Jump to content
Arkivverket

To søstrer Johnson frå Luster/Buffalo Co., WI med utfordrande lagnadar - Minneapolis, MN og Chicago, IL?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i lang tid slite med å finna ut av lagnadane til to av døtrene etter husmannssonen Gjert Johannesson frå Ottum i Luster (1837-1911), som i 1861 utvandra til Buffalo Co., WI og der gifte seg med Susanna Christophersdotter frå Talle i Luster (1837-1880), utvandra same år.

 

Dei fekk åtte born i lag, og dette er kva andre etterkomarar etter dette parfolket kunne fortelja meg for snart 40 år sidan om dei to døtrene:

 

* Severina, kjend som Sebrina Johnson, fødd i Luster 1.1.1860, utvandra i 1861 (manglar i kyrkjeboki, men fekk flytteattest i 1872) og skal vera avlidi i Minnjeapolis, MN i året 1900.  Alt me veit om ho, er at ho var gift med ein «Mr.» OLSON og at dei budde i Minneapolis, MN der dei fekk tre born i lag.  Borni er ukjende!

 

* Kirstina, kjend som Christine Johnson, fødd i Buffalo Co., WI 12.7.1870, døydde i Minneapolis, MN som Christine Davis 1.1.1957.  Ho skal ha gift seg første gongen tidleg på 1890-talet med ein «Mr.» IVER, og dei skal ha butt i Chicago, IL der dei skal ha fått to born i lag.  Men før 1911 var Christine attgift med ein William DAVIS, og då budde dei i Minneapolis, MN.  William er elles heilt ukjend.

 

So langt opplysningane frå slekti!

 

Ved litt leiting finn eg denne vigsli i Minneapolis, MN 16.2.1889 mellom Andrew Olson og Severena Johnson:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RP9D-MF

 

Kanskje er dette dei i FT1895 i Minneapolis, MN, men i so fall har Severina to born frå før, og dei har berre ein felles son(?):

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLQ-YVT

 

Og ganske riktig, her er Severina (Salena) Johnson med første mann Martha(!) L. Johnson, fødd Noreg kring 1846, og dei same to døtrene i 1885:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DRVH-MY

 

Og vigsli til Martin L. Johnson og Severina Gjertson i Minneapolis, MN 26.4.1881:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-RG9H-ZH

 

Dette må vera Severena Olson, framleis i live i 1905 med sonen Arthur i Minneapolis, MN:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-BJ7

 

Men i 1910 er Arthur J. Olson busett hjå halvsøsteri Clara Swanberg i Minneapolis, MN:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVC-ZPR

 

Fødsli til Arthur Julius Olson i Minneapolis, MN 7.3.1895:

 

Name: Arthur Julius Olson
Gender: Male
Race: White
Birth Date: 7 Mar 1895
Birth Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Father: Andrew Olson
Mother: Sevrine
FHL Film Number: 1498834

 

Skal me tru på gravdekorasjonane, må dette vera gravene til Andrew Olson (død 24.2.1896) og Severena Olson (død 9.5.1909) i Lakewood cemetery, Minneapolis, MN:

https://www.findagrave.com/memorial/125426416

https://www.findagrave.com/memorial/125427433

 

So langt Severina!

 

Eg mistenker dette for å vera Christine og William Davis i FT1910 for Minneapolis, MN med to steborn Iver fødde i Illinois:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-CMQ

 

Og i so fall er dette Christine Davis som enkje med dotter Ruth Iver i Minneapolis, MN i 1920:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNF-9FD

 

Og i 1930 som enkje åleine i Minneapolis, MN:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHZ-SJL

 

Og i 1940 som enkje åleine i Minneapolis, MN:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9MT-WSRD

 

Dette er nok då vigsli til William Davis og Christine Iver i Minneapolis, MN 28.1.1905:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GB6F-8JJ

 

Og dødsfallet til William L. Davis i Minneapolis, MN 27.3.1913:

 

Name William L. Davis
Event Type DEATH
Event Date 27 Mar 1913
Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Gender Male
Age 52
Marital Status Married
Race Wht.
Occupation Machinist
Birthplace New York
Birth Date 20 Oct 1860
Birth Year (Estimated) 1861
Burial Date 29 Mar 1913
Burial Place Richfield, Minnesota
Father's Name Wm. Davis
Father's Birthplace England
Mother's Name Sarah Mcclain
Mother's Birthplace Scotland

 

Og då må vel dette vera huslyden i Chicago, IL i 1900, John Iver, fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875 med kona Christine og to born:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-3BT

 

Dødsfallet til John C. Iver i Chicago, IL 19.12.1900:

 

Name John C. Iver
Event Type Death
Event Date 19 Dec 1900
Event Place , Cook, Illinois, United States
Event Place Chicago, Cook, Illinois
Address 576 WEST 21 ST STREET WARD-9
Gender Male
Age 35
Marital Status Married
Race White
Occupation PAINTER
Birth Year (Estimated) 1865
Birthplace Norway
Burial Date 19 Dec 1900
Cemetery FOREST HOME
Record Number 50

 

Eg er rimeleg overtydd om at eg har finne dei «rette» søstrene, og då sit me att med følgjande utfordringar:

 

** Kven var Martin L. Johnson, første mann til Severena, fødd i Noreg kring 1846 - fleire detaljar om han?

 

** Kven var Andrew Olson, andre mann til Severena Johnson - tydeleg fødd kring 1863 i Noreg?

 

** Dødsstaden til Severine Olson i 1909 - eg finn ikkje dødsattesten hennar i Minnesota!?

 

** Kven var John C. Iver, mann til Christine Johnson - tydeleg fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875?

 

** Dato og stad for vigsli til John C. Iver og Christine Johnson?

 

** Fleire detaljar om William L. Davis - nøyaktig fødestad og mellomnamn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-3BT?i=48&cc=1325221

Ser at i folketellingen for 1900 er Christina Iver oppført som født i Wisconsin, men foreldrene skal være født i Bøhmen. Ser at mange andre i denne listen også er oppført med foreldre født i Bøhmen. Men i andre folketellinger (1910) er hun oppført med foreldre født i Norge. Og ved datteren Ruths dødsfall i 1925 er hun oppført som Christine JOHNSON. https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDQW-5D3

Ruth Naomi Coles

Minnesota Deaths and Burials, 1835-1990
 
Name: Ruth Naomi Coles
Gender: Female
Death Date: 02 Jul 1925
Death Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Age: 32
Birth Date: 1893
Marital Status: Married
Spouse's Name: Jas. A. Coles
Father's Name: John C. Iver
Mother's Name: Christine Johnson

 

 

Edited by Lars Johannessen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for interessante innlegg!

 

Eg kan ikkje forstå at det fanst to par John Iver og Christine i Chicago, IL på same tid, so eitt eller anna må vera feil med den fødselsattesten du fann for Emma Iver...

 

Elles har eg søkt «høgt og lågt» etter mogelege «kandidatar» for John Iver, men finn ingen som eg tykkjer høver.  Iver-namnet som ættenamn er svært uvanleg!!  Truleg er det ei avstutting av Iverson, men om det var far hans som heitte Iver eller om faren heitte Iverson, sjå det er ei godt spørsmål...

 

Eg har oppdaga at båe ekteskapi til Severena i Minneapolis, MN fann stad i lutherske kyrkjer med Rev. O. P. Vangsness for første ekteskapet og Rev. M. Falk Gjertsen for hitt, so eg har kontakta kyrkjearkivet i Chicago, IL med von om at dei kan finna nærare detaljar om dei to ektemakane.

 

MEN eg fann dødsmeldingi til Andrew OIlson, og denne syner at han var 33 år gamal då han døydde 24.2.1896, hotel keeper og son av Ole Hansson og kona Anna!  Med desse opplysningane finn eg i grunnen berre TO gode «kandidatar»:

 

* Anders Olaves Olson, fødd i Tønsberg 28.3.1862 og døypt 4.4.1862 som son av skreddarmeistar Ole Hansson Sundby og kona Anna Andrine Andersdotter Skjeiestok: https://media.digitalarkivet.no/view/1279/112

Huslyden i FT1865 Tønsberg: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0705&kenr=000&bnr=0225&lnr=00

 

* Andreas Gunelius Olson, fødd i Norderhov 15.6.1863 og døypt 26.7.1863 som son av skreddararbeidar ungkar Ole Hansson Helgelandseiget i Hole og jenta Anna Randine Andersdotter Øreneiget i Haug: https://media.digitalarkivet.no/view/1112/157

Mori med son i 1865 på Pedersbraaten under Frog nordre i Norderhov: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=004&bnr=0057&lnr=000

 

Kan det vera ein av desse som er hamna i Minneapolis, MN som gift med Severina?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
På 30.9.2018 den 20.15, Lars E. Øyane skrev:

* Andreas Gunelius Olson, fødd i Norderhov 15.6.1863 og døypt 26.7.1863 som son av skreddararbeidar ungkar Ole Hansson Helgelandseiget i Hole og jenta Anna Randine Andersdotter Øreneiget i Haug: https://media.digitalarkivet.no/view/1112/157

Mori med son i 1865 på Pedersbraaten under Frog nordre i Norderhov: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=004&bnr=0057&lnr=000

 

Det kan ikke være denne Andreas som giftet seg i Minnesota. Han giftet seg med Mari Torgrimsdatter 14.6.1887 i Haug i Norderhov (nr. 4 ovenfra): https://www.digitalarkivet.no/kb20051111041189

 

De bodde på Øverdahl i Norderhov i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037110001885

 

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
På 30.9.2018 den 20.15, Lars E. Øyane skrev:

* Anders Olaves Olson, fødd i Tønsberg 28.3.1862 og døypt 4.4.1862 som son av skreddarmeistar Ole Hansson Sundby og kona Anna Andrine Andersdotter Skjeiestok: https://media.digitalarkivet.no/view/1279/112

Huslyden i FT1865 Tønsberg: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0705&kenr=000&bnr=0225&lnr=00

 

Denne Anders døde 4.7.1863 (nr. 40): https://www.digitalarkivet.no/kb20051017041100

 

Anders som står oppført i FT1865 var født 3.4.1864: https://www.digitalarkivet.no/kb20051017040954

 

Jeg vil tro at det er han som er oppført som bakerlærling sammen med brødrene Hilmar (f. 1857) og Ole (f. 1860) i 1885: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053270000210

 

Muligens han som står oppført feil fødelsår (men riktig fødselsdato) i 1910? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036498000730

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for nye og avklarande innlegg om denne huslyden!

 

Då var det altso ingen av dei to «kandidatane» for Andrew Olson som eg har finne, som høver med «vår» Andrew, og då veit eg ikkje...

Finst det eit vis å søka i Digitalarkivet sin versjon av FT1865 etter «And* + Ol* +186*» med foreldri «Ol* + Hans* + An*»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne «kjempeutfordringi»!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

So har eg frå Amerika motteke dei originale vigslene for Severina Johnson frå kyrkjebøkene.  Vigsli til Andrew Olson og Severine manglar opplysningar om foreldri, men den første vigsli med Martin L. Johnson var spennande og avklarande:

 

Martin L. Johnson vert sagt vera fødd i Kvæfjord av foreldri Jens B. Iverson og Gregine M. Martinusdotter, so her har me dåpen hennar i Kvæfjord:  Morten Ludvig, fødd 1.6.1845 av foreldri Jens Benjamin Iverson og Gregine Marie Martinusdotter - innerstfolk på Bremnes:

https://media.digitalarkivet.no/view/9634/99

 

Her er huslyden i FT1865 - gardfolk på Holand i Kvæfjord, og Morten Ludvig er framleis heime:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1911&kenr=002&bnr=0002&lnr=00

 

Då har eg følgjande konkrete utfordrngar når det gjeld Morten og foreldri hans:

 

** Kva år utvandra Morten Ludvig til Amerika?

 

** Frå kva gard/plass hadde Jens Benjamin Iverson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass hadde Gregine Marie Martinusdotter opphavet sitt?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har pr. e-mail motteke følgjande opplysningar frå bygdeboki for Kvæfjord:

 

~~~~~~~~~~

 

Jens Benjamin Iversen f. 10.08.1820 på Bremnes, Kvæfjord

Han omkom på Gullefjorden 21.11.1895.

Gift 21.08.1840 med Gregine Marthinusdatter f. 1814 i Vik, Kvæfjord

Ho døydde 11.02.1867

Jens og Gregine kom til Holand kring 1843.

 

Morten Ludvig f. 1843 på Holand i Kvæfjord dro til Amerika 1868.

Her har bygdeboka feil:

Morten Ludvig utvandret 26.04.1869 til Amerika, se nr 1 1869:

SATØ, Kvæfjord sokneprestkontor, G/Ga/Gaa/L0004kirke: Ministerialbok nr. 4, 1857-1877, s. 282

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227720592

 

Morten Ludvik hadde to born med jenta Martha Andrea Hansdatter før han reiste til Amerika:

 

Johan Lorents f. 09.10.1864 på Holand i Kvæfjord

SATØ, Kvæfjord sokneprestkontor, G/Ga/Gaa/L0004kirke: Ministerialbok nr. 4, 1857-1877, s. 33, Se nr 64

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227720348

 

Hagbart Johan f. 22.09.1867 på Holand i Kvæfjord, døydde som barn.

SATØ, Kvæfjord sokneprestkontor, G/Ga/Gaa/L0004kirke: Ministerialbok nr. 4, 1857-1877, s. 57 Se nr 10

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227720372

 

~~~~~~~~~~

 

Med dette er spørsmåli frå innlegg #8 løyste, og me sit att med desse utfordringane frå innlegg #1:

 

** Kven var Andrew Olson, andre mann til Severena Johnson - tydeleg fødd kring 1863 i Noreg?

 

** Dødsstaden til Severine Olson i 1909 - eg finn ikkje dødsattesten hennar i Minnesota!?

 

** Kven var John C. Iver, mann til Christine Johnson - tydeleg fødd i Noreg januar 1865 og utvandra 1875?

 

** Dato og stad for vigsli til John C. Iver og Christine Johnson?

 

** Fleire detaljar om William L. Davis - nøyaktig fødestad og mellomnamn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Spørsmålet mitt frå innlegg #7 la eg inn som eit spørsmål til Digitalarkivet om transkriberte kjelder, og eg fekk eit interessant svar:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226164-søkemetode-i-ft1865/

 

Tone Merete fann ein svært spennande «kandidat» fødd i 1862:

 

* Andreas Olson, fødd i Rennesøy 13.9.1862 som son av Ole Hansson og Anne Kirstine Aanensdotter, plassfolk på Mastaaker(?):

https://media.digitalarkivet.no/view/6307/22

 

Her er denne huslyden i FT1865 på Nydal under Hausken i Rennesøy:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038216000832

 

Og med same bustad i 1875:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1142&kenr=002&bnr=0050&lnr=00

 

Eg ser ikkje noko til Andreas Olson korkje i FT1900 eller i FT1910!

 

** Kva seier bygdeboki for Rennesøy om denne huslyden??

 

** Kan dette vera «vår» Andrew Olson i Minneapolis, MN??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt spennande og utfordrande innlegg!

 

Her låg jo alt skikkeleg til rette for at me har finne «rette» folki, men so lenge var Adam i Paradis...

 

Nøyare sjekking av online records hjå ancestry.com har avslørt eit family tree som syner at Andrew Olson frå Hausken døydde i Norman Co., MN i 1920!

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/13149071/person/12930660/facts

 

so ogso denne lovande «kandidaten» var eit blindskòt...!

 

Kven i all verdi kan Andrew Olson ha vore???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

En kandidat til Anders i 1880, er denne sjekket ut?

 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBP-934C?i=8&cc=1417683

Name: Andrew Olson
Event Type: Census
Event Date: 1880
Event Place: Sargeant, Mower, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 17
Marital Status: Single
Race: White
Race: W
Occupation: Works On Farm
Relationship to Head of Household: Son
Relationship to Head of Household: Son
Birth Year (Estimated): 1863
Birthplace: Norway
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: A
Sheet Number: 505
Person Number: 2
Volume: 1
 
Ole Johnson Self Male 42 Norway
Emma Johnson Wife Female 47Norway
Andrew Olson Son Male 17 Norway
John Olson Son Male 11 Norway
Betsey Olson Daughter Female 7 Norway
Emma Olson Daughter Female 1 Minnesota, United States
 
Denne Andreas er da født i Vossestrand 11.10.1863 https://media.digitalarkivet.no/view/7090/37061/9
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget med ein freistnad på å identifisera Andrew Olson.

 

Lett skal det tydewleg ikkje vera.  Eg har nok mine sterke tvil om dette kan vera «rett» Andrew Olson.  Både farsnamnet til faren og førenamnet til mori avviker...

 

Om ein søker på Andrew Olson i Hennepin Co., MN i 1885, fødde i Noreg mellom 1862 og 1864, finn me heile åtte «kandidatar»:

https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&localeSubcountryName=Minnesota&query=%2Bgivenname%3AAndrew~ %2Bsurname%3AOlson~ %2Bbirth_place%3ANorway %2Bbirth_year%3A1862-1864~ %2Bresidence_place%3A"Hennepin County" %2Bresidence_year%3A1885-1885~ %2Brecord_country%3A"United States" %2Brecord_subcountry%3A"United States%2CMinnesota" %2Brecord_type%3A(3)&localeSubcountryName=Minnesota,Minnesota,North Dakota,South Dakota,South Dakota,South Dakota,South Dakota,South Dakota,South Dakota,Buskerud

men ingen av desse «jump out at me»...

 

Men før eller sidan vil nok Andrew dukka opp frå gøymsli...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floken!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke ein kopi av dødsattesten til John C. Iver i Chiocago, IL, men diverre seier den ikkje noko meir enn kva me veit frå før.  Eg hadde vona på ei nøyaktig aldersoppgåve, men det får me ikkje, berre at han hadde vore i Illinois i 25 år.  So kven kan han ha vore??

 

Han bør vera ein eller annan strad i FT 1880 i Illinois i lag med foreldri sine, men kva namn nytta dei då?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

 

 

John Iver death.jpg

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg la i kveld denne problemstillingi om John C. Iver fram for ein forskar på arkivet il ELCA i Chicgao, IL og fekk dette svaret:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

No church records pop up, but the cross-reference links to the 1900 census and Cook County births index leads to this Norwegian baptism:

 

 

Name:

John Christopher Iver Mortinusen

Gender:

Male

Birth Date:

21 jul 1865

Baptism Date:

27 aug 1865

Baptism Place:

Stod, Nord-Trøndelag, Norway

Father:

Iver Mortinus Ingebrigtsen

Mother:

Gurine Margarethe Christophersdotter

FHL Film Number:

307066

Reference ID:

B6 p24 #31

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg forstår ikkje samanhangen, men kanskje det let seg gjera sjekka ut denne personen frå Stod?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å klara opp denne gåta kring opphavet til John C. Iver!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg ser at denne huslyden i Stod i 1865 var gardfolk på Engum i Følling sokn i Stod:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038344004557

 

Men dei var framleis på Engum i Stod i 1891:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053127001243

 

so eg trur ikkje dette kan vera den huslyden me ser etter!

Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
2 timer siden, Jon Sværen skrev:

Lars !

 

Her er ein Anders, m/ Ole Hansson som far og mor: Anne.

Kan det væra han ?

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302640493.jpg

 

Han emigrerer i alle fall i 1885 https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000096624

Men mest sannsynlig er dette den samme Andrew Skibenes som døde i South Dakota i 1953 https://www.findagrave.com/memorial/102336931.

Han var gift med Sina Myroldhaug eller Haugen.

 

 

2 timer siden, Jon Sværen skrev:

 

 

 

 

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Lars L. for interessante innlegg.  Då var nok diverre ogso denne Anders eit «bomskòt».  Nei enkelt skal det so visst ikkje vera, men ein eller annan stad der ute må han vera; det gjeld berre om å leita på «rette» staden...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera desse ektemakane til Severina og Christine!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.