Jump to content
Arkivverket

Bygdebokoppslag Ørlandet - garden Kongensvoll tidleg 1800-tal?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

I samband med tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/211324-arent-henrikson-storch-fødd-1720-prokurator-og-gjestgjevar-i-marifjøra-i-hafslo-1764-1775-kvar-vart-det-av-han-kva-med-stedotteri-anna-margrethe-thomasdotter-rein-fødd-1752/

er det dukka opp ei utfordring som eg vonar kan løysast med hjelp av bygdeboki for Ørlandet:

 

Johannes Steenson, fødd kring 1772, gifte seg i Bremanger 31.12.1804 med Mariane Olsdotter Bruland, fødd i Bremanger kring 1783.  Dette parfolket busette seg kort tid etter som gjestgjevarar på Kongensvoll på Ørlandet der Mariane døydde 1.4.1837, medan Johannes døydde 1.2.1853.

 

Står det noko i bygdeboki om:

 

** Kvar Johannes Steenson kom ifrå?

 

** Kor mange born dei fekk?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ann Mary og Tore for innlegg!  Eg får ikkje gjort oppslag i Hemneboki herifrå som eg sit, men slik eg tolkar referansa som Ann-Mary la inn, so er opphavet til Johannes Stenson ukjent.  No har eg sendt ei forespørsle til Statsarkivet i Trondheim om dei kan gjera eit oppslag i borgarboki for Trondheim der borgarskapet til Johannes bør vera registrert med fødestad!

 

Ein ny kjempetakkk for hjelpi!

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Aud for eit spennande og samstundes svært utfordrande innlegg!

 

Me har ei tid hatt ein mistanke om at Johannes Steenson kom frå Strandvik ved Bergen, men fødselsåret stemmer vel ikkje heilt med kva me hadde frå før.

 

Uansett, her skal det forskast meir, og eg takkar på ny for interessant innspel!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.