Jump to content
Arkivverket

Etterlyste rekruttar frå Luster og Hafslo - kvar vart det av dei? - eldre emnetitel: Johannes Christenson Beim, fødd i Hafslo 1815, konfirmert 1830, forsvinn sporlaust, men truleg avliden før 1879 - lagnaden hans? - kan henda til Nordland?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ein person som eg har vore på leiting etter i mange år, men som berre ikkje vil dukka opp nokon stad:

 

Johannes Christenson Beim, vart døypt i Hafslo 23.3.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/1993/27

som son av Christen Iverson (1778-1835) og Siri Johannesdotter (1785-1845), gardbrukarar på Beim i Hafslo.

 

Han vart konfirmert frå Beim i 1830: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/102

 

Men då det i 1879 vart halde skifte på Beim etter broren Iver, er Johannes ikkje nemnd, so me har grunn til å tru at han var avliden før den tid utan å etterlata seg born, men lagnaden hans er altso heilt ukjend.  Kan han vera faren til Nordland??

 

Eg takka so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg!

 

Jau, dette må vera samer mann, Beim og Beum vert nytta om kvarandre!

 

Interessant at han vart etterlyst.  Då må han vera forsvunnen frå Hafslo før 1842!?

 

Eg har òg sett litt på dei andre namni på denne «wanted»-lista og oppdaga:

 

* Peder Pederson Høgi, son av Peder Einerson og Cecilia Torstensdotter, gardfolk på Høgi, vart døypt i Hafslo 9.6.1816 og vart òg konformert i 1830 - er òg ein person som eg ikkje ser noko meir til!

 

* Erik Nilsson Sviggum, son av Nils Erikson Sviggum og Kirsti Eriksdotter frå Alsteigen, vart døypt «uekte» i Hafslo 26.12.1816 og vart konfirmert i Hafslo i 1831 - er òg ein person som eg ikkje ser noko meir til!

 

Det er fleire av dei andre namni som òg ser noko «merkelege» ut, og som eg i farten ikkje greier å «plassera», so eg lyt nok sjå litt meir på denne lista!

 

Slike etterlysningslister er kjempespennande, og eg takkar på ny for at du Ivar la fram denne.

 

So er det spørsmål om det let seg gjera å finna att nokon av dei tre ungdomane som er sakna!?

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar og Carsten for nye spennande innlegg!

 

Sidan me i dette emnet kjem inn på mange andre sakna rekruttar frå Luster og Hafslo, har eg endre emnetitelen tilsvarande.

 

Eg er svært glad for at du Carsten fann Peder Pederson Høgi som avliden i 1851.  Då eg registrerte dødsfalli for Hafslo, var ei side frå 1851 falle ut av basen, og eg trudde eg hadde fått samla opp dei som mangla der, men Peder har tydeleg unngått merksemdi mi.  Men då er i alle fall han på plass!

 

Skreddardrengen E. N. Sviggum som i 1835 reiste frå Bergen til Lofoten, er ganske sikkert «vår» Erik Nilsson Sviggum, og denne huslyden har eg no i dag teke opp som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226976-nils-eriksen-sviggum-1788-1868-handelsmann-i-bergen-og-huslyden-hans-kvar-vart-det-av-sønene-erik-og-johan-didrik/

 

Johannes Christenson, som var opphavet for dette emnet , er framleis som «sokken i jordi», men kanskje han òg er faren til Nordland?

 

Når det gjeld etterlysingslista frå 1839 (sjå innlegg #4), kan eg leggja til:

 

* Anfind Ingebrigtson frå Haganes (1816-1909) har truleg gått i smedlære ein eller annan stad, kan henda i Bergen, men kom attende til Luster før 1844 og var i mange år husmann under Flahammar til han i 1867 utvandra til Amerika.

 

* Sjur Christenson som seier seg frå Bjørk (1816-1896) var fødd og oppvaksen i Jostedalen, der me òg har ein gard Bjørk, men flytte alt i 1834 til Borgund på Sunnmøre der han budde levetidi ut.

 

* Erik Pederson frå Aarstue (1816-1895) flytte i 1833 til Askvoll og derifrå til Gulen, men fór snart etter til Nordland.  Huslyden hans er drøfta i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/223888-erik-pederson-fødd-i-luster-1816-først-til-øksnes-og-sidan-til-dverberg-kva-lagnad-fekk-denne-huslyden/?tab=comments#comment-1896976

 

* Anfind Pederson frå Haganes (1816-1880) flytte alt kring 1821 med foreldri sine til Bergen og voks opp der, men flytte sidan til Nordland der han i alle fall budde i 1840.  Dette er ein huslyd som eg ikkje har so altfor mykje opplysningar om, og som eg difor i ettermiddag har lagt ut som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226980-peder-anfindson-hagenæs-1788-1863-snikkar-frå-luster-busett-i-bergen-minst-fire-av-sju-søner-til-nordland-og-ein-son-til-australia-ei-kjempeutfordringf/

 

Når det gjeld dei andre sakna rekruttane vil eg i denne omgongen kort nemna frå 1841-lista:

 

* Anders Torstenson frå Josvanger i Hafslo (1821-1891) var eldste son odelsgut på Josvanger, men eg ser at han ikkje tok over garden før i 1858, og han gifte seg i 1862.  Truleg har han vore borte frå bygdi ein del år, men noko meir kan me ikkje seia om lagnaden hans...

 

* Lars Larsson frå Kvam (1815-1855) gifte seg i Hafslo i 1841 og budde sidan som husmann under Kjos på Hafslo.  Eg forstår ikkje heilt kvifor han skulle «gøyma seg» for militærstyret...

 

* Johannes Larsson seier seg frå Kvam, men var helst frå nabogarden Heggestad (1819-1885) kan ha vore borte frå bygdi nokre år, men gifte seg i Hafslo i 1848 og budde sidan i nabolaget...

 

* John Tollefson som seier seg frå Kvam (1821-1899) heitte i røyndi John Tollakson.  Foreldri var komne frå Vik i Sogn og flytte attende dit då John var berre eitt år eller to gammal.  Han voks opp på Vikøyri, men utvandra sidan til Amerika.  Det var vel ingen i Hafslo som kjende att denne karen, særleg når namnet var so vridd...

 

* Lars Augundson frå Alme i Hafslo (1820-1886) flytte med foreldri sine til Sogndal i 1837, men kan jo godt ha vore utanbygds ei tid då han normalt skulle ha vore i militær teneste - ikkje godt å seia...

 

Eg er jaggu spent på om Ivar kjem med fleire slike etterlysningslister...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja desse rekruttane!

 

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar for nye utfordrande rekruttlister!

 

Det tek litt tid å sjekka ut alle desse namni, men eg har nettopp sett litt på lista frå 1840 (innlegg #8), eg her er det jamen mykje rart å finna:

 

* Johannes Rasmusson Leirmo, fødd i Luster 17.3.1819 er ført som son av Rasmus Olson og Elisabeth Jacobsdotter på Leirmo: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/111

men sjå då dette barnet vart konfirmert i 1834, var Johannes vorte til Johanna: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/90

Ho vart sidan gift i Luster, men utvandra til Amerika der ho døydde i 1908.

Her ser me eit godt døme på kor «blindt» kyrkjebøkene vart følgde av militære styresmakter!!

 

* Peder Sørenson Vigdal (1819-1880) var gardbrukarson frå Vigdalen og fekk skløyte på garden alt i 1838.  Han budde der til han i 1864 utvandra til Amerika.  Kvirfor han vart etterlyst, forstår eg ikkje, med mindre han mellombels var busett ein annan stad(?)...

 

* Erik Andersson Berge, fødd i Luster 17.10.1821 - er ein svært interessant person som er forsvunnen frå Luster og som eg gjerne vil drøfta i eit eige tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/227030-erik-andersson-berge-fødd-i-luster-1821-etterlyst-rekrutt-i-1840-kvar-kan-han-ha-vorte-av/

 

* Anders Ingebrigtson Bolstad er det ingen som heiter i Luster som høver med denne perioden, so dette namnet må vera feil...(?)  (Me hadde ein Anders Ingebrigtson fødd i Jostedalen 19.1.1822 som budde ei tid i Gaupne, men han hadde aldri noko med Bolstad å gjera det me veit...)

 

* Ole Olson Bolstad (1820-1898) var ein gardmannsson frå Bolstad som so vidt eg veit, alltid budde i Luster, men han kan sjølvsagt ha vore fråverande ei tid kring 1840?  Han vart ugift.

 

* Christopher Olson Svensøy, fødd på garden Svensøy i Luster 28.2.1819, flytte med foreldri sine alt kring 1821 til Skjåk der han døydde i 1844.  Denne huslyden er mangelfull i manuskriptet mitt, og difor har eg teke han opp til drøfting i følgjande tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/227028-ole-pederson-«sygn-ola»-aanstad-i-skjåk-1778-1871-haugianar-frå-fortun-i-luster-til-ånstad-i-skjåk-husyden-hansfrå/

 

* Gjert Henrikson Skagen, fødd i Luster 4.3.1821, vart døypt med feil namn: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/128

Han heitte i røyndi Erik Henrikson, sjå konfirmasjonen hans 1836: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/100

og var husmann i Stein under Skagen frå 1855 til han utvandra til Amerika med huslyden i 1866.  Ikkje so merkeleg at ingen Gjert melde seg, for han fanst jo ikkje!

 

Dei nyare listene har fødselsdatoar til rekruttane, og då vert dei lettare å identifisera.  Lista frå 1855 har me forresten sett på før i eit anna emne... 

 

Ser me på lista frå 1856, har me:

 

* Ole Olson Dvergsdal (1834-1922) flytte i 1859 til Askvoll og døydde der.

 

* Mons Hansson Krogen (1834-1898) utvandra rtil Amerika i 1862 og døydde der.

 

* Andreas Nilsson Sørum (1834-1910) flytte til Bergen, kan henda før 1856 og døydde der.  Huslyden hans er noko mangelfull, so han tek eg opp til drøfting i eit eige tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/227032-andreas-nielsen-1834-1910-mekanikar-i-bergen-gift-to-gongar-med-minst-seks-born-to-i-amerika-og-ein-i-københavn-lagnadane-deira/

 

* Nils Olson Bolstad (1834-1905) var gardbrukarson frå Bolstad og budde, so vidt eg veit, på Bolstad levetidi uit, men kanskje var han mellombels borte i 1856?

 

Men det børjar verta seint, so 1857 lyt eg komma attende til!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innlegg frå Ivar.  Dette er virkelig moro!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Ivar for nye interessante og utfordrander rekruttlister!

 

Men før eg tek for meg dei siste listene, lat oss sjå litt meir på lista frå 1857, for her er det spennande «ting» på gong!

 

I samband med bygdebokarbeidet for gamle Luster prerstegjeld og kommune (band I-V) gjekk eg tidleg på 1980-talet sytematisk gjennom dødsmeldingslistene frå lensmannen for Luster frå 1820-talet og i alle fall fram mot hundreårsskifet, og eg kjem i hug eg oppdaga fleire dødsfall i dei listene som prestane ikkje hadde fått med seg i kyrkjebøkene.  Eg har ein mistanke om at dei militære styresmaktene nytta dei originale fødselslistene frå kyrkjebøkene, kan henda kombinert med konfirmantlistene, då dei skulle fanga opp dei militære rekruttane.  I alle fall bér lista frå 1857 preg av dette:

 

* Johannes Olson Hillestad, f. i Hafslo 22.2.1835 - døydde i Hafslo 11.3.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/2

 

* Lasse Larsson Ugulen, f. i Hafslo 13.1.1835 - vart nok fanga opp av hærsystemet, for han er kalla soldat då han døydde ugift av koppar i Hafslo i 1860.

 

* Peder Hansson Morken, f. i Hafslo 1.5.1835 - flytte med foreldri sine til Lærdal i 1847 og vart konfirmert der i 1850 - den seinare lagnaden hans er ei kjempegåte, eit spørsmål som er teke opp til drøfting i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/205685-hans-pederson-molland-1809-1879-frå-hafslo-til-lærdal-og-vidare-til-amerika-men-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1733238

 

* Ole Pederson Sviggum, f. i Hafslo 27.5.1835 - døydde i Hafslo 27.8.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11460/3

 

* Erik Svendson Dvergsdal, f. i Hafslo 10.4.1835 - gifte seg i 1858 og budde som husmann på Lunde i Hafslo der han døydde i 1895.

 

* Ole Johannesson Bjerk, f. i Jostedalen 26.9.1835 - kan ha vore borte frå bygdi ei tid, men kom attende og gifte seg i Jostedalen i 1870 - utvandra i 1883 til Amerika.  Ole døydde i Sioux Rapids, IA 28.1.1941 - 105 år gamal!

 

* Halvor Pederson Sandvig eller Natvig, f. i Årdal 12.11.1835, flytte til Luster med foreldri sine i 1842, men flytte alt i 1850, ogso då i lag med foreldri sine, til Tantsøy i Kinn  der Halvor døydde i 1910

 

* Tøger Jørgenson Sandvig, f. i Luster 24.9.1835 - er ført i bygdeboki som avliden i 1835

 

* Henrik Olson Flattun, f. i Luster 23.11.1835 - er ført i bygdeboki som avliden i 1835

 

* Elling Otteson Alsmo, f. Luster 14.2.1835 - er ført i bygdeboki som avliden i 1835

 

* Arne Olson Ottum, f. i Luster 8.6.1835 - flytte i 1852 til Bergen og derifrå vidare til Christiania - huslyden hans er drøfta i dette emnet, og her manglar eg framleis mange detaljar som eg ville sett stor pris på å kunna fylja ut: https://forum.arkivverket.no/topic/201320-arne-olsen-fødd-luster-1835-skreddar-på-grønland-i-christiania-huslyden-hans-og-lagnaden-deira/?tab=comments#comment-1699811

 

* Johannes Sølfestson Sørum, f. i Luster 11.11.1835 - flytte i ung alder til Solund de han var gift og døydde som husmann i 1913

 

* Narve Andersson Bolstad, f. i Luster 10.7.1835 - flytte i 1852 til Bergen, men utvandra til Amerika derifrå - år uvisst, men truleg kring 1856 - huslyden hans er drøfta i dette emnet der me no berre manglar utvandringane til Narve og første kona Petrikke: https://forum.arkivverket.no/topic/209137-petrikke-peterson-brur-i-chicago-il-1864-fødd-i-noreg-kring-1834-kven-var-ho-utvandringsår-for-mannen-narve-andersson-på-1850-talet/?tab=comments#comment-1758459

 

Då skulle lista frå 1857 vera komplett, og no er det tid for meg å få meg lite vetta å eta...

 

Ein ny kjempetakk til Ivar for presentasjon av slike spennande utfordringar!

 

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

So vil eg gjerne få kommentera innlegg #14 over:

 

* Erik Johannesson Sæheim er eg ikkje i stand til å identifisera.  Namnet Sæheim kjenner eg att som ei avleiing av gardsnamnet Seim som me finn mellom anna i Årdal.  Det var fleire med namnet Erik Johannesson særleg på Hafslo, men ingen av dei kan eg «assosiera» med Seim...

 

* Christen Jørgenson Hauge dreg eg kjensel på.  Han fllytte frå Hafslo med foreldri sine til Leikanger i 1847, men hamna sidan som røyrleggjar i Stavanger der han døydde i 1886.  Kan henda var han alt dregen til Stavanger då han vart etterlyst i 1859?  Uansett, huslyden hans, som er på det næraste komplett, bortsett frå ei vigsle, er drøfta i dette emnet frå 2013: https://forum.arkivverket.no/topic/184081-christen-jørgensen-1837-1886-røyrleggjar-i-stavanger-dei-to-konene-hans-og-opplysningar-om-dei/?tab=comments#comment-1561201

 

Går me so til innlegg #12 og lista frå 1854 finn me desse:

 

* Anders Johannesson Quam, fødd 13.6.1832 - gifte seg  Hafslon i 1861 og uitvandra til Amerika i 1862.  Han døydde i Menomonie, WI 11.9.1906 - kanskje han mellombels var busett ein annan stad i 1854?

 

* Christen Olson Alme, fødd 6.5.1832 - døydde ugift i Hafslo i 1854

 

* Gjert Olson Ottum, fødd i Luster 3.4.1832 - gifte seg i Luster i 1857 og budde som husmann på ein plass under Leri der han døydde i 1907.  Eg forstår ikkje heilt kvifor han vart etterlyst...  Kanskje var han mellombels borte frå bygdi?

 

* Iver Gjertson Opheimshaug, fødd i Hafslo 26.7.1832 - fekk i 1859 flytteattest hjå presten i Hafslo for å reisa til sjøs, og av denne attesten går det fram at han reiste frå Hafslo alt kring 1852.  Lasgnaden til denne karen er heilt ukjend, og difor har eg lagt han ut som eige tema: https://forum.arkivverket.no/topic/227118-iver-gjertson-opheimshauglieellingset-fødd-hafslo-1832-sakna-rekrutt-1854-utreist-som-sjømann-kring-1852-kvar-vart-det-av-denne-karen-sjømannsrullar/

 

 

* John Gjertson Hundshammer, fødd i Hafslo 24.2.1832 - flytte i 1851 til Nordland der han hamna i Bø i Vesterålen.  Denne huslyden har vore drøfta før , men sidan fleire detaljar mellom anna om kona og stedotter til John framleis manglar, har eg i dag teke opp att dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/202108-gjert-davidson-svabo-krogen-1798-186-husmann-in-luster-flytte-til-vesterålen-eller-tromsø-lagnad-for-han-og-borni-hans/?tab=comments#comment-1705570

 

* Hermund Jørgenson Marifjæren, fødd i Hafslo 8.10.1832 - fødd utanfor ekteskap, vart ikkje konfirmert i Hafslo, men mori gifte seg sidan og flytte på 1850-talet med mann sin til Øksnes i Nordland - eg saknar ein del andre andre detakljar ogsomnom denne husyden so eg har lagt denne ut som eit nytt emne i dag: https://forum.arkivverket.no/topic/227128-nils-johannesson-1807-1888-flytte-på-1850-talet-med-huslyden-sin-til-øksnes-i-nordland-stesonen-hermund-jørgenson-fødd-1832-etterlyst-av-styresmaktene-i-1854-ei-kjempeutfordring/

 

* Johannes Johannesson Raaum, fødd i Hafslo 5.1.1832 - denne er spennande!  Den rette fødselsdatoen hans ifølgje kyrkjeboki var 24.3.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/73

Jolhannes flytte i 1849 til Bergen og i 1851 vidare til Nordland, men soga hans er ei kjempeutfordring som eg vil ta opp som eige tema: https://forum.arkivverket.no/topic/227134-johannes-johannesson-raaum-fødd-1832-flytte-til-nordland-i-1849-og-vart-etterlyst-av-styresmaktene-i-1854-dukka-opp-att-i-luster-i-1872-lagnaden-hans-ei-kjempeutfordring/

 

* Johannes Gjertson Fladhammer, fødd i Luster 4.5.1832 - flytte i 1849 til Nordland og har vore grundig drøfta i dette emnet der det framleis manglar nokre detaljar: https://forum.arkivverket.no/topic/207967-johannes-gjertsen-fødd-i-luster-1832-fiskar-via-nordland-måsøy-kåfjord-til-ankenes-narvik-gift-med-maren-christine-holm-baptist-frå-tromsø-huslyden-deira/?page=3&tab=comments#comment-1770677

 

* Anders Arneson Qualsvig, fødd i Luster 8.10.1832 - flytte frå Luster kring 1849 og skal ha butt i Nordland til han noiko seinare utvandra til Amerika.  Eg saknar detaljar om mellom anna bustaden hans i Nordland og utvandringi hans og har lagt denne huslyden ut som eige tema: https://forum.arkivverket.no/topic/227110-anders-arneson-1832-1889-frå-kvalsvik-i-luster-til-nordland-og-so-til-amerika-utvandringsåret-og-diverse-opplysningar-om-stedotter-og-svigerdøtrer-i-amerika/

 

* Peder Sjurson Ottum, fødd i Luster 28.5.1832 - flytte til Nordland i 1849 og vidare til Tromsø der han gifte seg i 1864, men alt året eyter utvandra han og kona til Amerika, og sidan dette er ein huslyd som eg har slite med å finna ut av, legg eg denne ut som eige tema: https://forum.arkivverket.no/topic/227114-peder-sjurson-ottum-1832-1918-frå-ottum-i-luster-til-tromsø-eg-derifrå-til-wisconsin-kven-var-svigerforeldri-hans-og-kvar-vart-det-av-borni/

 

 

* Ole Christenson Lerum, fødd i Luster 11.12.1832 - budde so vidt eg veit i Luster til han utvandra til Amerika i 1860, men kanskje var han òg mellombels borte frå bygdi?

 

Dette har vore ei lang, men interessant økt for å få desse opplysningane på plass, so får me vona at dei kan gje resultat.  Eg takkar på ny for den fantastiske hjelpi som du Ivar har gitt meg gjennom desse etterlysningslístene!

 

PS: Lista frå 1849 lligg framleis på teiknebrettet, men ho følgjer...

Link to comment
Share on other sites

Tek me so for oss lista frå 1849, finn me:

 

* David Gjertson Krogen, fødd i Luster 24.12.1827 - flytte kring 1847 til Nordland og reiste derifrå til Amerika i 1852 - var gift og døydde i Minnesota i 1908

 

* Anders Sjurson Sperle, fødd i Jostedalen 30.11.1827 - flytte i ung alder til Bergen, var gift to gongar, men døydde barnlaus på Fyllingen i Fana i1908 - var kan henda i Bergen alt før 1849?

 

* Johannes Nilsson Talle, fødd i Luster 28.11.1827 - kan ha vore mellombels fråverande, men utvandra til Amerika i 1859 - var gift og døydde i Minnesota i 1910

 

* Lars Johannesson Sandvig, fødd i Luster 11.11.1827 - flytte i ung alder, truleg før 1849 til Vesterålen og vart gardbrukar på Straume i Bø der han døydde i 1920

 

* Jacob Knutson Bakken, fødd i Jostedalen 18.8.1827 - voks opp som fosterbarn hjå sokneprest Leigh i Jostedalen og flytte med prestefolket til Gausdal og sidan til Overhalla . han døydde i Gausdal i 1902

 

* Johannes Jørgenson Jordanger, fødd i Hafslo 5.8.1827 - flytte i 1855 til Buksnes iNordland og i 1860 derifrå til Amerika - kanskje var han i Buksnes alt i 1849?  Denne Johannes og huslyden hans i Amerika er ei skikkeleg kjempeutfordring som er omskrivi under dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/221474-johannes-jørgenson-1827-og-brorborni-peder-pederson-1851-britha-pedersdotter-1856-og-bertha-pedersdotter-1861-frå-joranger-i-hafslo-til-amerika-men-kvar-vart-det-av-johannes-peder-og-bertha/?tab=comments#comment-1872292

 

* Tollef Hermundson Næs, fødd i Luster 2.5.1827 - gifte seg i Luster i 1854 og busette seg som husmann i Fortun der han døydde i 1915 - var kan henda mellombels borte frå bygdi i 1849?

 

So bortsett ifrå Johannes Jørgenson Jordanger har me godt oversyn over rekruttane frå 1849, og eg takkar Ivar på ny for interessante og utfordrande etterlysingar!

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Eg vil gjerne i dag få komma attende til rekruttlista frå1841 (sjå innlegg #4).  Nokre av namni frå den lista er identifiserte i innlegg #7, medan Erik Nilsson Sviggum er teken opp til drøfting i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/226976-nils-eriksen-sviggum-1788-1868-handelsmann-i-bergen-og-huslyden-hans-kvar-vart-det-av-sønene-erik-og-johan-didrik/

 

Derimot sat me att med følgjande:

 

* Erik Johannesson Quam - dersom namnet er rett skrive, finst det i Hafslo berre ein einaste kanddat for denne karen, og han var fødd på Røym på Mollandsmarki og vart døypt i Hfslo 21.6.1818.  Denne Erik veit me ikkje særleg mykje om, bortsett ifrå at han i 1857 utvandra til Amerika, og der sluttar alle spor!

 

* Peder Nilsson Quam er nok identisk med leikpredikanten Peder Nilsson (1820-1916) som ei tid var lærar på Veitastrondi i Hafslo, men sidan busette seg på Nagløyri i Sogndal.  Kvifor han skulle etterlysast, forstår eg ikkje...

 

* Ole Olson Heggestad er eit namn som ikkje finst i Hafslo på den tidi.  Den einaste eg kan tenkja dette kan vera, er Ole Olson fødd 4.6.1821 og oppvaksen på Alme i Hafslo.  Han var sidan ei tid husmann i Kveane under Yngsdalen i Hafslo, men hamna til sist på Eidsvoll der han døydde i 1890.

 

* Nils Pederson Heggestad er òg eit namn som ikkje finst i Hafslo på den tidi, so anten er namnet feilskrive, eller det er ein framandkar som berre i kort tid har butt i Hafslo(?)..

 

* Nils Larsson Heggestad - er truleg identisk med Nils Larsson frå nabogarden Kvam (1818-1895) som gifte seg i 1843 med ei jente frå Heggestad og var husmann i Venjehola under Venjum i Hafslo til han utvandra til Amerika i 1873 - kvifor han vart etterlyst som rekrutt, forstår eg ikkje.

 

Dei tre siste namni kjem forresten òg att på lista for 1842 (sjå innlegg #2)

 

Ikkje like enkle alle desse listene..., men eg gjere so godt eg kan for å identifisera desse folki!

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand med å kartleggja sakna rektruttar frå Luster og Hafslo!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.