Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Hans Hansson Leganger - fødd kring 1754/1761 i Sogn - lensmann i Herøy på Sunnmøre - kvar og kva tid var han fødd, og kven var foreldri hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1801 for garden Kjelsund i Herøy syner lensmann Hans Leganger, fødd kring 1761:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058412000997

 

Då Hans Leganger, føreverande lensmann, døydde i Herøy 21.12.1832, er alderen hans oppgjeven til 78 år:

https://media.digitalarkivet.no/view/15945/119

 

Utifrå dette lyt me tru han må vera fødd ein gong mellom 1754 og 1761.  Han skal vera fødd i Sogn, men eg finn ingen som høver i denne landsdelen!

 

Finst det kan henda ein ekspert på Leganger-ætti som kan oppklara denne gåta for meg?  Kvar og kva tid var han fødd, og kven var foreldri hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Carsten for interessante og delvis avklarande innlegg!

 

At det var «vår» Hans Hansson Leganger som vart døypt i Leikanger 22.12.1760, kan det ikkje vera mykje tvil om.  Eg ser av futelista for Sogn:

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Futar_i_Sogn

at Hans Leganger var fut frå 1761 til 1768, men medan den føregåande futen Annanias Harberg budde i Bjordal på Kyrkjebø, må Hans Leganger ha butt på Leikanger - eller kanskje i Balestrand, for i tillegg til sonen Hans som vart døypt på Leikanger i 1760, fekk futen òg desse borni på Leikanger (jmf. FamilySearch):

 

* Anna Christine, døypt 10.7.1763

 

* Peder, døypt 18.6.1766

 

So for meg er det framleis litt «uklart» kvar den seinare lensmannen i Herøy voks opp!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Marie Bøtun Øyri

Eg finn eit lite notat i boka Soga um Fresvikgodset utgitt i 1924 der det står om garden Simlenes i Fresvik i Sogn: Simlenes indre vart gjeven i faddergåve frå presten Ivar Ivarson Leganger til Hans Leganger. 

Viss det stemmer så må dette då vera rundt 1760. Simlenes skulle høyra til prestegodset på den tida, men i pantebøkene er det første eg finn at Simlenes vart seld frå

ein Botolv Olson i 1793.  

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.