Jump to content
Arkivverket

Berthe Nilsen - fødd i Marifjøra 1856 - gift i Christiania med August Johnson Fagerberg frå Kalmar län - fleire detaljar om denne huslyden?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #62687 i det gamle brukarforum:

https://forum.arkivverket.no/topic/148072-62687-bertha-marie-og-august-fagerlurg-maridalsv-1918-fleire-opplysningar/?tab=comments#comment-1245148

 

Utgongspunktet for emnet den gongen var dødsfallet til Berthe Marie Fagerberg i Jakobs kyrkjelyd i Christiania 27.11.1918:

https://media.digitalarkivet.no/view/1832/118

 

Stort lenger kom eg ikkje den gongen, men kanskje let det seg gjera i dag å finna litt fleire opplysningar om denne huslyden?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Nummer 421

 

Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll nr. C 11 (1921-1923), Dødsfallsprotokollside, Side 128
Permanent bilde-ID: sk20090515360137
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090515360137
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090515360137.jpg
 

Edited by Sven Hjortland
Link to comment
Share on other sites

En kandidat, men ikke fra Kalmar...

 

Utskrift fra EmiWeb/Emigranter registrert i svenske kirkebøker

Fornavn: August   Utflyttingsdato: 1885-01-09
Etternavn: Johannesson   Utflyttingssted: Svärdsbyn
Fødselsdato: 1859-06-30   Utflyttingssogn: Steneby
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Älvsborg
Født sted:     Destinasjon sted: Oslo
Født sogn: Steneby   Destinasjon land: Norge
Født län: Älvsborg   Landskode:  
Født sted (utenfor Sverige):     Enslig/Familie: E
Født land (utenfor Sverige):     Filnr: 17
Yrke: Dräng   Kilde: Steneby Hfl 1881-1885
Alder: 26   Side i Husforhør/Församlingsbok: 316
Kjønn: M   Nr. i utflyttingsliste: 4
Sivilstatus: OG  
 
Innflyttingsår:     Husforhørsbind:  
Innflyttingssted:     Utflyttingsbind:  
Innflyttingssogn:     Merknader i utflyttingsliste:  
Innflyttingslän:     Merknad om gjeninnvandring:  
Innflyttingsland:     Gjeninnvandringsdato:  
Fars navn:     Merknad om arbeidsattest:  
Fars yrke:  
Mors navn:  
Mors yrke:  
Ektemakes navn:  
Ektemakes yrke:  
 
Sist oppdatert: 2014-05-23 11:08:33.0
Arkiveiere: Svenska Emigrantinstitutet
E-post: emigrationsforskning@kulturparkensmaland.se
Telefon: +46 470 70 42 00

 

Fritekst

Christiania är numera Oslo.

 

 

EDIT: Det er trolig denne https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392147224

Edited by Sven Hjortland
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven for interessante og spennande innlegg, og so kjapt!  Eg er nok ein gong mektig imponert!

 

Ikkje berre fann du dødsmeldingi til August, men ogso 1910-innførsli og sist, men ikkje minst, det svenske opphavet hans!  Eg veit ikkje kvar eg hadde Kalmar ifrå, men han du fann stemmer jo nøyaktig på dato og namn, og han flytte attpåtil til Christiania.  Det kan ikkje vera tvil om det er «rett» mann!

 

Eg har sett opp eit revidert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter eit spennande innlegg av Lars W. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under!

 

Etter dette sit me no att med tre «hovudutfordringar»:

 

** Vigsli til Berthe og August mellom 1885 og 1900?

 

** Opplysningar om foreldri hans?

 

** Og spørsmålet om Berthe Marie hadde born?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

August Johannesson f. i Steneby er dessverre feil person. Vi finner han i FT1905 med kone og barn i Holstsgate 4: https://www.digitalarkivet.no/of20130903021378

"Vår" August Fagerberg bodde da i Maridalsveien 12: https://www.digitalarkivet.no/of20130903031861

 

I FT1907 er det oppgitt at August Fagerberg er født i Kalmar og at han flyttet til Norge i 1894: https://www.digitalarkivet.no/of20130903031861

August og Berthe Marie må ha giftet seg før 1899. I FT1899 bodde de i Mariboes gate 6: https://www.digitalarkivet.no/of20130423007921

 

Jeg har prøvd å finne August Fagerberg i kirkebøkene for Kalmar, men har så langt ikke klart å finne ham.

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Lars W. for eit overraskande, men svært so spennande innlegg!

 

Har du sett på makan; to svenskar med namn August Johannesson/Jönsson i Christiania med same fødselsdato!  Det må vel vera høgst uvanleg!!

 

So eg var nok litt for snau i konklusjonen min i innlegg #5.

 

No fann eg forresten att kjeldereferansa frå FT1900 der det òg står at August var fødd i Kalmar: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045130552

 

Eg tykkjer forresten det i 1907 står at August kom til Christiania og Noreg i 1895...!

 

Kan henda lyt me finna VIGSLI til August og Bertha før me greier å identifisera opphavet hans??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Nilsdotter {Marifjæren}, f. {i Luster} 9.7.1856,

Berthe Marie Nilsen flytte i ung alder til Bergen der ho ei tid tente hjå lektor Prøys på Nygaard, men i 1880-åri flytte Berthe til Christiania der ho

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? – før 1900! – NB: fødselsdato nytta i Christiania 7.9.1857!)

 

gifte seg med August Jönsson frå

 

#####c (opphavet hans?)

 

i Kalmar län, Sverige, kjend som August Fagerberg.  Han var son av

 

##### (foreldri hans med yrke, bustad og opphav?)

 

og f. i

 

##### (fødestaden hans?)

 

Kalmar län 30.6.1859, men flytte til Christiania i 1895.  August Fagerberg vart anleggsarbeidar, og han og Berthe vart buande i Christiania der Berthe d. på eit sjukehus 27.11.1918.  August Fagerberg d. på eit anna sjukehus i Christiania 2.3.1922.  Dei var barnlause.

 

##### (sjekka om dette stemme? – slekt i Sogn meiner ho hadde fleire born, kan henda før ho vart gift med August?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Sveriges Befolkning 1880

 

Post 1880-8-53-5144

Svensson Slät, Jonas
Båtsman avskedad

f. 1819 i Torsås (Kalmar län, Småland)

Gift man, far i familjen

Slätafly
Torsås (Kalmar län, Småland)

Registrerad födelseort: Torsås Kalmar län
 

 

Post 1880-8-53-5145

Olsdotter, Maria

f. 1820 i Torsås (Kalmar län, Småland)

h.
Gift kvinna, mor i familjen

Slätafly
Torsås (Kalmar län, Småland)

Registrerad födelseort: Torsås Kalmar län
 

Link to comment
Share on other sites

Eg er skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Sven for fleire fantastiske innlegg om August Jonasson, som då endeleg er dukka opp i Kalmar lån!

 

Eg har ingen tilleggsspørsmål om opphavet hans; du har kartlagt alt eg treng, so no manglar me om denne huslyden berre to utfordrande opplysningar:

 

** Vigsli til Berthe og August mellom 1885 og 1900?

 

** Og spørsmålet om Berthe Marie hadde born?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Nilsdotter {Marifjæren}, f. {i Hafslo} 9.7.1856,

Berthe Marie Nilsen flytte i ung alder til Bergen der ho ei tid tente hjå lektor Prøys på Nygaard, men i 1880-åri flytte Berthe til Christiania der ho

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? – før 1900! – NB: fødselsdato nytta i Christiania 7.9.1857!)

 

gifte seg med August Jonasson frå Torsås i Kalmar län i Sverige, kjend som August Fagerberg.  Han var son av båtsmann Jonas Svensson Slät på Slätafly i Torsås, opphavleg frå Kingetorpet i Torsås, og kona Marie Olofsdotter Bjørk frå Anforhyttan i Torsås, og f. i Torsås, Kalmar län 30.6.1859, men flytte til Christiania i 1894.  August Fagerberg vart anleggsarbeidar, og han og Berthe vart buande i Christiania der Berthe d. på eit sjukehus 27.11.1918.  August Fagerberg d. på eit anna sjukehus i Christiania 2.3.1922.  Dei var barnlause.

 

##### (sjekka om dette stemme? – slekt i Sogn meiner ho hadde fleire born, kan henda før ho vart gift med August?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet.  Framleis vantar me svar på to konkrete spørsmål:

 

** Vigsli til Berthe og August i eller nær Christiania mellom 1885 og 1900 - truleg kring 1895?

 

** Og spørsmålet om Berthe Marie hadde born?

 

Er det kanskje mogeleg å finna att Bertha i FT1891?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.