Gå til innhold
Arkivverket

Johan Fredrik Nilsson Wiig (1749-1782) - handelsmann i Marifjøra og sidan gardbrukar på Moltu i Herøy, Sunnmøre - er det mogeleg å finna ut meir om borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #36344 i det gamle brukarforum

 

https://forum.arkivverket.no/topic/121862-36344-johan-fredrik-wiig-gjestgjevar-marifjøra-hafslosogn-1775-1779-kven-var-han/?tab=comments#comment-994754

 

der eg i dag har konstatert, og seier meg lei for, at dei siste fire innleggi frå 2008 er gått meg «hus forbi» (Eg hadde ikkje noko abonnement på emni den gongen...).

 

Kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Herøy på Sunnmøre som kan hjelpa meg vidare med denne huslyden i dag?

 

Mitt oppdaterte manuskript ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er denne bografien no oppdatert i innlegg #7 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Johan Nielsen Moltue 43 Aar" jordfesta 8.s.e.tr 1792 ;

kyrkjeboka Herøy, https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630093

 

 

Rasmus Rønneberg står det om i "Sandesoga" b.2 s. 115 (Larsnes).

f.22.12.1776 - d.13.1.1822

ifl. Sandesoga hadde Rasmus og Gjertrud 7 born.

 

Rasmus var son til Kristoffer Tjærandson Rønneberg (frå Røyneberg i noverande Sola kommune, sør for Stavanger)

og  Margrete Rasmusd. f. Frøysa (i Sunnylven)

på Kriksholmen i Herøy. Det står om dei i "Herøyboka- Gardar og folk" (2.utg.) b. 2 s.606-612

Det nyleg skrive ei bok om Rønneberg-folka.

 

Du finn ikkje Gjertrud d. i Sande fordi Larsnes høyrde til Rovde sokn (til 1964);

ho er nr. 5/1821 her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829640071

i 1821 var det i Rovde sokn/Herøy prestegjeld.

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 minutes ago, Tore Nilssen said:

Rasmus Rønneberg og resten av Rønneberg-slekten:

 

http://www.ronneberg.org/genealogy/getperson.php?personID=I928&tree=A

 

9 hours ago, Lars E. Øyane said:

a. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, døypt i Herøy 28.10.1774, d. i Herøy 22.1.1775.

b. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, f. i Hafslo 26.11.1775, d.

 

I ronneberg.org har dei vel tatt feil av desse søstrene med same namn - dersom Lars har rett då.......

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Nille Iverine Johansdotter Wiig, døyptmi Herøy ?.11.1779,

 

     ##### (lagnaden hennar? – gift til Flusund i Herøy?)

 

 

døypt 17.11.1779 i Herøy:  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013766108

 

ifl. "Herøysoga - Gardar og folk" (2.utg) b. 2 s. 28

g. (ikkje årstal, men første barn f. 1812) Hans Hansson Leganger (frå Sogn), 1760 - 1832,

enkjemann i Flusund, Herøy

Nille Iverine d. 1830

 

Men om ho døydde i Herøy, burde ho stå her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630337

og det gjer ho ikkje.

Skiftet etter henne var 29. september 1829 https://www.digitalarkivet.no/sk20090128610332

der det heiter "under denne maaned ved døden afgangne...".

Det kan tenkjast ho døydde og vart gravlagd ein kvan annan stad - på reise/vitjing kanskje?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Tore og Jostein for mange interessante og spennande innlegg!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt med dei nye opplysningane som er komne til, og har likeins grave fram litt fleire detaljar, særleg om Stevelin Schjeldrup og kona hans, Anna Høyer f. Rønneberg, som syner seg vera brordotter av Rasmus.

 

Her følgjer manuskriptet som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no oppdatert i innlegg #9 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, f. i Hafslo 26.11.1775, d. som handelsmannskone på Larsnes i Rovde, Sande 22.11.1821.  Ho gifte seg i Herøy 22.7.1804 med Rasmus Christopherson Rønneberg frå Krigsholmen i Herøy, f. i Herøy 22.12.1776.  Han d. som handelsmann på Larsnes 13.1.1822.  Rasmus var handelsmann, og han og Gjertrud budde på Larsnes i Rovde, Sande.  Dei fekk sju born i lag.

 

 

Her er det eit spørsmål om kor nøye du vil vere i geografien. På Rasmus/Gjertrud si tid, låg Larsnes i Rovde sokn, Herøy prestegjeld.  (Sande var eit anna anneks til Herøy.)

 

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

     Stevelin gifte seg i Borgund ?.10.1818 med Anna Høyer Eliasdotter Rønneberg frå Ladeberg ved Valderhaug i Borgund, døypt i Borgund

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – ved dødsfallet sagt fødd 3.9.1793!)

     1794.  Ho d. som enkje i Ålesund 16.1.1873.  Stevelin Schjeldrup var skipsførar, og han og Anna budde i Ålesund.  Dei fekk fem born i lag.

 

 

 

Anna var heimedøypt, stadfesta i Borgund kyrkje 16. s.e.tr (15.9.)  1793, https://www.digitalarkivet.no/kb20070903610342

(nedst til høgre).

I den dataregistrerte versjonen er namnet feillest til "Arne".

 

Vigsla i 1818 er ført inn utan nøyaktig dato, berre oktober, nr. 25 til venstre her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070903640601

(dette er kalla klokkarbok, men eg har ein mistanke om at det er Res.kap. si bok - det er ikkje ein kopi av soknepresten si bok).

 

 

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Nils Nicolai Johanson Wiig, døypt i Herøy 2.10.1782,

     ##### (lagnadsen hans? – tok over som gardbrukar og handelsmann på Moltu i Herøy?)

 

 

"Herøysoga - Gardar og folk", b.3 s.184 (Moltu), fortel at Nils Nicolay vart buande på Moltu:

f.26.10.1782 - d.19.1.1846

g. 1812 Marte Sofia Nilsd. Schelderup, frå  Ulstein, 28.5.1792 - 18.2.1840

8 born nemnde.

Det står også (s. 157) at Nils dreiv handel på Moltu (frå 1812, til sonen tok over i 1840).

 

 

Eg har ikkje sjekka kjeldene; men ein fødsel i Ulstein 1792 og evt. vigsel der i 1812 må vere kjende

frå andre kjelder enn kyrkjeboka, som brann med prestegarden i 1832.

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg ser du oppgjev ein fødselsdato for Nils Nicolai Wiig som ligg fleire veker etter dåpen hans: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013767291

so der er det noko som ikkje stemmer...  Eg let dåpsdatoen stå som «retningsgivande»...  Elles har eg oppdatert manuskriptet mitt med dei nye detaljane!

 

Me sit no att med følgjande «hovudutfordringar» i denne huslyden:

 

** Lagnaden til Olava Karine Johansdotter Wiig, fødd i 1778, levde framleis i 1792?

 

** Opphavet til Hans Hansson Leganger - om denne saki har eg nettopp lagt ut eit nytt tema: https://forum.arkivverket.no/topic/226252-hans-hansson-leganger-fødd-kring-17541761-i-sogn-lensmann-i-herøy-på-sunnmøre-kvar-og-kva-tid-var-han-fødd-og-kven-var-foreldri-hans/

 

** Dødsfallet til skipsførar Steven Johanson Schjeldrup før 1865?

 

** Og endeleg lagnaden til Johan Fredrik Johanson Wiig (jr), fødd i 1790, levde framleis i 1801? - der det kanskje han som gifte seg i Bjørnør i 1813:

 

Name Johan Johnsen Wiig
Spouse's Name Elen Johansdr
Event Date 25 Nov 1813
Event Place Bjørnør, Sør-Trøndelag, Norway

 

Her følgjer so ein oppdatert versjon av manuskriptet frå innlegg #7 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Stevelin Schjeldrup Johanson Wiig, kjend som Stevelin Schjeldrup, f. i Herøy 27.8.1785, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865!)

 

???

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000811320

 

Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A06 (1828-1839), Døde og begravede 1830, Side 186
https://media.digitalarkivet.no/view/16004/181

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg ser du oppgjev ein fødselsdato for Nils Nicolai Wiig som ligg fleire veker etter dåpen hans: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013767291

so der er det noko som ikkje stemmer...  Eg let dåpsdatoen stå som «retningsgivande»...  Elles har eg oppdatert manuskriptet mitt med dei nye detaljane!

 

ja... i stad (ovanfor) skreiv eg av frå "Herøyboka"som seier f. 26.10,

og tidlegare har eg registrert kyrkjeboka (som du lenkjer til), som seier dp. 2.10. https://www.digitalarkivet.no/kb20070829630044 (heilt nede)

Begge avskriftene er rette...

Så lenge vi ikkje veit noko meir, må vi rekne med at kyrkjeboka er rett og bygdeboka feil.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Grethe og Ivar for nye spennande innlegg.

 

Dødsfallet til Stevelin Schjeldrup, eitt av dei fire òpne spørsmåli frå innlegg #9, er soleis «på plass», og her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #9:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Fredrik Nilsson Wiig, frå Ulsteinvik i Ulstein, var son av kremmar og lensmann Nils Olson Wiig i Ulsteinvik og kona Gjertrud Johansdotter Rødset frå Rødset i Volda og f. i Ulstein kring 1749.  Han gifte seg i Herøy 2.7.1774 med Charlotte Abigael Iversdotter frå Fugleholmen i Herøy.  Ho var dotter av klokkar Iver Johnson Frøise på Fugleholmen, opphavleg frå Frøise i Synnulven, og kona Olava Karine Wilhelmsdotter Schjeldrup frå Herøy og f. i Herøy kring 1752.  Charlotte var soleis ei søsterdotter av gardbrukar og proprietær Melchior Wilhelmson Schjeldrup på Rønnei i Luster.  Johan Wiig fekk 11.6.1775 skøyte på Leirhola, og 11.11.1775 fekk han kongeleg løyve til å ta over som gjestgjevar i Marifjøra, og han og Charlotte flytte hit på same tidi for å ta over styringi.  Dei vart buande i Marifjøra fram til 1779.

Johan Fredrik Wiig og kona Charlotte flytte i 1779 attende til Herøy der dei då slo seg ned som gardbrukarar på Moltumyr.  Johan vart gravlagd frå Moltumyr 29.7.1792, medan Charlotte Wiig d. same staden 15.6.1828.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, døypt i Herøy 28.10.1774, d. i Herøy 22.1.1775.

b. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, f. i Hafslo 26.11.1775, d. som handelsmannskone på Larsnes i Rovde, Herøy 22.11.1821.  Ho gifte seg i Herøy 22.7.1804 med Rasmus Christopherson Rønneberg frå Krigsholmen i Herøy, f. i Herøy 22.12.1776.  Han d. som handelsmann på Larsnes 13.1.1822.  Rasmus var handelsmann, og han og Gjertrud budde på Larsnes i Rovde, Herøy.  Dei fekk sju born i lag.

c. Olava Karine Johansdotter Wiig, døypt i Hafslo 29.3.1778,

 

     ##### (levde 1792 – lagnaden hennar?)

 

d. Nille Iverine, kjend som Iverine Johansdotter Wiig, døypt i Herøy 17.11.1779, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – ikkje i Herøy!)

 

     .9.1829.  Iverine gifte seg i Volda 8.5.1811 med enkjemannen Hans Hansson Leganger, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans i Sogn?)

 

     døypt i Leikanger 22.11.1760.  Han d. som tidlegare lensmann i Herøy 21.12.1832.  Hans Leganger var lensmann, og han og Iverine var gardbrukarar på Flusund i Herøy.  Hans Leganger fekk fire born, som alle var frå andre ekteskapet med Iverine.

e. Nils Nicolai Johanson Wiig, døypt i Herøy 2.10.1782, d. som handelsmann på Moltumyr 19.1.1842.  Han gifte seg truleg i Ulstein kring 1812 med Martha Sophie Nilsdotter Schjeldrup frå Ulsteinvik i Ulstein, f. i Ulstein 28.5.1792.  Ho d. som handelsmannskone på Moltumyr 18.2.1842.  Nils Wiig var landhandlar, og han og Martha tok over som gardbrukarar på Moltumyr i Herøy.  Dei fekk åtte born i lag.

f. Stevelin Schjeldrup Johanson Wiig, kjend som Stevelin Schjeldrup, f. i Herøy 27.8.1785, d. som skipsførar på Fyllingen i Borgund 17.1.1830.  Stevelin gifte seg i Borgund ?.10.1818 med Anna Høyer Eliasdotter Rønneberg frå Ladeberg ved Valderhaug i Borgund, f. i Borgund 3.9.1793.  Ho d. som enkje i Ålesund 16.1.1873.  Stevelin Schjeldrup var skipsførar, og han og Anna budde på Fyllingen i Borgund, men som enkje flytte Anna til Ålesund.  Dei fekk fem born i lag.

g. Charlotte Abigael Johansdotter Wiig, døypt i Herøy 15.3.1788, d. i Herøy 5.10.1788.

h. Johan Fredrik Johanson Wiig, f. i Herøy 6.1.1790,

 

     ##### (nemnd i 1801 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hans Hansson Leganger

 

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. som tidlegare lensmann i Herøy 21.12.1832.

 

Møre og Romsdal fylke, Søre Sunnmøre, Skifteprotokoll nr. 3A 11 (1831-1835), Skifteprotokollside, Side 545b-546a ff:
https://media.digitalarkivet.no/view/24583/258

https://media.digitalarkivet.no/view/24583/259

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Johan Fredrik Nilsson Wiig, frå Ulsteinvik i Ulstein, var son av kremmar og lensmann Nils Olson Wiig i Ulsteinvik og kona Gjertrud Johansdotter Rødset frå Rødset i Volda og f. i Ulstein kring 1749.  Han gifte seg i Herøy 2.7.1774 med Charlotte Abigael Iversdotter frå Fugleholmen i Herøy.  Ho var dotter av klokkar Iver Johnson Frøise på Fugleholmen, opphavleg frå Frøise i Synnulven, og kona Olava Karine Wilhelmsdotter Schjeldrup frå Herøy og f. i Herøy kring 1752.  Charlotte var soleis ei søsterdotter av gardbrukar og proprietær Melchior Wilhelmson Schjeldrup på Rønnei i Luster.  Johan Wiig fekk 11.6.1775 skøyte på Leirhola, og 11.11.1775 fekk han kongeleg løyve til å ta over som gjestgjevar i Marifjøra, og han og Charlotte flytte hit på same tidi for å ta over styringi.  Dei vart buande i Marifjøra fram til 1779.

 

 

Johan Fredrik Wiig og kona Charlotte flytte i 1779 attende til Herøy der dei då slo seg ned som gardbrukarar på Moltumyr.  Johan vart gravlagd frå Moltumyr 29.7.1792, medan Charlotte Wiig d. same staden 15.6.1828.  Dei fekk åtte born i lag:

 

a. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, døypt i Herøy 28.10.1774, d. i Herøy 22.1.1775.

 

b. Gjertrud Helene Johansdotter Wiig, f. i Hafslo 26.11.1775, d. som handelsmannskone på Larsnes i Rovde, Herøy 22.11.1821.  Ho gifte seg i Herøy 22.7.1804 med Rasmus Christopherson Rønneberg frå Krigsholmen i Herøy, f. i Herøy 22.12.1776.  Han d. som handelsmann på Larsnes 13.1.1822.  Rasmus var handelsmann, og han og Gjertrud budde på Larsnes i Rovde, Herøy.  Dei fekk sju born i lag.

 

 

 

Det er vel eit spørsmål kor nøye du vil ta det.... Men på norsk heiter det Frøysa der Ivar Klokkar kom frå.

I kyrkjeboka er namnet hans konsekvent skrive anten "Iver Klocker" eller  "Iver Frøse". Han er dåpsvitne, far og trulovar nokre gongar.

Jordfestinga er midt på sida til høgre (12. des. 1765) her: https://www.digitalarkivet.no/kb20070829620577

"Klockeren Iver Frøse 47 aar 7 Maaneder"

Det kan hende han er kalla "Frøise" i andre samtidige (eller endåtil eigenhendige) kjelder.

 

Likeins er det "Kriksholmen" (g-en er dansk) der Rasmus Rønneberg kom frå.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ivar for nye innlegg i denne debatten.

 

Av skiftet etter Hans Leganger går det tydeleg fram at han ikkje hadde fleire enn dei fire borni frå andre ekteskapet.  Første kona hans var jo òg ei «eldre» enkje...

 

Elles er dette med skriveform eit alltid attvendande tema, og det er vanskeleg å gjera alle til lags.  Men Frøse og Frøysa skulle ikkje vera noko problem å retta opp...  Derimot er eg meir usikker på dette med Krigsholmen vs. Kriksholmen...

 

Uansett, viktigare er det i denne samanhangen å finna svar på dei attståande utfordringane frå innlegg #9 over:

 

** Lagnaden til Olava Karine Johansdotter Wiig, fødd i 1778, levde framleis i 1792?

 

** Opphavet til Hans Hansson Leganger - om denne saki har eg nettopp lagt ut eit nytt tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/226252-hans-hansson-leganger-fødd-kring-17541761-i-sogn-lensmann-i-herøy-på-sunnmøre-kvar-og-kva-tid-var-han-fødd-og-kven-var-foreldri-hans/

 

** Og lagnaden til Johan Fredrik Johanson Wiig (jr), fødd i 1790, levde framleis i 1801? - er det kanskje han som gifte seg i Bjørnør i 1813:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002055838

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistsnd i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

** Lagnaden til Olava Karine Johansdotter Wiig, fødd i 1778, levde framleis i 1792?

 

 

Olave Karine Moltu ble konfirmert i Herøy i 1795 - se venstre side:

 

Møre og Romsdal fylke, Rovde, Sande, Herøy i Herøy, Ministerialbok nr. 507A03 (1789-1825), Kronologisk liste 1796, Side 23
https://media.digitalarkivet.no/view/15944/23

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget frå i går!

 

Alle detaljar er i mine auge like verdifulle, og då har me i alle fall følgd Olava fram til 1795.  So er det store spørsmålet kvar ho sidan kan ha vorti av...  Gøymer ho seg som Olava Joh(a)nsdotter, kan det verta ei kjempeutfordring...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Den Johan Johnsen Wig som ble gift med Elen Johnsdatter 1813 i Bjørnør er ikke identisk med den Johan Fredrik Johanson Wiig (jr), fødd i 1790. I følge bjørnørfolket bind 3 s 47 var denne Johan f. 1789 på Vik i Roan, sønn av John Johansen Wiig og kona Johanna Johansdatter Wig. Kona Elen var datter av Johan Jørgensen Sætran og kona Malena. Johan og Elen bodde i følge tradisjonen i ei stue på Skolestuhaugen under gården Vik i Roan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til John Kristoffer for siste meldingi som soleis gjer at vi kan avskriva den «kandidaten» som eg hadde finne for yngste sonen i denne huslyden.

 

So framleis er det eit stor utfordring å finna ut av kvar det kan ha vorte av:

 

* Olava Karine Johsnsdotter Wiig, døypt i Hsfsdlo 29.3.1778

 

* Johan Fredrik Johanson Wiig (Jr), f. i Herøy 6.1.1790

 

Men som den evige optimist eg er, har eg framleis tru på at dei vil dukka opp ein eller annan stad, og eg takkar på ny for frsmifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.