Gå til innhold
Arkivverket

Ole Pederson «Sygn-Ola» Aanstad i Skjåk (1778-1871) . haugianar frå Fortun i Luster til Ånstad i Skjåk - husyden hans?frå


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Pederson, til dagleg kjend som «Sygn-Ola», var ein vidkjend haugianar som flytte frå Fortun i Luster for å busetja seg på Ånstad i Skjåk.  Eg saml ein del opplys ningar om denne huslyden tidleg på 1980-talet, men manglande tilgong på kjelder hindra meg i å komplettera denne biografien.

 

No har eg greidd å finna ein del tilleggsopplysningar, men vert ståande fast på fleire punkt.  Kanskje finst det nokon med lokal kunnskap frå Skjåk som kan hjelpa neg fylla nokre av dei hòli som står att?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

. Ole Pederson {Fortun}, f. {i Luster} kring 1778, sidan kjend som «Sygn‑Ola«, var frå 1807 til 1812 eigar og brukar av Gjerseggi i Luster, men gifte seg i Luster 4.3.1814 med Kari Christophersdotter frå Svensøy, døypt {i Luster} 3.2.1787.  Ole Pederson vart ein ihuga haugianar, og han og Kari budde i Fortun fram til kring 1821.

Ole og Kari flytte kring 1821 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Ånstad søndre der Kari d. som kårkone 26.3.1868.  Ole Pederson d. som kårenkjemann same staden 12.2.1871.  Dei fekk fire born i lag:

 

##### (sjekka 0m dei kan ha hatt fleire? – berre dotteri Martha levde eller hadde etterkommarar i 1871)

 

a. Martha Olsdotter, døypt i Luster 18.8.1816, flytte med foreldri til Skjåk der ho 1.11.1836 gifte seg med Ole Iverson frå

 

     #####v (ein plass, men kva for ein? – foreldri husmann Iver Olson og Ingeborg Amundsdotter i Grimstadeiget)

 

     under Grimstad i Skjåk, og f. i Skjåk 3.8.1811.  Ole og Martha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Ånstad søndre i Skjåk der Ole d. 4.3.1870.  Martha Aanstad utvandra som enkje til Amerika i

 

     ##### (kva år?)

 

     og busette seg i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der ho d. 7.3.1893.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ##### (sjekka at dette talet stemmer?)

 

b. Christopher Olson, f. i Luster 28.2.1819, flytte òg med foreldri til Skjåk, men d. ugift på Ånstad søndre 8.11.1844.

c. Peder Olson, f. i Skjåk 1.4.1822, d. ugift på Ånstad 31.8.1845.

d. Lars Olson, f. i Skjåk 29.3.1825, d. nokre minutar gamal.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ifølgje Ættebøkene for Skjåk;

Embjørg (Ingeborg) Amundsdotter var frå øvre Grimstad. Mannen Iver Olsson var frå Dagsgard, men far hans kom til søre Grimstad

Når Embjørg døyr er ho nemnt med bustad "Nordre Grimstad"; https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000407828

Mannen Iver Olsson med bustad "Grimstad": https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000799350

Gm (Gårdsmand) på Grimstad ved dåpen til Ola: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006529709 

Det står og Grimstad som bustad for Ola, når Martha og Ola giftar seg; https://www.digitalarkivet.no/kb20070603510580

Vanskeleg å seie kva for ein av Grimstadgardane dei budde på, men det var anten øvre, søre eller nørdre - og ikkje ein husmannsplass under Grimstaad.  

 

Ola og Martha hadde 8 born ifølgje Ættebøkene. 

 

Ola og Kari hadde 5 born iflg Ættebøkene:

1) Per 1/4/1822

2) Lars 29/3/1825

3) dødfødt born 

4) Martha 18/8/1816

5) Kristoffer 1818.

 

Helsing Kåre

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Kåre for nye spennande innlegg!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande og ser at me no berre manglar utvandringi til Martha.  Ho må vel vera nemnd i ei eller anna passasjerliste??  Men eg finn ho ikkje under Aanstad og heller ikkje Grimstad, om ho skulle ha nytta det...

 

Her følgjer ny versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Pederson {Fortun}, f. {i Luster} kring 1778, sidan kjend som «Sygn‑Ola», var frå 1807 til 1812 eigar og brukar av Gjerseggi i Luster, men gifte seg i Luster 4.3.1814 med Kari Christophersdotter frå Svensøy, døypt {i Lustert} 3.2.1787.  Ole Pederson vart ein ihuga haugianar, og han og Kari budde i Fortun fram til kring 1821.

Ole og Kari flytte kring 1821 til Skjåk der me finn dei att som gardbrukarar på Ånstad søndre der Kari d. som kårkone 26.3.1868.  Ole Pederson d. som kårenkjemann same staden 12.2.1871.  Dei fekk fire born i lag:

a. Martha Olsdotter, døypt i Luster 18.8.1816, flytte med foreldri til Skjåk der ho 1.11.1836 gifte seg med Ole Iverson frå Grimstad nordre i Skjåk, f. i Skjåk 3.8.1811.  Ole og Martha tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Ånstad søndre i Skjåk der Ole d. 4.3.1870.  Martha Aanstad utvandra som enkje til Amerika i

 

     ##### (kva år? – e. 1875!)

 

     og busette seg i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der ho d. 7.3.1893.  Dei fekk åtte born i lag.

b. Christopher Olson, f. i Luster 28.2.1819, flytte òg med foreldri til Skjåk, men d. ugift på Ånstad søndre 8.11.1844.

c. Peder Olson, f. i Skjåk 1.4.1822, d. ugift på Ånstad 31.8.1845.

d. Lars Olson, f. i Skjåk 29.3.1825, d. nokre minutar gamal.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Martha Aanstad utvandra som enkje til Amerika i

     ##### (kva år? – e. 1875!)

 

Emigrerte hun sammen med noen av barna sine? Hva er oppgitt alder ved dødsfallet i 1893?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg har i mellomtidi vore på leiting etter kjelda for denne opplysningi, og no fann eg det i kyrkjeboki frå 1st Lutheran church i Eau Claire, WI:

 

Martha Aanstad 76 1/2 aar - døydde 7.3. og vart gravlagd 11.3.1893, fødestad «Lyster, Norge»:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314773-00508?pid=4012892&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx15291%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3Delcabmd%26gsfn%3DMartha%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26cp%3D12%26msbpn__ftp%3Deau%20claire,%20wisconsin,%20usa%26msbpn__ftp_x%3D1%26msbpn%3D943%26msbpn_x%3D1%26qh%3Dy/ggf8BmjgxfvRCT7%2BzZZA%3D%3D%26new%3D1%26rank%3D1%26redir%3Dfalse%26uidh%3D008%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D4012892%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15291&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314773-00509

 

Men står det ikkje noko i bygdeboki for Skjåk om at ho utvandra, eventuelt kven av borni hennar som utvandra?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men står det ikkje noko i bygdeboki for Skjåk om at ho utvandra, eventuelt kven av borni hennar som utvandra?

Nei, det står ikkje i Ættebøkene. 

 

Har i alle fall funne at 3 av dei 8 barna utvandra:

1) Embjørg Olsdotter f.13/12/1840  g. 25/12/1859 m.Ola Persen Aanstad f.1839. 1 barn født i Norge, Per Olsson f.20/7/1860. Ola Persen gift for andre gong i Amerika. 

 

2) Ola Olsson Aanstad f.3/11/1843, d.13/7/1916 i Eau Claire. Gift m. Sarah M. (Seri Anna Magrethe Torgersdtr.) i Eau Claire. Utvandra i 1862  iflg- The History of Eau Claire County, 1914, Past & Present", page 623..

 

3) Per/Peder Olsson Aanstad f.2/5/1850, d.1928 Dunn county. g.m. Caroline Moe i Amerika. Utvandra i 1869 iflg. Utflytta frå Skjåk i perioda 1838 - ca 1930. 

 

Finn ikkje noko Martha/Marta Olsdotter som utvandra eller utflytta i "Utflytta frå Skjåk i perioda 1838 - ca 1930." - men veit av erfaring at ikkje alle står oppført der.  

 

Kåre

Endret av Kåre Tofte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kåre for siste innlegget.

 

Eg har òg gjort erfaring med at kyrkjebøkene for Skjåk ikkje er heilt komplette med omsyn til emigrantar frå siste del av 1800-talet, so me er nok der avhengige av passasjerlister.

 

Eg finn Ole O. Aanstad med kona Sarah i FT1880 i Eau Claire WI.  Dei har mange born, men mori ser eg ikkje noko til, son truleg er ho reist over etter 1880(?)..

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.