Jump to content
Arkivverket

Christine Elizabeth «Elizabeth C.» Thompson (1891-1971) frå Minnesota - hatteteiknar i Chicago, IL - var gift og skild og gift på ny - kven var første mann hennar? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei nøtt som eg har slite med lenge og som eg so gjerne skulle ha løyst i samband med siste bandet av Gards- og Ættedoga for Luster.  Kan nokon komma med gode tips?

 

Nils Thomasson Urness alias Nels Thompson, fødd i Hafslo 1.8.1842, utvandra i 1862 og gifte seg i Vernon Co., WI 6.12.1870 med Anna Andersdotter frå Prestegarden i Heidal, Vågå, fødd i Vågå 16.8.1854. utvandra i 1868.  Dette parfolket busette seg etter kvar på ein farm i Aastad township, Otter tail Co., MN der Nels døydde 31.8.1914, medan Anna Thompson 31.10.1914.  Dei fekk tolv born i lag, og «problembarnet» er denne dotteri:

 

Christine Elizabeth, kjend som Elizabeth C. Thompson, fødd i Otter tail Co., MN 19.4.1891.  Ho flytte i ung alder, eg veit ikkje nøyaktig kva tid, til Chicago, IL og arbeidde som hatteteiknar «hat designer» hjå firmaet «Marshall Fields» i Chicago, IL.  Ho gifte seg, men mannens namn er ukjent, og etter at han «had been fooling around» kom det til skilsmål, truleg ein gong på 1920-talet, og Elizabeth gifte seg att i Chicago, IL 3.11.1930 med enkjemannen Peter Walter Dahlquist, fødd i Bjuråker i Sverige 10.12.,1879. 

 

Name: Elizabeth C Thompson
Marriage Date: 3 Nov 1930
Spouse: Peter W Dahlquist
Marriage Location: Cook County, IL
Marriage license: {1B99C853-738D-4D73-97B3-E8B71FFCDFAE}
File Number: 1295818
Archive Collection Name: Cook County Genealogy Records (Marriages)
Archive repository location: Chicago, IL
Archive repository name: Cook County Clerk

 

Han var bygningsingeniør i Chicago, IL, men i 1947 flytte Peter og Elizabeth som pensjonistar til Fergus Falls, Otter tail Co., MN der Peter døydde 10.2.1951.  Elizabeth Dahlquist døydde i Alexandria, MN 27.10.1971.  Ho var barnlaus!

 

Utfordringi her er:

 

* Let det seg gjera å identifisera første mannen til Elizabeth Thompson i Chicago, IL??

 

Om ho var gift før foreldri døydde i 1914, veit eg ikkje, men då kunne jo eventuelle obituaries hjelpa oss?

 

Eller kanskje finst det andre vis å finna ut av dette på?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

???? - en kandidat:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7ZB-F5Y

Elizabeth Thomson

mentioned in the record of James A. Maclagan and Elizabeth Thomson
Name James A. Maclagan
Age 32
Birth Year (Estimated) 1885
Birth Date 1885
Spouse's Name Elizabeth Thomson
Spouse's Age 26
Spouse's Birth Year (Estimated) 1891
Spouse's Birth Date 1891
License Type Marriage
Event Date 03 Nov 1917
Event Place Chicago, Cook, Illinois
Additional Relatives X

 

Men du kan glemme dette paret, for jeg finner dem gift i US Census 1930!

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XSP2-JMR

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elizabeth gifte seg att  Chicago, IL 3.11.1930 med enkjemannen Peter Walter Dahlquist, fødd i Bjuråker i Sverige 10.12.,1879. 

 

Står det i selve giftermålet i 1930 at Elizabeth var skilt og at dette var ekteskap nr. 2? 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Anne for interessante og spennande innlegg.

 

Diverre var Elizabeth framleis heime i Otter tail Co., MN då faren døydde i 1914, og ho nytta jentenamnet sitt då ho i 1930 gifte seg (andre gongen) med Peter Dahlquist, ikkje so uvanleg dersom ho var skild...

 

Sjølve vigsli frå 1930 har eg ikkje sett.  Opplysningane om at ho hadde vore gift før og skild fekk eg i si tid frå ein nær slektning av ho, truleg frå ein eller ei som ho var tanta til; eg hugsar ikkje kven det var...  Eg ser ingen grunn til å tvila på at det stemmer...

 

Peter Dahlquist hadde før vore gift med ei Hannah fødd i Noreg kring 1884, og dei budde i Chicago, IL i 1920, men eg finn pussig nok ikkje Peter i  FT1930, og heller ikkje kona Hannah, som døydde mindre enn to månadar før Peter gifte seg att med Elizabeth:

 

Name Hannah Dahlquist
Event Type Death
Event Date 13 Sep 1930
Event Place Norwood Park, Cook, Illinois, United States
Address 1344 George
Residence Place 1344 George
Gender Female
Age 46
Marital Status Married
Race White
Occupation Housewife
Birth Year (Estimated) 1884
Birthplace New Oslo, , Norway
Burial Date 16 Sep 1930
Burial Place Eau Claire, , Wisconsin
Cemetery Local
Father's Name Edw Bredesen
Mother's Name Mary Mattesen
Spouse's Name Peter
Informant's Name C Forwe
Entry Number 357

 

Eg finn heller ingen «passande» Elizabeth fødd i Minnesota av norske foreldri i Chicago, IL korkje i 1920 eller i 1930!

 

Eg veit ikkje om ein obituary for Elizabeth frå 1971 kan vera til hjelp??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne Thompson-biografien!

Link to post
Share on other sites
Karsten Damén

Hannah i Census 1930:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XSTK-Y41

Patient på Chicago State Hospital

Hannah Dahlquist

United States Census, 1930

 

Name: Hannah Dahlquist
Event Type: Census
Event Date: 1930
Event Place: Norwood Park, Cook, Illinois, United States
Gender: Female
Age: 46
Marital Status: Married
Race: White
Race: White
Relationship to Head of Household: Patient
Relationship to Head of Household: Patient
Birth Year (Estimated): 1884
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1885
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: B
Sheet Number: 24

 

Edited by Karsten Damén
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Karsten for eit interessant innlegg!  Hannah vart altso sjuk og det kan jo vera ei god forklaring på at Peter gifte seg so snøgt att.  Kanskje var Peter og Elizabeth alt ved FT1930 «under same tak»...?   Kanskje namnet er feilskrive eller feil transkibert?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Hannah Bredesen

mentioned in the record of Peter Dahlquist and Hannah Bredesen
Name Peter Dahlquist
Spouse's Name Hannah Bredesen
Event Date 30 Mar 1907
Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessante innlegg om Hannah Bredesen og bakgrunnen hennar.

 

Sjølv har eg frå Amerika motteke ein obituary for Elizabeth Dahlquist som lyder slik:

 

«Mrs. E. Dahlquist Services Here Friday

Mrs. Elizabeth Dahlquist of Fergus Falls died Oct. 27 at Bethany Home, Alexandria.  Services will be Friday at 11  a. m. from Glende - Johnson– Nelson chapel with the Rev Otto Dale officiating.  Burial in Aastad cemetery.  She was born in Aastad Township. April 19, 1891, a daughter of Mr. and Mrs. Nels Thompson.  She married Walter Dahlquist in Chicago and had lived here since 1948.  Mr. Dahlquist died in 1954.  Mrs. Dahlquist leaves three sisters, Mrs. Alma Bakke of Fergus Falls, Mrs. Ida Klope of  Glendive, Mont., and Mrs. Lee Ingraham of Gig Harbor, Wash.

Fergus Falls Daily Journal  -- FergusFalls, Minnesota -- October 27, 1971»

 

Diverre er det ikkje sagt noko her om første ekteskapet hennar eller opphaldet hennar i Chicago, IL, so då er me like langt...

 

Men no gjekk eg nettopp inn på sida til Cook Co., IL og kjøpte ein kopi av vigselsattesten frå 1930, som eg har freista leggja ved.  Denne syner til mi store overrasking at Elizabeth er titulert med «Miss».  Men om me kan stola 100% på dette, er eg ikkje overtydd om.

 

Om ho verkeleg var ugift då ho gifte seg i 1930, skulle ho jo ha vore med i FT1920 og/eller FT1930 ein eller annan stad!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnbadane på å komplettera denne biografien!

0001 19.tif

Link to post
Share on other sites
  • 2 years later...
Lars E. Øyane

Innlegg #11:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordringi, som diverre framleis står heilt utan spor.

 

Eg veit ikkje kva meir me kan gjera.  Eg har nylig teke kontakt med verksemdi «Marshall Fields» som framleis eksisterer i Chicago, IL med von om at dei kan ha personalaktar frå 1920-åri, men er vel ikkje so altfor optimistisk...

 

Eg held fingrer og têr vel krossa og lever i voni!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne utfordringi!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.