Gå til innhold
Arkivverket

David Johnson Kronen - forulukka på Jostedalsbreen i 1852 - to born med utfordrande lagnadar - Nils (1844) til Egersund og Britha/Bertha (1849) til Spokane, WA?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordrande huslyd som Ivar Moe i dag har mint meg om, og som eg gjerne vil drøfta i Brukarforum.  David Johnson i Jostedalen miste livet ved ei breulukke i Jostedalen i 1852 og let etter seg fleire born.  Men tross mykje leiting har eg ikkje greidd å finna korkje lagnaden til sonen Nils Davidson eller dødsfallet til dotteri Britha/Bertha som levde i Spokane Co., WA i 1910, men som sidan vert borte!

 

Her er den svenske avisartikkelen som minte meg om denne huslyden:

 

image.png.a9e8dee8768e3868adbbaa0a60e7a586.png

 

Her følgjer so eit utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

David Johnson Kronen, opphavleg frå Gjerde under Hellegard, vart døypt 12.11.1815 og sette livet til ved eit ulukkeshende på Jostedalsbreen 31.3.1852.  Han gifte seg i Jostedalen 7.7.1845 med Cecilia Pedersdotter frå Bergheim i Luster.  Ho var f. i Luster 1.11.1816 og d. som enkje og legdelem på Valaker i Hafslo 26.2.1880.  David og Cecilia fekk i 1845 hand om denne plassen under Kronen som etter David fekk namnet Daveplassen.  Me trur det var den same plassen som Martin Iverson i si tid rydda og som sidan hadde hatt busetnad stort sett samanhengjande.  David og Cecilia vart buande på plassen til han våren 1849 vart teken av ei snøskrede, og David og Cecilia laut flytta herifrå.  Plassen vart nedlagd på same tidi, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden.  I 1849 var David og Cecilia innerstfolk på Gjerde under Hellegard, og då David d. i 1852, var han innerst på Flatejordi under Haugen.  I 1860-åri ser Cecilia ut til å vera fari til Hafslo, og der budde ho resten av levetidi si.  David og Cecilia fekk tre born i lag, og dessutan hadde Cecilia ei dotter frå før {to av desse borni var}:

      2. Nils Davidson, f. 3.6.1844,

Nils Davidsen flytte i 1860-åri til Egersund

 

##### (n. 1865 som skomakarsvein hjå Johan Marius Eie i Egersund – seinare lagnad?)

 

 4. Britha Davidsdotter, f. 27.12.1849, var tenestejente på Valaker i Hafslo frå kring 1870 og fram til 1882.

Bertha Davidson utvandra til Amerika frå Hafslo i 1882 og gifte seg i Renville Co., Minn. 22.3.1884 med Osmund Olson frå Hogstul i Hjartdal, Telemark, i Amerika kjend som Ausmen Hoagstel.  Han var son av gardbrukar Ole Osmundson på Hogstul og kona Helga Olsdotter frå Voldkåsa og f. i Hjartdal 18.12.1839, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1846.  Ausmen voks opp på ein farm i Whitewater township, Walworth Co., Wis., men vart sidan smed og budde ei tid i Milan township, Chippewa Co., Minn. før han og Bertha slo seg ned som farmarar i Melville township, Renville Co., Minn.  Kring 1895 flytte dei til ein farm i Prior township, Big Stone Co., Minn., men i 1903 flytte dei til ein farm i McIntosh township, Spokane Co., Wash.  Ausmen d. i Spokane, Wash. 17.7.1928, medan Bertha d.

 

##### (date and place of her death? – after 1910!)

 

Bertha fekk i alt seks born, ei dotter før ekteskapet og fem born med Ausmen Hoagstel:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Her ser me Ausmen og Bertha framleis i lag i FT1910 for McIntosh township, Spokane Co., WA:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYB-GQB

 

Men i FT1920 er Ausmen «single» busett hjå sonen Daniel i McIntosh township, Spokane Co., WA:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXK-SMT

 

Men det merkelege er at då Ausmen døydde i Spokane, WA i 1928, er han GIFT med Bertha:

 

Name Osman Hoxtel
Event Date 17 Jul 1928
Event Place Spokane, Spokane, Washington
Gender Male
Age (Formatted) 88 years 7 months 6 days
Birth Year (Estimated) 1840
Marital Status Married
Spouse's Name Berta Hoxtel

 

For meg ser det ut til at Ausmen og Bertha er vortne SKILDE ein eller annan gong etter 1910, men kvar vart det av Bertha??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Nils i Egersund og Bertha i Spokane, WA!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for interessante opplysningar.

 

Det er ikkje mykje tvil om det er «vår» Nils som var innom krinsfengselet i Bergen same våren som han flytte til Egersund, men eg lurer litt på den militære loddtrekningslista.  Kva år kan den vera frå tru?  Var det før han fór eller etter 1865?

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand i freistnadane på å spora opp denne guten frå Jostedalen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Ivar for interessante opplysningar.

 

Det er ikkje mykje tvil om det er «vår» Nils som var innom krinsfengselet i Bergen same våren som han flytte til Egersund, men eg lurer litt på den militære loddtrekningslista.  Kva år kan den vera frå tru?  Var det før han fór eller etter 1865?

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand i freistnadane på å spora opp denne guten frå Jostedalen!

 

Hei

 

Ingen tvil om at det er han som er å finne i loddtrekningslista. Fødseldato og årstall stemmer + fra gården Gjærde (Gjerde), men er disse skannet og er det råd å finne dem ?

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Eg er lei for at eg truleg uttrykte meg noko «tvetydig» i siste innleget mitt.  Eg er fullstendog samd med deg i at det er «vår» Nils som er nemnd i loddtrekningslista, men kva eg lurte på, er om denne lista vart regsitrert FØR eller ETTER 1865...?  Om det var etter 1865, ville jo det tyda på at han var komen attende frå Egersund...

 

Eg har forresten sjekka amerikanske kjelder og finn fleire Nels Davidson på om lag same alder, men eg finn ikkje nokon der som verkelerg «jump out at me»....

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg ønksjer i kveld å henta fram att dette emnet før det heilt går i «gløymeboki».

 

I første omgongen er eg oppteken av lagnaden til Nils Davidson og kva som kjem fram av den militære loddtrekningslista.  Om denne vart skrivi etter at Nils hadde vore innom krinsfengeselet i Bergen og etter at han vart registrert som busett i Egersund i 1865, kan jo lista kanskje by på fleire detaljar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.