 1763 flytte til Bringe i Luster.  Lage vart enkjemann kort tid etter, og i 1770 laut han gå frå garden, truleg grunna armod.  Det vart halde skifte etter Lage i 1784, men buet var fallitt, og ingen ervingar er nemnde: https://media.digitalarkivet.no/view/24142/81

 

Lage og Martha fekk fem born i lag, fire døtrer og ein son.  Eine dotteri døydde kort etter fødsli, og dei tre hine vart buande i nabolaget.

 

Derimot har sonen Erik Lageson ei anna soge:

 

Han vart utlagd til barnefar då Synneva (Sjursdotter) Bakken i Jostedalen 12.6.1775 bragte ein 24 veker gamal son (namn ikkje oppgjeve) til dåpen, og då står følgjande merknad i kyrkjeboki om barnefaren (litt vanskeleg å lesa): https://media.digitalarkivet.no/view/11519/14

 

«Erich Lagesen Grov som reiste til Kiøbenhavn 4 Uger før»

 

Truleg tente han på garden Grov då dette skjedde...

 

Eg har leitt «høgt og lågt» etter Erik Lageson, både i Noreg og i Danmark, men greier ikkje finna spor etter guten nokon stad!  Kan han ha endra namnet sitt?  Kanskje til Lausen??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for påminning om dette emnet hjå DIS-Danmark.  Eg er ikkje so «dreven» med DIS-Danmark, og dette emnet fann eg ikkje då eg leitte etter det i aftes, men då er det med andre ord i kjennsgjerning at Erik Lageson framleis levde som soldat i København i 1787, men kvar i all verdi vart det av han etter den tid?

 

Barnet som Erik fekk i Jostedalen i 1775, voks tydeleg ikkje opp, og eg lurer på om kanskje nokon vil ta ein titt på den nemnde kyrkjebokinnførsli om den kan tolkast på anna vis?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Erik Lageson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.