Gå til innhold
Arkivverket

Riktig Ole Andersen? Østfold/Onsøy/ f.176(2)?


Arne Åsbjørn Drangeid
 Del

Recommended Posts

Eg har litt kvaler med å finne ut kor denne Ole Andersen frå 1801-teljinga for Valle/Onsøy kjem frå.

Kona, gift med Ole for 2. gong i 1789 er jo litt tilårskomen i 1801, og eg har ikkje funne fleire felles barn enn Anders og Niels, som går fram av same folketeljing.

 

Fødselsåret til Ole er stipulert til ca 1762. Då er det ganske riktig døypt ein Ole Andersen Øthne (Utne) i Onsøy, og det kan vel då vere ein nærliggjande kandidat (?)

...men her er ein "bug" i forhold til ei dødsoppføring med ein Ole Andersen Utne, som døydde 12 år gammal i 1773

 

Den næraste utanom denne er ein Ole Andersen Seud i 1757.

...men det ser ut til at han òg døydde i 14 år gammal i 1773.

 

Og då har eg ingen kandidatar i Onsøy i nærleiken av 1762.

 

Då er det vel å leite etter nåla i høystakken (?) ...men eg har så langt ikkje registrert særleg geografisk mobilitet blant desse onsøy-folka.

 

Eller må eg inn og dissekere skanna skiftemateriale? ...trur snart eg må ta eit kurs (!)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftemateriale, ja.

 

Det er skanna skiftekort for Onsøy under Tune, og her ser ut til å manifestere seg meir enn i kyrkjebøkene. Eg trur kanskje eg har funne eit par kandidatar for opphavet til Ole Andersen:

På giftarmålsoppføringa står at Ole Andersen kom frå garden Ørmen. Når eg endeleg får bladd meg fram til skiftekorta for Ørmen, finn eg denne oppføringa: Elen Jørgensdatter, d. 1783, enke etter Anders Juelsen og gift på ny med gjenlevande Anders Hansen.

 

I lista over borna til Elen, står oppført ein Ole Andersen, 18 år. Streken i borneflokken reknar eg med markerer skilje mellom born i første og andre ekteskap (?) Det vil i så fall seie at Ole Andersen er son til Elen Jørgensdatter og Anders Juelsen.

 

Denne Ole må vel vere ein god kandidat for Ole Andersen på Walle i 1801. 18 år i 1783 plasserer rett nok fødsel til omtrent 1765, som avviker litt i forhold til 1762 som er antatt i folketeljinga. No er det vel ikkje så uvanleg at det er litt avvik i desse folketeljingane då. Kanskje Ole var litt småflau over å ha fått seg ei litt vaksen kone, og at han la på eit par år i oppgitt alder... 🙄

 

Etter kvart fann eg jo oppføringa for fødsel i kyrkjeboka òg, 4. søndag i advent 1766: Tvillinger Ellen (?) og Ole; foreldre Anders Juulsøn Torbiørnrød og Elen Jørgensdatter. (3. kolonne) (...fann dei ikkje i det søkbare, transkriberte arkivet.)

 

Blir yngre og yngre denne Ole 😛

 

...er det nok til å konkludere med at det er min Ole Andersen frå 1801?

 

 

 






 

Endret av Arne Åsbjørn Drangeid
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.