Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Arne Knutson (1698) og Margretha Narvesdotter (1725) frå Luster til ytre Sogn med to døtrer i i 1750-åri - kvar vart det av dei? - Askvoll, Gulen, Solund eller Balestrand? - svogar Thomas Jørgenson (1731) til utlandet - men kvar??

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg arbeidde ein del med for bortimot 40 år sidan, men som eg den gongen aldri greidde å finna ut noko meir om.  Kanskje er tidi no kommi til å gjera noko med dette?  Me veit konkret at dette parfolket flytte til ytre Sogn, og ein svogar fór sogar til «utlandet», kvar no enn det kan ha vore?  Kanskje til Danmark?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Gjennom mange interessante oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Dersom det er den same Margrete Narvesdtr som du har, som eg har,  så lever ho i FT 1801, f 1716 (beregnet) dvs 85 år på Thorsnes i Balestrand (Leikanger), og lever av almisse frå sognet, dvs Tjugum.

Mannen som ho gitar seg med 1756, Dines Jakobsen, på legd på Fethen, Balestrand, dåv Leikanger.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for interessante innlegg, ogso under dei andre emni som nemner denne huslyden!

 

Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det var Arne Knutson frå Bolstad i Luster som døydde i Tjugum sokn våren 1756, og at enkja hans var den Margrethe Narvesdotter som kort etter gifte seg att med Dines Jacobson!  Og gjennom Margretha Narvesdotter er du og eg i slekt, Jon!!

 

Og eg har no i fleire timer sete og storkost meg med å leita gjennom denne ætti og har samstundes fått ein par AHA-opplevingar!

 

Det er ikkje so mykje å finna om denne ætti i Balestrand, bortsett ifrå at Arne Dinesson tok over heimeplassen i Sværebakken og budde der levetidi ut.  Broren Ole Dinesson og søsteri Kari Dinesdotter flytte til Bergen, og her opplever me den «vanlagnaden» at namnet i Bergen vart endra til Didrikson!  Eg har i årevis freista finna opphavet til ein Ole Didrikson i Bergen som sa seg vera fødd i Leikanger prestegjeld, og då eg oppdaga at søsteri Kari ved eitt høve er kalla Dinesdotter og alle andre gongar Didriksdotter, skjønte eg samanhangen - sjå elles dette emnet:

https://forum.arkivverket.no/topic/207333-knut-torbjørnsen-1738-1783-gift-med-kirstine-jensdotter-holst-1753-1811-frå-luster-til-bergen-kvar-vart-det-av-borni-deira/?tab=comments#comment-1746049

 

Dei to døtrene som Margrethe fekk i første ekteskapet sitt med Arne Knutson Bolstad, ser eg ikkje noko meir til i Balestrand, men eg ser ei Mari Arnersdottter som gifte seg i Askvoll i 1778 med ein Jonas Hansson.  Kan det vera ho?

 

Eg har no oppdatert manuskript mitt frå innlegg #1 på dette viset:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet erstatta av et nytt i innlegg #13 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
7 hours ago, Lars E. Øyane said:

Dei to døtrene som Margrethe fekk i første ekteskapet sitt med Arne Knutson Bolstad, ser eg ikkje noko meir til i Balestrand, men eg ser ei Mari Arnersdottter som gifte seg i Askvoll i 1778 med ein Jonas Hansson.  Kan det vera ho?

 

Dessverre Lars, denne Mari/Marie vart døypt i Askvoll 5.2.1742 som dotter av Arne Arnesson frå Smilden (Hyllestad) og Dorthea S. Engelstr./Ulriksdtr. frå Musøen u. Hillersøy (Askvoll).

Mari gifte seg i 1778 med Jonas Hansson frå Melvær. Dette var andre ekteskapet til Jonas.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
7 hours ago, Lars E. Øyane said:

b. Anna Arnesdotter, døypt i Luster 21.1.1748,

 

     ##### (tente i ytre Sogn i 1772 – lagnaden hennar?)

 

c. Mari Arnesdotter, f. i Luster kring 1751,

 

     ##### (tente i ytre Sogn i 1772 – lagnaden hennar? – kan det vera ho som gifte seg i Askvoll 4.11.1778 med Jonas Hansson?)

 

Eg kan ikkje huske å ha sett noko til desse to, men dei kan sjølvsagt vere mogeleg å finne att, kanskje i konfirmantlister for Balestrand all den tid mora gifte seg dit?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for interessante innlegg.

 

Då kan me altso avskriva Mari Arnesdotter i Askvoll.  Det einaste me høyrer i skifteprotokollen frå 1772 var at de to jentene tente i ytre Sogn...

 

Eg hari føremniddag freista bla litt i kyrkjebøkene for Leikanger med Balestrand, men presten var heller «slurvete» med omtalen av konfirmantane.  Det einaste Arnesbarnet eg fann konfirmert før 1770 var denne:

 

Martha Arnesdotter Skreen, 17 år, vart konfirmert i 1768: https://media.digitalarkivet.no/view/11566/156

 

Men eg kan godt ha oversett fleire andre, eller presten har ikkje ført dei inn...(?)

 

Men ein eller annan stad må jo desse Arnesdøtrene ha hamna.  Kan dei òg vera flytte til Bergen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Kjære Slektning, Lars  !

 

Eg har testa meg på DNA via Family Finder.  No på fredag så trefte eg ei jenta som eg er i slekt via mor mi si sida i Modalen.

På fredag sa denne jentao at gubben hennar var i slekt m/ Arne Dineson Sværen.  Eg sende ho ein e-post på syndag, så får eg løysninga på gubben hennar og meg.

E-posten til jentao:

Arne Dineson Sværen f 1759 d 1810, gift 1785 m/ Synneva Olsdtr Farnes f 1756.  Ho døyr på Sværen 1.4.1831 og gravlagd  5.4.1831, Tjugum. Kven som er foreldre ??

Hadde 8 ongar:   

Nr 1.  Anna f 1786 d same året,  Nr 3. Anna f 1789.  Død før FT 1801,  Nr 7.  Guri f 1799.  Død før 1801

-------------------------------------------------------------------------------

Nr 4.  Kristen f 1792 d 1841.   Etterkomare i Sogn.  IKKJE BERGEN

Nr 5. Peder f 1795 d 1853.  MIN FORFAR:   Peder – Hans – Jørgen – Anders – far min - meg

_____________________________________________

Nr 2.  Ola f 1787 død av Kolera i Bergen 1849

         3 ongar født 1817-21 i Sogn. Flytte til Bergen i 1825.

           Ein av desse 3, Arne f 1817  d 1889 i Bergen

                Gift 2 ganger.   IKKJE reg nokore ongar

Nr 6.  Ivar f 1797 d 1873 i Bergen. Gift i Korskirken, Bergen m/ Berte Bervensdtr Hagdahl f 1799 i Innvik

        5 ongar født i Bergen.  Dei 2 fyrste døyr som små-barn.

        Nr 😄 Berent Andreas Sværen f 1831 d 1849

        Nr d:  Ingeborg Ivarsdtr f 1834 d 1917 gift m/ Jakob i 1858

        Nr e:  Gjertine Ivarsdtr f 1838.  Fattiglem i FT 1875

Nr 8. Margrete f 1803 d 1848.  Gift i Domkirken 1829 m/ Absolon.   Jentao sin felle,  har sine aner frå Margrete !

      2 døttre m/ same navn:  Pauline Celine Tenden f 1829 d 1830.

          Samt ho som er fødd:  31.3.1833 21-2, Bergen og døypt i Korskirken:  17.2.1833.  

3 ongar som døyr småe.  2 ætterkomare fyrst i Sogn så "heila verda".  Så 3 til Bergen

Ellers er Margrete Narvesdtr mi Tipp-4-oldemor, Lars !

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Eg har og 4 ongar der far er Dines og mor er Margrete. 

Dines har ei uekte jenta:  Sigrid Dinesdtr døypt 8.10.1749.  Men mor =  Ukjent !  Utifrå det du skriv, konkluderar eg med at Margrete Narvesdtr IKKJE er mor til Sigrid.

Nr 1.  Ola, døypt 16.1.1757 og konformert:  22.10.1776:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630197.jpg  Bustad Eitthun, 18 1/2 år.  Nevnt fyrst !!

Nr 2. Arne, døypt 29.10.1759 og konformert:  30.11.1777 http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630198.jpg Bustad: Rennedal.  Aadne

Nr 3  Christen, døypt 27.10.1763.   EG har IKKJE lykkast å finna ut når han er konformert.

Nr 4 Kari Dinesdtr, 12.4.1767  og konformert:  6.7.1783 http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630201.jpg  Bustad:  Farnes.  Nevnt fyrst !!

 

Bortsett frå Arne, har eg funne noko ut av etterkomare etter dei 3 andre,  Heller ikkje Sigrid f 1749 !

Det einaste er at Kari KAN ha døypt ein son, Sven i Korskirken i Bergen.  Men det har du Lars alt lukkast med å finna ut sjølv !

 

Kvar Dines kjem i frå ?   Eg veit IKKJE !

----------------------------------------

Du skriv at vår felles Margrete er gravlagd:  7.4.1806.  Har du ei kjelda ?

 

Kan det væra at Anna f 1748 og Maren f 1751 er konformerte i Balestrand / Leikanger ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Er det desse to som vært konfirmert i Luster  som er "våre" 2 stk Arne Knutsen-døtrene:

16 aar fglass.gif
967 Dom: 10ma p: Trinitatis 1767 Konfirmant Anna Arnesdatt: ved Søen f 20 aar fglass.gif
1117 Dom: 1ma Adventus 1770 Konfirmant Mari Arnesdtr. ved Søen f

aar

 

Kjelde:  Gamle DA, Konformerte i Luster 1737-1801

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til slektning Jon for nye spennande innlegg!

 

Eg observerer at dette faktisk er din agnatske ættelinje, so då vil eg tru at ein DNA-analyse er særleg spennande for kanskje å finna ut kvar denne Dines Jacobson kan vera komen ifrå?

 

Men kven var Synneva Olsdotter, kona til Arne Dinesson?

 

Dersom ho er fødd i Leikanger prestegjeld, ser eg berre to alternativ:

 

* Synneva Olsdotter Frekaland, døypt i Leikanger hovudsokn 1.3.1756: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/173

 

* Synneva Olsdotter Kaalbakken, døypt i Leikanger hovudsokn  25.6.1759: https://media.digitalarkivet.no/view/11566/32

 

I konfirmantlista ser eg òg berre to alternativ:

 

* Synneva Olsdotter Tufte konfirmert i Fjærland 1776, 18 år gamal; https://media.digitalarkivet.no/view/11567/233

 

* Synneva Olsdotter Røysum konfirmert i Leikanger hovudsokn 1777, 18 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/234

 

Eg er overtydd om at den første er ho me søker, for eg finn òg:

 

* Iver Olson Frekaland, døypt i Leikanger hovudsokn 28.5.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/11566/20

 

* Iver Olson Tufte konfirmert i Fjærland 1777, 17 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/234

 

Det høyrest for meg ut som om Synneva og Iver var søsken!!!

 

Men eg finn ikkje desse folki nemnde i bygdeboki, korkje under Frekaland i Leikanger - og heller ikkje i ekstraskatten 1762

 

og heller ikkje under Bøyum (Tufte) i Fjærland - heller ikke i ekstraskatten 1762, so kven foreldri til Synneva kan ha vore, veit eg ikkje!?

 

Du Jon spør om dødsfallet til Margretha Narvesdotter.  Eg er komen til at det må vera denne Margrethe Olsdotter Sværen som vart gravlagd 7.4.1806 - ingen andre Margrethe høver i alder eller bustad!!

 

Konfirmantane som du Jon fann i Luster var oppvaksne ved sjøen under Eide i Luster og var søstrer til dei to brørne som er omnskrivne i denne debatten:

https://forum.arkivverket.no/topic/206613-brørne-johannes-1743-og-søren-1761-arnessøner-frå-eide-i-luster-til-bergensteigen-kvar-vart-det-av-desse-huslydane/?tab=comments#comment-1743897

Det er soleis ikkje dei to me leiter etter!!

 

Derimot fann eg denne jenta i FT1801: Anna Arnesdotter, 52 år, tenestejente på Øksdal på Vangsnes: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393001983

Men kvar kan ho ha vorti av??

 

Kan elles leggja til, Jon, at Margretha Narvesdotter sin far var husmann Narve Iverson i Langeteigen under Dalsøyri i Luster (1704-1773).  Broren Ole Iverson, husmann på Talsete under Flahammar (1709-1740) er ein av stamfedrene mine!  Båe brørne var fødde på Talsete!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Sit akkurat no på Krohnstad, Slekt og Data, Hordaland.

Skal sjå nærare i kveld, Lars 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Medan du sit og kosar deg på Krohnstad, sit eg og kosar meg med desse manuskripti mine.  Og eg meiner eg har identifisert mann hennar Karen Dinesdotter som denne «fattige bordarbeidsmannen» frå Voss: https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000074024

 

Ymse andre detaljar er òg lagde inn i manuskriptet, og her følgjer ein oppdatert versjon som erstatning for manuskriptet i innlegg #4 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Knutson Bolstad, frå Bolstad (bnr. 15), var f. kring 1698 og kom til garden dette bruket på Bolstad då han kring 1722 gifte seg med Anna Johnsdotter, enkja etter den føregåande brukaren.  Han fekk 25.8.1723 bygselsbrev på garden hjå Maren Lemvig.  Etter at Anna var avlidi, gifte Arne seg 25.11.1746 att med Margretha Narvesdotter frå Moen, f. kring 1725.  Arne og Margretha vart buande på Bolstad til kring 1750 og skal då for nokre år vera flytte til Flahammar.

Men kring 1755 flytte Arne og Margretha til Balestrand og der vart Arne gravlagd alt 9.5.1756 utan at det er nemnd nokon bustad, og Margretha gifte seg 27.6.1756 att på Vangsnes i Leikanger med Dines Jacobson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (fødsli hans? – kring 1720!)

 

Dines og Margrethe slo seg ned som plassfolk i Sværebakken under Sværen i Balestrand men kom sidan på legd.  Margretha vart gravlagd frå Sværen 7.4.1806, medan Dines vart gravlagd frå Farnes 6.3.1808.  Arne Knutson fekk i alt tre born, som alle var frå andre ekteskapet med Margretha, men Margretha fekk òg fire born frå andre ekteskapet sitt:

a. Christen Arneson (1746‑1747), f. og d. i Luster.

b. Anna Arnesdotter, døypt i Luster 21.1.1748,

 

     ##### (tente i ytre Sogn i 1772 – lagnaden hennar? – kan ha vore tenestejente på Øksdal på Vangsnes i 1801 – 52 år gamal og ugift!)

 

c. Mari Arnesdotter, f. i Luster kring 1751,

 

     ##### (tente i ytre Sogn i 1772 – lagnaden hennar?)

 

d. Ole Dinesson, kjend som Ole Didrikson (1757-1831), flytte til Bergen der han første gongen gifte seg med enkja Kirsti Jensdotter Holst frå Skjeldestad i Sogndal (1753-1811) som før hadde vore gift med gardbrukarsonen Knut Torbjørnson frå Åsen i Luster (1738-1783) (s.d.). Ole konf. 1775

e. Arne Dinesson, døypt i Balestrand 29.10.1759, vart gravlagd frå Vangsnes 29.7.1810.  Han gifte seg i Balestrand 1.7.1785 med Synneva Olsdotter frå

 

     ##### (oppvaksi på Tufte, Bøyum i Fjærland? – kva plass?)

 

     men døypt på Leikanger 1.3.1756.  Ho d. som husmannsenkje på Sværen 1.4.1831.  Arne og Synneva tok over som plassfolk i Sværebakken under Sværen i Balestrand og fekk åtte born i lag.

 

     ##### (borni deira:

            * Anna Arnesdotter, døyprt 10.1.1786

            * Ole Arneson, døypt 9.1.1787

            * Anna Arnesdotter, døypt 17.11.1789

            * Christen Arneson, døypt 29.9.1792 – n. 1801

            * Peder Arneson, døypot 2.4.1795 – n. 1801

            * Iver Arneson, døypt 15.7.1797 – n. 1801

            * Guri Arnesdotter,døypt 7.9.1799

            * Margrethe Arnesdotter, døypt 2.2.1803)

 

d. Christen Dinesson, døypt i Balestrand 27.10.1763,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje konf. Balestrand!)

 

e. Kari Dinesdotter, kjend som Karen Didriksdotter, døypt i Balestrand 12.4.1767, d. som enkje og almisselem i Bergen 5.4.1810.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1793! – finn ikkje i Bergen – var trulova ved barnefødsli 1792!)

 

     med Knut Svendsen frå Eimstad på Voss, døypt på Voss 1.1.1758.  Han vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 13.11.1807.  Knut var arbeidsmann, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Gurine Margrethe, f. KK, Bergen 11.11.1792 (døypt 16.11.) – n. 1801 – d. som kone i DK, Bergen 7.11.1841 – gift med dagarbeidar Elias Christian Moe

            * Sven, f. KK, Bergen 17.2.1795 (døypt 22.2.)

            * Nils Elias, f. KK, Bergen 30.5.1795 (døypt 5.6.)

            * Sven Elias, f. KK, Bergen 5.6.1798 (døypt 10.6.) – n. 1801 – d. som dagarbeidar DK, Bergen 17.8.1849

            * Lars Andreas, f. 1800 – n. 1801 – d. almisselem DK, Bergen 1.7.1832

            * Christian Didrik, f. KK, Bergen 20.2.1804 (døypt 26.2.))

 

Mor hennar Margretha Narvesdotter, Karen Christensdotter Hauge (1704-1755) gifte seg kring 1727 med gardbrukar og lensmann Jørgen Thomasson på Moen i Luster (1702-1765), og dei fekk tre born i lag, halvsøsken til Margretha, mellom anna denne sonen:

 1. Thomas Jørgenson, f. kring 1731,

Thomas Jørgenson flytte frå bygdi i ung alder,

 

##### (då mori døydde i 1755, heitte det om Jørgen at han var «uden lands reyst» - lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er eit utdrag frå skiftet etter Kari Christensdotter i 1755 som syner at sonen Thomas Jørgenson er «uden lands reyst», men kvar i all verdi kan han ha vorte av?  Han kom aldri attende til Luster: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/170?indexing=

 

Her er likeins eit utdrag av det store utskiftet etter Tollef Olson Rebni i Luster frå 1772 der det står at Arne Knutson Bolstad er avliden, men let etter seg to døtrer: https://media.digitalarkivet.no/view/24140/191?indexing=

 

* Anne Arnesdotter, «tiennende i ytre Sogn»

 

* Mari Arnesdotter, «sammestæds sig opholdende»

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

Du sitter på en utrolig mengde med informasjon min gode mann Jon.

Tok litt tid før jeg fant ut av "fremføringen din, men nå er jeg "fan" for å si det på godt norsk 🙂

 

Håper du har tid å kikke innom innlegget til Lars vedrørende  - https://forum.arkivverket.no/topic/226708-knut-knutson-leiglending-på-tune-i-kyrkjebø-1696-1765-gift-med-sigrid-andersdotter-dei-merkelege-ervingane-hans-ei-kjempeutfordring/

 

 

For her er det kun de beste som kan løse problemstillingen.

 

Ha en fin helg Jon

 

Mvh

Ivar

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Tusen Takk for hyggelig melding, Ivar !

 

Kan ikkje sei at du er så dårlig innformert du heller Ivar ! Snarare tvert imot !!

 

Lev vel

Jon 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

 

Lars !

 

Ekstraskatten mars-okt 1763, flytting innad i Tjugum, Leikanger av Dines Jacobson m/ hustru og Børn frå L.nr 25, Sværen til Fjærland, Raudboti:   http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-rk10051111030344.jpg nederst til høgre.

 

Innlegg nr 11.  Anna Arnesdtr, 51 år i FT 1801, busatad: Øksdal, Vangsnes.

Mogelig det er ho i FT 1815: Fedje, Feios.  61 år i 1815, då ho var 51 i 1801, 14 år før ?

Ho på Fedje er på legd.  

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft10611701248018.jpg nederst til venstre.

 Men når ho døyr har eg IKKJE lykkast med.

———

Ang kona til Arne Dinesson skal eg prøva i helga å koma nærmare på kven som er foreldra hennar. 

Akkurat no savner eg ei avdøydd fransk jenta !

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Ivar for nye interessante innlegg!

 

Når det gjeld Ole på Røysum på Leikanger, so er eg vel kjend med han, men det mangar ein del detaljar, so eg har lagt huslyden hans ut som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226720-ole-larsson-frå-marifjøra-1728-1768-husmann-på-røysum-på-leikanger-huslyden-hans/

 

Den Anna Arnesdotter som i 1815 var på legd på Fedje i Feios, KAN godt vera same jenta som i 1801 tente på Øksdal og ho som var fødd på Bolstad i 1748.  Eg veit ikkje, men eg har sendt saki vidare til ei som er ekspert på huslydar i Feios, so fer me sjå kva ho seier...

 

MEN, eg har lagt merke til noko anna, Jon, som kan vera verdt å sjå på:

 

Margretha Narvesdotter var i 1801 på legd på Torsnes i Balestrand, og i nabostova budde denne huslyden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393002343

 

Marcus Endreson, 52 år husmann med litt jord

Mari Arnesditter, 50 år, kona hans

Endre Marcusson, 17 år, son deira

Ole Marcusson, 6 år, son deira

 

FT1801 syner to stk. Mari Arnesdotter i Balestrand, hi tente på Bøyum og var nokre år yngre: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393003028

 

Kyrkjebøkene for Balestrand (Leikanger) syner to dødsfall:

 

* Mari Arnesdotter Lidal gravlagd 29.8.1813, 58 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/45

 

* Mari Arnesdotter Torsnes, husmannskone, døydde 21.5.1828, 80 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/320

 

Men berre ei av desse er fødd i Balestrand:

 

* Mari Arnesdotter Lidal, døypt 7.12.1755: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/171

 

Og berre ei av dei er vigd i Balestrand:

 

* Mari Aadnesdotter Menes og Marcus Endreson Thorsnes, vigde 13.10.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/171

 

Og då ser eg samstundes kvifor eg ikkje fann denne vigsli før då eg var på leiting etter mogelege «kandidatar» for Mari Arnesdotter - ho er kalla for Aadnesdotter!!

 

Eg er ganske so overtydd om at me her har finne lagnaden til «vår» Mari Arnesdotter.  Eller kva trur du, Jon?  Ho må ha vore tenestejente på Menes då ho gifte seg i 1783, for eg finn ikkje nokon Arne/Aadne på Menes som kan høva som far hennar!

 

Elles har du Jon finne ut noko meir om Synneva Olsdotter frå Tufte, som eg trur var kona til Anders Dinesson?  Synneva Olsdotter Røysum var jo dotter til Ole Larsson frå Marifjøra som er omskriven i hitt emnet...

 

En ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Dersom vi seier at Mari kjem til Torsnes, då må vi også seia at systera Anna døypt 1748, også kom til Leikanger, eller kva ?

Same stad iflg skiftet frå 1771. Og det lykkast eg IKKJE med.

Eg har nokre Anna Andersdtr f ca 1748 i Gamle DA:

Nr 47.495, f 1751, død 14.11.1771 på Henjum

Nr 47.962, f 1750, død  5.5.1782 på Bøyum

Nr 52.785, f 1747, død  13.12.1807 på Høgheim

Nr 52.820, f 1748, død. 26.6.1808 på Hove

Nr 53.747, f. 1751, død. 10.5.1823, Grinde

Nr 53.749, f. 1751, død, ibid

————————

Den einaste Anna Arnesdtr eg kan sjå er nr 54.390, f  1753, død: 16.11.1833, gjestgivarkone, Osen.

 

———-

Sidan både Synnøva og Ivar er Konformerte på Tufte, Fjærland, var det inntr å vita kven budde der i FT 1801:

Ole Torstensen f 1734 (gamal nok vil å få ongar i 1756/58) og kone nr 2: Synneva Olsdtr f. 1759

 

Og Ivar Olson kan væra han som bur i Skitneviki m/ kona Berha med 1son og 3 døtre.  KANSKJE.

Nærare er eg ikkje komen i å finna ut kven kona til Arne Dineson er, diverre !

 

 

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Sidan eg ikkje har lykkast å få tak i svigerforeldre til Arne Dineson, får eg byrja ein annan stad.

 

Innlegg 13 nevner du ongane til Kari Dinesdtr og Knut Svendsen.  2 stk døypt i 1795 ?? Er du einig med deg sjølv her ??

Ellers så er sonen som er født i 1798, Sven Elias, gift 21.10.1821 i Korskirken, Bergen.

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630491.jpg Nr 25

 

Gurine Margrethe f 1792, gifta seg i same kyrkja og same året, 4. November.  Er det 29 år det står ?

Same Kjelda som broren, nr 32.

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for nye spennande innlegg.

 

Når det gjeld Anna Arnesdotter, so trur me skal vera svært varsame med å blanda inn Anna Andersdotter.  Ikkje berre er det svært mange som heitte Anna Andersdtter, men det er òg ganske so uvanleg at Anders og Arne vert blanda som namn...

 

Her er gravferdi til gjestgjevarkona Anna Arnesdotter Osen, som døydde på Leikanger 16.11.1833, 80 år gamal.  Men kven kan ho ha vore?  Eg har bladd gjennom Osen i ætteboki for Leikanger, men fann ho ikkje nemnd der: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/326

 

Går me so attende til innlegg #13 og borni etter Knut Svendson og Kari Dinesdotter, ser me at:

 

* Sven fødd 17.2. og døypt 22.2.1795 var son deira, og interessant nok er mellom fadrane Kirstine Jensdotter, kona til Ole Dineson «Didrikson», og Agatha Knutsdsdotter, som var dotter hennar: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/30

 

* Nils Elias var fødd 30.5. og døypt 5.6.1796 - altso eitt år seinare: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/38

 

Elles må eg slå fast at Knut Svendson likevel ikkje er identisk med han som var fødd på Eimstad på Voss.  Eg har hatt ein samtale med bygdebokskrivaren for Voss, og han fortel meg at Knut frå Eimstad vart gardbrukar på Ullestad på Voss - sjå FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378000788

 

Men eg ser ingen andre Knut Svendson frå Voss, og «vår» mann skulle jo vera frå Voss om me skal tru fattigmanntalet frå Bergen!?  So kven var då «vår» Knut Svendson, fødd kring 1761: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390020063

 

Ser me på fadrane til eldste og einaste dotteri Gurine Margrethe, dreg me kjensel på Ole Didrikson og Agatha Knutsdotter samt ein Lars Svendson.  Kan den siste vera ein bror hans Knut: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/17

 

Margrdethe var jo tydeleg ei oppkalling etter Margretha Narvesdotter.  Kan Gurine vera ei oppkalling etter mor hans?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars: 

 

Eg har ein god del av manuskripte til Feios som kjem no før Jul.  Får håpa at fofattaren, Rune Lee, IKKJE likviderar meg når eg skriv at i bokji hans har

Anna Arnesdtr  f 1754 d 1833:  Eldste ongjen til Arne Håvardson Osen f 1726 d 1769 og Sigrid Botolvsdtr Osen f 1725  d  1763.

 

Trist at vi mista vår Knut Svendsen, som ikkje var den du trudde !  Du har sikkert vore inne på Gamle DA og sett på fattige, Bergen, 1800:

Rode
717 717 Knud Svendsen Gift* Konen Karen 40 Woss 9 Aar i S. Bord Arbeider friske Leyer 3r 9 Mrk Pialter   Sven 4 A. Lars 3 A. Gurine 9 A. For Børnene 44r Aarl. 55 Sandvigen

3 ongar år 1800.  9 år i S må væra:  9 år i Sandvigen !

-----------------------------

Eg tek meg ein tur til Byarkivet og til Statsarkivet for å sjå om kor vidt eg kan finna noko der. 

Mogeligt det må utsetjast til neste veke.

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Lista frå fattigmanntalet som du la fram i siste innlegget er meir komplett enn den eg hadde, men er tydeleg prov på at det er same folki.  Men Knut fødd på Voss forstår eg framleis ikkje «bæret» av...!

 

Eg fann forresten dåpen til Lars Andreas, fødd 15.1. og døypt 18.1.1801, men faren er der kalla Knut Iversen: https://media.digitalarkivet.no/view/8676/74

 

Når det gjeld Anna Arnesdotter, ser eg no òg i den gamle ætteboki at ho er ført som dotter av Arne Haaverson i Osen, men at ho døydde ugift i Osen i 1833.  Men ved dødsfallet er ho jo kalla gjestgjevarkone, og det får eg liksom ikkje heilt til å stemma..?  Kven var då ho som i 1801 tente på Øksdal på Vangsnes?  Og ho som i 1815 var legdelem på Fedje?  Desse tre kan vera ein og same person, men om det var jenta frå Osen, kvar vart det då av Anna Arnesdotter (Bolstad)?

 

Dette er ei stor gåte!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

 

På 17.10.2018 den 16.25, Jon Sværen skrev:

Nr 6.  Ivar f 1797 d 1873 i Bergen. Gift i Korskirken, Bergen m/ Berte Bervensdtr Hagdahl f 1799 i Innvik

 

        5 ongar født i Bergen.  Dei 2 fyrste døyr som små-barn.

 

        Nr 😄 Berent Andreas Sværen f 1831 d 1849

 

        Nr d:  Ingeborg Ivarsdtr f 1834 d 1917 gift m/ Jakob i 1858

 

        Nr e:  Gjertine Ivarsdtr f 1838.  Fattiglem i FT 1875

 

Nr 8. Margrete f 1803 d 1848.  Gift i Domkirken 1829 m/ Absolon.   Jentao sin felle,  har sine aner frå Margrete !

      2 døttre m/ same navn:  Pauline Celine Tenden f 1829 d 1830.

 

          Samt ho som er fødd:  31.3.1833 21-2, Bergen og døypt i Korskirken:  17.2.1833.  

Mitt innlegg nr 8:  Kom nett over at Margrete 1803-48, hadde ein son:  Jacob Olai f 17.5.1835  giftar seg m/ syskjenbadnet i Korskirken 17.10.1858:  Ingeborg Serine Ivarsdtr (1834-1917)

 

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070301620294.jpg

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjartleg takk til Jon for siste innlegget om denne huslyden.

 

Det ser for meg ut som om du har bra overblikk over etterslekti til Dines Jacobson, so eg let den liggja i denne omgongen.  Det som for meg er dei attvefande «hovudutfordringane» i denne ætti pr. i dag, er desse:

 

** Kven var Dines Jacobson, fødd kring 1720 - opphav og foreldre?

 

** Lagnaden til Anna Arnesdotter/Aadnesdotter, fødd i Luster 1748?

 

** Opphavet til Synneva Olsdotter Tufte, fødd 1756?

 

** Vigsli til Karen Dinesdotter/Didriksdotter og Knut Svendson kring 1793?

 

** Opphavet til Knut Svendson?

 

** Lagnaden til Thomas Jørgenson, fødd i Luster kring 1731 og «utanlands» i 1756?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Knutson Bolstad, frå Bolstad (bnr. 15), var f. kring 1698 og kom til dette bruket på Bolstad då han kring 1722 gifte seg med Anna Johnsdotter, enkja etter den føregåande brukaren.  Han fekk 25.8.1723 bygselsbrev på garden hjå Maren Lemvig.  Etter at Anna var avlidi, gifte Arne seg 25.11.1746 att med Margretha Narvesdotter frå Moen, f. kring 1725.  Arne og Margretha vart buande på Bolstad til kring 1750 og skal då for nokre år vera flytte til Flahammar.

Men kring 1755 flytte Arne og Margretha til Balestrand og der vart Arne gravlagd alt 9.5.1756 utan at det er nemnd nokon bustad, og Margretha gifte seg 27.6.1756 att på Vangsnes i Leikanger med Dines Jacobson frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

##### (foreldri hans?)

 

##### (fødsli hans? – kring 1720!)

 

Dines og Margrethe slo seg ned som plassfolk i Sværebakken under Sværen i Balestrand men kom sidan på legd.  Margretha vart gravlagd frå Sværen 7.4.1806, medan Dines vart gravlagd frå Farnes 6.3.1808.  Arne Knutson fekk i alt tre born, som alle var frå andre ekteskapet med Margretha, men Margretha fekk òg fire born frå andre ekteskapet sitt:

a. Christen Arneson (1746‑1747), f. og d. i Luster.

b. Anna Arnesdotter, døypt i Luster 21.1.1748, flytte kring 1755 med foreldri sine til Balestrand

 

     ##### (tente i ytre Sogn i 1772 – lagnaden hennar? – kan ha vore tenestejente på Øksdal på Vangsnes i 1801 – 52 år gamal og ugift!)

 

c. Mari Arnesdotter, f. i Luster kring 1751, flytte òg med foreldri kring 1755 til Balestrand og d. som husmannskone på Torsnes 21.5.1828.  Ho gifte seg i Balestrand 13.10.1783 med Marcus Endreson frå Torsnes i Balestrand, døypt i Balestrand 9.11.1749.  Han d. vart gravlagd frå Torsnes 28.3.1819.  Marcus og Mari var husmannsfolk på ein lien plass under heimebruket hans på Torsnes og fekk fire søner i lag.

d. Ole Dinesson, kjend som Ole Didrikson (1757-1831), flytte til Bergen der han første gongen gifte seg med enkja Kirsti Jensdotter Holst frå Skjeldestad i Sogndal (1753-1811) som før hadde vore gift med gardbrukarsonen Knut Torbjørnson frå Åsen i Luster (1738-1783) (s.d.). Ole konf. 1775

e. Arne Dinesson, døypt i Balestrand 29.10.1759, vart gravlagd frå Vangsnes 29.7.1810.  Han gifte seg i Balestrand 1.7.1785 med Synneva Olsdotter frå

 

     ##### (oppvaksi på Tufte, Bøyum i Fjærland? – kva plass?)

 

     men døypt på Leikanger 1.3.1756.  Ho d. som husmannsenkje på Sværen 1.4.1831.  Arne og Synneva tok over som plassfolk i Sværebakken under Sværen i Balestrand og fekk åtte born i lag.

d. Christen Dinesson, døypt i Balestrand 27.10.1763,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje konf. Balestrand!)

 

e. Kari Dinesdotter, kjend som Karen Didriksdotter, døypt i Balestrand 12.4.1767, d. som enkje og almisselem i Bergen 5.4.1810.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1793! – finn ikkje i Bergen – var trulova ved barnefødsli i 1792!)

 

     med Knut Svendsen frå

 

     ##### (opphavet hans? – etter eit fattigmanntal frå Bergen 1800 var han fødd oå Voss, men der finn me han ikkje!)

 

     Han vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 13.11.1807.  Knut var arbeidsmann, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~

 

Mor hennar Margretha Narvesdotter, Karen Christensdotter Hauge (1704-1755) gifte seg kring 1727 med gardbrukar og lensmann Jørgen Thomasson på Moen i Luster (1702-1765), og dei fekk tre born i lag, halvsøsken til Margretha, mellom anna denne sonen:

 1. Thomas Jørgenson, f. kring 1731,

Thomas Jørgenson flytte frå bygdi i ung alder,

 

##### (då mori døydde i 1755, heitte det om Jørgen at han var «uden lands reyst» - lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.