Jump to content
Arkivverket

Tøger Jørgenson Sandvig - fødd i Luster 1835 - ein gåtefull person - kva skjedde? - kvar vart han av?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

I 1857 gjekk det ut ei etterlysning etter ein del unge rekruttar frå Luster og Hafslo som skulle møta til militær teneste.

 

Mellom desse finn me Tøger Jørgenson Sandvig, fødd i Luster 24.9.1835:

 

image.png.8ec1aa68d820eb2949403cd6502c6732.png

 

Her er dåpen til Tøger Jørgenson, fødd «uægte» 24.9.1835 og døypt i Gaupnekyrkja 11.10.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/35

 

Foreldri var gift kone Siri Knutsdotter Hotlen (1807-1894) og ungkar Jørgen Pederson Wigdahl (1815-1904).  Siri var kommi frå Fossen i Jostedalen og hadde gift seg i Luster 1.12.1833 med Lars Larsson frå Øvrebø i Gaupne (1810-1849).  Dei hadde ein son Peder Larsson (1833-1834) då dei kring 1835 fekk rydda seg ein ny husmannsplass på Sandvikøyri under Sandvik (Hotlen) i Gaupne.  Etter dette «sidespranget» med Jørgen Pederson fekk ho og Lars endå seks born til før Lars døydde brått i 1849.  Bortsett frå eldsteguten Peder og ei yngre dotter som òg døydde ung, utvandra dei alle til Amerika mellom 1864 og 1867, og sistpå reiste òg Siri i 1867.  Etter nokre år i Dane Co., WI flytte ho inn hjå eldste dotteri Margretha Tollefson i Vernon Co., WI

 

Og nettopp denne dotteri Margretha lyt me sjå litt nærare på:  Ho var nemleg fødd 6.1.1837, berre 15 månadar etter Tøger, påfallande nær etter føregåande fødsel, noko som normalt skulle tyda på at det føregåande barnet døydde: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/44

 

Tøger Jørgenson finst korkje mellom vaksinerte eller konfirmerte i Luster, so sjølv om han heller ikkje er nemnd i gravferdsprotokollane for Luster, har me gått ut i frå at dødsfallet ved ein feil av presten(?) ikkje var innført.  So er det desto meir overraskande at han i 1857 vert etterlyst i samband med militærtenesta si!

 

So kva skjedde?  Voks Tøger opp eller døydde han verkeleg kort etter fødsli?

 

Og om han voks opp, kvar vart det av han??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Kor vart det av barnefaren, Jørgen Pederson Wigdahl, opp i dette? Kvar tok han vegen? Kan han eller hans folk ha fostra opp vesle Tøger utanbygds?

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

 

Barnefaren Jørgen Pederson gifte seg i 1840 med ei dotter av ein husmann i Lauhjellene under Dale prestegard i Luster og budde sjølv der som husmann til han i 1860 utvandra til Amerika som enkjemann med fem born.  Og der er det ikkje noko å sjå til Tøger!

 

Ei merkeleg sak dette, men eg har fått ein mistanke som eg vonar å få stadfest ganske kjapt:  Eg har nemlig i mellomtidi observert at fleire av dei unge rekruttane frå 1857-lista faktisk døydde i 1835 utan å vera innskrivne i kyrkjeboki for Luster, MEN eg meiner sikkert å hugsa at eg tidleg på 1980-talet «analyserte» dødsmeldingslistene til lensmannen i Luster for heile perioden frå kring 1825, og eg vil tru det må vera hovudkjelda for at eg har ført dei som avlidne i manuskripti mine.  Desse listene har eg ikkje for handi i dag, men eg har sett i verk tiltak for å få tak i dei frå 1835, so får me sjekka dette 100%!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora Tøger Jørgenson!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.