Gå til innhold
Arkivverket

Soknehistorikken for Kinn prestegjeld i Sogn og Fjordane


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Eg har tidlegare nemnt at eg meiner at det var feil å fjerne oversikta over kyrkjebøkene frå soknehistorikken, sidan det i enkelte tilfelle finst kyrkjebøker som ikkje er skanna. Dessutan er oversikta kjekk å ha dersom det skulle vere gjort feil ved utlegging av skanna kyrkjebøker, sidan oversikta viser materiale som skal vere der.

 

Eit problem ved soknehistorikken var at oversikta over kyrkjebøker var utdatert, men det gjeld jo eigentleg heile soknehistorikken. Eg kom over eit konkret eksempel no. Eg skulle slå opp ein dåp frå 1909 i Nordal i Kinn prestegjeld. I oversikta over skanna kyrkjebøker finn ein sokna Kinn, Florø, Eikefjord og Bru. Om ein prøver seg med Nordal i feltet for sokn får ein ikkje ein gong treff. Det er heller ikkje nemnt i soknehistorikken at det har funnest noko som heiter Nordal sokn. Ein kjem heller ikkje så mykje lenger med den gamle soknehistorikken, den inneheld heller ingen kyrkjebøker frå Nordal sokn i Kinn prestegjeld: http://web.archive.org/web/20161230163437/http://arkivverket.no:80/arkivverket/Bruk-arkivet/Slekt/Kirkeboeker/Soknehistorikk/Sogn-og-Fjordane Slik sett var kanskje ikkje akkurat dette eksempelet noko godt argument for å ta vare på den gamle soknehistorikken. (I ei anna sak var den gamle oversikta derimot med på å avdekke store manglar i ei skanna kyrkjebok, så der kom oversikta til nytte).

 

Årsaka til at eg i det heile teke veit at det fanst eit kyrkjesokn som heitte Nordal er ei gammal oversikt som eg har bokmerka, og som eg ikkje lenger greier å finne hos Google. Følgjande oversikt liknar på den gamle soknehistorikken, men er oppdatert med nyare kyrkjebøker:

http://digitalarkivet.uib.no/sf1.htm

Her kan ein lese følgjande:

 

KINN PRESTEGJELD 
Sokner: Kinn, Bru (Svanøy), Eikefjord og Bremanger (til 1863). 
Gnr. 87/4-5 og 88/4 vart overført frå Svanøy sokn til Eikefjord 1898. 
Gnr. 82, gnr. 83/1,2,4, gnr. 88/8-9, og gnr. 89-90 vart overført frå Bru sokn til Eikefjord 1966. 
Gnr. 79-81 vart overført frå Bru sokn til Kinn sokn 1970. 
Namneskifte frå Svanøy sokn til Bru 1922. 
Avgang: 
Bremanger vart skilt ut som eige prestegjeld 1864. 
Gnr. 107-11 og gnr. 117/2-3 vart overført frå Bru somn til askvoll sokn i Askvoll i 1964. 
Tilgang: 
Gnr. 55-56 vart overført frå Frøya sokn i Bremanger til Kinn sokn 1964. 
Gnr. 30 vart overført frå Vevring sokn i Førde til Eikefjord i 1964. 
************************************************************** 
Kyrkjebøker: 
Kinn A 1 1689-1729 
Kinn A 2 1729-1785 
Kinn A 3 1785-1821 
Kinn A 4I 1822-1840 
Kinn A4II 1822-1840 
Kinn A 5 1840-1857 
Kinn A 7 1841-1858 
Kinn A 8 1859-1882 
Kinn A 9 1841-1852 
Kinn A 10 1852-1870 
Kinn A 11 1841-1855 
Kinn A 12 1855-1869 
Kinn A 13 1870-1885 
Kinn A 14 1841-1859 
Kinn A 15 1860-1883 
Kinn A 16 1841-1858 
Kinn A 17 1858-1867 
Kinn Florø sokn C 1 1883-1894 
Kinn Florø sokn C 2 1895-1916 
Kinn Bru (Svanøy) sokn D 1 1883-1922 
Kinn Eikefjord sokn E 1 1890-1916 
Kinn F 1 1841-1859 Dagsregister 
Kinn F 2 1859-1890 Dagsregister 
Kinn F 3 1890-1926 Dagsregister 
Kinn F 4 1927-1939 Dagsregister 
Kinn F 5 1940-1949 Dagsregister 
Kinn F 6 1949-1957 Dagsregister 
Kinn F 7 1958-1971 Dagsregister

Kyrkjebokduplikat (klokkabøker): 
Kinn Kinn, Eikefjord sokn A 1 1853-1868 
Kinn Kinn sokn A 2 1882-1906 
Kinn Kinn sokn A 3 1939-1960 
Kinn Kinn sokn A 4 1960-1972 
Kinn Kinn sokn A 5 1973-1979 
Kinn Florø sokn B 1 1939-1959 
Kinn Florø sokn B 2 1959-1971 
Kinn Florø sokn B 3 1971-1974 
Kinn Bru sokn C 1 1854-1868 
Kinn Bru sokn C 2 1869-1918 
Kinn Bru & Eikefjord sokn C 3 1890-1960 
Kinn Bru sokn C 4 1914-1943 
Kinn Bru sokn C 5 1944-1979 
Kinn Bru sokn C 6 1961-1979 
Kinn Bru sokn C 7 1919-1979 
Kinn Norddal sokn D 1 1898-1946 
Kinn Norddal sokn D 2 1945-1975 

Kinn Eikefjord sokn E 1 1864-1899 
Kinn Eikefjord sokn E 2 1900-1926 
Kinn Eikefjord sokn E 3 1927-1960 

 

Eg får her vist poenget mitt om at det er kjekt å ha ei oversikt over materiale som skal finnast, også det som ikkje er skanna. Men det som eg eigentleg lurer på i denne omgang er om det er mogeleg å oppdatere gjeldande (utdaterte) versjon av soknehistorikken for Kinn slik at det kjem fram at det også finst eit sokn som heiter Nordal samt kva år (1898?) og frå kva sokn det blei utskilt.

 

Dessutan lurer eg på om dei kyrkjebøkene som ikkje finst i skanna versjon (f. eks. kyrkjebøkene for Nordal sokn) er skanna, slik at det er indekseringa ein ventar på, eller om det er slik at desse kyrkjebøkene framleis ligg på prestekontoret. Evt. lurer eg på om det er planar om å skanne og/eller indeksere desse kyrkjebøkene, og om det er mogeleg å seie noko om kor tid desse kyrkjebøkene vil bli publiserte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg får vel også leggje til at gjeldande skrivemåte i følgje Kartverket (og oversikta over) er Norddal. (Men eg har også sett at det har vore argumentert for skrivemåten Nordal, og at opphavet til namnet ikkje har med himmelretninga å gjere).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Soknehistorikken er en del av Arkivverkets veiledning for slektsgranskere på arkivverket.no. Vi som arbeider med tilgjengeliggjøring av skanna arkiver, har ikke ansvar for vedlikehold av den, så jeg flytter spørsmålet til Spør Arkivverket.

 

Jeg kan likevel ta på meg å kommentere noe:

 

Fullstendig oversikt over avleverte kirkebøker, også de som ikke er skanna, skal finnes i arkivkatalogene, som igjen skal være publisert i Arkivportalen. Fra hver enkelt skanna kirkebok finnes det (i kildeinformasjonsfeltet) lenke til Arkivportalen, slik at man raskt kan komme inn i den aktuelle arkivkatalogen for å se om det finnes kirkebøker som ikke er skanna. Det er derfor ikke hensiktsmessig og fornuftig ressursbruk om Arkivverket i tillegg skal holde soknehistorikken oppdatert med fullstendig oversikt over avleverte kirkebøker.

 

Akkurat i dette tilfellet er det dessverre slik, at katalogen for Kinn sokneprestembete kun er publisert på serienivå. La oss da håpe at den blir publisert på stykkenivå (ei kirkebok tilsvarer normalt ett arkivstykke) så snart som mulig.

 

Når det gjelder Nordal sokn, kan jeg ikke se at vi har registrert noen kirkebøker (ministerialbøker, klokkerbøker eller andre typer) i Digitalarkivets database. Det betyr at ingen kirkebøker for Nordal sokn er meldt inn for skanning fra SAB, og da jeg ikke har tilgang til noen katalog utover det som vises i Arkivportalen, vet jeg ikke hvor mange kirkebøker det kan være snakk om.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.