Gå til innhold
Arkivverket

Vanskeleg skrift Skifteprotokoll indre Sogn nr. 10 frå 1794


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til skifteprotokoll nr. 10 for indre Sogn pagina 281b:

https://media.digitalarkivet.no/view/24143/283?indexing=

 

I høgre spalte på venstre side er det skifte etter husmann Lars Halvorson i Årdal, og går ein til linje #9 so les eg:

 

«..Vurdering efter Afdøde

Huusmand Lars Halvorsen

paa ........... (innskoten linje!)

under Gaarden Hestethun..»

 

Kan nokon tyda kva som står på den innskòtne linja?   Er det eit plassnamn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no fått litt hjelp hjå Statsarkivet i Bergen til å nyskanna og forstørra skriftbiletet som eg her har etterlyst ei tolking av.

 

So er spørsmålet om nokon no greier å tolka den innskòtne linja som eg har vanskar med å lesa.

 

Eg takkar endå ein gong so mykje for hjelpi!

Screen Shot 2018-11-06 at 2.35.01 PM.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som tydeleg ingen late seg frista til å sjå nærare på, og eg er den førsd@te til å innrømma.  Det er ikkje lett å tyda...

 

Det dreier seg om denne innskòtne linja:

 

«...Vurdering efter Afdøde

Huusmand Lars Halvorsen

som boede paa ??Ossende??.

under Gaarden Hestethun...»

 

Me veit at sonen Sjur Larsson var husmann på ein plass under Hestetun som heitte Osane, og eg lurer på - kan det vera ei «dansk form» av dette plassnamnet?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om tolkingi av dette plassnamnet...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Eg har sett litt meir på denne saki, men eg lyt seia eg har vanskar med å sjå at det står Pladsen der.  Det ville òg vera eit uvanleg namn på ein plass under Hestetun.  Det var mange husmannsplassar under denne garden på den tidi, og dei låg alle på Farnes og var ein del av gruvesamfunnet i Øvre Årdal tidleg på 1700-talet.  Eit stykke ut på 1800-talet hadde dei elles ein plass under Hestetun som vart kalla Oddeplassen, men det var mykje seinare...

 

Kanskje nokon fleire vil sjå litt å dette plassnamnet - kva det kan vera?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg meiner også det står Pladsen.  Ei forklaring kan vere at han har tenkt å skrive meir  - "Pladsen Sånnogsånn" under Hestetun, og så har han ikkje heilt hugsa kva det skulle stå - vi tek det att, tenkjer han, og gløymer det. Korrekturlesing var ein lite utøvd idrett i gamle dagar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.