Gå til innhold
Arkivverket

Randi Asbjørnsdotter (fødd 1747) og stesonen Augund Einerson (fødd 1785) - haugianarar til Romsdalen i 1809, men kvar vart det av dei? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #28492 frå det gamle brukarforum

https://forum.arkivverket.no/topic/114103-28492-augund-einerson-høgi-f-hafslo-1785-haugianar-til-romsdalen-lagnaden-hans/?tab=comments#comment-931436

som den gongen i 2005 aldri fekk noki løysing.  Kanskje det er betre i dag?

 

Under svenskekrigen tidleg på 1800-talet flytte mange haugianarar frå indre Sogn til Romsdalen for å kjøpa seg gardar der oppe, og i 1809 finn me dette reisefølgjet frå garden Høgi i Hafslo:

 

Peder Einerson (1780-1844) med kona Cecilia Torstensdotter (1780-1842) og to søner

Randi Asbjørnsdotter, stemor hans og mor hennar, døypt i Vang i Valdres 14.5.1747

Augund Einerson, døypt i Hafslo 5.12.1785

 

Truleg reiste dei alle til garden Meeg i Bolsøy (noverande Averøy) i Romsdalen der Peder kjøpte seg ein gard, men alt i 1813, uvisst av kva grunn, selde han denne garden att og flytte med kona og borni attende til Høgi i Hafslo.

 

MEN stemori/mori Randi Asbjørnsdotter og broren Augund Einerson ser ut til å ha vorte att i Romsdalen, utan at me til no har greidd å finna lagnadane deira!

 

Kvar kan dei ha vorte av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Den første linken din forstår eg ikkje heilt...  Det må vera ein annan huslyd/eit anna tema...?

 

Den andre linken syner dotteri som Augund Einerson fekk, medan han framleis budde i Hafslo.  Denne dotteri inngår som ein del av huslyden, som eg nettopp har lagt ut som eige tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/226388-siri-«serine»-andersdotter-1781-1865-frå-luster-til-bergen-gift-med-andreas-bentzen-1798-1840-borni-deira/

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med Randi og Augund!  Eg held fingri krossa i von om at dei vil dukka fram ein eller annan stad...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare en liten opplysning. "Meeg i Bolsøy (noverande Averøy) i Romsdalen" . Meeg i Bolsøy er i Molde kommune etter sammenslåing med Bolsøy. Altså langt fra Averøya. Mek var grensegard til Aukra og ligger på vestsiden av Molde sentrum. Men det er riktig at det også finnes en gard Mek på Averøya. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Helge for avklaringi om garden Meeg.

 

Slike feil kan so lett skje når ein ikkje er lokalkjend, og av den grunn er Brukarforum so «fortreffeleg»!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil gjerne få komma med ei tilleggsopplysning sm kan vera viktig for å løysa denne floka:

 

Med på flyttelasset til Romsdalen i 1809 var ogso eine sonen til Randi Asbjørnsdotter:

 

Asbjørn Torstenson (1774-1829) og kona Britha Andersdotter (1777-1821) med fem born.

 

So fekk dei endå eitt born etter dei var flytte:

 

* Christi Asbjørnsdotter, fødd i 1810

 

Det er diverre ingen kjelder som fortel oss nett kvar Christi var fødd.  Ved konfirmasjonen hennar i Hafslo i 1825 står ikkje noko:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11456/96

 

medan FT1865 og FT1875 båe oppgjev Romsdals amt eller Romsdalen som fødestad!

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=008&bnr=0006&lnr=000

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1425&kenr=006&bnr=0006&lnr=00

 

Me trur likevel at Christi var fødd i AUKRA, men kan ikkje prova dette...

 

For alt kring 1814 flytte ogso denne huslyden attende til Hafslo!

 

Kanskje finst det andre kjelder som kan fortelja oss nøyaktig kvar denne huslyden budde, medan dei var i Romsdalen?  Om Asbjørn kjøpte gard, vil vel det komma fram i pantebøkene, men å leita etter det, er nok ein ganske so tidkrevjande oppgåve...

 

Er forresten Aukra det einaste prestegjeldet i Romsdalen der kyrkjebøkene manglar på den tidi??  Kanskje Randi døydde hjå son sin i Aukra?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å skaffa overblikk over denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Me trur likevel at Christi var fødd i AUKRA, men kan ikkje prova dette...

 

Fra prestegjeld- og soknehistorikken - Aukra:

 

560 Aukra

Ministerialbok 1808/09-1817 mangler. Klokkerbok 1890/92-1894 mangler.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for den siste stadfestingi av dei manglande kyrkjebøkene for Aukra.

 

Det er jo svært so beklageleg at nettopp denne perioden er borte, då so mange haugianarar flytte på seg på den tidi, men kanskje det let seg gjera finna ut noko meir gjennom lokale bygdebøker eller pantebøker...

 

Fann du elles ut, Grethe, om det manglar kyrkjebøker ogso for andre prestegjeld i Romsdalen på den tidi?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden - truleg i Aukra!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som Grethe opplyser så er mangler det altså noen kirkebøker for Aukra. Kjenner ikke til at de omliggende prestegjeld har slike mangler. Det er ei folketelling for Aukra i 1815, skannet:

Møre og Romsdal fylke, Aukra, Vågøy, Sandøy i Aukra, Statlig folketelling (1815-1815), Filmingsplakat, Side 112b-113a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft20110309610001
 

Denne folketellinga ser vi dekker dagens Aukra kommune, Midsund (tidligere Sør-Aukra), "Romsdalsdelen" av Sandøy kommune og Vågøy som i dag er en del av Fræna kommune. 

Om Randi og Augund ble igjen i Aukra så burde de være med der.  

 

Jeg kikket på nabogardene til Meek på fastlandet av Aukra, men kunne ikke finne noen spor der. Bygdebøker for Midsund har opplista folka i 1815-tellingen på hver gard. Bladde gjennom Midsund I som er nærmest dagens Aukra, men heller ikke der noen treff. Heller ikke treff i alfabetisk namnelister i Midsund II og Midsund III. Har også gjort søk på navna Randi og Augund i de fire bygdebøkene for Aukra (Nasjonalbiblioteket) uten treff. Men søk her forutsetter vel at navn er likedan skrevet og har ikke prøvd med varianter.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Helge for siste innlegget og for freistnadane på å finna att dei personane som eg saknar.

 

Det vert nok ikkje særleg enklelt å finna dei att.

 

Når du sjekka dei ulike registeri, tenkte du då òg på å sjå etter Asbjørn Torstenson (jmf. innlegg #6 over)?  Asbjørn var nok borte frå Romsdalen (Aukra) att før 1815, men truleg hadde han ogso han kjøpt ein gard då han flytte oppover i 1809...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna att desse romsdsalsfararane!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sett etter Abjørn i de 4 bygdebøkene for Aukra og de 3 i Midsund (tidligere tilhørende Aukra) uten å finne noen som passer. Det er samme forfatter på de 7 bøkene og det ser ut til at han har vært grundig på eiendomsforhold og eiendomsoverdragelser. Sandøy som også var en del av Aukra har jeg derimot lite med kilder på. Likedan Vågøy sogn i dagen Fræna kommune. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Helge for siste innlegget.

 

Det vert tydeleg ikkje so enkeltg å finna ut nett kvar desse folki budde, medan dei var i Romsdalen, ao kanskje lyt me berre vona at dei før eller sidan dukkar opp ein eller annan stad...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne ætti i Romsdalen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.