Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erik Nilsson Saue på Voss (1837- ) og kona Torbjørg Olsdotter Bø (1838-1879) - huslyden deira på Voss og i Amerika - manglande detaljar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I eit anna tema nemner Ivar Moe ei etterlysing etter Ole Bjørnson frå Luster som i 1858 «skal opholde sig paa Voss», og soleis minte han meg om denne ætti som eg jobba med på 1980-talet, men der eg ikkje greidde å finna svar på alle dei spørsmåli som eg stilte meg den gongen.

 

Det gjeld dotteri Torbjørg som var gift på Saue på Voss.  Eg har i dag finne ein del opplysningar om ei av døtrene som utvandra til Amerika, men er heilt «blank» når det gjeld hi dotteri Ingeborg, f. 1859, og sonen Olaf, f. 1870.  Eg manglar òg ein del andre detaljar.  Kanskje nokon kan hjelpa meg freista finna ut litt meir om denne huslyden?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #17 under:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Erik d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Erik NIlsen Saue, f. 1837 i f.t. 1900:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037314003042

 

Nr. 26

Hordaland fylke, Voss i Voss, Ministerialbok nr. D  2 (1910-1932), Døde og begravede 1912, Side 12
https://media.digitalarkivet.no/view/2169/15

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Erik Nilsson frå Saue på Voss.  Han var son av gardbrukar Nils Erikson på Saue, opphavleg frå

##### (opphavet hans?)

og kona Ingeborg Andersdotter frå

##### (opphavet hennar?)

 

Nr. 34

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 13 (1836-1851), Viede 1837, Side 163
https://media.digitalarkivet.no/view/11773/165

 

Nils og Ingeborg på Saue i 1865 - han født (beregnet) 1814, hun født (beregnet) 1818:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038235002273

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038235002274

 

Nr. 9

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 12 (1823-1837), Konfirmerte 1828, Side 248
https://media.digitalarkivet.no/view/11772/250

 

Nils, døpt 1813

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007186399

 

Nr. 26

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Ministerialbok nr. A 12 (1823-1837), Konfirmerte 1833, Side 269
https://media.digitalarkivet.no/view/11772/271

 

Nr. 1 - 12. juli 1818 - høyre side:

Hordaland fylke, Voss, Evanger, Uppheim, Vinje i Voss, Klokkerbok nr. A 1 (1816-1818), Fødte og døpte 1818, Side 84
https://media.digitalarkivet.no/view/11777/84

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 6.10.1872, d. på helsetunet på Voss 15.4.1965.  Ho gifte seg

 

     ##### (vigselsstaden? – Bergen??)

 

Vielsen (nr. 8): 

SAB, St. Jørgens hospital og Årstad sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 13, 1886-1906, s. 123
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061127010664

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

https://www.findagrave.com/memorial/160979434

 

Ole Erickson Saue

Birth 10 Jan 1870
Death 18 Oct 1940 (aged 70)
Burial Monona, Dane County, Wisconsin, USA
Plot Garden; Section B; Lot 108; Space 5
Memorial ID 160979434 · View Source
 
 
 
 

Family Members

Spouse
Children

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

???

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MPPL-FJF

 

Lars E Fenne

United States Census, 1910
Name Lars E Fenne
Event Type Census
Event Date 1910
Event Place Bruton, York, Virginia, United States
Gender Male
Age 36
Marital Status Married
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Head
Relationship to Head of Household (Original) Head
Birth Year (Estimated) 1874
Birthplace Norway
Immigration Year 1906
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Sheet Letter B
Sheet Number 5
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Lars E Fenne Head M 36 Norway
Bertha E Fenne Wife F 46 Norway
Eric Fenne Son M 18 Pennsylvania
John Fenne Son M 15 Pennsylvania
Erik Fenne Son M 13 Norway
Ingevald Fenne Son M 11 Norway
Inger Fenne Daughter F 9 Norway
Bella Fenne Daughter F 7 Norway
Bertha Fenne Daughter F 5 Norway
Louis Fenne Son M 1

Virginia

 

 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MFKD-ZL9

 

Lars E Fenne

United States Census, 1920
Name Lars E Fenne
Event Type Census
Event Date 1920
Event Place Beloit Ward 2, Rock, Wisconsin, United States
Gender Male
Age 45
Marital Status Married
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Head
Relationship to Head of Household (Original) Head
Birth Year (Estimated) 1875
Birthplace Norway
Immigration Year 1906
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Sheet Letter A
Sheet Number 19
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Lars E Fenne Head M 45 Norway
Bertha E Fenne Wife F 54 Norway
John ? Fenne Son M 24 Pennsylvania
Ingvald E Fenne Son M 21 Norway
Inger L Fenne Daughter F 19 Norway
Bell L Fenne Daughter F 17 Norway
Bertha O Fenne Daughter F 15 Norway
Lewis L Fenne Son M 11 Virginia

 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:X9SL-L22

 

Lars Fenne

United States Census, 1930
Name Lars Fenne
Event Type Census
Event Date 1930
Event Place Beloit, Rock, Wisconsin, United States
Gender Male
Age 56
Marital Status Married
Race White
Race (Original) White
Relationship to Head of Household Head
Relationship to Head of Household (Original) Head
Birth Year (Estimated) 1874
Birthplace Norway
Immigration Year 1907
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Sheet Letter A
Sheet Number 5
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Lars Fenne Head M 56 Norway
Bertha Fenne Wife F 66 Norway
Louis Fenne Son M 21 Virginia
 

Lars Fenne

United States Census, 1940
Name Lars Fenne
Event Type Census
Event Date 1940
Event Place Ward 3, Beloit, Beloit City, Rock, Wisconsin, United States
Sex Male
Age 66
Marital Status Widowed
Race (Original) White
Race White
Relationship to Head of Household (Original) Head
Relationship to Head of Household Head
Birthplace Norway
Birth Year (Estimated) 1874
Last Place of Residence Same House
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Lars Fenne Head M 66 Norway
Ingvald L Fenne Son M 40 Norway
Ruth Fenne Daughter-in-law F 35 Wisconsin
Donald Fenne Grandson M 14 Wisconsin
Kenneth Fenne Grandson M 9 Wisconsin
 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Lars - eg tenkjer at nå vil du ha litt nytt frå Voss:

 

Vossaboki. 2: Gardssoga, 1 : Dyrvedals, Gullfjordungs og Borstrands åttungar – frå s. 383:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041104008

 

Saude (på Borstrondi).

Bruk 1. Saude.

Eirik Nilsson, f.kr. 1781, var g. 1811 med Barbrå Nilsdtr Mugås. Han fekk skøyte frå far sin i 1804 og i 1819 på garden.

Eirik skulle vera god til å driva garden og kjøpte i sine unge dagar ull og vadmål, som han reiste på Austlandet med og selde. Eirik kom saman med Hans Nilsen Hauge, vart vekt til kristeleg liv og tok til å forkynna Guds ord, serleg i heimbygda.

Eirik døydde i 1858 og hadde seks born: Anna f.1812 (...),Nils d.e. f. 1817, Ingebjørg f. 1819 (...), Kari f. 1821 (...), Nils d.y. f. 1825 (...), Brita, f. 1828 (...).

 

Nils Eirikson d.e. f. 1817, g. 1837 med Ingebjørg Andersdotter Vinjo, fekk garden hjå foreldri sine i 1838. Han døydde i 1876. Åtte born: Eirik f. 1837 ( og 7 til er nemde ).

Eirik Nilsson f. 1837, var g. 1858 med Torbjørg Olavsdtr Bø, Tjukkebygda. Han fekk i 1866 bruk 1 Saude hjå foreldri sine for 1400 spd. Og bruk 1 Bø hjå hennar foreldre for 196 spd. Sjur born;

Ingebjørg, Kari, Nils, Brita, Olina, Olav og Barbrå.

Nils f. 1863, g. 1903 med Kari Andersdtr Tveito, fekk garden på Saude i 1913 for 10.000 kronor.

 

Mvh Jostein

Endret av Jostein Stokke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Meir frå Voss:

Vossaboki. 3: Gardssoga, 2 : Dyrvedals, Vinjar og Bøjar åttungar – frå s. 177:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041404099

 

109. Bø (i Tjukkebygdi), andre og tridje tunet).

Bruk 1. Bø

........Olav Bjørneson Henjum frå Luster kjøpte garden i 1844 for 800 spd. Han var f. 1802, g.m. Kari Johannesdtr og døydde i 1893.

Deira dotter Torbjørg f. 1838 gifte seg 1858 med Eirik Nilsson Saude, f. 1837. Dei fekk garden i 1866 for 196 spd. Og budde der ei tid, men flytte so til farsgarden hans på Saude i Borstrondi. Eirik selde garden på Bø i 1882 til Sjur Johannesen Fadnes frå Evanger for 8600 kronor.

Endret av Jostein Stokke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Endå meir frå Voss:

 

Vossaboki. 3: Gardssoga, 2 : Dyrvedals, Vinjar og Bøjar åttungar – frå s. 180:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041404099

 

109. Bø (i Tjukkebygdi), andre og tridje tunet).

Bruk 2 . Bø

 

Her står det:

Olav Bjarneson Vålo, fødd i Luster i 1802, kjøpte bruket i 1875 for 1500 spd. Og døydde på Bø i 1893. Han selde i 1880 til Sjur O. Erdal frå Eidfjord for 5200 kronor.

 

Same Olav?

Endret av Jostein Stokke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Dette har vorte sagt om Tjukkebygdi:

 

I Tjukkebygdi e folk tjukke i hove, tjukke i røve, og tjukke i pæng.

 

Eg kan sjølvsagt ikkje gå god for dette.

 

Mvh Jostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
1 time siden, Lars Johannessen skrev:

Ole Erickson Saue

Birth 10 Jan 1870
Death 18 Oct 1940 (aged 70)

 

Wisconsin State Journal (Madison, Wisconsin) 18 Oct 1940, Friday, Page 2

Wisconsin State Journal (Madison, Wisconsin) 18 Oct 1940, Friday, Page 2.jpg

 

Wisconsin State Journal (Madison, Wisconsin) 19 Oct 1940, Saturday, Page 2

Wisconsin State Journal (Madison, Wisconsin) 19 Oct 1940, Saturday, Page 2.jpg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Lars W., Lars J., Jostein og Egil for mange spennande og nyttige innlegg!  Dette er jo skikkeleg bra dugnadsinnsats!

 

Eg har med stor glede oppdatert manuskriptet mitt og presenterer her ei erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Bjørnson Bø, frå Øygarden under Heltne i Dale, vart døypt 25.12.1805 og fekk 2.6.1837 auksjonsskøyte på Uri.  Han gifte seg 20.6.1838 med Kari Johannesdotter frå Bolstad, døypt 28.4.1796.  Ole og Kari vart buande i Uri og dreiv garden til 1841.

I 1841 flytte Ole Bjørnson og kona Kari til Voss der dei vart gardbrukarar på garden Bø.  Kari d. som kårkone på Bø på Voss 3.12.1872, medan Ole Bjørnson d. som kårmann same staden 13.10.1893.

Ole og Kari fekk ei dotter i lag; dessutan hadde Kari ein son frå før.  Båe var fødde og dels oppvaksne her i Luster:

 1. Svend Christianson (1817-1884), son av Kari og gardbrukar Christian Jørgenson på Søvde i Dale (1792-1854), vart husmann på Øygarden under Heltne i Dale.

 2. Torborg Olsdotter, f. 27.10.1838,

Torbjørg Olsdotter flytte i 1841 med foreldri til Bø på Voss og gifte seg på Voss 15.6.1858 med Erik Nilsson frå Saue på Voss.  Han var son av gardbrukar Nils Erikson på Saue og kona Ingeborg Andersdotter frå Vinje og f. på Voss 19.12.1837.  Torbjørg og Erik budde ei tid hjå foreldri hennar på Bø, men tok sidan over som gardbrukarar på heimebruket hans på Saue på Voss der Torbjørg d. som gardbrukarkone 17.1.1879.  Erik d. som gardbrukar same staden 10.8.1912.  Dei fekk ni born i lag:

a. Ingeborg Eriksdotter Saue, f. på Voss 31.7.1859, utvandra til Amerika i 1884,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Kari Eriksdotter Saue, f. på Voss 26.12.1860, d. på Voss 12.3.1939.  Kari gifte seg på Laksevåg ved Bergen 21.5.1883 med Nils Brynjulfson Løne frå Løne på Voss, f. på Voss 12.4.­1851.  Han d. på Voss 11.6.1929.  Kari og Nils vart gardbrukarar på Løne på Voss

 

     ##### (heimebruket hans?)

 

     og fekk fire born i lag.

c. Nils Erikson Saue, f. på Voss 28.6.1863, d. på Saue 19.3.1942.  Nils gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 8.4.1903 med Kari Andersdotter Tveite frå Tveite på Vossestrand, f. på Voss 18.2.1877.  Ho d. på Voss 19.8.1947.  Nils og Kari Saue tok over som gardbrukarar på heimebruket på Saue på Voss og budde der levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

d. Britha Eriksdotter Saue, f. på Voss 12.8.1865, gifte seg første gongen i Årstad, Bergen 16.10.1885 med John Erikson Fenne frå Fenne på Voss, f. på Voss 7.2.1857.  John Fenne utvandra til Amerika alt i 1881, men var attendekomen derifrå.  So utvandra John på ny til Amerika i 1889, og i 1891 følgde Britha etter.  Men John Fenne d.

 

     ##### (date and place of his death? – US 1891!?)

 

     og Britha gifte seg

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage – US 1891?)

 

     att med Lars Erikson Fenne frå Fenne på Voss, ein yngre bror av John, f. på Voss 8.2.1874.  Han utvandra til Amerika i 1885. 

 

     ##### (budde i Munhall, Allegheny Co., Penn.!)

 

     Men i 1895 eller 1896

 

     ##### (kva år?)

 

     kom Lars og Britha attende til Noreg, og dei var

 

     ##### (gardbrukarar på Rokne på Voss? – 1900: arbeidsformann ved skiferbròt – bus. Saue)

 

     til dei i 1906 på ny fór til Amerika.  Reisemå­let var då Richmond, Va., og under namni Lars og Bertha Fenne finn me dei att som farmarar i Bruton district, York Co., Va., men kring 1915 flytte dei til Beloit, Rock Co., Wis. der Lars var maskinarbeidar («machinist»).  Bertha d. i Beloit, Wis. 8.1.1933, medan Lars Fenne d. same staden 12.8.1949.  Bertha fekk i alt ti born, to frå første ekteskapet og åtte frå det andre.

e. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 17.12.1867, d. på Bø på Voss 3.1.1870.

f. Olaf Erikson Saue, kjend som Ole E. Saue, f. på Voss 10.1.1870, utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Chicago, Ill. 26.4.1894 med Ingeborg Torbjørnsdotter Hauge frå Hauge på Voss, i Amerika kjend som Belle Hauge.  Ho var dotter av husmann Torbjørn Knutson på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Hauge, opphavleg frå Hagestad i Ulvik, og kona Inger Vilhelmsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – vigsli: 28.12.1871: https://media.digitalarkivet.no/view/7092/85

 

     og f. på Voss 1.2.1875, men utvandra til Amerika i 1891.  Ole Saue var ei tid kontormann («express man») i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte først på 1900-talet til Lake Mills, Jefferson Co., Wis. der han dreiv landhandel («general merchant») før han og Bella slo seg ned som farmarar i Sun Prairie township, Dane Co., Wis.  Som pensjonistar flytte dei inn til Madison, Dane Co., Wis. der Ole d. 18.10.1940.  Belle Saue d. same staden 23.12.1959.  Dei fekk tre born i lag.

g. Olina Eriksdotter Saue, f. på Voss 6.10.1872, d. på helsetunet på Voss 15.4.1965.  Ho gifte seg i Årstad, Bergen 21.12.1892 med Ivar Larsson Løne frå Løne på Voss, f. på Voss 19.7.­1874.  Han d. på Løne 22.2.1958.  Olina og Ivar vart gardbrukarar på Løne på Voss

 

     ##### (heimebruket hans?)

 

     og fekk to søner i lag.

h. Barbro Eriksdotter Saue, f. på Voss 27.3.1875, d. på Vinje på Vossestrond 24.10.1940.  Ho gifte seg på Voss 2.7.1895 med Anders Rognaldson Sundve frå Sundve på Vossestrond, f. på Voss 15.9.1873.  Han d. på Vinje 17.2.1956.  Anders og Barbro vart gardbrukarar på Sundve på Vossestrond, Voss

 

     ##### (heimebruket hans?)

 

     og fekk ein son i lag.

i. Torbjørg Eriksdotter Saue, f. på Voss 16.12.1878, d. på Voss 25.2.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Den største utfordringi som no står att, er å finna lagnaden til eldste dotteri Ingeborg Eriksdotter i Amerika.  Diverre er ikkje dødsmeldingane for Voss tilgjengelege, for der kunne me kanskje fått svar i samband med dødsmeldingi etter Erik Saue i 1912, men nemner ikkje bygdeboki noko om dette?  Eg ser dei har ramsa opp sju av dei ni borni, men ikkje noko om lagnadane deira...

 

Elles saknar me òg detaljar om Britha «Bertha» og første mann hennar i Amerika, samt vigsli hennar med Lars Fenne...  Kan henda i Pennsylvania?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke
31 minutes ago, Lars E. Øyane said:

kona Ingeborg Andersdotter frå Vinje

 

Vossaboki. 3: Gardssoga, 2 : Dyrvedals, Vinjar og Bøjar åttungar – frå s. 108:

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041404099
 

Synneva Styrksdtr Væte

g. 1 1757 med Olav Steffason på Grevle

g. 2 i 1763 med Sjur Person Hefte – f. 1738 – d. 1810

g. 3 i 1813 med Anders Arneson Urdland, f. 1779 – død 1834.
 

«Anders var med i krigen mot Sverike og det er fortald at det var i 13 år han var på slutten underoffiser. Anders var tridje varamann til Stortingen 1824, stortingsmann 1827 og umframtstorting 1828, to gonger konstituert lensmann, forlikskommisær og presten sin medhjelpar.»

Ved skifte etter han åtte buet gardane Øvre Vinjo og Urdland.

Synneva og Anders hadde 3 born – ei av dei var Ingebjørg som gifta seg med Nils Eirikson på Saude.
 

Alt dette tar eg med for å gjera det klart at Øvre Vinjo i dette tilfellet er garden i Tjukkebygdi.

Altså ikke Vinje på Vossetrand – ved E16 og krysset med Rv 13 til Myrkdalen.

Endret av Jostein Stokke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Samstundes som eg gjerne vil få uttrykka ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jostein for siste innlegget i dette emnet frå september, vil eg gjerne i kveld få henta fram att denne utfordrande ætti frå Voss.

 

So vidt eg kan sjå er manuskriptet mitt framleis uendra i høve innlegg #17 over, og eg ville gle meg svært mykje over eventuelle tilleggsopplysningar som kan tilføyast!  Bustadane på Voss for Kari, Olina og Barbro kjem truleg fram i bygdebøkene for Voss som eg ikkje har tilgjenge til, og kanskje er det nokon som greier løysa utfordringane kring Ingeborg og Britha og den første perioden hennar i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit nyttig og interessant innlegg.

 

Då fekk eg ei avklaring på spørsmålet kring bustaden til Barbro og Anders Sundve, og ei ny brikke i puslespelet har finne plassen sin!  Samstundes har eg med hjelp av ymse folketeljingar fått ei avklaring kring bustadane til både Kari og Olina på kvart sitt bruk på Løne.

 

Det som står att som «hovudutfordringar» i denne huslyden er pr. i dag:

 

* Ingeborg Eriksdotter Saue - lagnaden hennar i Amerika?

 

* Britha Eriksdotter Saue - dødsfsallet til første mann hennar i Amerika samt bustadar og yrke fram ntil ny utvandring med andre mann hennar i 1906?

 

* Olaf Erikson Saue - bustad (kva plass under Hauge) til Torbjørn Knutson og opphavet til kona Inger Vilhelmsdotter?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye kjempefine opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #25 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
odd tømmerås

Saue-familien fra ditt område havna også i Trondenes.

 

Til og med på min eiendom i Tømmeråsen.

 

Gikk på gymnaset med 2 brødre Saue tidlig 80-tallet , Sigurd og ...........

 

Tenker de kom nordover en gang 1870-1900

 

Har ikke papira fremfor meg men tror at nr1. het Fredrik Monsen Saue  ??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke
On 10/15/2018 at 11:02 AM, Lars E. Øyane said:

f. Olaf Erikson Saue, kjend som Ole E. Saue, f. på Voss 10.1.1870, utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Chicago, Ill. 26.4.1894 med Ingeborg Torbjørnsdotter Hauge frå Hauge på Voss, i Amerika kjend som Belle Hauge.  Ho var dotter av husmann Torbjørn Knutson på

 

Vossaboki – band 4 – side 175 – Ytre Haugo:

 

Lars Knutson f. 1738 – gift 1. 1760 med Halkatla Olavsdtr Finnesteigen, gift 2. 1775 med Brita Erlingsdtr Gjøastein, gift 3. 1778 med Marta Larsdtr Dymbe. Med Halkatla og Marta fekk han ni born. Lars døydde i 1795, og Marta vart oppattgift med Nils Torleivson Bryn.

Barn #7: Lars Larson 1783 – 1861

Barn #9: Knut Larsson f, 1788.

 

Frå Ulvik- gards- og ættesoga. 2 – side 65

Knut 1788-1853 gift  med Sigrid (Sygni ) Torbjørnsdtr Rygg 1798 – 1845 – flytt til Hakestad i Ulvik - – bygsla her kring 1830 – i alle høve var han her 1836.

Barn #2 – Torbjørn Knutsen – fødd 1829 – flytt til Voss 1866.

 

Så attende til Vossaboka – side 178 – husmannsplassar under Haugo:

Torbjørn Knutson Hakastad, g.m. Ingjerd Velomsdtr, fekk døtrene Ingebjørg, f. 1875 og Sigrid f. 1883. Dei hadde fyrst plass på Nyreshaugen og seinare stove i Haugamoen.

Torbjørn døyr i 1890 – som Husmand, gift: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000569586

 

Haugamoen er i dag det store bustadområdet aust for Vangen og Langebrua – grovt sagt mellom Hardangervegen og elva Vosso.

 

(I Ulvik vil dei helst skriva Hakestad - Kartverket seier Hakastad...)

Endret av Jostein Stokke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Ingeborg Eriksdotter Saue, f. på Voss 31.7.1859, utvandra til Amerika i 1884,

 

 

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

Langskudd......

 

Finner en Thomas Olai Seversen døpt 30. mai 1886 - moren = Ingeborg Eriksdatter og en av fadderne er Ole E. Saue.

 

The U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969 - Lenke Ancestry: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=2378141
Name:    Thomas Olai Seversen
Baptism Age:    0
Record Type:    Baptism
Birth Date:    16 Apr 1886
Baptism Date:    30 May 1886
Baptism Place:    Lee, Illinois, USA
Father:    Siger Seversen
Mother:    Ingeborg Eriksdatter
Church Name:    Norwegian Lutheran Church
Church Location:    Lee, Illinois

 

Det kan være samme Thomas som døde i 1894

 

The Web: Illinois, Select Deaths Index, 1877-1916 - Lenke Ancestry
Name:    Thos Severson
Birth Year:    abt 1886
Age:    08 Yr
Death Date:    12 Oct 1894
Death Place:    Chicago, Cook, Illinois

 

Lenke FShttps://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QGNF-LMGD

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd, Jostein og Egil for nye spennande innlegg!

 

Til Odd må eg med ein gong få seia at Saue ligg på Voss og er langt ifrå området «mitt».  Det var berre ei jente herifrå som «forvilla» seg dit på 1800-talet!

 

Elles var det godt å få på plass dette plassnamnet under Hauge, men kva med Inger Vilhelmsdotter?  Kvar var ho ifrå?

 

Men so til den store «bomben» som Egil kjem med!

 

Etter litt leiting fann eg ogso vigsli til Ingeborg Eriksdotter Saue i Lee Co., IL 17.12.1884 med Sjur Sjurson frå Voss:

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314936-00127?pid=2377819&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2377819%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx14556%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx14556&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og då var det ikkje so vanskeleg å gå vidare til FT1865 for plassen Teigen under Gjerskval på Voss:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038235002153

 

Eg har førebels ikkje freista å følgja Ingeborg og Sjur vidare i amerikanske kjelder.  Og heller ikkje opphavi til foreldri hans Sjur.  Det lyt venta til i morgon, men her kjem i alle fall eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #21 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #27 på neste side!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.