Gå til innhold
Arkivverket

Sølfest Nilsson frå Svad i Luster (1733-1782) - gardbrukar på Farnes i Balestrand - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein ny huslyd som eg vart merksam på i kveld gjennom innlegg #322 av Terje Tandsether i følgjende tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=13

 

Denne Sølfest Nilsson var fødd på husmannsplassen Svad under Høyeim, nabogarden til Nes i Luster som son av husmann Nils Larsson og kona Kari Eriksdotter.  Sølfest flytte frå Luster før han var komen i konfirmasjonsalderen, truleg direkte til Balestrand, og voks nok opp der.  Han vart gift der ute med ei gardajente, og dei fekk åtte born imlag.  Fleire av desse døydde unge og tydeleg ugifte, men i alle fall fire døtrer ser ut til å ha vokse opp, Kari, Martha, Britha d.y. og Johanna.  Kari og Britha finn eg gifte i Balestrand, men ikkje Johanna...  Martha døydde som legdelem, men kanskje hadde ho vore gift...?

 

Her følgjer eit førebels manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sølfest Nilsson {Svad}, døypt {i Luster} 26.2.1733,

Sølfest Nilsson flytte i svært ung alder som tenestedreng til Balestrand der han 26.6.1758 gifte seg med Martha Gulbrandsdotter frå Farnes indre i Balestrand.  Ho var dotter av gardbrukar Gulbrand Olson på Farnes indre, opphavleg frå Våtevik, og kona Britha Hermundsdotter frå Farnes indre og f.

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1729?)

 

Sølofest og Martha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Farnes indre i Balestrand, og derifrå vart Martha gravlagd 9.12.1781.  Sølfest vart gravlagd frå Farnes 14.4.1782.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 16.1.1758, vart gravlagd frå Farnes 19.3.1758.

b. Kari Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 26.12.1758,

 

     ##### (lagnaden hennar? – gift Balestrand 2.7.1788 med enkjemannen Peder Tollefson på Romøyri!?)

 

c. Martha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 22.11.1760, d. som legdelem på Farnes 27.11.1835.

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Ole Sølfestson, døypt i Balestrand 24.4.1763, vart gravlagd frå Farnes 14.4.1782.

e. Nils Sølfestson, f. i Balestrand

 

     ##### (dåpsdato?)

 

     1765, vart gravlagd frå Farnes 26.3.1786.

e. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 2.2.1768,

 

     ##### (lagnaden hennar? – gift i Balestrand 9.6.1824 med enkjemannen Peder Mikkelson på Hov, f. Lidal 1756)

 

f. Gulbrand Sølfestson, døypt i Balestrand 28.2.1771, vart gravlagd frå Farnes 28.3.1796.

g. Johanna Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 27.12.1774,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til komplettering av dette manuskriptet.  Særleg er eg nysgjerrig på lagnaden til Johanna Sølfestsdotter...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Nils Sølfestson, f. i Balestrand

     ##### (dåpsdato?)

     1765, vart gravlagd frå Farnes 26.3.1786.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000524884

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 10b (1786-1790), Skifteprotokollside, Side 569b-570a
https://media.digitalarkivet.no/view/24169/213

 

I skiftet etter Nils er er det nevnt følgende arvinger:

Broren Gulbrand Sølfestsen og søstrene Kari, Martha, Britha og Johanna, 14 år gammel. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

? Brithe Sølfestdatter død 1850 på Lidal, 80 år gml.

 

SAB, Balestrand Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1844-1866, s. 195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070302620105

 

Kari Sølfestdatter Romøyri døde i 1817

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=18&filnamn=sogngrav&gardpostnr=53365&merk=53365#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Carsten Schanche skrev:

Ei Johanne Sølfestdatter blir mor i 1813

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008713020

 

 

Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Fjærland (Mundal), Tjugum, Vangsnes, Fresvik, Feios (Rinde) i Leikanger, Ministerialbok nr. A 6 (1810-1838), Kronologisk liste 1813, Side 43
https://media.digitalarkivet.no/view/11569/46

 

En Britha Farness er blant fadderne. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Martha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 22.11.1760, d. som legdelem på Farnes 27.11.1835.

     ##### (lagnaden hennar?)

 

Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Fjærland (Mundal), Tjugum, Vangsnes, Fresvik, Feios (Rinde) i Leikanger, Ministerialbok nr. A 6 (1810-1838), Døde og begravede 1836, Side 362: https://media.digitalarkivet.no/view/11569/329

 

En Martha Sølfestsdatter gifter seg i Leikanger i 1812 med enkemannen Markus Markussen:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001543023

 

I f.t. 1815 står hun med oppgitt alder 50 år, f. ca. 1765. Din Martha var født i 1760, så da blir nok aldersforskjellen litt for stor....! Det er ellers skifte etter Markus i 1819:

https://media.digitalarkivet.no/view/24175/300

 

Balestrand : bygder og ætter synes å mene at Martha er identisk med hun som døde på Farnes i 1835:

 

 

Markus Markussen.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 2.2.1768,

     ##### (lagnaden hennar? – gift i Balestrand 9.6.1824 med enkjemannen Peder Mikkelson på Hov, f. Lidal 1756)

 

 

Brita i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393002228

Brita i 1815: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051239000539

 

Skifte etter Peder Mikkelsen Lidal i 1842:

https://media.digitalarkivet.no/view/24181/127

https://media.digitalarkivet.no/view/24181/128

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte etter Johanne Sølfestsdatter Lidal 27. juni 1827, som var barnløs og ble arvet av sine søsken eller deres barn: https://media.digitalarkivet.no/view/24177/406

 

Marta Gulbrandsdatter Farnes ble døpt ved Tjugum 22. juli 1731 (Dom 9 p. Trin) https://media.digitalarkivet.no/view/11564/167

 

 

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Terje for mange interessante innlegg om denne huslyden.  Det ser ut til at det er komme svar på dei fleste utfordringane, men dagen har vore lang og anstrengande , so eg vil venta til i morgon med ei oppdatering av manuskriptet mitt.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har i dag vore ei spennande økt å oppdatera manuskriptet for Sølfest Nilsson, og eg vil på ny får takka for dei mange interessante og nyttige innleggi frå i går!

 

Dei fleste detaljane om Sølfest, kona hans og borni deira var, som eg trudde, medkomne, og eg har no òg supplert med ein del detaljar om ektemakane til døtrene Kari, Martha og Britha og første ekteskapi deira.  Eg sit i ettermiddag berre att med to «hovudutfordringar»:

 

** Bustaden i Årdal til Sjur Olson Bergmand og kona Malena Jensdotter Bratt?

 

** Dødsfallet til Johanna Sølfestsdotter frå 1827, som ikkje synest vera innført i kyrjeboki for Leikanger?  Kan ho vera avlidi ein annan stad?

 

Og her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sølfest Nilsson {Svad}, døypt {i Luster} 26.2.1733,

Sølfest Nilsson flytte i svært ung alder som tenestedreng til Balestrand der han 26.6.1758 gifte seg med Martha Gulbrandsdotter frå Farnes indre i Balestrand.  Ho var dotter av gardbrukar Gulbrand Olson på Farnes indre, opphavleg frå Våtevik, og kona Britha Hermundsdotter frå Farnes indre og vart døypt i Balestrand 22.7.1731.  Sølfest og Martha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Farnes indre i Balestrand, og derifrå vart Martha gravlagd 9.12.1781.  Sølfest vart gravlagd frå Farnes 14.4.1782.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 16.1.1758, vart gravlagd frå Farnes 19.3.1758.

b. Kari Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 26.12.1758, vart gravlagd frå Romøyri i Fjærland 2.2.1817.  Kari gifte seg i Fjærland 2.7.1788 med enkjemannen Peder Tollefson, opphavleg frå Tenningåsen, f. i Balestrand kring 1737.  Han vart gravlagd frå Romøyri 7.6.1808.  Peder gifte seg første gongen i Balestrand 30.12.1773 med enkja Guri Sjursdotter, opphavleg frå Farnes i Årdal, og vart døypt i Årdal 14.3.1733.  Ho vart gravlagd frå Romøyri 20.12.1787.  Peder gifte seg til gard på Romøyri i Fjærland og budde der levetidi ut.  Han fekk i alt sju born; av dei var seks frå andre ektskapet med Kari Sølfestsdotter.

c. Martha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 22.11.1760, d. som legdelem på Farnes 27.11.1835.  Martha gifte seg i Balestrand 2.11.1812 med enkjemannen Marcus Marcusson, opphavleg frå Thue i Balestrand, døypt i Balestrand 24.3.1763.  Han vart gravlagd frå Ese i Balestrand 2.9.1819.  Han gifte seg første gongen 19.6.1797 med Christi Anfindsdotter frå Feten i Balestrand, døypt i Balestrand 2.1.1763.  Ho vart gravlagd frå Ese 28.6.1812.  Marcus var husmann på Reset under Ese ytre i Balestrad og fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet med Christi.

d. Ole Sølfestson, døypt i Balestrand 24.4.1763, vart gravlagd frå Farnes 14.4.1782.

e. Nils Sølfestson, f. i Balestrand kring 1765, vart gravlagd frå Farnes 26.3.1786, ugift.

e. Britha Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 2.2.1768, d. som legdelem på Lidal i Fjærland 17.11.1850.  Britha gifte seg i Fjærland 9.6.1824 med enkjemannen Peder Mikkelson, opphavleg frå Hov i Fresvik, døypt i Fresvik, Leikanger 19.7.1767.  Han d. som kårmann på Lidal 8.11.1841.  Peder gifte seg første gongen i Fjærland 3.11.1792 med enkja Gjertrud Helgesdotter, opphavleg frå Gjerde, døypt i Balestrand 24.4.1746.  Ho d. som kårkone på Lidal 20.1.1823.  Peder Mikkelson gifte seg til eit bruk på Lidal i Fjærland og budde der levetidi ut, men fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Gulbrand Sølfestson, døypt i Balestrand 28.2.1771, vart gravlagd frå Farnes 28.3.1796.

g. Johanna Sølfestsdotter, døypt i Balestrand 27.12.1774, d. visstnok ugift på Lidal i Fjærland ?.5.1827. 

 

 

     ##### (ikkje ført i kyrkjeboki – døydde ho kan henda ein annan stad?)

 

 

     Johanna var ugift og budde mellom anna på Menes i Balestrand, men flytte sidan inn hjå søsteri Britha på Lidal i Fjærland.  Ho fekk ein son, men han d. i ung alder.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Guri Sjursdatter vokste nok opp på Farnes i Øve Årdal. Da hun ble født i 1733, arbeidet faren ved Årdal kopperverk, og de fleste som gjorde det, bodde på Farnes. Jeg har dessuten funnet at moren ble kalt "Malene Farnæs" da Guri fikk lillebroren Jens i 1735. Ellers er hun i kirkeboka bare ført med patronym. Malenes mann døde i 1737, men Malene ser ut til å bo i Årdal i alle fall så sent som i 1744.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for siste innlegget!

 

Eg hadde nok ein mistanke om at denne huslyden budde i «gruvebyen» på Farnes i Øvre Årdal, som altso synte seg å stemma...  Guri fekk forresten òg ei Malena mellom borni sine i Fjærland!  Og eg meiner eg las einkorstaden at delar av etterslekti til Guri flytte attende til Årdal!

 

PS: Eg har lagt inn rettingi om Guri i manuskriptet i innlegg #10 over!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!  Me er nesten i «mål»!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner ingen Johanne Sølfestsdatter begravet i Leikanger, Vik eller i Bergen (med tanke på sykehuset) i årene 1821-1827. Når jeg ser i kirkeboka for begravede i Leikanger i 1820-åra så er det enkelte som er ført inn flere uker etter den tida de skulle vært innført, og som nok har blitt glemt. I enkelte perioder er det også få døde. I august-november 1823 er det for eksempel bare to døde. Leikanger var et stort prestegjeld som omfattet Leikanger, Balestrand, Fjærland, Feios og Fresvik. Nå kan det selvsagt være tilfeldig med antall døde i perioder, men vi kan vel ikke se bort fra at Johanne er uteglemt blant de begravede. Det var også et spørsmål om dødsfallet til ei Gitlaug Bårdsdatter i Leikanger for noen dager siden, men hun er heller ikke å finne. Så listene med begravede er ikke nødvendigvis fullstendige i Leikanger. Kanskje mangler det flere også, uten at jeg har undersøkt det. Så det blir vel riktig å skrive som du gjør at hun døde i mai 1827, hvis registreringen ble holdt kort etter dødsfallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste kommentar.

 

Eg trur òg me berre lyt gå ut ifrå at dødsfallet hennar Johanna rett og slett vart gløymt innført i kyrkjeboki.  Det var rett nok eit «sjukehus» i Sogndal på den tidi då Johanna døydde, men heller ikkje der er dødsfallet hennar innført!

 

Nok ein kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Hei.

 

I framhaldet av dette lurer eg på om det kan ha kome fleire frå Luster til Farnes på denne tida. I Laberg si bygdebok (Balestrand bygd og ætter, 1934) møter me side 389, same sida der Sylfest Nilsson Nes er omtala, ein Ola Olson Dalen, gift til Farnes i 1711.

 

Eg har søkt og leita etter kva Dalen denne Ola Olson kunne vera ifrå. Eit alternativ er sjølvsagt at Dalen er feilskriving for Dale. Det finst mange gardar med det namnet, mellom dei grannegarden til Farnes. Og det kan vera, men eg har ikkje funne han på nokon gard som heiter Dale i nærleiken av Farnes.

 

Men Dalen finst også som gardsnamn nokre stader. Ein av dei er i Luster. Han er omtala i Luster bygdebok bind II side 291. Her står det at Dalen etter gamalt var delt mellom Kvale og Åsen. På ein av desse gardane, Åsen, finn ein side 274 faktisk ein kar med namnet Ole Olson. Om han står det at han er fødd kring 1681, at han er nemnd som soldat i 1711 og så veit ein ikkje noko meir. Då spørst det jo når tid på året 1711 Ola gifte seg og når han er nemnd som soldat. Om han gifte lenger ut på året enn då han var nemnd som soldat, kan jo dette passa. 

 

Det er klart at det er litt søkt å meina at Ola Olson Åsen gjekk under namnet Ola Olson Dalen fordi ein husmannsplass med dette namnet låg under farsgarden. Og Dalen under Åsen vart visstnok heller ikkje teken i bruk som husmannsplass før i 1742. Så dette kan ein ikkje festa lit til, med mindre andre indisiar kan stadfesta at det faktisk var slik. På den andre sida kunne det forklara korleis den unge husmannsguten Sølfest Nilsson enda opp som tenar på Farnes, langt frå der han var fødd. Kan det finnast andre indisiar i kjeldene som kan knyta Ola Olson på Farnes til Åsen i Luster? Har ein eventuelt funne nokon annan stad som Ole Olson Åsen vart av?

 

 

 

 

 

 

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet etter Ole Olsen på Indre Farnes i 1729 nevner som barnas verger blant annet farbroren Sjur Eggum og farsøstermannen Ingebrikt Åfet (gift med Unni Olsdatter Indre Borlaug). 

 

Denne Ole Olsen Dalen er derfor sønn av Ole Botolvsen Indre Borlaug og Unni Sjursdatter Dale. I bygdeboka for Leikanger under Indre Borlaug står det at disse hadde en sønn Ole, men ikke hvor det ble av ham.

 

Fra skiftet etter Ole i 1729:

https://media.digitalarkivet.no/view/24158/94

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Tusen takk til Terje Tandsether! Dette var interessante opplysningar som eg skal notera meg. Det var jo mykje samgifte mellom Feios og det som seinare vart Balestrand på denne tida, så slik sett er konklusjonen ikkje så uventa.

 

Dette understrekar elles at ein ofte er nøydd til å leita både framlengs og baklengs for å finna ut av slektskapsforhold. Og det er lettare å skriva bygdebok for eit område når det alt er skrivne bygdebøker for tilgrensande område.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Ingvar Åberge skrev:

Tusen takk til Terje Tandsether! Dette var interessante opplysningar som eg skal notera meg. Det var jo mykje samgifte mellom Feios og det som seinare vart Balestrand på denne tida, så slik sett er konklusjonen ikkje så uventa.

 

Dette understrekar elles at ein ofte er nøydd til å leita både framlengs og baklengs for å finna ut av slektskapsforhold. Og det er lettare å skriva bygdebok for eit område når det alt er skrivne bygdebøker for tilgrensande område.

Ingvar:  Du er kjent med at Rune Lee v/ Vik Lokalhistoriske Arkiv har skreve Ættabok om Feios,  utg 2018 ?

Mogelig er det s. 22 i Feios-bokji innlegget 18 januar 2021 som Terje (i dette evnet) nevner i skifte i 1729.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at det er kome oppdatet ættebok for Feios. Eg visste om den nye boka for Fresvik, men ikkje Feios. Det er verre med oss i nye Sogndal kommune. Her skjer ikkje mykje på bygdebokfronten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingvar !

 

Ein ting er Ættabøkjer som er stoppa opp.

 

Det er verre å sjå korleis Sogndal forvaltar sin kapital. Og då teinkjer eg sjølvsagt at Kyrkjebøkene som vart slepte ut på DA 

20 sept 2019, omlag halvanna år sidan ! Desse er fortsatt sperra pga Innhald ikkje er ført på. 

Og sidan ingjen i Sogndal bryr seg om å gleldra (eit ord for å masa), så er desse kyrkjebøkene fortsatt sperra.

Og ingen i Sogndal giddar å bidra med dette arbeidet sjølv (frivillig arbeid) for DA, ja ... så er dei fortsatt sperra !!

 

Eg snakkar då om A) Stedje sokn, Mini, 1915-30, same sokna: 1931-52, same sokna 1952-89.

Den siste er eg noko usikker på, men ekteskap er vel åpent til eit stykke ut på 60-talet ?

Så har vi Norum sokn, Mini,  1908-56 og same sokna 1938-79.

Pluss Kaupanger sokn, Mini,  1908-57 og same sokna 1934-63.

 

Pluss Klokkarbøker frå alle desse 3 sokna.

——-

Det at Ættebøkjer (Slinde og Fjærland) har stoppa opp, Ingvar, er no so, men at ALLE i dåv Sogndal Kommune med inntresse for lokalhistorie sit på kvar si Tua og tvingar tommel-tottar, Ingvar !

Da e løgje, da du !!

 

 

                              

 

                 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om Fjærland er det for så vidt laga ei ættebok, av Trygve Mundal. Ho manglar berre litt korrekturlesing og å sendast i trykken. 

 

Det som eg stussar på, er at både i denne boka og om ein held saman bygdebøkene for Leikanger og Balestrand, får ein inntrykk av at på 1700-talet var det ei jente i Fjærland som gifte seg med onkelen sin. Det tykkjer eg verkar utruleg. Kan det verkeleg ha skjedd, eller har nokon mistolka kjeldene? Dette skulle ein ha funne ut av før ein sende ætteboka for Fjærland til prent. 

 

Det er mogeleg at ætteboka for Feios kan gje svaret, for eg meiner å hugsa at den nemnde onkelen budde i Feios.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK. Om ein ser side 756 i Leikanger bygdebok:

 

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648506?page=771

 

.. ser ein at Synneva Arnbjørnsdotter vart gift med Anders Hansson Mundal. Han var i fylgje Laberg si bygdebok morbror hennar. Sjå Laberg side 548:

 

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014061805039?page=551

 

Dette sensasjonelle ekteskapet vert direkte stadfesta av Trygve Mundal si digitale ættebok for Fjærland. Men eg er av ulike grunnar i tvil. Ein kunne få kongeleg løyve til å gifta seg med syskenbarnet sitt, men eg kjenner ikkje til at kongen gav løyve til å gifta seg med onkelen sin/niesa si. Her må nesten vera ein eller annan feil. Som sagt har eg von om at løysinga kan finnast i ætteboka for Feios.

 

Rett nok skal seiast at onkel/niese ikkje er nærare slekt enn doble syskenborn, og doble syskenborn gifte seg både på Andersgarden på Tjugum og på Monsgarden i Ese på midten av 1800-talet. Eg førestiller meg likevel at det ligg ein sterkare kulturell barriere mot sysken til foreldre enn mot doble syskenborn, sjølv om det genetisk vert heilt likt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg nytta opplysningane frå Terje Tandsether om Ola Olson til å setja opp ættetavla hans, så langt som ein kjem i Leikanger bygdebok:

 

1. Ola Olson Dalen/Farnes

 

2. Ola Botolvson I. Borlaug

3. Unni Sjursdt. Dale

 

4. Botolv. I Indre Borlaug

5. Agata Jonsdt.

6. Sjur Monsson Drege/Dale

7. Anna Lassesdt. Dale

 

12. Mogens. På Drege

14. Lasse. I Dale

Endret av Ingvar Åberge
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.