Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gunvor Jørgensdotter (fødd 1768) og Lars Jørgenson (fødd 1777) - halvsøsken frå Hafslo som forsvinn i Bergen - kvar i all verdi vart det av dei? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld henta fram to av «hovudutfordringane» frå dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/218864-jørgen-pederson-haugen-kinserdal-1729-1789-frå-hafslo-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-hans-gunvor-lars-og-gjøri-samt-stesonen-johannes-kan-då-vel-ikkje-berre-«forsvinna»-ei-utfordring-av-dimensjonar/?tab=comments#comment-1848000

 

** Gunvor Jørgensdotter (Haugen), døypt i Hafslo 14.8.1768 - konfirmert i Domkyrkja i Bergen i 1785

 

** Lars Jørgenson (Haugen), døypt i Hafslo 27.7.1777 - konfirmert i Nykyrkja i Bergen i 1792

 

Far deira var Jørgen Pederson (Haugen) (1729-1789) som kring 1782 flytte frå Hafslo til Bergen med kone og to fellesborn og eitt born kvar seg frå tidlegare ekteskap, men Gunvor og Lars er som sokke i jordi etter dei vart konfirmerte i Bergen!

 

Eg ville vorte kjempeglad om nokon greier å finna spor etter dei og takkar so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Gravlagde i Bergen 1816-86, Gamle DA.

 

Kornmaler Lars Jørgensen, d 29.6.1834, 66 5/6 år gamal.  Født ca 1768. Ein diff på 9 år.

Sygehuuslem Lars Jørgens, d 20.4.1846, 61 år gamal. Født ca 1785. Ein diff på 8 år.

 

Det skal ikkje være einkelt, Lars ..................

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jon for eit interessant innlegg i denne debatten, som diverre har lege utan svar alt for lenge!

 

Ser me på undersøkjingskommisjonen 1804 for Bergen, finn me ein:

 

* Lars Jørgenson Follesvaag som er fødd i Askvoll 10.10.1767, sjauar.  Han er tydeleg gift og har to born: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=5991&merk=5991#ovre

 

Dette er IKKJE vår mann, men han KAN vera identisk med den kornmålaren som døydde i 1834.  Alderen høver i alle fall godt!  Truleg er det same mann me finn som sjømann i 1801 gift med Karen Rasmusdotter: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390003518

 

Og her er utan tvil same mann i FT1815 for Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079001883

 

Og her er vigsli hans frå 1799: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16102&merk=16102#ovre

 

Og her er han attgift i Bergen i 1818, og då er han kornmålar: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1816&gardpostnr=4915&merk=4915#ovre

 

Men kven er so sjukehuslemmet som døydde i 1846?

 

Han skulle vera fødd kring 1785.  Då har eg ein mistanke om at det KAN vera Lars Ulrik Jørgensen, fødd i Bergen 1787:

 

Name Lars Ulric Jorgensen
Gender Male
Birth Date 28 Jul 1787
Christening Date 03 Aug 1787
Christening Place Bergen, Bergen, Norway
Father's Name Jorgen Olsen
Mother's Name Anne Margarethe Olsdr

 

Han vart konfirmert på Askøy i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000693053

 

og er soleis ikkje med korkje i FT1801 eller undersøkjingskommisjonen for Bergen 1804.

 

Men han gifte seg to gongar i Bergen:

 

* i 1819: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001192842

 

* i 1837: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000726224

 

Etter den tid ser me ikkje noko meir til han!

 

Dødsmelødingi seier heller ikkje noko: https://media.digitalarkivet.no/view/23995/367

 

Eg er meir eller mindre sikker på at Lars Ulrik Jørgensen er mannen som døydde som sjukehuslem i Bergen i 1846.

 

Eg er etter dette ganske so sikker i mi sak når eg hevdar at «vår» Lars Jørgenson forsvinn frå Bergen etter 1792 og FØR 1801.  Og det same gjeld søsteri Gunvor, men ho kan ha flytt frå Bergen noko før!?

 

Det hadde vore skikkeleg moro om me kunne greia spora opp desse søskeni, kvar det vart av dei, og eg takkar på ny for alle gode tips i so måte!  Ein eller annan stad MÅ dei jo vera!?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki.  Eg sit tross alt med ei aldri so liti von om at kanskje ein eller annan kjem på ei mogeleg løysing.  Desse søskeni kan då ikke berre forsvinna heilt sporlaust!?

 

Alle gode tips vert mottekne med òpne armar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.