Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kvar vart det av Axel Knutson frå Øpstad i Fusa - fødd 1846 og utvandra i 1853 - påstått avliden som Alex/Aleck Peterson i Evanston, WY i 1929 - ei amerikansk utfordring! - obituary?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har «kjempa» med i fleire år - ei oppfølgjing av dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/187541-løyst-kvar-i-os-finn-me-garden-øvstestu-er-det-i-rolfsvågen/?tab=comments#comment-1588832

 

Axel Knutson, son av Knut Pederson (Sævild) og kona Synneva Axelsdotter (Gaupholm) var fødd på Rolvsvåg i Samnanger 7.2.1846 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853.  Om den tidlege soga hans i Amerika veit eg lite, men han kalla seg etter kvart Alexander eller Alex/Aleck PETERSON og gifte seg i Niobrara, NE 14.3.1883 med Kari «Carrie» Anderson, fødd i Luster 6.7.1854 og utvandra med foreldri sine til WI i 1860.

 

Alex og Carrie farma først i Creighton precinct, Knox Co., NE, men i 1889 flytte dei til ein farm i Knox township, Meade Co., SD der me finn dei i 1900:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-2BX

 

Fire born er nemnde:

 

* Etta M. Peterson, f. i Knox Co., NE ?.1.1884 - lagnad ukjend

 

* Clarence Peterson, f. i Knox Co., NE 9.2.1885 - farma 1920, 1930 og 1940 i Meade Co., SD, ugift

 

* Charlotte M. Peterson, f. i Knox Co., NE 29.7.1886 - d. i Miami Co., IN 3.5.1973 som kona til Rev. Harvey Barnes

 

* Olive Annie Peterson, f. i Meade Co., SD 1.6.1893 - d. i Spokane, WA 16.3.1969 - gifte seg 22.6.1913 med James Arza Noe, f. i Benton Co., IA 7.4.1888, d. Seattle, WA ?.4.1983 - farma 1920 i Meade Co., SD og 1930 i Pennington Co., SD

 

Carrie Peterson døydde i Meade Co., SD 27.1.1904.

 

So skjer det merkelege at korkje Alex/Aleck eller nokon av borni hans er å sjå nokon stad i FT1910, men i 1920 er både Clarence og søsteri Olive Annie med mann James Noe attende i Meade Co.,SD, men ingen spor etter far deira.  Clarence er der òg i 1930 og i 1940!

 

MEN, slekti fortel meg at Alex/Aleck Peterson levde siste åri sine på ein gamleheim i Evanston, Uinta Co., WY og at han døydde der i 1929.

 

* Greier nokon å finna Alex/Aleck Peterson mellom 1900 og 1929 og eventuelt ein OBITUARY for han frå 1929?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.