Gå til innhold
Arkivverket

Torsten Hermundson Sande (1817) og Eli Johnsdotter (1822) - frå Luster til Wisconsin i 1860 - flytte 1878 til Grand Forks Co., ND, men kvar i all verdi budde dei i 1885? Og kvar var Eli som enkje i 1900? Og kvar vart det av dotteri Mari?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Torsten Hermundson og Eli Johnsdotter, husmannsfolk i Hagen under Sande i Luster, utvandra i 1860 til Amerika, og dei farma mange år i Gilmanton township, Buffalo Co., WI til dei i 1878 dukka opp i Grand Forks Co., ND.  Eg leitte i svært lang tid for å finna denne huslyden i FT1870, og for å syna korleis einskilde huslydar verkeleg snudde på namni sine i Amerika, sjå på denne huslyden i 1870 (Andrew og Alma Thomson!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q6H-FJ

 

Eg visste dei budde i dette området, for her er konfirmasjonane til Andreas,  Elias og Ole i Thompson Valley, Buffalo Co., WI 1866, 1872 og 1877: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00356?pid=3092315&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx14614%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3Delcabmd%26gsfn%3DAndreas%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26cp%3D12%26msypn__ftp%3Dbuffalo,%20wisconsin,%20usa%26msypn%3D408%26msbdy%3D1850%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26new%3D1%26rank%3D1%26redir%3Dfalse%26uidh%3D008%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D34%26fh%3D0%26h%3D3092315%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx14614&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eldste dotteri Anna vart nok att i Dane Co., WI då foreldri flytte nordover, men underleg er det at dotteri Mari ikkje er å sjå korkje i konfirmantlistene for Thompson Valley eller i FT1870.  Kanskje var ho då alt avlidi??

 

Her er Torsten og Eli i FT1880 for Blooming township, Grand Forks Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY8-SGG1

 

Torsten døydde i Blooming township, Grand Forks Co., ND 2.5.1895

 

men eg greier ikkje å finna denne husyden i FT1885 for North Dakota

 

Heller ikkje finn eg enkja Eli (Thompson) i FT1900, men derimot er enkja Ella Thompson i FT1905 skrivi som farmar på 83 år i Copley township, Clearwater Co., MN som næraste nabo til svigersonen Andrew Larson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-VSJ?i=13&cc=1503056

 

Ella Thompson skal vera avlidi i Bartlett, Ramsey Co., ND kring 1908, men dette dødsfallet finn eg heller ikkje nokon stad!

 

Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torsten Hermundson Sande, opphavleg frå Solvornstrondin under Solvorn, vart døypt i Luster 11.1.1817.  Torsten voks opp i Luster og ser ut til å ha tent på Sørheim i ungdomen.  Han gifte seg her 27.10.1846 med Eli Johnsdotter, opphavleg frå Kvalsøyri under Kvale, men sjå Bringebakken under Dalsøyri, f. 27.2.1822.  Torsten og Eli var innerstfolk på Sørheim nokre år etter at dei vart gifte, men kring 1851 fekk dei hand om ein plass under Sande, og me trur det var dei som på same tidi rydda plassen her i Hagen.  Torsten og Eli vart buande her til 1860.

Torsten og Ellen Hermanson utvandra til Amerika i 1860 og etter eit kort opphald i Dane Co., Wis. slo dei seg kring 1862 ned som farmarar i Gilmanton township, Buffalo Co., Wis., men kring 1878 flytte dei til ein farm i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. der Torsten d. 2.5.1895.  Ellen, som sidan skreiv seg for Thompson, flytte

 

##### (year of removal? – after 1895 – prior to 1905)

 

til ein farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men d.

 

##### (date and place of her death? – after 1905! – d. Bartlett, ND about 1908??)

 

Torsten og Ellen fekk åtte born i lag:

a. Anna Thompson (1846-1933), utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og vart der borte gift {Iowa Co., WI 20.5.1863} med husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832-1903) (s.d.).

b. Andreas, kjend som Andrew Thompson (1850-1926), utvandra òg med foreldri til Amerika i 1860 og vart der borte gift {Buffalo Co., WI Feb. 28, 1874} med husmannsdotteri Kirstina Wangensteen Christophersdotter frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (1854-1931) (s.d.).

c. Mari, kjend som Mary Thompson, f. i Luster 10.6.1853, utvandra til Amerika med foreldri til Amerika i 1860,

 

     ##### (what became of her?)

 

d. Elias Thompson, f. i Luster 18.10.1856, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Benson Co., N.D. 10.9.1930.  Elias gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Elen Rasmusdotter frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Ellen Rice.  Ho var dotter av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Møklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Møklebust og f. Innvik 18.5.1851.  Ellen utvandra til Amerika med foreldri sine

 

     ##### (utvandringsåret?)

 

     og d. i Larimore, N.D. 8.12.1940.  Elias og Ellen Thompson farma først i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte kring 1890 til ein farm i Nesbit township, Polk Co., Minn.  Noko etter hundreårs­skiftet flytte dei so til ein farm i Beaver township, Benson Co., N.D. der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

e. Torbjørn Thompson (1858-1858), f. og d. i Luster.

f. Susanna, kjend som Susie Thompson, f. i Luster 15.5.1859, utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Williston, N.D. 8.7.1935.  Susanna gifte seg i

 

     ##### (date and place her marriage? – about 1882!?)

 

     med Andrew B. Larson.  Han var f. i Winneshiek Co., Ia. 12.5.1854 og d. i Williston, N.D. 25.10.1932.  Susie og Andrew farma ei tid i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte på 1890-talet til Fosston, Polk Co., Minn. der Andredw var brønngravar («well digger»).  Kort etter hudreårsskiftet flytte dei so til en farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men kring 1906 flytte dei vidare til Bartlett, Ramsey Co., N.D. der Andrew var jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Men alt kring 1909 flytte dei vidare til Williston, Williams Co., N.D. der Andrew på ny var brønngravar («well digger»).  Dei fekk sju born i lag.

g. Ole H. Thompson (1861-1939), {i Dane Co., Wis. 23.7.1861} vart gift {Grand Forks Co., ND 6.5.1885} med husmannsdotteri Johanna Christensdotter frå Haugen under Leri (1864-1911) (s.d.).

h. Johanna Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 9.2.1863, d. i Grand Forks, N.D. 18.3.1941.  Johanna gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Ingebrigt Rasmusson frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Albert Rice.  Han var son av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Myklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Myklebust og f. i Innvik 24.6.1856.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine

 

     ##### (utvandringsåret?)

 

     og d. i Grand Forks, N.D. 19.5.1918.  Johanna og Albert Rice farma i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. og fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei store «utfordringane» her er soleis:

 

** Kvar er Torsten og Eli i FT1885?

 

** Kvar er Eli som enkje i FT1900?

 

** Dødsfallet til Ella Thompson kring 1908?

 

** Og endeleg lagnaden til dotteri Mari, fødd 1853?

 

samt desse som so langt ikkje er nemnde:

 

** Utvandringsåret til Rasmus og Sigrid Myklebust frå Innvik etter 1865?

 

** Vigsli til Susie Thompson og Andrew B. Larson i Amerika kring 1882?  Eldste barnet deira var født i MN i 1883!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
På 16.10.2018 den 14.31, Lars E. Øyane skrev:

Ellen Rice.  Ho var dotter av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Møklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Møklebust og f. Innvik 18.5.1851.  Ellen utvandra til Amerika med foreldri sine

     ##### (utvandringsåret?)

 

Rasmus utvandret fra Bergen i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000657388

 

Sigrid

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000657389

 

Eli

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000657390

 

Mons

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000657391

 

Bernt

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000657392

 

Da er det nok Ingebrigt som utvandrer i før resten av familien jf. forrige innlegg. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for dei to siste innleggi som endeleg har kartlagt utvandringi til Amerika for denne huslyden.  Kjempebra!

 

Etter dette sit me pr. i dag att med følgjande «hovudutfordringar» i denne huslyden:

 

** Kvar er Torsten og Eli i FT1885?

 

** Kvar er Eli som enkje i FT1900?

 

** Dødsfallet til Ella Thompson kring 1908?

 

** Og endeleg lagnaden til dotteri Mari, fødd 1853?

 

** Vigsli til Susie Thompson og Andrew B. Larson i Amerika kring 1882?  Eldste barnet deira var født i MN i 1883!

 

Og her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torsten Hermundson Sande, opphavleg frå Solvornstrondi under Solvorn i Hafslo, vart døypt i Luster 11.1.1817.  Torsten voks opp i Luster og ser ut til å ha tent på Sørheim i ungdomen.  Han gifte seg her 27.10.1846 med Eli Johnsdotter, opphavleg frå Kvalsøyri under Kvale, men sjå Bringebakken under Dalsøyri, f. 27.2.1822.  Torsten og Eli var innerstfolk på Sørheim nokre år etter at dei vart gifte, men kring 1851 fekk dei hand om ein plass under Sande, og me trur det var dei som på same tidi rydda plassen her i Hagen.  Torsten og Eli vart buande her til 1860.

Torsten og Ellen Hermanson utvandra til Amerika i 1860 og etter eit kort opphald i Dane Co., Wis. slo dei seg kring 1862 ned som farmarar i Gilmanton township, Buffalo Co., Wis., men kring 1878 flytte dei til ein farm i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. der Torsten d. 2.5.1895.  Ellen, som sidan skreiv seg for Thompson, flytte

 

##### (year of removal? – after 1895 – prior to 1905)

 

til ein farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men d.

 

##### (date and place of her death? – after 1905! – d. Bartlett, ND about 1908??)

 

Torsten og Ellen fekk åtte born i lag:

a. Anna Thompson (1846-1933), utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og vart der borte gift {Iowa Co., WI 20.5.1863} med husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832-1903) (s.d.).

b. Andreas, kjend som Andrew Thompson (1850-1926), utvandra òg med foreldri til Amerika i 1860 og vart der borte gift {Buffalo Co., WI Feb. 28, 1874} med husmannsdotteri Kirstina Wangensteen Christophersdotter frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (1854-1931) (s.d.).

c. Mari, kjend som Mary Thompson, f. i Luster 10.6.1853, utvandra til Amerika med foreldri til Amerika i 1860,

 

     ##### (what became of her?)

 

d. Elias Thompson, f. i Luster 18.10.1856, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Benson Co., N.D. 10.9.1930.  Elias gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Elen Rasmusdotter frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Ellen Rice.  Ho var dotter av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Møklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Møklebust og f. Innvik 18.5.1851.  Ellen utvandra til Amerika med foreldri sine 1875 og d. i Larimore, N.D. 8.12.1940.  Elias og Ellen Thompson farma først i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte kring 1890 til ein farm i Nesbit township, Polk Co., Minn.  Noko etter hundreårs­skiftet flytte dei so til ein farm i Beaver township, Benson Co., N.D. der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

e. Torbjørn Thompson (1858-1858), f. og d. i Luster.

f. Susanna, kjend som Susie Thompson, f. i Luster 15.5.1859, utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Williston, N.D. 8.7.1935.  Susanna gifte seg i

 

     ##### (date and place her marriage? – about 1882!?)

 

     med Andrew B. Larson.  Han var f. i Winneshiek Co., Ia. 12.5.1854 og d. i Williston, N.D. 25.10.1932.  Susie og Andrew farma ei tid i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte på 1890-talet til Fosston, Polk Co., Minn. der Andredw var brønngravar («well digger»).  Kort etter hudreårsskiftet flytte dei so til en farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men kring 1906 flytte dei vidare til Bartlett, Ramsey Co., N.D. der Andrew var jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Men alt kring 1909 flytte dei vidare til Williston, Williams Co., N.D. der Andrew på ny var brønngravar («well digger»).  Dei fekk sju born i lag.

g. Ole H. Thompson (1861-1939), {i Dane Co., Wis. 23.7.1861} vart gift {Grand Forks Co., ND 6.5.1885} med husmannsdotteri Johanna Christensdotter frå Haugen under Leri (1864-1911) (s.d.).

h. Johanna Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 9.2.1863, d. i Grand Forks, N.D. 18.3.1941.  Johanna gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Ingebrigt Rasmusson frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Albert Rice.  Han var son av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Myklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Myklebust og f. i Innvik 24.6.1856.  Han utvandra til Amerika i 1873 og d. i Grand Forks, N.D. 19.5.1918.  Johanna og Albert Rice farma i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. og fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.