Gå til innhold
Arkivverket

Siri «Serine» Andersdotter (1781-1865) frå Luster til Bergen - gift med Andreas Bentzen (1798-1840) - borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med for om lag 30 år sidan, og eg greidde å finna svar på det meste, men nokre løyndomar sat att, og dei har eg vanskar med å avsløra ogso i dag, men kanskje er det nokon som greier dette?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3 under!

 

Det er særleg opphavet til Andreas Bentzen og opplysningar om denne dotteri Anna Carine eg har vanskar med å finna, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Serine Andersdotter d. på enkjehuset på Årstad, Bergen 11.12.1865.  Ho fekk i alt tre born:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

?

https://media.digitalarkivet.no/view/8684/42534/5

Mætte Andrine født 1. februar 1823, foreldre Andreas Jensen og Serine Andersdatter.

https://media.digitalarkivet.no/view/8332/24

Mette Andrine Jensen gift 8. september 1844 med Thomas Andreas Erichsen.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249011337

Mette Andrine som enke i 1865

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit overraskande, men ikkje mindre spennande av den grunn, innlegg om denne huslyden!

 

Eg trur du har oppdaga eit ekstra barn i denne huslyden.  Andreas var reipslagarsvein, og dette stemmer jo godt med far til Mette Andrine!  Det einaste eg stussa litt på, var adressa...  Då Jensine var fødd i 1821, budde dei i 11. rode nr. 27...  Men endeleg prov på at Mette Andrine høyrer til denne ætti, får me når me ser at ho ved dei fleste barnefødslene er kalla Mette Andrine Bentzen!!  Dette var skikkeleg kjempebra!

 

Eg ser forresten at Jens Bentzen og Karen Andersdotter fekk TO born i Bergen, i tillegg til Andreas, hadde dei òg ei dotter:

 

* Anna Karine, fødd 8.7.1795: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=29822&personpostnr=87711&merk=87711#ovre

 

Denne Anna Karine f. Bentzen gifte seg med ein Slyder i Bergen, men fell «utanfor» huslyden som me samlar opplysningar om!

 

Eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #1 med opplysningane om Mette Andrine:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Andersdotter {Kalhagen}, døypt {i Luster} 29.7.1781,

Serine Andersdotter gifte seg i Luster 22.10.1820 med Andreas Jensson Bentzen frå Bergen.  Han var son av tømmermann Jens Bentzen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Karen Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Bergen 27.1.1798.  Andreas var reipslagarsvein, og han og Serine busette fleire stadar i Bergen, men vart visstnok skilde alt i 1825. 

 

##### (kan dette stadfestast?)

 

Andreas vart sidan sjuk og tok livet sitt då han 10.6.1840 hoppa ned i ein brønn i Bergen.  Serine Andersdotter d. på enkjehuset på Årstad, Bergen 11.12.1865.  Ho fekk i alt fire born:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Ragnhild, kjend som Randine Augundsdotter, dotter av Serine og gardbrukarsonen Augund Einerson frå Høgi i Hafslo (1785-    ), vart døypt i Luster 23.10.1808 og flytte med mori til Bergen i 1820 og d. der 18.10.1885.  Ho gifte seg på Laksevåg 9.9.1832 med Rasmus Michael Larsen frå Bergen, f. i Bergen 22.5.1809.  Han d. sm almissedlem i Bergen 19.3.1863.  Rasmus var snikkarsvein, og han og Randine budde mellom anna i Hæggebakken i Bergen.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Lars Andreas, f. Laksevåg 20.8.1832

            * Anna Marie, f. DK, Bergen 15.12.1836

            * Christopher Andreas, f. DK, Bergen 7.2.1838

            * Anna Johanna, f. DK, Bergen 16.3.1841)

 

b. Anne Carine Andreasdotter Bentzen, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1819!?)

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Jensine Andreasdotter Bentzen, f. i Bergen 21.7.1821, d. i Bergen 8.4.1902.  Jensine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 19.12.1847 med Hans Jørgen Esaiasson Aagaard frå Bergen, f. i Bergen 20.12.1822.  Han d. som skipstømmermann i Bergen 20.7.1890.  Hans Aagaard var tømmermann, men arbeidde sidan som sjukepassar på fattighuset i Bergen, der han og Jensine budde levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Esaias Aagaard, f. DK, Bergen 7.3.1848 – d. Bergen 15.4.1909 – gift styrmann

            * Hansine Jørgine, f. DK, Bergen 1.2.1851

            * Gjert Severin, f. DK, Bergen 26.5.1853 – n. 1875

            * Hans Jørgen, f. DK, Bergen 30.12.1855 – n. 1875 – d. Bergen 12.8.1884 ugift seglmakarsvein

            * Andreas Hille, f. DK, Bergen 27.4.1860 – n. 1875)

 

d. Mette Andrine Andreasdotter Bentzen, f. i Bergen 1.2.1823, d. s0m enkje i Bergen 26.5.1880.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 8.9.1844 med Thomas Andreas Christensen frå Bergen, f. i Bergen 5.10.1817.  Han d. som anglemakarmeistar i Bergen 30.4.1862.  Thomas var anglemakarmeistar, og han og Mette budde òg i Bergen.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Susanne Christine, f. DK, Bergen 8.4.1845

            * Thomas Andreas, f. DK, Bergen 23.5.1847 – n. 1865

            * Christen Martin, f. DK, Bergen 27.1.1850

            * Mathilde Andrine, f. DK, Bergen 9.10.1852 – n. 1865

            * Christense Martine, f. DK, Bergen 12.2.1855

            * Edvard Martin, f. DK, Bergen 23.10.1857 – n. 1865

            * Olaf Kyrre, f. DK, Bergen 13.2.1861 – n. 1865

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg antar det er "din" Jens Bentsen som giftet seg første gang i Domkirken  i Bergen 29.04.1787 med enken Marie Elisabeth Krog.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4595&merk=4595#ovre

 

og som enkemann med Karen Andreasdtr. samme sted 01.02.1795.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5011&merk=5011#ovre

 

Det er vel den samme Jens Bentsen som gravlegges 28.06.1798 i Bergen, 45 år gammel

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=33743&merk=33743#ovre

 

Her er enken Karen Andreasdtr. 40 år gammel i 1801 tellingen i Bergen med to barn.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011301&gardpostnr=2030&personpostnr=14674&merk=14674#ovre

 

Jeg kan ikke se at Jens eller Karen er født i Bergen, jeg finner i alle fall ingen som passer inn tidsmessig. Jens var angivelig 45 år da han døde i 1798, altså født rundt 1753. Og Karen var 40 år i 1801, rundt rundt 1760.

 

Dette er vel Karen og sønnen Andreas i Bergen 1815.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1815&gardpostnr=7585&merk=7585#ovre

 

Karen døde i Bergen 11.09.1824. Hun bodde da på samme adresse som i 1815. Alderen oppgies til 66 år, antatt fødselsår 1758. Men det er ingenting der som antyder hvor hun var født.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=11232&merk=11232#ovre

 

Endret av Rune Thorstensen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Rune og Ivar for nye interessante innlegg!

 

Det er tydeleg ikkje noki enkel oppgåve å finna opphavi til Jens Bentzen og Karen Andersdotter.  Eg ser at Jens er fødd på den tidi der me har kyrkjeboklakune i Domkyrkja, men eg finn ingen med dette namnet konfirmerte korkje i Domkyrkja eller Krosskyrkja, so me lyt tru at han er komen utante...

 

Eg finn i grunnen berre eitt høveleg alternativ hjå FamilySearch, denne Jens Berntson frå Reksten indre i Kinn:

 

Name Jens Berntsen
Gender Male
Christening Date 17 Mar 1754
Christening Place , KINN, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name Bernt Indrerexten

 

Han er ikkje i Kinn i 1801.  Kan det vera han me finn att i Bergen??

 

Elles er det tydeleg heller ikkje so enkelt å finna fleire born etter Andreas og Serine.  Eg mener eg har søkt på alle mogelege - og umogelege - vis, men Anne Carine er og very borte vekk...  Diverre har eg heller ikkje notert kjelda tiln denne opplysningi, som eg fekk for tre tiår sidan...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Gjert Severin, f. DK, Bergen 26.5.1853 – n. 1875

 

Gift 1876: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000848909

Albertine Kristine https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007398198

Halfdan Severin https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007481347

Øivind Edvard https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007483412

Albertine Hansine https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007658705

 

Gjert Severin emigrerer i 1892:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000687851

 

Innrulleringssjefen i Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/91/pc00000001117918

Bergen fylke, Hovedrulle nr. 4 (1871-1877), Protokollside, Side 217
https://media.digitalarkivet.no/view/78953/220

 

Gjert i f.t. 1891:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994022144

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

#### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

 

            * Susanne Christine, f. DK, Bergen 8.4.1845

 

            * Thomas Andreas, f. DK, Bergen 23.5.1847 – n. 1865

 

            * Christen Martin, f. DK, Bergen 27.1.1850

 

            * Mathilde Andrine, f. DK, Bergen 9.10.1852 – n. 1865

 

            * Christense Martine, f. DK, Bergen 12.2.1855

 

            * Edvard Martin, f. DK, Bergen 23.10.1857 – n. 1865

 

            * Olaf Kyrre, f. DK, Bergen 13.2.1861 – n. 1865

 

 

 

Kan det være Susanne Christine som utvandrer her i 1889 - ugift, 44 år gammel:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000682628

 

Thomas Andreas i f.t. 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994019198

Død 1912: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001129756

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 9 (1910-1915), Dødsfallsprotokollside, Side 151
https://media.digitalarkivet.no/view/27859/153

 

Christen Martin i f.t. 1891 for Flekkefjord, sedvanlig bosted: San Fransisco:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052890001605

 

Edvard Martin i militær loddtrekningsliste:

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000090257

Edvard i 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295009544

 

Olaf Kyrre i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708043325

F.t. 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335056891

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Rasmus var snikkarsvein, og han og Randine budde mellom anna i Hæggebakken i Bergen.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

 

            * Lars Andreas, f. Laksevåg 20.8.1832

 

            * Anna Marie, f. DK, Bergen 15.12.1836

 

            * Christopher Andreas, f. DK, Bergen 7.2.1838

 

            * Anna Johanna, f. DK, Bergen 16.3.1841)

 

Anna Maria døde i 1837:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040933

 

En ugift datter Marthe Serenne døde i 1873:

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. E 3 (1863-1876), Døde og begravede 1873, Side 205
https://media.digitalarkivet.no/view/8336/204

 

Martha Serene i 1865 - født (beregnet) 1834:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249017197

 

Militær loddtrekningsliste - Christopher Andreas:

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000032585

 

Anna Johanna i 1900?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335060859

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire nye interessante innlegg!

 

Då har me etter kvart fått eit godt overblikk over barneborni etter Serine, og spesielt var det kjempebra at du oppdata endå eitt barn etter Ragnhild/Randine og Rasmus Michael Larsen.  Eg ser at Martha Serenne var fødd i Domkyrkja i Bergen 25.5.1834.  Ho må ha gått meg «hus forbi»!

 

Dei største utfordringane som no står att i denne huslyden er:

 

** Opphavet til Jens Bentson - var han frå Indre Reksten i Kinn?

 

** Spørsmålet om Jens og Serine ogso hadde ei dotter Ann Carine og eventuelle detaljar om ho?  Kanskje lyt me sjekka fadrane som søstrene nytta for borni deira for å sjå om Anna Carine dukkar opp der!?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

. Siri Andersdotter {Kalhagen}, døypt {i Luster} 29.7.1781,

Serine Andersdotter gifte seg i Luster 22.10.1820 med Andreas Jensson Bentzen frå Bergen.  Han var son av tømmermann Jens Bentzen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? - frå indre Reksten i Kinn??)

 

og andre kona Karen Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Bergen 27.1.1798.  Andreas var reipslagarsvein, og han og Serine busette fleire stadar i Bergen, men vart visstnok skilde alt i 1825. 

 

##### (kan dette stadfestast?)

 

Andreas vart sidan sjuk og tok livet sitt då han 10.6.1840 hoppa ned i ein brønn i Bergen.  Serine Andersdotter d. på enkjehuset på Årstad, Bergen 11.12.1865.  Ho fekk i alt fire born:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Ragnhild, kjend som Randine Augundsdotter, dotter av Serine og gardbrukarsonen Augund Einerson frå Høgi i Hafslo (1785-    ), vart døypt i Luster 23.10.1808 og flytte med mori til Bergen i 1820 og d. der 18.10.1885.  Ho gifte seg på Laksevåg 9.9.1832 med Rasmus Michael Larsen frå Bergen, f. i Bergen 22.5.1809.  Han d. sm almissedlem i Bergen 19.3.1863.  Rasmus var snikkarsvein, og han og Randine budde mellom anna i Hæggebakken i Bergen.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Lars Andreas, f. Laksevåg 20.8.1832

            * Martha Serenne, f. DK, Bergen 25.5.1834, d. ugift Bergen 18.9.1873

            * Anna Marie, f. DK, Bergen 15.12.1836, d. Brgen 14.4.1837

            * Christopher Andreas, f. DK, Bergen 7.2.1838

            * Anna Johanna, f. DK, Bergen 16.3.1841)

 

b. Anne Carine Andreasdotter Bentzen, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1819!?)

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Jensine Andreasdotter Bentzen, f. i Bergen 21.7.1821, d. i Bergen 8.4.1902.  Jensine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 19.12.1847 med Hans Jørgen Esaiasson Aagaard frå Bergen, f. i Bergen 20.12.1822.  Han d. som skipstømmermann i Bergen 20.7.1890.  Hans Aagaard var tømmermann, men arbeidde sidan som sjukepassar på fattighuset i Bergen, der han og Jensine budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Esaias Aagaard, f. DK, Bergen 7.3.1848 – d. Bergen 15.4.1909 – gift styrmann

            * Hansine Jørgine, f. DK, Bergen 1.2.1851 – d. Beregen ug. tjenestepike 16.6.1932

            * Gjert Severin, f. DK, Bergen 26.5.1853 – n. 1875 – gift styrmann til Amerika i 1892

            * Hans Jørgen, f. DK, Bergen 30.12.1855 – n. 1875 – d. Bergen 12.8.1884 ugift seglmakarsvein

            * Andreas Hille, f. DK, Bergen 27.4.1860 – n. 1875)

 

d. Mette Andrine Andreasdotter Bentzen, f. i Bergen 1.2.1823, d. s0m enkje i Bergen 26.5.1880.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 8.9.1844 med Thomas Andreas Christensen frå Bergen, f. i Bergen 5.10.1817.  Han d. som anglemakarmeistar i Bergen 30.4.1862.  Thomas var anglemakarmeistar, og han og Mette budde òg i Bergen.  Dei fekk sju born i lag.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Susanne Christine, f. DK, Bergen 8.4.1845 – til Amerika 1889

            * Thomas Andreas, f. DK, Bergen 23.5.1847 – n. 1865 – d. gift skinnhsndlar Bergen 7.6.1912

            * Christen Martin, f. DK, Bergen 27.1.1850 – n. 1891 gift styrmann Flekkefjord – bus. San Francisco!

            * Mathilde Andrine, f. DK, Bergen 9.10.1852 – n. 1865

            * Christense Martine, f. DK, Bergen 12.2.1855

            * Edvard Martin, f. DK, Bergen 23.10.1857 – n. 1865/1875 ugift restauratør

            * Olaf Kyrre, f. DK, Bergen 13.2.1861 – n. 1865 – frisør og parykkmakar Bergen

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #14:

 

Etter fleire år «i dvale» ønskjer eg i kveld å henta fram att denne huslyden som eg framleis slit med å komplettera.

 

Eg har «sortert» manuskriptet mitt, og siste versjon syner særleg desse utfordringane (som det òg har vore jobba med før...):

 

** Opphavi til Jens Bentzen og andre kona hans, Karen Andersdotter?  Var han kan henda får Kinn?

 

** Finst det offisielle dokument, eventuelt avisoppslag, som syner skilsmålet mellom Serine og Andreas Bentzen kring 1825?

 

** Og so endeleg dåpen og lagnaden til dotteri Anna Carine Bentzen?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Andersdotter {Kalhagen}, døypt {i Luster} 29.7.1781,

Serine Andersdotter gifte seg i Luster 22.10.1820 med Andreas Jensson Bentzen frå Bergen.  Han var son av tømmermann Jens Bentzen i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og andre kona Karen Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Bergen 27.1.1798.  Andreas var reipslagarsvein, og han og Serine busette fleire stadar i Bergen, men vart visstnok skilde alt i 1825. 

 

##### (kan dette stadfestast?)

 

Andreas vart sidan sjuk og tok livet sitt då han 10.6.1840 hoppa ned i ein brønn i Bergen.  Serine Andersdotter d. på enkjehuset på Årstad, Bergen 11.12.1865.  Ho fekk i alt fire born:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Ragnhild, kjend som Randine Augundsdotter, dotter av Serine og gardbrukarsonen Augund Einerson frå Høgi i Hafslo (1785-    ), vart døypt i Luster 23.10.1808 og flytte med mori til Bergen i 1820 og d. der 18.10.1885.  Ho gifte seg på Laksevåg 9.9.1832 med Rasmus Michael Larsen frå Bergen, f. i Bergen 22.5.1809.  Han d. sm almisselem i Bergen 19.3.1863.  Rasmus var snikkarsvein, og han og Randine budde mellom anna i Hæggebakken i Bergen.  Dei fekk fem born i lag.

b. Anne Carine Andreasdotter Bentzen, f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – kring 1819!?)

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

c. Jensine Andreasdotter Bentzen, f. i Bergen 21.7.1821, d. i Bergen 8.4.1902.  Jensine gifte seg i Domkyrkja i Bergen 19.12.1847 med Hans Jørgen Esaiasson Aagaard frå Bergen, f. i Bergen 20.12.1822.  Han d. som skipstømmermann i Bergen 20.7.1890.  Hans Aagaard var tømmermann, men arbeidde sidan som sjukepassar på fattighuset i Bergen, der han og Jensine budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

d. Mette Andrine Andreasdotter Bentzen, f. i Bergen 1.2.1823, d. s0m enkje i Bergen 26.5.1880.  Ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 8.9.1844 med Thomas Andreas Christensen frå Bergen, f. i Bergen 5.10.1817.  Han d. som anglemakarmeistar i Bergen 30.4.1862.  Thomas var anglemakarmeistar, og han og Mette budde òg i Bergen.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.