Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olson Grov/Growe (1733-1784) - frå Jostedalen til Kristiansund som lærar - gift med Magnild Johnsdotter Wigen (1746-1788) - kven var Magnild? - kvar vart det av borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg arbeidde med for over 30 år sidan, men som eg aldri riktig vart «klok på».  Eg greidde aldri å finna ut kvar det vart av borni, og etter at Ivar Moe i eit anna tema har gjort meg merksam på denne læraren frå Jostedalen som kring 1760 busette seg i Kristiansund, ønskjer eg å ta opp denne huslyden til drøfting.  Kanskje er det nokon med lokalkunnskap i Kristiansund som kan hjelpa meg vidare?

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Olson {Grov}, f. {i Jostedalen} kring 1733,

Lars Olson Growe vart utdanna lærar og fekk i 1760 tilsetjing som vektar og skulemeister på Nordlandet i Kristiansund.  Han vart trulova i Kristiansund 13.1.1773 med Magnhild Johnsdotter Wigen frå Kristiansund.  Ho var dotter av

 

##### (sjekka om foreldri stemmer? – yrke til far hennar?)

 

John Arentson Wigen i Kristiansund, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Bertha Olsdotter frå

 

##### (opphabvet hennar?)

 

og f. i Kristiansund

 

##### (fødsels- eller dåpsdato? – kring 1746?)

 

Lars og Magnhild Growe vart buande i Kristiansund der Lars d. 28.10.1784.  Magnhild Growe d. same staden 22.2.1788.  Det levde att tre born etter dei:

 

##### (hadde dei kan henda fleire som døydde?)

 

a. Ole Larsson Growe, f. i Kristiansund 7.7.1774,

 

     ##### (nemnd 1784 – lagnaden hans?)

 

b. John Larsson Growe, f. i Kristiansund 19.9.1777,

 

     ##### (nemnd 1784 – lagnaden hans?)

 

c. Anna Gjertine Larsdotter Growe, f. i Kristiansund 1.3.1782,

 

     ##### (nemnd 1784 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld ut lenker til skiftene etter Lars og Magnhild: 

 

Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Skifteprotokoll nr. 2a (1785-1800), Skifteprotokollside, Side 43b-44a
https://media.digitalarkivet.no/view/24672/67

 

Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, Skifteprotokoll nr. 2a (1785-1800), Skifteprotokollside, Side 139b-140a
https://media.digitalarkivet.no/view/24672/166

https://media.digitalarkivet.no/view/24672/167

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg var so sikker på at eg hadde lagt inn eit svar i dette emnet, og det alt for to veker sidan, men eg må i kveld berre slå fast at svaret mitt er borte!  Eg ville i første rekkje få takka Grethe for at du la inn lenkene til dei to skifti der det går fram at dei tre borni framleis levde i 1788 då mori døydde.

 

Men ogso ville eg nemna at eg har undersøkt konfirmantprotokollane for Kristiansund.  Dei to sønene finn eg ikkje, men berre leiting og lesingi av desse listene er ei kjempeutfordring i seg sjølv!  Eg kan ha oversett dei...  Derimot fann eg mellom konfirmantane i 1799 dotteri Anna Gjertine Larsdotter Grove:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2283/86

 

Ho er likevel ikkje å sjå i Kristiansund i 1801.  Flytte dei tre søskeni bort frå Kristiansund?  I so fall kvar??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1746 døpes Jon Arntsen Wigens sønn Arnt i Kristiansund - se høyre side:

https://media.digitalarkivet.no/view/16100/154

 

Jon Arntsen Vigens barn Ingeborg, 1743

https://media.digitalarkivet.no/view/16100/152

 

Trolovelsen i 1773 mellom Lars Olsen Growe og Magnhild Jonsdatter Wigen:

Møre og Romsdal fylke, Kristiansund i Kvernes, Ministerialbok nr. 572A03 (1754-1784), Kronologisk liste 1773, Side 208-209
https://media.digitalarkivet.no/view/16101/106

 

Jeg finner en Magnild døpt i Kristiansund i 1747, men faren hennes heter - så vidt jeg kan se - Jon Jørgensen: 

https://media.digitalarkivet.no/view/16100/156

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Eg ser at trulovingi for Lars Olson Grove og Magnhild Johnsdotter òg er ført i denne klokkarboki, men her står Magnhild utan ættenamn:

https://media.digitalarkivet.no/view/16080/19

 

For det kan jo neste virka som om eg frå før har hatt feil foreldre til Magnhild?

 

Kyrkjebøkene for Kvernes med Kristiansund for den tidi er ikkje databaseregistrerte, og heller ikkje finn me dei hjå FamilySearch, so her ser det ut til me lyt bla...

 

Og nettopp det har eg no gjort med omsyn til konfirmantlister for Kristiansund, og i perioden 1760 til 1769 er dette den første og einaste eg finn:

 

* Magnhild Johnsdotter av Smevigen, konf. i 1768, alder 20 3/4 år: https://media.digitalarkivet.no/view/16101/81

 

Her er forrresten dåpen hennar frå 29.10.1757 litt meir fullstendig ført med mor Karen Halstensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/16100/59

 

Og her fann eg vigsli til foreldri John Jørgenson og Karen Halsrtensdotter 8.11.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/16100/42

 

Etter dette har eg oppdatert manuskriptet mitt som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Lars Olson {Grov}, f. {i Jostedalen} kring 1733,

Lars Olson Growe vart utdanna lærar og fekk i 1760 tilsetjing som vektar og skulemeister på Nordlandet i Kristiansund.  Han vart trulova i Kristiansund 13.1.1773 med Magnhild Johnsdotter frå Smeviken i Kristiansund.  Ho var dotter av

 

##### (yrke til far hennar?)

 

John Jørgenson i Smeviken i Kristiansund, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – vigde i Kristiansund 8.11.1745)

 

og kona Karen Halstensdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Kristiansund 29.10.1747.  Lars og Magnhild Growe vart buande i Kristiansund der Lars d. 28.10.1784.  Magnhild Growe d. same staden 22.2.1788.  Det levde att tre born etter dei:

 

##### (hadde dei kan henda fleire som døydde?)

 

a. Ole Larsson Growe, f. i Kristiansund 7.7.1774,

 

     ##### (nemnd 1788 – lagnaden hans?)

 

b. John Larsson Growe, f. i Kristiansund 19.9.1777,

 

     ##### (nemnd 1788 – lagnaden hans?)

 

c. Anna Gjertine Larsdotter Growe, f. i Kristiansund 1.3.1782,

 

     ##### (nemnd 1788 – konf. 1799 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg veit ikkje om det let seg gjera å komma so mykje lenger attende i tid, men eg ville vorte kjempenøgd om nokon kunne hjelpa meg fonna uty kvar det vart av dei tre borni etter Lars og Magnhild!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #7:

 

Eg vil i dag svært gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» i meir enn to år.

 

Eg har diverre ingen nye opplysningar å leggja fram, men finn det underleg at denne huslyden skal vera «so komplett forsvunnen».

 

Det ville vore ei kjempestor glede å finna ut i alle fall noko meir om lagnaden til denne huslyden, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Innlegg #8:

 

Eg gjer i dag ein ny freistnad på å henta fram att dette emnet.  Denne huslyden kan då vel ikkje fullstendig forsvinna!??

 

Dei tre borni er sikkert utsette til oppfostring ein eller annan stad, men kvar vart det av dei??

 

Eg ville vorte ganske so «hoppande glad» om nokon kunne hjelpa meg vidare!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Borna er 10, 9 og 5 år gamle når dei blir foreldrelause i 1788. Dei er sannsynlegvis nemnde i ein fattig-rekneskap, men det er vel tvilsamt om det er bevart noko slikt. Det er i alle fall ikkje noko som kjem til syne i Digitalarkivet.

 

Ved tellinga i 1801 er dei omlag 23, 22 og 18 år gamle, og sannsynlegvis sjølvstendige. Hadde dei vore yngre, kunne vi leita etter fosterbarn.

 

Ola, Jon og Anna er vel også bortimot dei verste namna dei kunne fått, slik ettersøksmessig.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg finn to tilsynelatande interessante namn i søk i Kristiansund - Grav.

 

Men begge er feil avskrift - på den fyrste står det vitterleg Øien eller kanskje Øren.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000006754210

 

Og her skal namnet vere Anna Hagerup Graae.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000005841732

 

Så ikkje noko å hente på nokon av dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Aase for freistnadane på å hjelpa meg finna lagnadane til desse borni.

 

Det er nok som du seier, ikkje so heilt enkelt å finna att tre born med slike vanlege namn.  Det måtte eventuelt vera om dei hadde halde på Grov-namnet i ei eller anna form...

 

Men eg er takksam for at du freista og vonar at kanskje andre freistnadar kan gje resultat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Aase for freistnadane på å hjelpa meg finna lagnadane til desse borni.

 

Det er nok som du seier, ikkje so heilt enkelt å finna att tre born med slike vanlege namn.  Det måtte eventuelt vera om dei hadde halde på Grov-namnet i ei eller anna form...

 

Men eg er takksam for at du freista og vonar at kanskje andre freistnadar kan gje resultat.

Ein nærliggande tanke kan vere om mor deira har hatt nær slekt i området - men det er ikkje så enkelt å finne ut av, gjerne-

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.