Gå til innhold
Arkivverket

Anna Aamundsdotter (1841), Jens Aamundson (1843) og Bernt Aamundson (1846) - fødde og oppvaksne i Marifjøra i Hafslo - men kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har eg slite me i mange år å finna ut av kvar vart av.  Skysskaffar Aamund Berentson i Marifjøæra døytdde i 1880, og ved skiftet hans året etter vert to frå verande ervingar nemnde:

 

* dotteri Anna i Amerika, ingen adresse oppgjeven

 

* sonen Bernt i Amerika, ingen adresse oppgjeven

 

Sonen må vera den Benson Amund som ved FT1880 var jarnbanearbeidar i Mayville township, Clark Co., WI:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBK-GFJ

 

Anna har eg aldri greidd å finna att, og kvar det vart av dei, er eit «kjempemysterium»!

 

Kanskje nokon greier å løysa denne for meg?  Då ville eg verta hoppande glad!  Og kanskje greier nokon å finna ut kvar det vart av sonen Jens??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Berentson Marifjæren, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, vart døypt i Luster 11.12.1808 og d. som strandsitjar i Marifjøra 20.12.1880.  Han gifte seg 4.11.1839 med Maria Andersdotter frå Øy under Marheim.  Ho vart døypt 26.7.1807 og d. som strandsitjarkone i Marifjøra 13.6.1879.  Aamund tok over som skysskaffar i Marifjøra etter far sin og vart soleis den femte og siste generasjonen med dette yrket.  Samstundes dreiv han Maria heimeplassen hans i Marifjøra og budde her levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag, men Maria hadde òg ei dotter før ho vart gift:

 1. Siri Pedersdotter (1833-1834), var dotter av Maria og husmann Peder Pederson i Bakkane under Urnes (1802-1867).

 2. Ole Aamundson (1838-1873), d. ugift i Marifjøra.

 3. Anna Aamundsdotter, f. 22.1.1841,

Anna Amundson utvandra til Amerika i 1868 og

 

##### (her destiny? – was still alive 1881!)

 

 4. Jens Aamundson, f. 10.11.1843, nemnd i Marifjøra i 1865.

Jens Aamundson flytte

 

##### (lagnaden hans? – flytte frå Hafslo, kan henda òg til Amerika, men var avliden før 1881!)

 

 5. Bernt Aamundson, f. 17.10.1846,

Bernt Amundson utvandra til Amerika i 1867 og busette seg i Mayville township nær Neillsville, Clark Co., Wis. der han livnærte seg som jarnbanearbeidar («railroad worker»).

 

##### (lived there single in 1880 – was still alive 1881 – later destiny??)

 

 6. Andreas Aamundson (1847-1852).

 7. Mari Aamundsdotter (1849-1933), vart gift med skomakar Carl Kristoffer, kjend som Kristoffer Wilhelmson på Kvalsøyri under Dalsøyri i Luster (1855-1930).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har søkt litt etter Anna Aamundsdotter som brur i Amerika, og eg fann ein spennande «kandidat» i denne bruri frå Polk Co., WI som ikkje er so allverdens langt borte ifrå Neillsville, WI:

 

Name Johannes Pedersen
Event Type Marriage
Event Date 28 Dec 1880
Event Place Black Brook, Polk, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Norway
Father's Name Peder Olsen
Mother's Name Ragnil Amundsen
Spouse's Name Anna Amundsen
Spouse's Gender Female
Spouse's Father's Name Amund Olsen
Spouse's Mother's Name Mari Andersen

 

Det einaste eg IKKJE likte med denne vigsli var at faren heitte Amund Olson, og då er det eit spørsmåpl om denne Anna er dentisk med ei Anna Marie Amundsdotter som var fødd i Ofoten i 1856:

 

Name Anne Marie Amundsdatter
Gender Female
Birth Date 20 Feb 1856
Christening Date 27 Apr 1856
Christening Place Ofoten, Nordland, Norway
Father's Name Amund Olsen
Mother's Name Marie Andersdatter

 

og som i 1865 truleg er denne som budde i Narvik med far og ei stemor:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1853&kenr=006&bnr=0019&lnr=00

 

Denne huslyden ser ut til å vera borte frå Narvik før 1875...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/21054692:7884

 

Her finnes det ei Anna Amundson født i 1846, utvandra til USA 1884, sammen med sønnen Andrew Gunderson m/familie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Velkommi til Digitalarkivet, Hanne, og hjarteleg takk for siste innlegget, som eg ikkje har sett før no, etter at Arkivverket for ei tid sidan strauk alle dei abonnerte emni...

 

Diverre kan nok ikkje dette vera den Anna Aamundsdotter, som eg leiter etter.  «Mi» Anna utvandra ugift i 1868 og var nok ikkje heimatt for å få ein son fødd i Noreg kring 1875...

 

Men eg er glad for at du henta fram att dette emnet, for det er eit stort mysterium kva som kan ha skjedd med desse søskeni.  Den einaste av dei eg meiner eg har finne att, Bernt, budde i Clark Co., WI kring 1880, og ein eller annan stad må han jo ha gjort av seg...!  Finn me han, finn me kanskje òg spor etter søskeni hans!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.