Gå til innhold
Arkivverket

Synneva Rasmusdotter frå Marifjøra i Hafslo, fødd 1735 - fekk ei dotter på Leikanger i 1757 - kvar vart det av Synneva og dotteri - ei kjempeutfordring? - Synneva kan henda gift på Leikanger 1765 med Hans Olson Husebø?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi er komi for ein dag i kveld etter at Terje Tandsether i innlegg #322 av dette emnet

https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=13

 

nemner denne personen:

 

Synneva Rasmusdotter vart døypt frå Marifjøra i Hafslo 10.3.1735 som «uekte» dotter av Rasmus Torbjørnson frå Marifjøra og, som det går fram av tingbøkene, ei Susanna Olsdotter, som me ikkje veit noko meir om:

https://media.digitalarkivet.no/view/11455/33

 

Synneva fekk sjølv ei «uekte» dotter på Leikanger, Anna Sjursdotter med barnefar Sjur Andersson Sværen frå Balestrand, døypt 8.4.1757:

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/8

 

foreldri «publice absolveret» 19.6.1757:

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/10

 

Eg ser at ei Synneva Rasmusdotter Krogen gifte seg på Leikanger 25.6.1765 med ein Hans Olson Husebø:

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/103

 

Kan dette verkeleg vera «vår» Synneva?  Ætteboki frå Leikanger seier følgjande:

 

«Hans Olson, gift med Synneva Rasmusdotter 1729-1792 og andre gongen 1793 med Dordei Larsdotter, innflytte frå Vik - plassfolk på Stegen

søner: Erik 1768 og Anders 1774»

 

Far hennar Synneva, Rasmus Torbjørnson, gifte seg sidan med Anna Larsdotter frå Leirdalen i Luster, og dei busette seg etter kvart på plassen Sagi under Kroken i Hafslo.  Det at dotter hennar fekk namnet Anna, og det faktum at Synneva i 1765 er kalla «Krogen», styrker nok min mistanke om at dette er «rett» Synneva og at ho truleg voks opp hjå faren og stemori!?

 

Då står me framfor følgjande hovudutfordringar:

 

** Kven var Sjur Andersson Sværen?

 

** Kvar vart det av Anna Sjursdotter, fødd 1757?

 

** Kan Synneva vera nemnd i ekstraskatten 1762?  Fekk ho kan henda fleire born utanfor ekteskap?

 

** Kven var Hans Olson på Husabø?  Leveåri hans?

 

** Sonen Erik tok over plassen på Stegen under Husabø, men kvar vart det av hin sonen, Anders Hansson, f. 1774?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld jobba litt meir med denne huslyden og fann at Synneva Rasmusdotter og Hans Olson med namnet Bale, òg fekk ei dotter døypt 21.2.1766, men barnet vart døypt på Leikanger:

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/113

 

So fann eg gravferdi til Synneva Rasmusdotter Stegen 4.5.1792:

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/4

 

Databasen til fylkesarkivet har ein merknad ved denne gravferdi, som eg ikkje finn i originalprotokollen og som eg trur må vera ein feil:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogngrav&gardpostnr=51823&merk=51823#ovre

 

I 1801 ser eg at Hans Olson og Dordei Larsdotter var husmannsfolk på Ramsness i Leikanger med ein son Lars på 7 år:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393003376

 

Hans Olson vart gravlagd frå Ramsnes 23.1.1803,

https://media.digitalarkivet.no/view/11568/167

 

men skiftet etter han vart ikkje halde før i 1823:

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/386?indexing=

 

Og av skiftet kjem det fram at det var god «spreiing» på borni hans, som og kjem fram av mnauskriptet som eg no har sett opp:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at eg i føremiddag har jobba meir med denne huslyden, vil eg gjerne få leggja fram eit oppdatert manuskript, som skjer i innlegg #3 under!

 

Der følgjer òg eit oversyn over attståande utfordringar i denne huslyden.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til å kartleggja denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no i føremiddage teke nok ei økt med denne spennande og svært utfordrande huslyden.  Eg har soleis fått «på plass» det meste om sønene Erik Hansson på Seim i Årdal og Lars Hansson som etter kvart hamna på Askøy.  Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #2:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Rasmusdotter {Krogen}, dotter av Rasmus og ei Susanna Olsdotter, som me ikkje veit noko meir om,

 

     ¤¤¤¤¤ (kven kan ho ha vore?)

 

     vart døypt {i Hafslo} 10.3.1735 og voks visstnok i alle fall delvis hjå faren og stemori.

Synneva Rasmusdotter flytte i ung alder til Leikanger for å tena og gifte seg der 25.6.1765 med Hans Olson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

¤¤¤¤¤ (fødsli/dåpen hans? – kring 1736!? – kan henda døypt Fresvik 3.2.1737? - https://media.digitalarkivet.no/view/11565/15

 

Hans og Synneva slo seg ned som husmannsfolk på Stegen

 

¤¤¤¤¤ (kalla Husabøsanden 1768 og 1774 og 1793!)

 

under Husabø på Leikanger, og derifrå vart Synneva gravlagd 4.5.1792.  Hans gifte seg 8.1.1793 att i Balestrand med Dordei Larsdotter frå Torsnes i Balestrand. 

 

¤¤¤¤¤ (sjekka opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)

 

og vart døypt i Balestrand 2.11.1761.   Hans og Dordei busette seg som plassfolk på Ramsnes i Fjærland, ein plass som låg under Vangsnes, og derifrå vart Hans gravlagd 23.1.1803.  Dordei Larsadotter d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsfallet hennar? – etter 1823!)

 

Synneva fekk i alt fire born; ei dotter hadde ho før ekteskapet, og tre born var frå ekteskapet med Hans Olson, men Hans hadde òg fem born frå andre ekteskapet sitt:

a. Anna Sjursdotter, dotter av Synneva og gardbrukar Sjur Andersson på Fosse, Leikanger (1738-1796), opphavleg frå Sværen i Balestrand, vart døypt på Leikanger 8.4.1757,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

b. Anna Hansdotter, døypt i Balestrand 21.2.1766,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. før 1823!)

 

c. Erik Hansson, døypt på Leikanger 3.7.1768, gifte seg på Leikanger 28.11.1791 med Sigrid Henriksdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – Haugen? – døypt Kjerstein i Vang 11.12.1762? – alder ved dødsfallet peiker mot 1766! - https://media.digitalarkivet.no/view/9393/91

 

     Etter nokre år som plassfolk på Husabøsanden under Husabø flytte Erik og Sigrid kring 1798 til Årdal der me finn dei att som plassfolk i Lorteholene under Seim.  Erik som òg livnærte seg som skomakar, d. som husmann på Seim 25.2.1825, medan Sigrid d. som legdelem same staden 22.2.1840.  Dei fekk seks søner i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sønene var:

            * Ole, døypt Leikanger 21.2.1792

            * Anders, døypt Husebøsanden, Leikanger 30.4.1794, gravlagd do. 27.7.1794

            * Henrik, døypt Husebøsanden, Leikanger 24.10.1795, gravlagd do. 2.9.1798

            * Henrik, f. Årdal 5.2.1799

            * Henrik, f. Årdal 1.10.1800

            * Hans, f. Årdal 31.3.1805)

 

d. Anders Hansson, døypt på Leikanger 29.5.1774,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – 1823: for over 20 år sidan reist frå Bergen til København!)

 

e. Lars Hansson, døypt i Fjærland 17.6.1794, flytte i ung alder til Bergen, men gifte seg på Askøy 8.11.1829 med Inger Østensdotter frå Sagi under Fure i Askvoll, døypt i Askvoll 9.5.1785.  Lars var dagarbeidar og innerst, og parfolket budde ulike stadar på Askøy, mellom anna på Skiftesvik og på Skarholmen, men Lars budde på Hetlevik då han 7.2.1848 vart funnen avliden i båten sin på Hjeltefjorden.  Han er kalla enkjemann, men det var nok kona hans den Inger Østensdotter som i 1847 som spedalsk flytte inn på St. Jørgens hospital i Bergen og d. der 8.6.1855.  Dei fekk to døtrer i lag, men Inger hadde òg ei dotter frå før.

 

     ¤¤¤¤¤ (døtrene deira var:

            * Ane Carlsdotter, dotter av Inger og Carl Hans Olsen, f. DK, Bergen 13.1.1821

            * Adriane Dorthea, f. dagarbb. DK, Bergen 23.1.1824 – konf. Askøy 1838 «Sandvig»

            * Hansine Østine, f. Skiftesvig, Askøy 29.9.1827 – konf. Askøy 1843 «Skarholmen» - gift i Sund 1858)

 

f. Synneva Hansdotter, døypt i Fjærland 14.4.1797, d. kort etter fødsli.

g. Ole Hansson, døypt i Fjærland 17.6.1798, d. kort etter fødsli.

h. Anna Hansdotter, døypt i Fjærland 7.12.1799, d. kort etter fødsli.

i. Hans Hansson, døypt i Fjærland 18.2.1801,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – 1823: skreddarsvein i Stavanger)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei største utfordringane der eg står skikkeleg «fast», er følgjande:

 

** Kven var Hans Olson, fødd kring 1736, som gifte seg med Synneva i 1765?  Kan det vera han som vart døypt under namnet Hans Olson Fresvig 3.2.1737: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/15

 

** Kven var Dordei Larsdotter, fødd på Torsnes i Balestrand 1761?

 

** Lagnaden til Dordei Larsdotter, som framleis var i live i 1823?

 

** Lagnaden til Anna Sjursdotter, fødd 1757?

 

** Lagnaden til Anna Hansdotter, fødd 1766, døydde før 1823?

 

** Kven var Sigrid Henriksdotter, fødd kring 1766?  Kan det vera ho som vart døypt i Vang i Valdres 11.12.1762: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/91

 

** Lagnaden til Anders Hansson , fødd 1774, som kring 1800 flytte til København?

 

** Lagnaden til Hans Hansson, fødd 1801, som i 1823 var skredddarsvein i Stavanger?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg hadde ikkje enno teke føre meg ekstraskatten for 1762, men ser me på denne, er det oppført to husmenn under Thorsnes som båe heitte Lars:

https://media.digitalarkivet.no/view/47516/223

 

* Lars Pederson med kona Anna Ingebrigtsdotter

 

* Lars Nilsson med kona Synneva Knudsdotter

 

Det siste av desse pari var Lars Nilsson Thorsnes og Synneva Knutsdotter Solheim, vigde i Balestrand 3.1.1746

 

Eg ser elles at Lars Nilsson Thorsnes vart gravlagd i Balestrand 2.8.1895, 81 år gamal:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogngrav&gardpostnr=52025&merk=52025#ovre

 

Synneva Knutsdotter Thorsnes vart gravlagd i Balestrand 8.3.1768, 46 åt gamal:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogngrav&gardpostnr=49025&merk=49025#ovre

 

I tillegg til Dordei Larsdotter er også desse fødde på Torsnes:

 

* Nils Larsson, døypt 13.1.1746

 

* Anna Larsdotter, døypt 13.8.1752

 

* Johannes Larsson, døypt 27.12.1756

 

* Kari Larsdotter, døypt 27.4.1760

 

Kan desse vera søsken av Dordei og born av Lars Nilsson og Synneva Knutsdotter??

 

Men kvar vart det i so fall av dei, og kven var dei??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekstraskatten for Leikanger, til- og avgangslister for Leikanger mars-oktober 1763. Her på høyre side er nevnt under tjenestefolk som flytter ei Synneve Rasmusdatter, tjente hos Christen Sværen men er nu hos Baar Stochebøe. Det er vel hun som giftet seg i 1765 med Hans Olsen? https://media.digitalarkivet.no/view/47516/251?indexing (på neste side nevnt ei Solvei Ambjørnsdatter fra Hafslo prestegjeld til Sr. Lem, og sida etter den ei Kari Christoffersdatter til Luster).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget!

 

Jau, du har nok rett i at dette er flyttingi til «vår» Synneva Rasmusdotter.  Desse flyttemeldingane som ofte er medtekne i ekstraskatten, er ofte spennande og nyttig lesing.  Eg har vore gjennom fleire av listene i indre Sogn og ogso denne for Tjugum skipreide, og der har eg henta grunnlaget for denne teksten som er prenta under gnr.111, Fet - husmannsplassen Bakken i Hafslo  (eg hugsar eg hadde bàl med dette Ambjørnsnamnet, men kom til at det måtte vera feilskrive for Asbjørnsdotter):

 

~~~~~~~~~~

 

Solvi Asbjørnsdotter {Bakken}, f. {i Hafslo} kring 1732,

Solvi Asbjørnsdotter flytte i 1762 til Frønningen i Leikanger der ho i mange år tente hjå Hans Sørenson Lem, opphavleg frå Kvale i Luster.

Men Solvi Asbjørnsdotter flytte sidan heimatt til Hafslo, og ho busette seg hjå broren Jens i Skavlen under Melheim.  Truleg var det derifrå ho vart gravlagd 25.12.1801.  Solvi var ikkje gift, men fekk ei dotter:

a. Anna Jensdotter (1760-1835), dotter av Solvi og husmann Jens Endreson på Grindhaug under Marheim (1735-1805), voks opp hjå far sin på Grindhaug under Marheim (s.d.).

 

~~~~~~~~~~

 

Kari Christophersdotter (1734-1812) var frå Rønnei i Luster, men flytte attende til Luster for i november 1763 å gifta seg med Hans Hansson (1737-1805).  Dei vart etter kvart gardbrukarar på Joranger øvre i Hafslo...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil gjerne få komma attende til innlegg #5 og huslyden til det som eg trur må vera Lars Nilsson og Synneva Knutsdotter på Torsnes i Fjærland.

 

Går me igjennom konfirmantlistene for Balestrand frå 1771 og utover, finn me:

 

* Johannes Larsson Torsnes, 18 år, konfirmert i 1774: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/233

 

* Kari Larsdotter Torsnes, 18 år, konfirmert i 1777: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/234

 

Noki Dordei Larsdotter finn eg ikkje konfirmert frå Torsnes, men derimot finn eg denne, som eg trur må vera ho me leiter etter:

 

* Dordei Larsdotter Eitungjerde, 19 år, konfirmert i Balestrand 1781: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/236

 

Og no er det at eg børjar få ein sterk mistanke om at Dordei ikkje var søster av Johannes og Kari, men kanskje heller dotter av hin husmannen som i 1762  budde under Torsnes, Lars Pederson med kona Anna Ingebrigtsdotter?

 

Den einaste avlidne Lars Pederson i «rett» alder som er nemnd i basen frå fylkesarkivet er:

 

* Lars Pederson Lidal, gravlagd 25.9.1763, 33 år gamal - Det budde ingen Lars Pederson på Lidal ved ekstraskatten 1762!

 

Elles ser me at desse folki i 1801 budde på Eitungjerde, gardbrukar Ole Knutson med kona Britha Nilsdotter og seks born:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393002021

 

Nils Samsonson Eitungjerde vart gravlagd 18.3.1798, 77 år gamal

Gjøa Larsdotter Eitungjerde vart gravlagd 7.2.1790, 60 år gamal

 

Desse var gardbrukarar på Eitungjerde ved ekstraskatten 1762;

https://media.digitalarkivet.no/view/47516/214

 

og var rimelegvis foreldri til Britha Nilsdotter som vart gift med Ole Knutson.  Men kvar høyrer so Dordei Larsdotter heime??  Var ho der berre som tenestejente då ho vart konfirmert i 1781?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enke Dordei Larsdatter Lidal 64 år giftet seg igjen 21.7.1823 med enkemann Gulbrand Ambjørnsen Rødbotten 75 år. Han var født i Borlaugskroken og døpt 28.3.1751, og døde som strandsitter på Lidal 17.4.1829 https://media.digitalarkivet.no/view/11569/280 

 

Ved vielsen kommer det fram opplysninger som er litt merkelige. Det står at Dordei var født på Feten og at hennes far het Lars Larsen Feten. Men jeg finner ingen Lars på Feten i det hele tatt.

 

Skiftet etter Dordeis første mann ble holdt i 1823, 20 år etter hans død. Det ble antagelig skiftet fordi hun skulle gifte seg igjen.

 

Legdslem Dordai (!) Larsdatter Distad døde 9.1.1851, 78 år. https://media.digitalarkivet.no/view/8378/41282/6 Alderen stemmer ikke, men det må være henne. I 1801-tellinga for Sogn og Fjordane finner jeg ingen med dette navnet i riktig alder, hvis det da ikke er denne? https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000661

 

Erik Hansen Husabøsanden ble forlovet i Leikanger 15.11.1791 med "qvinden" Sigrid Henriksdatter Haug (Haugen ved vielsen). Hvorfor hun kalles "qvinden" er ikke godt å si. Men så fant jeg denne barnedåpen i Leikanger: Solveig døpt 12.2.1784 (uekte), foreldre gift mann Hans Olsen Grinde og Sigri Henriksdatter Kierstien  https://media.digitalarkivet.no/view/11567/46

 

Jeg har lurt på hvor "Kierstien" er, men nå skjønner jeg sammenhengen. Det er selvsagt Kjerstein i Vang. Og Sigri kalles "qvinde", ikke "pige", fordi hun hadde et barn fra før.

 

Bygdeboka for Vang har følgende opplysninger om Dale eller Dalsplassen under søndre Kjerstein: Henrik Nilsen (ca. 1719-etter 1767), ikke død i Vang 1767-1831. Gift (1) med Siri Ivarsdatter Uvdal (1711-1756). Barn: Gro (1743-1827), Nils (1746- , husmann her), Ivar (1748), Kari (1751) og Knut (1753). Gift (2) 1761 med Kari Ivarsdatter. Barn: Sigrid (1762). De må ha flyttet fra Vang, for hverken Kari Ivarsdatter eller de fire yngste barna til Henrik er viet eller døde i Vang til 1815.

 

Vet ikke hvor det ble av denne familien, men Sigri kom til Leikanger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars og Terje !

 

Dordei er 64 år då ho vært gift i 1823.  Døyr 1851, 78 år.  På 28 år (frå 1823-51) aukar alderen m/ 14 år !

Skulle gjerne ha visst korleis det kan gå ann !!

Men ellers så trur eg at du har funne rett Dordei, Terje !   Om det kjem gjennom nålauge til Lars E.  ...... ?  Men uansett bør Lars berømma deg, Terje, korleis du fann ut om kona til Erik !

______________________

Ellers har Erik Hansen og qvinden Sigrid 2 søner i Bygdabokji i Årdal s 919:

Henrik 1800-71 og

Hans 1805-75.  Begge desse 2 har mange ætterkomare i Årdal-

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Jon for nye interessante og imponerande innlegg!

 

Det er jo heilt fantastisk at du, Terje, har finne lagnaden til Dordei, sjølv om opphavet hennar tydeleg er ei stor utfordring.

 

Og du fann òg prov på opphavet til Sigrid Henriksdotter frå Vang i Valdres.  Ho er ikkje den første jenta som flytte frå Vang til Leikanger på den tidi, sjå til dømes dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/171636-siri-iversdotter-eithun-eller-sværen-gift-i-leikanger-1807-kven-var-ho/?tab=comments#comment-1837889

 

Etter dei nye opplysningane har eg oppdatert manuskriptet mitt for Synneva Rasmusdotter på følgjande vis:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Synneva Rasmusdotter {Krogen}, dotter av Rasmus og ei Susanna Olsdotter, som me ikkje veit noko meir om,

 

     ¤¤¤¤¤ (kven kan ho ha vore?)

 

     vart døypt i Hafslo 10.3.1735 og voks visstnok i alle fall delvis hjå faren og stemori.

Synneva Rasmusdotter flytte i ung alder til Leikanger for å tena og gifte seg der 25.6.1765 med Hans Olson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

¤¤¤¤¤ (fødsli/dåpen hans? – kring 1736!? – kan henda døypt (Grundeland?) Fresvik 3.2.1737? - https://media.digitalarkivet.no/view/11565/15

 

Hans og Synneva slo seg ned som husmannsfolk på Stegen

 

¤¤¤¤¤ (kalla Husabøsanden 1768 og 1774 og 1793!)

 

under Husabø på Leikanger, og derifrå vart Synneva gravlagd 4.5.1792.  Hans gifte seg 8.1.1793 att i Balestrand med Dordei Larsdotter frå Torsnes i Balestrand. 

 

¤¤¤¤¤ (sjekka opphavet og foreldri hennar? – vart konfirmert på Eitungjerdet 1781 – ved andre vigsli 1823 står det ho var fødd på Feten og dotter av ein Lars Larsson!)

 

og vart døypt i Balestrand 2.11.1761.   Hans og Dordei busette seg som plassfolk på Ramsnes i Fjærland, ein plass som låg under Vangsnes, og derifrå vart Hans gravlagd 23.1.1803.  Skiftet etter han vart ikkje halde før i 1823, og 21.7.1823 gifte Dordei seg att i Fjærland med enkjemannen Gulbrand Ambjørnson, opphavleg frå Borlaugkroken under Borlaug indre i Fresvik, døypt i Leikanger 28.3.1751.  Gulbrand hadde før vore husmann på ein plass under Rauboti, men i 1823 flytte han inn hjå Dordei på ein plass under Lidal, og der d. Gulbrand som strandsitjar 17.4.1829.  Dordei Lardotter d. som legdelem på Distad i Fjærland 9.1.1851.  Dei fekk ikkje born i lag, men Gulbrand hadde fem born frå første ekteskapet sitt.  Synneva fekk i alt fire born; ei dotter hadde ho før ekteskapet, og tre born var frå ekteskapet med Hans Olson, men Hans hadde òg fem born frå andre ekteskapet sitt:

a. Anna Sjursdotter, dotter av Synneva og gardbrukar Sjur Andersson på Fosse, Leikanger (1738-1796), opphavleg frå Sværen i Balestrand, vart døypt på Leikanger 8.4.1757,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

b. Anna Hansdotter, døypt i Balestrand 21.2.1766,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. før 1823!)

 

c. Erik Hansson, døypt på Leikanger 3.7.1768, gifte seg på Leikanger 28.11.1791 med Sigrid Henriksdotter frå Kjerstein i Vang, døypt i Vang 11.12.1762.  Etter nokre år som plassfolk på Husabøsanden under Husabø flytte Erik og Sigrid kring 1798 til Årdal der me finn dei att som plassfolk i Lorteholene under Seim.  Erik som òg livnærte seg som skomakar, d. som husmann på Seim 25.2.1825, medan Sigrid d. som legdelem same staden 22.2.1840.  Dei fekk seks søner i lag, men Sigrid hadde òg ei dotter frå før.

 

     ¤¤¤¤¤ (borni var:

            * Solvi Hansdotter, far Hans Olson Grinde, døypt Leikanger 12.2.1784

            * Ole, døypt Leikanger 21.2.1792

            * Anders, døypt Husebøsanden, Leikanger 30.4.1794, gravlagd do. 27.7.1794

            * Henrik, døypt Husebøsanden, Leikanger 24.10.1795, gravlagd do. 2.9.1798

            * Henrik, f. Årdal 5.2.1799

            * Henrik, f. Årdal 1.10.1800

            * Hans, f. Årdal 31.3.1805)

 

d. Anders Hansson, døypt på Leikanger 29.5.1774,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – 1823: for over 20 år sidan reist frå Bergen til København!)

 

e. Lars Hansson, kjend som Lars Hansen, døypt i Fjærland 17.6.1794, flytte i ung alder til Bergen, men gifte seg på Askøy 8.11.1829 med Inger Østensdotter frå Sagi under Fure i Askvoll, døypt i Askvoll 9.5.1785.  Lars var dagarbeidar og innerst, og parfolket budde ulike stadar på Askøy, mellom anna på Skiftesvik og på Skarholmen, men Lars budde på Hetlevik då han 7.2.1848 vart funnen avliden i båten sin på Hjeltefjorden.  Han er kalla enkjemann, men det var nok kona hans den Inger Østensdotter som i 1847 som spedalsk flytte inn på St. Jørgens hospital i Bergen og d. der 8.6.1855.  Dei fekk to døtrer i lag, men Inger hadde òg ei dotter frå før.

 

     ¤¤¤¤¤ (døtrene deira var:

            * Ane Carlsdotter, dotter av Inger og Carl Hans Olsen, f. DK, Bergen 13.1.1821

            * Adriane Dorthea, f. dagarbb. DK, Bergen 23.1.1824 – konf. Askøy 1838 «Sandvig»

            * Hansine Østine, f. Skiftesvig, Askøy 29.9.1827 – konf. Askøy 1843 «Skarholmen» - gift i Sund 1858)

 

f. Synneva Hansdotter, døypt i Fjærland 14.4.1797, d. kort etter fødsli.

g. Ole Hansson, døypt i Fjærland 17.6.1798, d. kort etter fødsli.

h. Anna Hansdotter, døypt i Fjærland 7.12.1799, d. kort etter fødsli.

i. Hans Hansson, kjend som Hans Hansen, døypt i Fjærland 18.2.1801, flytte i ung alder til Stavanger, men kom derifrå som skreddarsvein til Bergen og gifte seg i St. Jørgen (Årstad) 23.4.1826 med Anna Lassine Johnsdotter frå Bergen, f. i Bergen 10.5.1792.  Hans og Anna busette seg i Bergen der Hans heldt fram som skreddarsvein, men han livnærte seg sidan òg som sjauar og kornmålar.  Anna d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1865!)

 

     medan Hans d. på arbeidsanstalten i Bergen 14.7.1883.  Dei fekk tre søner i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne:

            * John Lorentz August, f. KK, Bergen 2.8.1825

            * John Lorentz August, f. KK, Bergen 6.9.1827

            * Carl Johan, f. KK, Bergen 10.4.1830)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette sit me no att med følgjande utfordringar i denne huslyden:

 

** Kven var Hans Olson, fødd kring 1736, som gifte seg med Synneva i 1765?  Det synest ikkje å vera han som vart døypt under namnet Hans Olson Fresvig 3.2.1737, for han busette seg på Nyborg i Frønningen!

 

** Opphavet til Dordei Larsdotter, fødd på Torsnes i Balestrand 1761?

 

** Lagnaden til Anna Sjursdotter, fødd 1757?

 

** Lagnaden til Anna Hansdotter, fødd 1766, døydde før 1823?

 

** Lagnaden til Anders Hansson , fødd 1774, som kring 1800 flytte til København?

 

** Lagnaden til Anna Lassine Johnsdotter, fødd 1792, kona til Hans Hansen i Bergen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi etter at eg har jobba litt meir med problematikken kring Hans Olson, mannen som gifte seg i 1765 på Leikanger med Synneva Rasmusdotter.

 

Denne Hans er tydeleg ikkje han som vart døypt i Fresvik i 1737, for han er no identifisert som ein heilt annan person... (gift med Clara Johnsdotter frå Lavoll i Luster)

 

Men kva med denne Hans Olson Stegen som vart døypt på Leikanger 14.2.1739: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/25

Stegen-namnet finn me jo att på Husabøsanden i samband med bustaden til Hans og Synneva - men kven var Hans Olson Stegen?

 

Elles har me òg ein Hans Olson som vart døypt i Gaupne i Luster 6.12.1735 som son av Ole Ankerson og Kari Hansdotter som på 1750-talet flytte til Bergen.  Denne huslyden er teken opp til drøfting særskilt i kveld under følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/228288-ole-ankerson-1705-1794-og-kona-kari-hansdotter-1708-1783-gardbrukarar-sandvik-i-luster-og-innerstfolk-alme-i-hafslo-til-bergen-kring-1752-kvar-vart-det-av-denne-huslyden-ei-kjempeutfordring/

 

Kanskje er det nokon som har tankar kring desse alternativi?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.