Gå til innhold
Arkivverket

Hans Hansson, fødd på Ramsnes i Fjærland 1801 - var 1823 skreddarsvein i Stavanger - kvar vart det av denne karen?en hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi utgår ifrå følgjande tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-på-leikanger-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/

 

der det kjem fram at:

 

Hans Hansson, fødd på Ramsnes i Fjærland og døypt i Leikanger prestegjeld 18.2.1801, var son av husmann Hans Olson og andre kona hans Dordei Larsdotter.

 

Då det i 1823 vart halde skifte etter faren Hans Olson, vert det sagt at Hans Hansson då var skreddarsvein i Stavanger.

 

Eg har bladd gjennom ein del vigselsprotokollar for Stavanger, men finn ingen som høver med «min» Hans, men han kan jo sjølvsagt ha flytt vidare...?

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips om lagnaden hans!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

38 minutter siden, Jon Sværen skrev:

Ein Hans Hansen, 57 år, bustad Bjordal, Skjold, reiser til Amerika eter å ha fått pass, 23.3.1857.

https://www.digitalarkivet.no/view/23/og00000000238455 

Kanskje det er han ?

Utflyttinga fra kirkeboka med kone Malene Larsdtr og sønn Knud Hanssen

Rogaland fylke, Skjold i Skjold, Ministerialbok nr. A 6.2 (1835-1858), Utflyttede 1857, Side 487
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051213050113

 

Knud døypt. (Mor Marthe Olsdat.)

Rogaland fylke, Skjold i Skjold, Ministerialbok nr. A 6.1 (1835-1858), Fødte og døpte 1842, Side 35
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051213040812

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Åsbjørg for nye spennande innlegg.

 

Eg bladde lite veta i kyekjebøkene for Skjold og fann vigsli til Hans Hansson og Malena Larsdotter 8.11.1849, men som me ser, er han ikkje oppgjeven vera fødd i Sogn, og namnet til far hans stemmer heller ikkje:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1649/349

 

So eg er redd dette ikkje kan vera personen me leiter etter....

 

Men ein ny kjempetakk for frsmifrå freistnadar på å finna lagnaden til Hans Hansson frå Fjærland!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1865 finner jeg en Hans Hansen i Bergen, som var 72 år og født i Leikanger. Alderen stemmer ikke, men han var i hvert fall skredder https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249002116

 

Skreddermester Hans Hansen død 14.10.1868, begravet ved Domkirken i Bergen 19.10, alder 62 år (f. 1806). Alder stemmer heller ikke, men kan det være den samme? (nr. 107) https://media.digitalarkivet.no/view/8336/46 Han druknet i Lungegårdsvannet.

 

Soldat Hans Hansen Liedal 27 år giftet seg i Bergen 23.4.1826 (uvisst hvilken kirkebok) med Ane Lassine Johnsdatter 27 år, og disse hadde sønnen Carl Johan f. 10.4.1830, kan være den samme som er nevnt under Hans Hansen i 1865-tellinga.

 

Og Lidal er ikke langt fra Ramsnes i Fjærland!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje, Lars W. og Ann-Mary for fleire interessante og spennande innlegg!

 

Det finst ingen andre Hans Hansson fødde i dåverande Leikanger prestegjeld mellom 1796 og 1804.  Eg har no leitt etter konfirmasjonen til Hans, men finn han ikkje konfirmert i Leikanger.  Derimot finn eg broren Lars Hansson konfirmert frå Lidal i 1813: https://www.digitalarkivet.no/source/51096

 

Det kan sjå ut som om dei to brørne delvis har vokse opp på Lidal, og kombinasjonen med dette faktum, alderen til Hans Hansson då han gifte seg i Bergen i 1826 og yrket hans skreddarsvein og seinare skreddar, har overtydd meg om at me her har med «vår» Hans Hansson å gjera!

 

MEN, skreddarmeistaren som drukna i Lungegårdsvatnet i 1868, er ein annan, sjå dødsmeldingi hans: https://media.digitalarkivet.no/view/23997/146

 

Han etterlet seg fem born, men ingen Carl Johan, og her er nok skreddarmeidstaren i FT1865 med dei fleste borni frå dødsmeldingi: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249017022

 

Her er so «vår» Hans Hansson som Hans Lidal i 1875 på arbeidsanstalten i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295025290

 

Han døydde same stad 14.7.1883, her kalla skreddarsvein: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000582255

 

og her kalla kornmålar: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000255527

 

Han var visstnok ein par gonger innom fengselet i Bergen, her som sjauar: https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000360707

 

og her som kornmålar: https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000361409

 

Etter litt leiting fann eg òg Anna Lassine Johnsdotter, her spm konfirmant i St. Jørgen i 1808: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000331565

 

og her som fødd i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009219062

 

Men dødsfallet hennar finn eg ikkje!?

 

Utifrå desse opplysningane har eg sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Hansson, kjend som Hans Hansen, døypt i Fjærland 18.2.1801, flytte i ung alder til Stavanger, men kom derifrå som skreddarsvein til Bergen og gifte seg i St. Jørgen (Årstad) 23.4.1826 med Anna Lassine Johnsdotter frå Bergen, f. i Bergen 10.5.1792.  Hans og Anna busette seg i Bergen der Hans heldt fram som skreddarsvein, men han livnærte seg sidan òg som sjauar og kornmålar.  Anna d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1865!)

 

     medan Hans d. på arbeidsanstalten i Bergen 14.7.1883.  Dei fekk tre søner i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne:

            * John Lorentz August, f. KK, Bergen 2.8.1825

            * John Lorentz August, f. KK, Bergen 6.9.1827

            * Carl Johan, f. KK, Bergen 10.4.1830)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja lagnaden til Hans Hansson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.