Gå til innhold
Arkivverket

Narve Larsson Fuhr (1797-187?) med kona Sophia Haagensdotter (1798-187?) frå Luster til Amerika og sonen deira Lars Narveson (1824-1881) og huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd frå Luster som ogso Ivar Moe har minnt meg om gjennom eit anna tema og der eg ser at eg manglar ymse detaljopplysningar, som eg svært gjerne skulle hatt på plass, både frå Amerika og frå Noreg (Christiania).  Kanskje nokon kan hjelpa meg?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Narve Larsson Fuhr, frå Myrsete under Hengesteg, vart døypt 3.1.1797 og gifte seg 26.1.1824 med Sophia Haagensdotter frå Svangstu lille, døypt 29.7.1798.  Narve og Sophia fekk overta plassen her på Myrane under Fuhr alt i 1824 og vart buande her som husmannsfolk like til 1867.  Då vart plassen nedlagd, og jordi fall attende til garden.

Narve og Sophie Larson utvandra til Amerika i 1867 i lag med sonen Anders; alle dei andre attlevande borni var farne over tidlegare.  Og Narve og Sophie Larson slo seg ned hjå sonen Lars på farmen hans i Windsor township, Dane Co., Wis.

 

##### (lived there in 1870 – dates and places of their deaths?)

 

Narve og Sophia på Myrane fekk åtte born i lag, mellom anna denne sonen:

 

Lars Narveson Skildum, frå Myrane under Fuhr, var f. 12.4.1824 og gifte seg første gongen 5.5.1846 med Anna Andersdotter frå Mordla under Heltne i Dale, f. 22.10.1818.  Lars og Anna fekk festesetel på denne plassen i Skildeimshaugen dagsett 15.2.1847, men dei kan ikkje ha hatt noko særleg med jord til plassen, og vart då heller ikkje buande her lenger enn til 1861.  Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.

Lars og Anna Narveson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg først ned som farmarar i Windsor township, Dane Co., Wis., men flytte på 1870-talet til ein farm i Hampden township, Columbia Co., Wis.  Anna d. i Columbia Co., Wis. 6.6.1878, og Lars gifte seg att i Dane Co., Wis. 15.1.1879 med Martha Olsdotter frå Hærishaugen under Hæri.  Ho var f. i Luster 9.8.1835 og hadde utvandra til Amerika i 1873.  Lars og Martha vart buande på farmen hans i Hampden township, Columbia Co., Wis., der Lars d. alt 11.3.1881.  Martha Narveson d. i Dane Co., Wis. 7.11.1911.  Lars fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet, men dessutan hadde andre kona Martha òg tre born frå før:

a. Anna L. Narveson (1845‑1908), utvandra med foreldri i 1861 og vart der borte gift med husmannssonen Henrik Olson frå Langeteigen under Dalsøyri (1844‑1927).

b. Sophia L. Narveson (1847‑1852), f. og d. i Luster.

c. Narve L. Narveson, truleg kjend som Narve Lewis,

 

     ##### (American name to be verified?)

 

     f. i Luster 21.11.1850, utvandra med foreldri til Amerika i 1861. 

 

     ##### (moved «West» at a young age – his destiny??)

 

d. Sophia L. Narveson, kjend som Sophie Lewis, f. i Luster 12.11.1852, utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og d. i Chicago, Ill. 7.1.1936.  Ho flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho 13.10.1884 gifte seg med

 

     ##### (original name from Norway? – referred to as Olaf Olaus Lee)

 

     ##### (wherefrom in Norway? – Christiania?)

 

     ##### (full names of his parents?)

 

     f. i Christiania (Oslo) 16.4.1860. 

 

     Han utvandra til Amerika i 1878

 

     ##### (year of his emigration to be verified?)

 

     og d. i Oak Park, Ill. 26.6.1926.  Oluf Lee var fabrikkformann («factory foreman»), og han og Sophie vart buande i Chicago, Ill. levetidi ut.  Dei fekk to born i lag.

e. Anders, kjend som Andrew L. Narveson, f. i Luster 4.8.1855, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 12.10.1880.

f. Gunnhild, kjend som Julia L. Narveson, f. i Luster 1.1.1858, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 22.2.1877.

g. Malena L. Narveson, f. i Columbia Co., Wis. kring 1862,

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     d. i Columbia Co., Wis. 26.8.1877.

h. Ole Andersson, kjend som Ole A. Harum, son av Martha Olsdotter og gardbrukar Anders Andersson på Lid øvre i Hafslo (1838‑1922), var f. i Luster 25.5.1861 og utvandra til Amerika med mori i 1873.  Han d. i Sioux Falls, S.D. 23.11.1912.  Ole Harum gifte seg i Fillmore Co., Minn. 16.12.1891 med Barbara O. Thyri.  Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 18.11.1868 og d. i Rochester, Minn. 29.9.1916.  Ole og Barbara budde i Lanesboro, Fillmore Co., Minn. og fekk seks born i lag.

i. Anders Andersson, son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871), var f. i Luster 19.5.1865,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje utvandra til Amerika – døydde han heilt ung?)

 

j. Christian Andersson, kjend som Christian A. Harum, var likeins son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871) var f. i Luster 19.2.1870 og utvandra til Amerika i 1873 i lag med mori.  Christian Harum var snikkar («carpenter») og vart buande i Windsor township, Dane Co., Wis. der han d. ugift 6.8.1940.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her ser me Lars Narveson (her kalla Lewis Nelson!) med huslyden hans i FT1870 i Windsor township, Dane Co., WI.  Ogso foreldri hans er nemnde her (ogso dei kalla Nelson!) og ein yngre bror Anders:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-51V

 

Me ser soleis at både Narve og Sophie levde i 1870, men båe er borte i 1880, og det er vel ikkje usannsynleg at dei båe døydde i 1870-åri, men nærare detaljar har eg ikkje greidd å finna so langt!

 

Og her er ymse innførsler som gjeld Lars si dotter Sophie Lewis med mann Olaf Olaus Lee som skulle vera frå Christiania, skal me tru kjeldene frå Chicago

 

* Dødsfallet hans:

 

Name Olaf Olaus Lee
Event Date 26 Jun 1926
Event Place Oak Park Village, Cook, Illinois
Gender Male
Race white
Age 66
Birth Year (Estimated) 1860
Birth Date 16 Apr 1860
Birthplace Christicina, Norway
Father's Name Olaus Lee
Father's Birthplace Christicener, Norway
Occupation foreman
Residence Place Chicago, Ill.
Spouse's Name Sophia Lee
Burial Date 29 Jun 1926
Burial Place Mt. Olive

 

* FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-63RT-2F

 

* FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJL-QGX

 

* FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R68-73Y

 

Eg vonar det er mogeleg å identifisera Olaf Olaus utifrå desse kjeldene, både fødsli hans og utvandringi?

 

Neste store utfordring her ver lagnaden til eldste sonen etter Lars Narveson, Narve Lewis(?).  Familien fortel at han reiste heimefrå i ung alder og skal ha butt ein eller stad «in the West», men so langt har eg ikkje greidd å finna spor etter han!

 

Siste store utfordringi er lagnaden til Anders Andersson, sonen som andre kona Martha fekk i Luster i 1865:

https://media.digitalarkivet.no/view/8402/54

 

Her er mori Martha Olsdotter med båe dei eldste borni i FT1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001880

 

Og her er utvandringi til mori frå 1873 med berre eldste og yngste barnet:

https://media.digitalarkivet.no/view/6916/422

 

Kvar er so Anders Andersson vorten av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som til no har lege heilt urøyrt i Brukarforum.  Eg har ikkje greidd å finna fleire detaljar om denne huslyden, men vonar framleis at nokon kan sjå ei løysing på dei største utfordringane, som vel må vera desse:

 

** Lagnaden til Narve L. Narveson alias Narve Lewis, fødd i Luster 21.11.1850 - «went West at a young age»?

 

** Det norske opphavet til Olaf Olaus Lee i Chicago, som skal vera fødd i «Christicina, Norway» 16.4.1860?

 

** Og endeleg lagnaden til vesle Anders Andersson, fødd i Luster 19.5.1865 - «mangla» då mori utvandra til Amerika i 1873?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60722&h=2237138&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=vJN1607&_phstart=successSource

 

Narve Larson

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

 

Name: Narve Larson
Death Age: 85
Record Type: burial
Birth Date: 21 Oct 1850
Death Date: 11 Aug 1936
Burial Date: 14 Aug 1936
Church Name: Our Savior's Of Riceford
Church Location: Spring Grove, Minnesota
Lenke til kommentar
Del på andre sider

25 minutter siden, Sven Hjortland skrev:

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

 

Name: Narve Larson
Death Age: 85
Record Type: burial
Birth Date: 21 Oct 1850
Death Date: 11 Aug 1936
Burial Date: 14 Aug 1936
Church Name: Our Savior's Of Riceford
Church Location: Spring Grove, Minnesota

 

Tror det må være en navnebror  -  foreldrene stemmer ikke, dessuten f. i Wisconsin

 

The Minnesota, Death Index, 1908-2017  -  Lenke Ancestry
Name:    Narve Larson (Halstenrud)
Record Type:    Death
Death Date:    11 Aug 1936
Death Place:    Fillmore
Death Registration Date:    1936
Certificate Number:    004488
Record Number:    734434

 

The U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current  -  Lenke Ancestry
Name:    Narve Larson
Birth Date:    21 Oct 1850
Birth Place:    Wisconsin, United States of America
Death Date:    11 Aug 1936
Cemetery:    Riceford Norwegian Cemetery
Burial or Cremation Place:    Riceford, Houston County, Minnesota, United States of America
Has Bio?:    Y
Father:    Lars Halstenrud
Mother:    Ingeborg Halstenrud

Spouse:    Kjersti Larson
Children:    Gina Christine Hage
Nora Larson
Stella Larson

 

Samme mann som gifter seg her:

 

The U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969  -  Lenke Ancestry
Name:    Narve Larsen Halsterand
Gender:    Male
Record Type:    Marriage
Marriage Date:    16 Jun 1876
Marriage Place:    Spring Grove, Minnesota, USA
Father:    Lars Arirden
Mother:    Ingeborg Narvesdr
Spouse:    Kristi Jörgmsdatter Kvarre
Church Name:    Trinity Lutheran Church
Church Location:    Spring Grove, Minnesota

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

No vart eg nesten «hoppande glad», men so oppdaga eg ved nærare leiting at denne Narve Larson stundom er kalla Halstenrud, og han var fødd i Wisconsin.  Foreldri hans syner seg å vera Lars Reierson og Ingeborg Narvesdotter, og dei har diverre ikkje noko med Luster å gjera...  Rett nok har eg ikkje finne dåpen hans, men det er nok liten tvil om at me lyt leita vidare etter «vår» Narve!

 

Og nettopp som eg skal senda av stad denne meldingi, er det òg kome eit innlegg frå Egil - hjarteleg takk til deg - som trekker same konklusjon...

 

Men nok ein kjempetakk for freistnadane på å løysa denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.